1.1 Innleiing

Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning av oppstart av eit nytt investeringsprosjekt for framskaffing av ein kommunikasjonssatellitt til Forsvaret.

Stortinget vart gjennom St.prp. nr. 78 (2006–2007), St.prp. nr. 1 (2007–2008), St.prp. nr. 1 (2008–2009), samt Prop. 1 S (2009–2010) informert om framdrifta i prosjektet for å framskaffe kapasiteten til Forsvaret.

Gode kommunikasjonssystem er avgjerande for at Forsvaret skal kunne bidra til stabilitet og effektiv overvaking av norske interesseområde, samt å kunne handtere episodar raskt og truverdig. Sterkare fokus på militært nærvær i nordområda fører med seg at Forsvaret sitt behov for kommunikasjonskapasitet vil vere aukande dei kommande åra. Behovet vert ytterlegare forsterka ved Forsvaret si deltaking i operasjonar i utlandet der det ikkje finst naudsynt kommunikasjonsinfrastruktur. Forsvaret sin nye måte å operere på i eit nettverksbasert forsvar set nye krav til sikker tilgang på effektive og sikre kommunikasjonskanalar. Røynsler frå operasjonar dei seinare åra syner at det berre er satellittkommunikasjon (SATCOM) som kan oppfylle krava til kommunikasjon med naudsynt bandbreidde over lange avstandar til Forsvaret sine farty og landavdelingar både heime og ute.

I 2008 nytta Forsvaret omlag 80 mill. kroner til leige av satellittkapasitet. Eit eigarskap til ein satellitt er difor venta å gje ei betydeleg innsparing både med omsyn til driftskostnader og levetidskostnader samanlikna med leige av kapasitet. Forsvaret si røynsle frå leige av satellittkapasitet er òg at satellittdekninga er dårleg i nordområda. Ein satellitt med norsk eigarskap vil prioritere kapasitet mot nordområda for å betre denne situasjonen.

1.2 Vurderte alternativ

Forsvarsdepartementet har vurdert i alt sju ulike alternativ. Null-alternativet, som var basert på vidare leige av kapasitet, vart forkasta fordi eit eigarskap til kapasiteten vart rekna som betre både med omsyn til tilgang, kapasitet og økonomi.

Dei andre vurderte alternativa var bilaterale samarbeid med Storbritannia, Luxembourg, USA, Spania samt eit nasjonalt prosjekt der Forsvaret sjølve skulle framskaffe og drifte ein satellitt. Vidare er det utgreidd eit alternativ basert på eit samarbeid mellom Forsvarsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet (NHD).

Av dei vurderte alternativa var det berre to alternativ som hadde akseptabel kapasitet og kostnad for Forsvaret. Det eine var samarbeidsprosjektet med NHD (kalla StatSat). Det andre alternativet var eit materiellprosjekt i samarbeid med ein internasjonal aktør (Hisdesat) heimehøyrande i Spania og delvis eigd av den spanske staten.

StatSat-alternativet gjekk ut på å framskaffe ein satellitt i eit samarbeid mellom Forsvaret og eit planlagt nyoppretta aksjeselskap under NHD. StatSat sin kapasitet, utover den som vert avsett til Forsvaret, ville fyrst og fremst verte brukt til å dekkje eit kommersielt behov ved den norske satellittnedlesingsstasjonen TrollSat i Antarktis. Her ville eventuell overskotskapasitet for Forsvaret verte leigd ut på den opne marknaden.

Det er vurdert at eit internasjonalt materiellsamarbeid med ein vel etablert operatør som Hisdesat vil redusere både usikkerheit knytt til framskaffing og drift av satellitten og til plassering av satellitten i rommet. Spania har i hovudsak alt avklara plassering av satellitten i rommet. Eventuell overskotskapasitet for Forsvaret er planlagd leigd ut på den opne marknaden, inkludert til offentlege myndigheiter.

Samarbeidet med Spania har ei total kostnadsramme på 982 mill. kroner. Tilsvarande for StatSat-alternativet er 1 615 mill. kroner.

I tillegg til høgare investeringskostnad for staten i StatSat-alternativet, vil alternativet òg gje høgare levetidskostnader enn i eit samarbeid med Spania. Eit internasjonalt materiellsamarbeid med Spania, med omsyn til mellom anna levetidskostnader og risiko i organisering og gjennomføringsevne, er difor vurdert til å vere den beste løysinga både for Forsvaret og for staten.

1.2.1 Nærare om det valte alternativet

Prosjektet vil altså framskaffe ein kommunikasjonssatellitt til Forsvaret i eit bilateralt materiellsamarbeid med Spania. Samarbeidet vil gje Forsvaret eigarskap til ein definert kapasitet av ein felleseigd militær kommunikasjonssatellitt og full kontroll over den norskeigde delen av satellitten. Prosjektet vil sikre Forsvaret tilgang til sikker og robust breibandskommunikasjon over satellitt i heile satellitten sin levetid. Levetida er rekna til minst 2028.

Samarbeidspartane vil vere Forsvaret og det spanske satellittselskapet Hisdesat. Hisdesat er om lag 40 prosent eigd av den spanske staten, resten er eigd av kommersielle aktørar.

Forsvaret vil ha eit 40 prosent eigarskap i prosjektet og i satellitten, og vil sjølv ha kontroll over denne delen. Dei resterande 60 prosent er eigd av Hisdesat. Forsvaret sin eigarskap vil altså ikkje omfatte eigarskap i selskapet Hisdesat, men berre i prosjektet og i satellitten.

1.3 Ekstern kvalitetssikring

Ekstern kvalitetssikring av prosjektet er gjennomført i samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma.

Rapporten frå ekstern kvalitetssikring konkluderer med at eit bilateralt samarbeid med Spania er den beste løysinga både for Forsvaret og staten.

Tilrådinga av dette alternativet er basert på at dette er den rimelegaste løysinga som er tilfredsstillande for Forsvaret, og at eit materiellsamarbeid med ein etablert satellittoperatør vil redusere usikkerheiten i prosjektet, både i gjennomføringa av framskaffinga og i driftsfasen.

1.4 Kostnader

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 982 mill. kroner medrekna ei avsetting for usikkerheit. Gjennomføringskostnadene (post 1) for prosjektet er rekna å utgjere 50 mill. kroner.

1.5 Gjenkjøp – industrisamarbeid

Regjeringa sin politikk er å krevje gjenkjøp ved framskaffingar til Forsvaret over 50 mill. kroner frå utanlandske leverandørar. I dette prosjektet er det så langt ikkje endeleg avklart om det kan stillast krav til gjenkjøp.