4. Tilråding frå komiteen
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende
vedtak:
I
På Svalbardbudsjettet for 2010 blir løyvd under:
Kap. | Post | Formål | Kroner | Kroner | ||||||||||
Utgifter | ||||||||||||||
1 | Svalbard kyrkje | |||||||||||||
1 | Driftsutgifter | 3 750 000 | ||||||||||||
2 | Tilskot til kulturelle formål m.m. | |||||||||||||
70 | Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard | 960 000 | ||||||||||||
3 | Tilskot til Longyearbyen lokalstyre | |||||||||||||
70 | Tilskot til Longyearbyen lokalstyre | 93 700 000 | ||||||||||||
4 | Tilskot til Svalbard museum | |||||||||||||
70 | Tilskot til Svalbard museum | 5 650 000 | ||||||||||||
5 | Sysselmannen (jf. kap. 3005) | |||||||||||||
1 | Driftsutgifter | 31 000 000 | ||||||||||||
6 | Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006) | |||||||||||||
1 | Driftsutgifter | 75 000 000 | ||||||||||||
7 | Tilfeldige utgifter | |||||||||||||
1 | Driftsutgifter | 4 177 000 | ||||||||||||
9 | Kulturminnetiltak | |||||||||||||
1 | Driftsutgifter | 2 150 000 | ||||||||||||
11 | Bergmeisteren (jf. kap. 3011) | |||||||||||||
1 | Driftsutgifter | 1 400 000 | ||||||||||||
17 | Refusjon til Norsk Polarinstitutt | |||||||||||||
50 | Refusjon | 2 900 000 | ||||||||||||
18 | Fyr og radiofyr | |||||||||||||
1 | Driftsutgifter | 3 600 000 | ||||||||||||
19 | Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen | |||||||||||||
1 | Driftsutgifter | 6 200 000 | ||||||||||||
20 | Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020) | |||||||||||||
1 | Driftsutgifter | 11 500 000 | ||||||||||||
45 | Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast | 4 000 000 | ||||||||||||
22 | Likningsforvaltninga for Svalbard | |||||||||||||
1 | Driftsutgifter | 2 800 000 | ||||||||||||
Totale utgifter | 248 787 000 | |||||||||||||
Inntekter | ||||||||||||||
3005 | Sysselmannen (jf. kap. 5) | |||||||||||||
1 | Diverse inntekter | 250 000 | ||||||||||||
3006 | Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6) | |||||||||||||
1 | Leigeinntekter | 1 200 000 | ||||||||||||
3020 | Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20) | |||||||||||||
1 | Inntekter | 3 250 000 | ||||||||||||
3030 | Skattar og avgifter | |||||||||||||
70 | Skattar m.m. | 126 500 000 | ||||||||||||
71 | Utførselsavgift | 3 500 000 | ||||||||||||
72 | Utmålsgebyr, årsavgift | 1 110 000 | ||||||||||||
3035 | Tilskot frå statsbudsjettet | |||||||||||||
70 | Tilskot | 112 977 000 | ||||||||||||
Totalt inntekter | 248 787 000 |
II
Formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2010
§ 1 Bruksområde for vedtaket
§ 2 Skatt på formue
§ 3 Skatt på inntekt
§ 4 Avrundingsreglar
§ 5 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold
Dette vedtaket gjeld forskotsutskriving og endeleg utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2010 etter føresegnene i lov av 29. november i 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.
Skattepliktige som nemnde i skattebetalingslova § 1, jf. § 2, og svalbardskattelova § 5-1 første ledd, skal betale forskot på formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2010. Ved utrekninga og innbetalinga gjeld føresegnene i dette vedtaket og i skattebetalingslova.
Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:
a) Personleg skattepliktig og dødsbu:
Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats) .
b) Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2:
Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.
Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:
a) Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-2:
Låg sats: 8 pst.
Høg sats: 22 pst.
b) Anna inntekt: 16 pst.
Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som omfattast av b) på 20 000 kroner .
Ved utrekning av skatt ved likning skal stipulert formue avrundast nedover til næraste heile 1 000 kroner, og inntekt avrundast nedover til næraste heile 100 kroner.
Ved utrekning av skatt ved lønnstrekk skal inntekta avrundast nedover til næraste heile kroner.
Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova §§ 3-1 og 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.
III
Bestillingsfullmakt
Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2010 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner ut over den totale løyvinga som er gitt under kap. 5 post 1 på svalbardbudsjettet.
IV
Meirinntektsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2010 kan overskride løyvinga under:
1. kap. 5 post 1, tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3005 post 2
2. kap. 6 post 1, tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3006 post 2
V
Avgift av kol som blir utført frå Svalbard for budsjettterminen 2010
For budsjetterminen 2010 skal det svarast avgift til statskassen av kol som blir utført frå Svalbard, etter følgjande satsar:
1,0 pst. av verdien for dei første 100 000 tonna,
0,9 pst. av verdien for dei neste 200 000 tonna,
0,8 pst. av verdien for dei neste 300 000 tonna,
0,7 pst. av verdien for dei neste 400 000 tonna,
0,6 pst. av verdien for dei neste 500 000 tonna,
0,5 pst. av verdien for dei neste 600 000 tonna,
0,4 pst. av verdien for dei neste 700 000 tonna,
0,3 pst. av verdien for dei neste 800 000 tonna,
0,2 pst. av verdien for dei neste 900 000 tonna.
0,1 pst. av verdien for dei neste 1 000 000 tonna.