Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om svalbardbudsjettet 2010

Dette dokument

  • Innst. 17 S (2009–2010)
  • Kildedok: Prop. 1 S (2009–2010)
  • Dato: 02.12.2009
  • Utgiver: utenriks- og forsvarskomiteen
  • Sidetall: 12
  • PDF

Innhold

Til Stortinget.

Komiteen fremmer i denne innstillinga forslag om bevilgningar på svalbardsbudsjettet.

Nedanfor følger ein oversikt over forslag til utgifter og inntekter i svalbardbudsjettet fordelt på kapittel slik dei framkommer i Prop. 1 S (2009–2010).

Kap.

Post

Formål

Prop S 1 – Svalbardbudsjettet

Utgifter

1

Svalbard kyrkje

3 750 000

1

Driftsutgifter

3 750 000

2

Tilskot til kulturelle formål m.m.

960 000

70

Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard

960 000

3

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

93 700 000

70

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

93 700 000

4

Tilskot til Svalbard museum

5 650 000

70

Tilskot til Svalbard museum

5 650 000

5

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

31 000 000

1

Driftsutgifter

31 000 000

6

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

75 000 000

1

Driftsutgifter

75 000 000

7

Tilfeldige utgifter

4 177 000

1

Driftsutgifter

4 177 000

9

Kulturminnetiltak

2 150 000

1

Driftsutgifter

2 150 000

11

Bergmeisteren (jf. kap. 3011)

1 400 000

1

Driftsutgifter

1 400 000

17

Refusjon til Norsk Polarinstitutt

2 900 000

50

Refusjon

2 900 000

18

Fyr og radiofyr

3 600 000

1

Driftsutgifter

3 600 000

19

Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

6 200 000

1

Driftsutgifter

6 200 000

20

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

15 500 000

1

Driftsutgifter

11 500 000

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

4 000 000

22

Likningsforvaltninga for Svalbard

2 800 000

1

Driftsutgifter

2 800 000

Sum utgifter Svalbardbudsjettet

248 787 000

Inntekter

3005

Sysselmannen (jf. kap. 5)

250 000

1

Diverse inntekter

250 000

3006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

1 200 000

1

Leigeinntekter

1 200 000

3020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

3 250 000

1

Inntekter

3 250 000

3030

Skattar og avgifter

131 110 000

70

Skattar m.m. .

126 500 000

71

Utførselsavgift

3 500 000

72

Utmålsgebyr, årsavgift

1 110 000

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

112 977 000

70

Tilskot

112 977 000

Sum inntekter Svalbardbudsjettet

248 787 000

Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 gav Noreg suverenitet over øygruppa. Sidan 1925 har Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard og tek vare på statens interesser på øygruppa. Artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard og korleis desse midlane skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja eit eige svalbardbudsjett.

Justisdepartementet fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samtidig med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er dels verksemd på Svalbard underlagt Justisdepartementet, og dels verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet. Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop. 1 S (2009–2010) Justisdepartementet kap. 480. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Kvart år yter staten eit tilskot for å leggje til rette for nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard, miljøforvaltning og tiltak som til dømes drift av sjukehus i Longyearbyen. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet under kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2010 er omtalt nærare under punkt 4 i proposisjonen.

Under behandlinga av St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard, slutta Stortinget, jf. Innst. S. nr. 336 (2008–2009), seg til forslaget om å føre vidare ordninga med eit eige svalbardbudsjett. Justisdepartementet vil i året som kjem sjå nærare på enkelte av kapitla i budsjettet for å sjå til at dei ulike tildelingane er best mogleg i samsvar med kapitlas formål. Som ein start på dette er det i budsjettet for 2010 mellom anna oppretta eit nytt kap. 4 Tilskot til Svalbard Museum. Sjå meir om dette under omtale av dei enkelte kapitla. Departementet vil òg vurdere behovet for enkelte endringar i kap. 2 Tilskot til kulturelle formål.

Regjeringas overordna mål for svalbardpolitikken har lege fast i lang tid og vart seinast stadfesta i St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard. Desse måla er:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • oppretthalding av norske samfunn på øygruppa.

Regjeringa la våren 2009 fram ei eiga stortingsmelding om Svalbard (St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard). Stortingets behandling av meldinga (jf. Innst. S. nr. 336 (2008–2009)) viser at det framleis er brei politisk semje om hovudmåla i svalbardpolitikken. Måla har lege fast i lang tid og historia har vist at ei forvaltning av øygruppa etter desse måla har vore vellykka.

Måla fell inn under dei generelle måla i norsk politikk om å sikre nasjonal tryggleik og integritet, overhalde internasjonale rettsreglar og plikter og arbeide for internasjonal avspenning og fred. Måla har sikker forankring i nasjonale interesser og haldningar, og er i samsvar med dei traktatbundne pliktene Noreg tok på seg då suvereniteten over øygruppa vart internasjonalt akseptert. Måla tener derfor til å møte dei internasjonale forventningane som blir stilte. I ei tid då Arktis tiltrekkjer seg aukande interesse, skal svalbardpolitikken medverke til at utviklinga i nordområda kan skje på ein fredeleg måte, og til at konfliktar blir unngått.

I St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard føretek Regjeringa ein heilskapleg gjennomgang av svalbardpolitikken framover. Det blir framleis lagt opp til ei stabil og føreseieleg myndigheitsutøving og god samfunnsutvikling på øygruppa. Svalbard har ein unik natur- og kulturarv som norske styresmakter har eit særskilt ansvar for å bevare, og all næringsverksemd, ressursutnytting og forsking skal skje innafor dei rammer omsynet til bevaringa av Svalbards naturmiljø og kulturminne set. Samstundes er det òg viktig å behalde naudsynt handlefridom framover, med tanke på å kunne møte nye utfordringar og nytta dei til ei kvar tid beste verkemidla i forvaltninga av øygruppa.

Eit viktig bakteppe for den nye svalbardmeldinga er dei klimaendringane ein antek vil skje i Arktis dei kommande åra. Temperaturane i Arktis er venta å stige dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet. Endringane vil både gi nye utfordringar for arter og økosystem på Svalbard, og kunne bidra til å skape press på områda gjennom auka tilgjenge som følgje av reduksjon i utbreiinga av sjøisen. Samstundes kan endringane òg gi nye moglegheiter til dømes innanfor fiskeri og internasjonal skipsfart.

Nordområda er denne regjeringas viktigaste strategiske satsingsområde. Svalbard er ein sentral del av nordområda og St.meld. nr. 22 (2008–2009) blir såleis eit viktig tillegg til Regjeringas nordområdestrategi. Ei vidareføring av ei effektiv og føremålstenleg forvaltning av Svalbard i tråd med måla i svalbardpolitikken vil bidra til å styrkje og utdjupe vårt nærvær i nordområda.

Justisdepartementet har gjennom leiinga av Det interdepartementale polarutvalet eit overordna koordineringsansvar når det gjeld Svalbard, Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Dette reiser særskilte utfordringar som gjer det nødvendig å sjå dei enkelte fagetatane si verksemd i desse områda i samanheng og i eit breiare perspektiv. Polarutvalet fungerer i denne samanhengen som eit verktøy for Justisdepartementet, som gjennom dette utvalet har ansvaret for å koordinere og samordne forvaltningas arbeid med polarsaker for å sikre ein heilskapleg norsk politikk i polarområda.

I tillegg til Det interdepartementale polarutvalet, jf. omtale under pkt. 2.1.1 i proposisjonen, er Sysselmannen ein svært viktig medspelar i arbeidet med å sikre ei god forvaltning av Svalbard. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på øygruppa og har sete i Longyearbyen. Bestillinga har som hovudoppgåve å medverke til at måla i norsk svalbardpolitikk blir oppfylte. Dette ligg til grunn for all verksemd ved sysselmannsbestillinga. Sysselmannen har funksjon som både fylkesmann, notarius publicus og politimeister. Sysselmannen har òg ansvar for redningsberedskapen på øygruppa. I tilegg til det som her er nemnt har bestillinga ei viktig oppgåve som miljøforvaltar og med gjennomføringa av den lokale kontakten med utanlandske busetnader på Svalbard.

Longyearbyen lokalstyre er ein viktig medspelar i arbeidet med å utvikle lokalsamfunnet i Longyearbyen, jf. omtale under pkt. 2.1.3 i proposisjonen. Justisdepartementet arbeider derfor for å ha ein god dialog med lokalstyret, og søkjer saman med det å bidra til å finne gode løysingar på dei utfordringane lokalsamfunnet står overfor. Samstundes er det òg viktig å leggje til rette for eit godt samarbeid mellom dei lokale styresmaktene på Svalbard. Den auka kompleksiteten gjer dessutan at departementet søkjer å ha ein god dialog med andre lokale aktørar, og med ulike organisasjonar og institusjonar.

Den norske busetnaden på øygruppa har tradisjonelt vore knytt til koldrift. Dette er framleis den næringa som har flest sysselsette. Dei siste åra har det skjedd ein auke i både offentleg og privat verksemd, særleg innan turisme og reiseliv. Aktiviteten har òg auka innafor forsking og høgare utdanning, først og fremst i Longyearbyen og Ny-Ålesund. Samtidig har Regjeringa som mål å oppretthalde Longyearbyen som eit robust familiesamfunn, men ikkje eit livsløpssamfunn. Denne føresetnaden er òg gjenteken i St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard, og i Stortingets behandling av denne. Den utviklinga ein har sett i Longyearbyen, fører mot eit meir komplekst samfunn som igjen opnar for nye interessemotsetnader mellom fleire aktørar. Dette gjer samordninga til ei viktigare og meir krevjande oppgåve enn tidlegare.

Regjeringa ønskjer å bevare eit stabilt og robust norsk familiesamfunn i Longyearbyen på Svalbard for å sikre norsk nærvær i nordområda. Mellom anna på bakgrunn av St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard og behandlinga av denne, meiner Regjeringa det er grunn til å auke løyvinga til Sysselmannen på Svalbard for betre å setje bestillinga i stand til å møte dagens utfordringar og oppgåver. I svalbardbudsjettet for 2010 foreslår derfor Regjeringa å auke Sysselmannens driftsbudsjett med 3,5 mill. kroner. I tilegg til denne auken er det òg avsett i alt 3,4 mill. kroner til reparasjon og rehabilitering av Sysselmannsbustaden og 0,5 mill. kroner til Sysselmannens transportkapittel. For å leggje til rette for at Longyearbyen lokalstyre (LL) kan utføre sine oppgåver på ein god og effektiv måte, og å setje lokalstyret betre i stand til å handtere dei utfordringane som befolkningsauken i Longyearbyen har gitt, særleg innafor barnehage- og skulesektoren, foreslår Regjeringa å auke lokalstyrets budsjett med 2,7 mill. kroner. LL er dessutan tilført 0,6 mill. kroner gjennom ei rammeoverføring frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet, samt 0,4 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet. Regjeringa foreslår òg 0,2 mill. kroner fordelt på andre kapittel for å tryggje rammene for dagens drift. I tillegg til dette er det i denne regjeringsperioden løyvd i alt 20 mill. kroner til bygging av nytt reservekraftverk i Longyearbyen og i alt 1,5 mill. kroner til Sysselmannens transportbudsjett som følge av auka kostnader her.

Utover dette kjem dei skatteendringane som er vedtekne i denne regjeringsperioden. Skattesatsen på lønnsinntekt er no 8 pst., mens det for særskilt høge inntekter skal trekkjast 22 pst. skatt. Skattesatsen for alminneleg inntekt på Svalbard (selskaps- og næringsskatt) er sett til 16 pst. Regjeringa har òg endra rutinane for prisjustering av svalbardbudsjettet slik at heile budsjettet no blir prisjustert.

Budsjettramma på svalbardbudsjettet for 2010 er 248,8 mill. kroner. Dette er 17,1 mill. kroner eller 7,4 pst. auke i forhold til vedteke budsjett for 2009.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2010 er stipulert til 113 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot over Justisdepartementets budsjett kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Storleiken på tilskotet har variert frå år til år, og har vorte auka ved ekstraordinære tilskotsbehov. Tilskotet som er foreslått for 2010 utgjer 45,4 pst. av dei venta inntektene.

Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtala under kap. 3030. Skatteinntektene for 2010 er rekna til 135,8 mill. kroner. Inntektene frå skattar og avgifter utgjer 54,6 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet.

Det er i budsjettet for 2010 oppretta eit nytt kap. 4, Tilskot til Svalbard museum. Museet har tidlegare fått si tildeling via Longyearbyen lokalstyre, men etter at museet vart omdanna til eigen stiftelse er det naturleg at løyvinga no går direkte til museet.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå, er gitt i punkt 5 til proposisjonen, og i del I og II finst det ei nærare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

For 2010 er det foreslått løyvd netto om lag 367 mill. kroner over statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justisdepartementets kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1 i proposisjonen. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa er trekte frå, jf. vedlegg 2 i proposisjonen. Tilsvarande tal i 2009 var om lag 388 mill. kroner.

Over Miljøverndepartementets budsjett vil det bli løyvd om lag 110 mill. kroner til svalbardformål. Om lag 79 mill. kroner av dette går til Norsk Polarinstitutts verksemd på og rundt Svalbard. Resten går til Sysselmannen på Svalbard, Direktoratet for naturforvalting, Statens kartverk og til forsking og overvaking bl.a. i regi av Noregs forskingsråd.

Miljøvernarbeidet vil i 2010 halde fram med å ha fokus på forvaltning av villmarksområde på Svalbard, og då særleg med tanke på å begrense belastninga på Svalbards natur og kulturminne som følgje av aukande ferdsel, for å sikre viktige leveområde for sårbare arter og sikre viktige referanseområde for forsking. Arbeidet med forvaltningsplanar for dei store verneområda vil ha høg prioritet her. Arbeidet vil òg ha fokus på klimaendringane og deira betyding for forvaltninga av miljøet på Svalbard, førebygging av introduksjon og spreiing av framande arter, og av lokale forureiningar til luft, jord og vatn. Det arbeidet som er starta opp med å utgreie Svalbard som eit mogeleg verdsarvområde vil halde fram.

For 2010 er om lag 79 mill. kroner av løyvinga til Norsk Polarinstitutt over Miljøverndepartementets kap. 1471 Norsk Polarinstitutt relatert til Svalbard, jf. vedlegg 1 i proposisjonen. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 17 i proposisjonen.

Den auka faglege aktiviteten til Norsk Polarinstitutt består blant anna av ny flyfotografering av Svalbard. Fotograferinga skal vere med på å gi oppdaterte digitale kart som blant anna gjer redningsaksjonar sikrare og meir effektive. I tillegg vil karta mogleggjere betre overvaking av brear, noko som vil vere eit betydeleg bidrag til norsk klimaforsking. Vidare er vegetasjonsovervakinga og overvakinga av isbjørnbestanden styrka.

Over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet er det foreslått løyvd 17,1 mill. kroner. Staten ved Nærings- og handelsdepartementet har eigarinteresser i fleire selskap på Svalbard: Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK), Kings Bay AS, Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard, Svalbard Reiseliv AS, Svalbard Satellittstasjon og Svalbard Rakettskytefelt.

SNSK arbeider no med planar for framtidig kolgruvedrift i andre førekomstar som erstatning for dagens drift i Svea Nord-gruva, som venteleg går tom om 5–6 år. Etter avviklinga av Svea Nord legg SNSK i dag opp til vidare drift på fire førekomstar i Svea-området. Føresetnaden er at drifta vert bedriftsøkonomisk lønnsam. Planane blir lagt slik at allereie etablert infrastruktur knytt til Svea Nord-gruva framleis kan utnyttast. Dei fire felta er: Lunckefjell, Svea Øst, "Randsona" og Ispallen som til saman inneheld totalt ca. 46,3 mill. tonn kol. SNSK legg no planar for Lunckefjell som har om lag 8,3 mill. tonn kol berekna for sal. Førekomsten i Lunckefjell vil bli utdriven med basis i infrastrukturen frå Svea-Nord. Selskapet har berekna behovet for nye investeringar til om lag 1 mrd. kroner.

Av statlege midlar i 2010, vil Kings Bay AS få overført 15 mill. kroner til drift og investeringar. I statsbudsjettet for 2009 var det løyvd 25 mill. kroner til bygging av eit nytt kraftverk i Ny-Ålesund for å sikre ein stabil og miljøvenleg kraftproduksjon. Styret i Kings Bay AS varsla Nærings- og handelsdepartementet i brev av 20. april 2009 om at bygginga av kraftverket vert utsett. Ny kvalitetssikring av kostnadene for å byggje ny kraftstasjon viser at budsjettet ville bli overskride og at drifts- og vedlikehaldskostnadene ville auke. Nærare undersøking viste at dei positive effektane som var lagt til grunn for samla utslepp ikkje ville bli oppnådde. Ifølgje Kings Bay AS er det etter ein gjennomgang av situasjonen med faglege rådgjevarar, semje om å tilrå at det bør sjåast på ei samla løysing for energibruk og energiberarar i Ny-Ålesund før ein set i gang med å byggje ein ny kraftstasjon. I samband med Stortingets behandling av St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard vart Stortinget orientert om dei endra planane for nytt kraftverk. Av orienteringa går det fram at Nærings- og handelsdepartementet vil gjere ei ny vurdering av prosjektet, når selskapet har utarbeidd ein ny plan for etableringa av kraftstasjon. Stortinget vil etter det bli orientert på eigna måte, jf. Innst. S. nr. 336 (2008–2009).

Svalbard Reiseliv AS organiserer mellom anna opplæring av Svalbard-guidar som skal leggje til rette for kvalitetsopplevingar tilpassa arktisk kultur og natur innan berekraftige rammer. For 2010 er det foreslått å løyve 2,1 mill. kroner til Svalbard Reiseliv AS.

Over Kunnskapsdepartementet sitt budsjett vil det bli løyvd nær 138 mill. kroner, ei auke på om lag 10 pst. Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er ein viktig del av nordområdesatsinga. UNIS tilbyr høgre utdanning og driv forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. Studia ved UNIS skal ha ein internasjonal profil, og om lag halvparten av studentane er utanlandske. Studentaktiviteten i 2008 var 127 studentårsverk. 49 pst. av studentane var kvinner, ein nedgang på om lag 3 pst. frå 2007. I budsjettet til Kunnskapsdepartementet er det for 2010 foreslått å løyve 84,8 mill. kroner til UNIS.

Til Noregs forskingsråd, Fondet for forsking og nyskaping og Meteorologiske institutt som driv stasjonane på Bjørnøya, Hopen og Svalbard lufthamn, er det foreslått å løyve til kvar om lag 15 mill. kroner, medan barnehagar får 9,4 mill kroner.

Det vil òg bli løyvd midlar til svalbardformål over budsjetta til Kultur- og kyrkjedepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Justisdepartementet.

Det er ei eiga skattelov for Svalbard. Med verknad frå og med inntektsåret 2008 vedtok Stortinget visse endringar i skattesystemet for Svalbard. Endringane gjer skattesystemet for Svalbard meir tidsmessig og betre tilpassa det ordinære norske skattesystemet og internasjonale rammevilkår. Etter endringane er skattesatsen på lønnsinntekt 8 pst. og for særskilt høge inntekter (over 12 G) skal det trekkjast 22 pst. skatt. I tillegg til desse trekka kjem trygdeavgift for tilsette som er medlem av den norske folketrygda. Skattesatsen for alminneleg inntekt på Svalbard (selskaps- og næringsskatt) er etter endringane 16 pst. Samtidig er det generelle botnfrådraget i alminneleg inntekt dobla, frå kr 10 000 til kr 20 000. Frå og med inntektsåret 2007 vart det på Svalbard gitt eit eige svalbardtillegg i barnetrygda. Det er lagt til grunn at dette tillegget skal vidareførast for å ivareta omsynet til barnefamiliar på Svalbard.

Som ei oppfølging av dei endringane som er beskrivne ovanfor har ei arbeidsgruppe under leiing av Finansdepartementet mellom anna sett på praksisen med pendling mellom bustad på fastlandet og arbeidsstad på Svalbard og moglege skattekonsekvensar av dette. Eventuelle lovforslag vil truleg verte framlagt for Stortinget i løpet av 2010.

Kapittel 5 til Prop. 1 S (2009–2010) Svalbardbudsjettett viser oversikt over rekneskapstal for 2008, vedteke budsjett for 2009 og forslag til løyving over svalbardbudsjettet for 2010. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet.

I del II til proposisjonen er det detaljert oversikt og omtale av dei enkelte utgifts- og inntektskapitla med postar i Svalbardbudsjettet.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Laila Gustavsen, Eva Kristin Hansen, Svein Roald Hansen, Sverre Myrli, Tore Nordtun og Helga Pedersen, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen, Siv Jensen, Tone Liljeroth, Peter N. Myhre og Karin S. Woldseth, fra Høyre, Ivar Kristiansen, Janne Fardal Kristoffersen og lederen Ine M. Eriksen Søreide, fra Sosialistisk Venstreparti, Rannveig Kvifte Andresen, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, og fra Kristelig Folkeparti, Dagfinn Høybråten, viser til at de overordnede målene for norsk svalbardpolitikk ligger fast, og at disse senest ble stadfestet under behandlingen av Innst. S. nr. 336 (2008–2009), jf. St.meld. nr. 22 (2008–2009) Svalbard, våren 2009.

Komiteen viser til at de overordende målene innebærer en konsekvent og fast håndheving av suvereniteten, korrekt overholdelse av og kontroll med etterlevelsen av Svalbardtraktaten, bevaring av ro, stabilitet og den særegne naturen i området, samt opprettholdelsen av norske samfunn på øygruppa.

Komiteen vil peke på at Svalbard er en integrert del av våre nordområder, og at en vedvarende satsing på aktivitet og nærvær på Svalbard er i tråd med de målene som ligger fast. Komiteen slutter opp om målsettingen at nordområdene er ett av Norges viktigste strategiske satsingsområder, også i årene som kommer. Ivaretakelse av Norges økonomiske, miljømessige og sikkerhetspolitiske interesser i nord bør fortsatt prioriteres høyt.

Komiteen vil videre framheve Norges betydelige ansvar for å sikre fred, stabilitet, vern av villmarksmiljøet og en ansvarlig ressursutnyttelse og -forvaltning på Svalbard.

Komiteen vil også vise til de samfunnsmessige utviklingstrekk. Økt næringsaktivitet har gitt sterk befolkningsvekst i Longyearbyen, og komiteen vil påpeke at Longyearbyen nå opplever press på arealer, på boliger og annen infrastruktur som barnehage og skole. Komiteen har merket seg at det i Innst. S. nr. 336 (2008–2009), jf. St.meld. nr. 22 (2008–2009), er anført at "Det er på denne bakgrunn ikke naturlig å se for seg en tilsvarende vekst fremover".

Komiteen viser til at skatteinntektene på Svalbard har økt de senere år som følge av den generelle aktivitetsøkningen, men at utgiftene på svalbardbudsjettet er større enn inntektssiden. Svalbardbudsjettet sikrer Stortinget en helhetlig fremstilling av utviklingen på øygruppen, samtidig som det orienterer om myndighetenes prioriteringer og satsinger på øygruppen. Komiteen har merket seg at artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrenser muligheten for å kreve inn skatter og avgifter, og at dette er en grunn for at det fremmes et eget svalbardbudsjett. Komiteen slutter opp om dette og ønsker å videreføre ordningen med et eget svalbardbudsjett, i tråd med tidligere henvisninger.

På Svalbard er det viktig at Sysselmannen har tilstrekkelige rammer til å ivareta sine pålagte oppgaver, og at det økte fokus på nordområdene og Svalbard har generert økt arbeid for Sysselmannen. Komiteen merker seg den økning på 4 mill. kroner som kommer Sysselmannen til del som en følge av utviklingen.

Komiteen vil vise til at utøvelsen av politikk på Svalbard er summen av innsatsen til flere departementer. Koordineringen av denne innsatsen er viktig, og det er helt nødvendig for å få en god ressursutnyttelse i samsvar med de generelle politiske og de mer spesifikke miljøpolitiske målsettinger. Komiteen understreker igjen at det ifølge Innst. S. nr. 336 (2008–2009), jf. St.meld. nr. 22 (2008–2009), er ønskelig med en konsultasjonsordning mellom Polarutvalget og Longyearbyen lokalstyre for å bedre koordineringen.

Komiteen vil vise til at det arktiske landskapet er sårbart, og det er viktig at det tas hensyn til denne sårbarheten ved en videre satsing på næringsutvikling og reiseliv, og at disse hensyn må balanseres mot det generelle ønsket om stabil familiebosetting.

Komiteen vil derfor understreke viktigheten av at næringen gis forutsigbare og stabile rammebetingelser og at næringen tas med på råd når det gjelder forslag om endringer i disse rammene.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

I

På Svalbardbudsjettet for 2010 blir løyvd under:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Kroner

Utgifter

1

Svalbard kyrkje

1

Driftsutgifter

3 750 000

2

Tilskot til kulturelle formål m.m.

70

Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard

960 000

3

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

70

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

93 700 000

4

Tilskot til Svalbard museum

70

Tilskot til Svalbard museum

5 650 000

5

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

1

Driftsutgifter

31 000 000

6

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

1

Driftsutgifter

75 000 000

7

Tilfeldige utgifter

1

Driftsutgifter

4 177 000

9

Kulturminnetiltak

1

Driftsutgifter

2 150 000

11

Bergmeisteren (jf. kap. 3011)

1

Driftsutgifter

1 400 000

17

Refusjon til Norsk Polarinstitutt

50

Refusjon

2 900 000

18

Fyr og radiofyr

1

Driftsutgifter

3 600 000

19

Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

1

Driftsutgifter

6 200 000

20

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

1

Driftsutgifter

11 500 000

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

4 000 000

22

Likningsforvaltninga for Svalbard

1

Driftsutgifter

2 800 000

Totale utgifter

248 787 000

Inntekter

3005

Sysselmannen (jf. kap. 5)

1

Diverse inntekter

250 000

3006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

1

Leigeinntekter

1 200 000

3020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

1

Inntekter

3 250 000

3030

Skattar og avgifter

70

Skattar m.m.

126 500 000

71

Utførselsavgift

3 500 000

72

Utmålsgebyr, årsavgift

1 110 000

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

70

Tilskot

112 977 000

Totalt inntekter

248 787 000

II

Formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2010

§ 1 Bruksområde for vedtaket

§ 2 Skatt på formue

§ 3 Skatt på inntekt

§ 4 Avrundingsreglar

§ 5 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold

Dette vedtaket gjeld forskotsutskriving og endeleg utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2010 etter føresegnene i lov av 29. november i 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.

Skattepliktige som nemnde i skattebetalingslova § 1, jf. § 2, og svalbardskattelova § 5-1 første ledd, skal betale forskot på formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2010. Ved utrekninga og innbetalinga gjeld føresegnene i dette vedtaket og i skattebetalingslova.

Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:

  • a) Personleg skattepliktig og dødsbu:

Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats) .

  • b) Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2:

Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.

Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:

  • a) Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-2:

Låg sats: 8 pst.

Høg sats: 22 pst.

  • b) Anna inntekt: 16 pst.

Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som omfattast av b) på 20 000 kroner .

Ved utrekning av skatt ved likning skal stipulert formue avrundast nedover til næraste heile 1 000 kroner, og inntekt avrundast nedover til næraste heile 100 kroner.

Ved utrekning av skatt ved lønnstrekk skal inntekta avrundast nedover til næraste heile kroner.

Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova §§ 3-1 og 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.

III

Bestillingsfullmakt

Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2010 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner ut over den totale løyvinga som er gitt under kap. 5 post 1 på svalbardbudsjettet.

IV

Meirinntektsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2010 kan overskride løyvinga under:

  • 1. kap. 5 post 1, tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3005 post 2

  • 2. kap. 6 post 1, tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3006 post 2

V

Avgift av kol som blir utført frå Svalbard for budsjettterminen 2010

For budsjetterminen 2010 skal det svarast avgift til statskassen av kol som blir utført frå Svalbard, etter følgjande satsar:

1,0 pst. av verdien for dei første 100 000 tonna,

0,9 pst. av verdien for dei neste 200 000 tonna,

0,8 pst. av verdien for dei neste 300 000 tonna,

0,7 pst. av verdien for dei neste 400 000 tonna,

0,6 pst. av verdien for dei neste 500 000 tonna,

0,5 pst. av verdien for dei neste 600 000 tonna,

0,4 pst. av verdien for dei neste 700 000 tonna,

0,3 pst. av verdien for dei neste 800 000 tonna,

0,2 pst. av verdien for dei neste 900 000 tonna.

0,1 pst. av verdien for dei neste 1 000 000 tonna.

Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 2. desember 2009

Ine M. Eriksen Søreide

Tore Nordtun

leder

ordfører