Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2009 under Olje- og energidepartementet

Innhold

Til Stortinget

Samandrag

I proposisjonen kjem Olje- og energidepartementet (OED) med framlegg til endringar i statsbudsjettet for 2009, og dei gjer vidare greie for bruk av fullmakt under petroleumsverksemda og Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE).

Endringar i statsbudsjettet for 2009

Kap. 1800 Olje- og energidepartementet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Utgifter knytte til rettssak mot Statoil ASA

Utgiftene for staten til juridisk bistand og eksterne rådgivarar i samband med denne saka er rekna til totalt om lag 15 mill. kroner i 2009. Blant anna har ein ekstern konsulent gjennomført verdivurderingar av relevante felt på norsk kontinentalsokkel og økonomiske analysar og vurderingar i samband med statens krav.

Delar av utgiftene blir dekte innafor gjeldande løyving, men det blir foreslått å auke løyvinga under kap. 1800 post 21, med 3 mill. kroner.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 42,1 mill. kroner.

Kap. 1810 Oljedirektoratet

Post 1 Driftsutgifter

Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,3 mill. kroner knytt til behandling og oppfølging av søknader om utvinningsløyve.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 211,7 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Det blir foreslått å auke løyvinga knytt til Oljedirektoratets oppdrags- og samarbeidsverksemd med 27,3 mill. kroner.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 299,9 mill. kroner.

Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 22 Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under post 60

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 152,3 mill. kroner.

Post 60 Tilskot til skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under post 22

Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 29,2 mill. kroner.

Kap. 1825 Omlegging av energibruk og energiproduksjon

Post 50 Overføring til Energifondet

Det blir foreslått å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner. Endringa har samanheng med tilsvarande auke i avkastninga frå Grunnfondet, jf. kap. 4825 post 85.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 1 782,2 mill. kroner.

Kap. 1833 CO2-handtering

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Regjeringa foreslår å redusere løyvinga knytt til arbeidet med CO2-handtering på Kårstø med 140 mill. kroner.

  • Når det gjeld transport og lagring av CO2 frå Kårstø og Mongstad held Gassnovas arbeid med å greie ut moglege lagringsstader fram med sikte på å kunne leggje fram eit godt investeringsgrunnlag for sikker lagring av CO2.

  • Når det gjeld teknologisenteret for CO2-handtering på Mongstad gjenstår det om lag 37 mill. kroner som ikkje er brukt. Desse midlane blir foreslått omdisponerte til planlegginga av fullskala CO2-handtering på Mongstad.

  • Når det gjeld fullskala CO2-handtering på Mongstad – Mongstad Steg 2 blir det foreslått å redusere løyvinga knytt til arbeidet med CO2-handtering på Mongstad med 320 mill. kroner. Hovudårsak til endringa er utsette aktivitetar i 2009.

Regjeringa foreslår at løyvinga under kap. 1833 CO2-handtering, post 21 Spesielle driftsutgifter blir redusert med i alt 460 mill. kroner.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 305 mill. kroner. Totalt disponibelt budsjett under posten inkludert overførte midlar frå 2008 utgjer om lag 600 mill. kroner for 2009.

Post 30 Investeringar, kan overførast

Det blir foreslått å redusere løyvinga under posten med 1 882 mill. kroner, og nytt forslag til løyving blir etter dette null kroner.

Post 50 Overføring til Fond for CLIMIT

Det blir foreslått å auke løyvinga til Fond for CLIMIT med 0,2 mill. kroner, og nytt forslag til løyving blir etter dette 92 mill. kroner.

Post 72 Utlån, TCM DA, kan overførast

Det blir foreslått at utlån til TCM DA blir budsjettert "over streken" og blir utgiftsført i statsbudsjettet i dei åra der TCM DA investerer i anlegget. På den måten vil lån til TCM DA inngå i prioriteringane innanfor statsbudsjettet si samla ramme. Framtidige avdrag på utlåna blir inntektsførde tilsvarande "over streken", men utlåna vil gå fram av statens kapitalrekneskap. Dei nemnde forholda påverkar òg forslaget til løyving for 2010, som må endrast. Olje- og energidepartementet vil kome tilbake til Stortinget med eit endra forslag til løyving for 2010 knytt til dette.

Det blir foreslått ei løyving på 900 mill. kroner for 2009 under ny post 72 Utlån, TCM DA, kan overførast, for å dekkje statens del av budsjettet for investeringar og drift for TCM DA, blant anna forskot på tomteleige og andre utgifter knytte til etablering og oppbygging av selskapet.

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Forslag til nye løyvingar byggjer på ein oppdatert prognose for 2009 frå Petoro AS, og er basert på rekneskapsføring per 30. september 2009 og overslag for resten av året. Det er blant anna stor uvisse knytt til utviklinga i olje- og gassprisane.

Overslaget for kap. 2440, post 30 Investeringar er samla redusert med 1 900 mill. kroner, frå 25 900 til 24 000 mill. kroner, hovudsakleg på grunn av utsette aktivitetar på fleire felt.

Det er no lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på 378 kroner per fat for 2009.

Endringane fører til at kap. 5440, post 24 Driftsresultat aukar netto med 8 700 mill. kroner, frå 84 200 til 92 900 mill. kroner.

Kap. 5440, post 50 Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond er budsjettert til 30 mill. kroner i faktiske utbetalingar i 2009 knytt til skadar og bortfall av inntekt på grunn av stopp i drifta på nokre felt.

Endringane medfører samla sett at netto kontantstraum frå SDØE blir auka med 9 230 mill. kroner i høve til gjeldande løyving, frå 81 378 til 90 608 mill. kroner.

Kap. 2490 NVE Anlegg

Post 24 Driftsresultat

Endringar i underpostar medfører inga endring i stipulert driftsresultat for NVE Anlegg under kap. 2490 post 24 i høve til gjeldande løyving for 2009.

Kap. 4800 Olje- og energidepartementet

Post 70 Garantiprovisjon, Gassco

Løyvinga blir foreslått redusert med 0,25 mill. kroner, og nytt forslag til løyving blir etter dette 1,4 mill. kroner.

Kap. 4810 Oljedirektoratet

Post 1 Gebyrinntekter

Løyvinga blir foreslått auka med 1,3 mill. kroner, og nytt forslag til løyving blir etter dette 11,4 mill. kroner.

Post 2 Oppdrags- og samarbeidsverksemd

Løyvinga blir foreslått auka med 27,3 mill. kroner, og nytt forslag til løyving blir etter dette 76,2 mill. kroner.

Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 40 Flaum- og skredførebygging

Løyvinga blir foreslått redusert med 6,65 mill. kroner, og nytt forslag til løyving blir etter dette 24,6 mill. kroner.

Kap. 4825 Omlegging av energibruk og energiproduksjon

Post 85 Fondsavkastning

Avkastninga frå Grunnfondet er auka med 1,2 mill. kroner i 2009, og nytt forslag til løyving blir etter dette 432,2 mill. kroner.

Kap. 4833 CO2-handtering

Post 85 Fondsavkastning

Avkastninga frå Fond for miljøvennleg gassteknologi er auka med 0,2 mill. kroner i 2009, og nytt forslag til løyving blir etter dette 92 mill. kroner.

Kap. 5582 Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet

Post 70 Bidrag til kulturminnevern

Løyvinga blir foreslått nedjustert med 0,8 mill. kroner, og nytt forslag til løyving blir etter dette 9,1 mill. kroner. Løyvinga er basert på innbetalingar frå revisjonssaka i Vinstravassdraget.

Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda og SDØE

Olje- og energidepartementet gjer i proposisjonen greie for bruk av fullmakter i 2009 knytte til petroleumsverksemda og SDØE, jf. St.prp. nr. 1 (2008–2009) og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2008–2009).

Fullmakt XII – Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel

Fullmakt for forenkla behandling frå styresmaktene si side har blitt nytta ved to høve i 2009:

– Trollprosjekt

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 5,7 mrd. 2008-kroner. Plan for utbygging og drift for Troll prosjekt vart vedteken ved kongeleg resolusjon 19. juni 2009.

– Oselvar

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 4,6 mrd. 2009-kroner. Plan for utbygging og drift for Oselvar vart vedteken ved kongeleg resolusjon 19. juni 2009.

Fullmakt XVI – Overføring av delar i røyrleidningar til Gassled

Olje- og energidepartementet godkjende 17. desember 2008 overføring av Norne Gas Transport System, inntektsstraumen i Etanor og Kvitebjørn Gassrøyr til Gassled. Med verknad frå 1. januar 2009 har Norne Gas Transport System og inntektsstraumen i Etanor blitt innlemma i Gassled. Med verknad frå 1. juli 2009 er Kvitebjørn Gassrøyr innlemma i Gassled. Statens del i Gassled er justert for å reflektere desse overføringane.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Per Rune Henriksen, Marianne Marthinsen, Torstein Rudihagen, Tor-Arne Strøm og Eirin Kristin Sund, frå Framstegspartiet, Oskar Jarle Grimstad, Henning Skumsvoll og Ketil Solvik-Olsen, frå Høgre, Nikolai Astrup, Bjørn Lødemel og Siri A. Meling, frå Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen, frå Senterpartiet, leiaren Erling Sande, og frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, viser til dei foreslåtte endringane i statsbudsjettet for 2009, som det er gjort greie for i proposisjonen.

Komiteen viser også til bruk av fullmakter under petroleumsverksemda og SDØE, som det òg er gjort greie for i proposisjonen.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2009 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

1800

Olje- og energidepartementet

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir auka med

3 000 000

frå kr 39 100 000 til kr 42 100 000

1810

Oljedirektoratet

1

Driftsutgifter, blir auka med

1 300 000

frå kr 210 400 000 til kr 211 700 000

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir auka med

27 300 000

frå kr 272 600 000 til kr 299 900 000

1820

Noregs vassdrags- og energidirektorat

22

Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under kap. 1820 post 60, blir redusert med

1 500 000

frå kr 153 800 000 til kr 152 300 000

60

Tilskot til skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under kap. 1820 post 22, blir auka med

1 200 000

frå kr 28 000 000 til kr 29 200 000

1825

Omlegging av energibruk og energiproduksjon

50

Overføring til Energifondet, blir auka med

1 200 000

frå kr 1 781 000 000 til kr 1 782 200 000

1833

CO2-handtering

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir redusert med

460 000 000

frå kr 765 000 000 til kr 305 000 000

30

Investeringar, kan overførast, blir redusert med

1 882 000 000

frå kr 1 882 000 000 til kr 0

50

Overføring til fond for CLIMIT, blir auka med

200 000

frå kr 81 800 000 til kr 82 000 000

(NY)

72

Lån, TCM DA, blir løyvd med

900 000 000

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

30

Investeringar, blir redusert med

1 900 000 000

frå kr 25 900 000 000 til kr 24 000 000 000

2490

NVE Anlegg

24

Driftsresultat

0

Spesifikasjon:

Driftsinntekter

-61 000 000

Driftsutgifter

54 700 000

Avskrivingar

5 500 000

Renter av statens kapital

800 000

0

Inntekter

4800

Olje- og energidepartementet

70

Garantiprovisjon, Gassco, blir redusert med

250 000

frå kr 1 650 000 til kr 1 400 000

4810

Oljedirektoratet

1

Gebyrinntekter, blir auka med

1 300 000

frå kr 10 100 000 til kr 11 400 000

2

Oppdrags- og samarbeidsverksemd, blir auka med

27 300 000

frå kr 48 900 000 til kr 76 200 000

4820

Norges vassdrags- og energidirektorat

40

Flaum- og skredførebygging, blir redusert med

6 650 000

frå kr 31 250 000 til kr 24 600 000

4825

Omlegging av energibruk og energiproduksjon

85

Fondsavkastning, blir auka med

1 200 000

frå kr 431 000 000 til kr 432 200 000

4833

CO2-handtering

85

Fondsavkastning, blir auka med

200 000

frå kr 91 800 000 til kr 92 000 000

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat, blir auka med

8 700 000 000

frå kr 84 200 000 000 til kr 92 900 000 000

Spesifikasjon:

Driftsinntekter

155 200 000 000

Driftsutgifter

-36 900 000 000

Leite- og feltutviklingsutgifter

-2 600 000 000

Avskrivingar

-16 300 000 000

Renter av statens kapital

-6 500 000 000

92 900 000 000

30

Avskrivingar, blir redusert med

1 200 000 000

frå kr 17 500 000 000 til kr 16 300 000 000

(NY)

50

Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond, blir løyvd med

30 000 000

80

Renter av statens kapital, blir redusert med

200 000 000

frå kr 6 700 000 000 til kr 6 500 000 000

5582

Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet

70

Bidrag til kulturminnevern, blir redusert med

800 000

frå kr 9 900 000 til kr 9 100 000

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 1. desember 2009

Erling Sande

leiar og ordførar