3. Anmodningsvedtak fra stortingssesjonen 2007–2008
"Stortinget ber Regjeringen i forbindelse med stortingsmeldingen om internasjonalisering vurdere en opptrapping av rammen i Statens lånekasse for utdanning slik at nye søkerskoler kan innlemmes i støtteordningen for elever som tar deler av sin videregående opplæring i utlandet."
Kunnskapsdepartementet uttaler i brev 22. august 2008:
"Regjeringen vil i stortingsmeldingen om internasjonalisering komme med en beskrivelse av hvordan vedtaket vil bli fulgt opp. Det tas sikte på å fremme meldingen om internasjonalisering i løpet av høsten 2008."
Kunnskapsdepartementet uttaler i brev 21. august 2009:
"Regjeringen har i St.meld. nr. 14 (2008–2009) Internasjonalisering av utdanning, side 38, sagt at departementet vil vurdere hvordan ordningen med studieopphold for elevgrupper kan åpnes for nye grupper.
Kunnskapsdepartementet vil redegjøre for oppfølgingen av vedtaket i Prop. 1 S (2009–2010) for budsjetterminen 2010 for Kunnskapsdepartementet Del 1 Kap 3."
I Prop. 1 S (2009–2010) skriver Kunnskapsdepartementet følgende om oppfølging av vedtak nr. 266:
"Departementet foreslår å auke løyvinga med om lag 0,9 mill. kroner for at inntil éi elevgruppe frå Elvebakken videregående skole i Oslo får støtte til å ta det andre året av vidaregåande opplæring ved York College i England, og inntil éi elevgruppe frå Troms fylke får støtte til å ta det tredje året av vidaregåande opplæring ved Norsk-russisk videregående skole i Murmansk. Dette er i samsvar med ambisjonen til Regjeringa om auka internasjonalisering av grunnopplæringa og ei oppfølging av varsla tiltak i St.meld. nr. 14 (2008–2009)."
Komiteen registrerer at kirke-, utdannings- og forskningskomiteen ikke har innvendinger mot Regjeringens oppfølging av anmodningsvedtaket og utkvitterer vedtaket på dette grunnlag.
"Stortinget ber Regjeringen vurdere muligheten for å innføre påbud om sitteplass for skolebarn i skoleskyss med buss. Arbeidet starter etter at rapporten om "Sikkerhet knyttet til transport av skolebarn i buss" er lagt fram for Samferdselsdepartementet."
Samferdselsdepartementet uttaler i brev 26. august 2008:
"Samferdselsdepartementet mottok rapporten "Sikkerhet knyttet til transport av skolebarn i buss" i mai 2008. For eventuelt å kunne innføre særlige tiltak for trafikantgruppen skolebarn i buss må det foretas omfattende og kompliserte vurderinger av økonomisk, juridisk og praktisk art. Departementet er nå i gang med å vurdere resultatene i rapporten, og vil i det videre arbeidet gjennomføre nødvendige utredninger for å følge opp Stortingets anmodning. Stortinget vil bli informert om oppfølgingen."
Samferdselsdepartementet uttaler i brev 19. august 2009:
"Samferdselsdepartementet vil redegjøre for oppfølgingen av vedtaket i Prop. 1 S (2009–2010)."
I Prop. 1 S (2009–2010) for Samferdselsdepartementet heter det følgende om oppfølgingen av anmodningsvedtak nr. 402:
"I St.meld. nr. 4 (2008–2009) og St.prp. nr. 1 (2008–2009) går det fram at departementet var i gang med å vurdere resultata i rapporten «Sikkerhet knyttet til transport av skolebarn i buss» og ville i det vidare arbeidet gjennomføre nødvendige utgreiingar for å følgje opp oppmodinga frå Stortinget. Kontroll- og konstitusjonskomiteen uttaler i Innst. S. nr. 119 (2008–2009) at han vil vente med å kvittere ut vedtaket til Stortinget har motteke informasjonen.
Regjeringa er oppteken av at alle skuleelevar skal ha ein trygg skuleveg. Skuleskyssen er eit fylkeskommunalt og kommunalt ansvar. Regjeringa opplever at transporten av skuleelevar blir utført på ein god og forsvarleg måte. Fylkeskommunane har etter opplæringsloven og privatskoleloven ansvaret for å organisere skuleskyssen i samråd med kommunane. Kommunane har ansvaret for skuleskyssen for grunnskuleelevar med rett til skyss grunna trafikkfarleg eller på annan måte vanskeleg skuleveg og for grunnskuleelevar som bur meir enn fire km frå skulen. For elevar i første årstrinn er skyssgrensa to km. Fylkeskommunen har ansvaret for skuleskyss til elevar i vidaregåande skule som bur meir enn seks km frå skulen. Skuleskyssen skal etter vegtrafikkloven og yrkestransportlova skje med eit transportmiddel som tilfredsstiller gjeldande krav til sikring, utført av ein transportør som tilfredsstiller krava for å drive persontransport mot vederlag. Kostnadene til skuleskyss blir dekte av dei frie inntektene til fylkeskommunen inkludert overføringar frå staten gjennom inntektssystemet.
Samferdselsdepartementet har i samband med vurderinga av forslaget kartlagt omfanget og eventuelle konsekvensar av bruk av ståplassar ved skuleskyss i buss. Rapporten «Sikkerhet knyttet til transport av skolebarn i buss» frå SINTEF blei lagt fram for Samferdselsdepartementet i mai 2008. SINTEF fann ikkje store forskjellar når det gjeld kor stor del som står under skuleskyss samanlikna med ei tilsvarande undersøking gjennomført i 1998. Talet på sjølvrapporterte skader er også tilsvarande som i undersøkinga frå 1998. Rapporten konkluderer med at om lag 2–3 pst. av skuleelevane i skuleskyss med buss står heile vegen til eller frå skulen, og at om lag 6–7 pst. av skuleelevane står delar av vegen til eller frå skulen. Rapporten viser også at ein nokså stor del av skuleelevane vel å stå framfor å setje seg ved sidan av nokon dei ikkje kjenner eller å leite etter ledig sete i ein buss som ser full ut.
Ut frå tal i politiet sitt ulykkesregister har ein i rapporten kome fram til at to barn i grunnskulealder har blitt alvorleg skadd under skuleskyss i buss i perioden 2002–2006. Rapporten frå SINTEF viser at skuleelevar i liten grad blir skadde som passasjer i buss, og at skadane som oppstår er lite alvorlege. Halvparten av dei rapporterte skadane er knytte til trafikksituasjonar som t.d. bråbremsing, utforkøyring, køyring over hump/dump, og fot klemt i dør/køyrt over. Ein tredel av skadane skjer ved av- eller påstiging. For heile 18 pst. av skadane blir årsaka til skaden oppgitt å vere mobbing frå medpassasjerar. Samferdselsdepartementet viser til at dei alvorlege ulykkene i Noreg med barn på veg til skulen har skjedd ved kryssing av veg etter at dei har gått av bussen, og ikkje under bussturen.
Rapporten viser at fylkeskommunane organiserer og utformer skuleskyssen svært ulikt. Om lag halvparten av skuleskyssen skjer med eigne skulebussar, medan resten skjer ved at skuleskyssen inngår som del av det ordinære kollektivtilbodet. Eit påbod om sitjeplass for skuleelevar når skuleskyssen inngår i det ordinære kollektivtilbodet vil føresetje at transportkapasiteten for dei aktuelle bussrutene i praksis må dimensjonerast slik at det blir sitjeplass for alle passasjerar. Dette krev nøye planlegging og avtalar med transportselskapa. Ein eventuell øyremerking av seter for skuleelevar vil bli vanskeleg å administrere.
Samferdselsdepartementet viser til at ein auke i talet på vognkilometer vil medføre lokale utfordringar og miljømessige konsekvensar, og auka ulykkesrisiko for trafikantar utanfor bussen, med ein ulykkeskostnad rekna til 18 mill. kr.
Regjeringa meiner at fylkeskommunane, i samråd med kommunane, er dei beste til å vurdere aktuelle tiltak for sikring av barn i buss ved utforminga av det lokale skuleskysstilbodet. Regjeringa viser til at fylkeskommunane kan stille krav til kvalitet og tilstrekkeleg sitjeplasskapasitet i avtalar med transportørane. Fylkeskommunane blei i brev av 10. juli 2009 oppmoda til å planleggje framtidig transporttilbod ut frå at det skal vere tilgjengeleg sitjeplass til alle skuleelevar.
Samferdselsdepartementet viser til at mange av fylkeskommunane arbeider aktivt med trafikktryggleik og skuleskyss ved å stille krav om sitjeplass til skuleelevane, krav om maksimal- eller gjennomsnittsalder ved bussparken eller gjennom eigne skyssreglement for sjåfør og skuleelevar.Fylkeskommunane og kommunane bør i tillegg, gjerne i samarbeid med Trygg Trafikk eller andre aktørar, sørgje for at skuleelevane får opplæring i trafikkreglar og riktig åtferd langs skulevegen, ved kryssing av veg, ved busstoppet og under skuleskyssen. Trygg skuleveg handlar ikkje berre om skuleskyss. Det handlar òg om gang- og sykkelvegar og det å skape gode holdningar til trafikktryggleik blant foreldre og elevar.
Regjeringa tok på konsultasjonsmøte 18.08.2009 mellom regjeringa og kommunesektoren, representert ved KS, opp spørsmålet om sitjeplass under skuleskyss. Samferdselsdepartementet vil følgje opp saken gjennom dialog og samarbeid med fylkeskommunane og andre relevante aktørar. Fylkeskommunane vil m.a. bli invitert til eit eige møte om trafikktryggleik hausten 2009 kor sikring av skulebarn i buss vil vere eit av tema til drøfting."
Komiteens flertall, medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre, viser til brev av 26. august 2008 der Samferdselsdepartementet bekrefter å ha mottatt den omtalte rapporten i mai 2008, og der man viste til at det måtte foretas omfattende og kompliserte vurderinger av økonomisk, juridisk og praktisk art før man eventuelt kunne innføre særlige tiltak for trafikkantgruppen skolebarn i buss. Flertallet viser også til brev fra Samferdselsdepartementet datert 19. august 2009, der det fremgår at Samferdselsdepartementet vil redegjøre for oppfølgingen av vedtaket i Prop. 1 S (2009–2010).
Flertallet finner at Samferdselsdepartementet har vurdert muligheten for å innføre påbud om sitteplass for skolebarn i skoleskyss med buss slik det bes om i anmodningsvedtaket, men er uenig i de konklusjoner departementet har kommet til.
Flertallet viser for øvrig til omtalen i Prop.1 S (2009-2010), innstillingen fra transport- og kommunikasjonskomiteen til denne og det forslaget Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti fremmet der om sikring av skolebarn i buss.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet konstaterer at Regjeringen har foretatt en vurdering av muligheten for å innfri påbud om sitteplass for skolebarn i skoleskyss med buss i tråd med vedtakets ordlyd. Disse medlemmer har imidlertid merket seg at Regjeringen ikke har planer om å innføre et slikt påbud, men at flertallet i Stortingets transport- og kommunikasjonskomité bestående av medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, i Innst. 13 S (2009–2010) peker på at formålet med Regjeringens vurderinger fortsatt må være å endre dagens praksis. Dette flertallet skriver videre
"Disse medlemmer ber Regjeringen vurdere endringer i regelverk for å sikre alle skoleelever rett til sitteplass i skolebussen."