Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om endringer av bevilgninger på statsbudsjettet 2006 under Barne- og likestillingsdepartementet.

Innhold

Til Stortinget

I samband med at barnehageområdet vart flytta til Kunnskapsdepartementet 1. januar 2006 vart husleigeutgiftene til Barne- og likestillingsdepartementet redusert med 453 000 kroner for 2006. Barne- og likestillingsdepartementet foreslår at kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet post 1 Driftsutgifter vert redusert med 453 000 kroner. Driftsbudsjettet til Kunnskapsdepartementet vert auka tilsvarande.

Under kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet post 1 Driftsutgifter er det eit meirbehov på 7,207 mill. kroner som kjem av at mellombelse tiltak vert utførte av departementet, men finansierte over ulike fagkapittel.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet post 1 med 7,207 mill. kroner mot følgjande innsparingar:

På kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet post 21 Spesielle driftsutgifter er det eit meirbehov på 1,049 mill. kroner som kjem av at tiltak av mellombels karakter i realiteten vert utført av departementet, men vert finansiert over ulike fagkapittel. Tiltaka vert såleis dekte innafor den samla ramma til departementet. Ei slik teknisk overføring inneber ikkje ei svekking av faglege føremål i kapitla.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet post 21 med 1,049 mill. kroner mot ei innsparing på 0,149 mill. kroner på kap. 857 Barne- og ungdomstiltak post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomsarbeid o.a. og 0,9 mill. kroner på kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid post 21 Spesielle driftsutgifter, fors­king, utviklings- og opplysingsarbeid.

Utgiftene til tilskot til krisesentra i 2006 er rekna til å verte 2,306 mill. kroner høgare enn løyvinga på 117,431 mill. kroner. Samla kommunalt tilskot på 20 pst. av godkjende driftsutgifter utløyser 80 prosent statstilskot. Det er frivillig for kommunane å gje tilskot til krisesentra. Talet på kommunar som gjev tilskot og storleiken på tilskotet kan endra seg frå år til år. Meirbehovet kjem av høgare kommunale tilskot til krisesentra enn rekna med i saldert budsjett.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 840 post 60 med 2,306 mill. kroner.

Utgiftene til tilskot til incestsentra i 2006 er rekna til å verte 11,088 mill. kroner høgare enn løyvinga på 29,226 mill. kroner.

Frå og med 2006 vart finansieringsordninga for incestsentra endra. Den statlege delen av tilskotet gjekk opp frå 50 pst. til 80 pst. av godkjende driftsutgifter, som for krisesentra. Meirbehovet kjem av høgare kommunale tilskot, eventuelt også høgare tilskot frå helseføretak og fylkeskommunar, til incestsentra enn rekna med i saldert budsjett. Det er frivillig for kommunane og andre offentlege instansar å gje tilskot til incestsentra. Talet på kommunar og eventuelle andre som gjev tilskot, og storleiken på tilskotet, kan endra seg frå år til år.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 840 post 61 med 11,088 mill. kroner.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) fekk høve til å overskride løyvinga i 2005 med 1,5 mill. kroner mot innsparing av 0,75 mill. kroner i 2006 og 0,75 mill. kroner i 2007. Det ligg derimot an til eit meirforbruk på om lag 1,7 mill. kroner på denne posten. Meirutgiftene er hovudsakleg knytt til løns- og driftsutgifter i region Øst og er delvis eingongsutgifter knytt til flytting og samanslåing av kontor i Fredrikstad og Hamar. Følgja av meirforbruket i 2006 er at direktoratet ikkje greier den pålagte innsparinga i 2006.

Departementet foreslår inndekning for det meldte meirforbruket ved ei innsparing på 1,7 mill. kroner under kap. 858 post 1.

Departementet foreslår at løyvinga på posten vert redusert med 0,378 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 post 1. Sjå omtale under kap. 800 post 1.

Utgiftene til kontantstønad i 2006 er rekna til 2 290 mill. kroner, som er 57,5 mill. kroner mindre enn løyvinga i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2006.

Det siste overslaget byggjer på tal på barn med kontantstønad ved utgangen av september. Mindrebehovet samanlikna med løyvinga i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2006 kjem av ei innsparing på 50 mill. kroner som følgje av lågare utbetaling pr. barn og færre barn med kontantstønad enn tidlegare lagt til grunn, samt 7,5 mill. kroner mindre utbetalt i stønad til adoptivbarn over 3 år.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 844 post 70 med 57,5 mill. kroner.

Utgiftene til barnetrygd i 2006 er rekna til 14 350 mill. kroner, som er 40 mill. kroner meir enn løyvinga i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2006. Meirbehovet på 40 mill. kroner kjem hovudsakleg av ein auke i utbetalingane av ordinær barnetrygd.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 845 post 70 med 40 mill. kroner.

Departementet foreslår at løyvinga under posten vert redusert med 2,222 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 post 1. Sjå omtale under kap. 800 post 1.

Talet på adopsjonar er lågare enn tidlegare lagt til grunn som følgje av ein uventa stor nedgang i talet på tildelingar frå dei landa ein tradisjonelt har adoptert barn frå.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 852 post 70 med 6,2 mill. kroner.

Fylkesnemndene for sosiale saker er eit uavhengig statleg forvaltningsorgan som handsamar og avgjer saker om tvangstiltak etter barnevernlova, sosialtenestelova og smittevernlova. Den klart største delen av saker er etter barnevernlova. Vedtak gjort i fylkesnemnda kan berre påklagast til domstolane. Arbeidet til fylkesnemndene og tidsfristar for arbeidet er fastsett i lov.

Fylkesnemndene for sosiale saker hadde frå 2004 til 2005 ein vekst i talet på saker på 5,5 pst. Veksten har fortsett i 2006, og det har vore ein spesielt høg vekst i første halvår. Det er vanskeleg å gje nøyaktige prognosar for utviklinga i talet på saker, men det er venta at veksten i 2006 vert på same nivå som i 2005.

Prognosar innhenta frå fylkesnemndene pr. 1. oktober 2006 viser eit meirbehov på 6,1 mill. kroner. Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 854 post 1 med 6,1 mill. kroner mot tilsvarande innsparing under kap. 854 post 21.

Som følgje av at det likevel ikkje skal vere eigendel på adopsjonsførebuande kurs, foreslår departementet at inntektsløyvinga knytt til forventa inntekter frå kursa vert redusert med 1,2 mill. kroner, og at utgiftene vert redusert tilsvarande. I tillegg foreslår departementet å redusere posten ytterlegare med 6,1 mill. kroner som følgje av auken det er gjort framlegg om på kap. 854 post 1.

Totalt foreslår departementet ein reduksjon av løyvinga under kap. 854 post 21 med 7,3 mill. kroner.

Posten dekkjer det særskilte tilskotet som vert utbetalt til kommunane når einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar vert busette. Prognosar frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) pr. 1. oktober 2006 viser at talet på einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar som kjem til landet i 2006 er venta å verte om lag 170. IMDi har dermed stipulert utgiftene sine til å verte om lag 103 mill. kroner. Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 854 post 64 med 31,745 mill. kroner.

Løyvinga dekkjer statsrefusjon for kommunale utgifter til barneverntiltak knytt til denne gruppa. Kommunane har ein frist på tre år før kravet om refusjon vert forelda. Løyvinga på posten er 120,022 mill. kroner. Prognosane frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet om forventa utbetalt beløp i 2006 er på 163,6 mill. kroner.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 854 post 65 med 43,622 mill. kroner.

Departementet foreslår at løyvinga på posten vert redusert med 1,294 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 post 1, sjå omtale under kap. 800 post 1.

Tabellen oppsummerer meirbehovet på kap. 855. Dei ulike postane vert omtalt nedanfor.

Ein viser til at Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) pr. 31. juli 2006 hadde eit akkumulert overforbruk på 74,6 mill. kroner på kap. 855. Departementet har sett i gang ulike tiltak for at etaten skulle klare budsjettet for 2006.

Nye prognosar syner at det ligg an til eit meirforbruk på postane 1 og 22 på 232,1 mill. kroner i 2006 når ein tek omsyn til meirinntektene på kap 3855. Justert for mindrebehov på post 45 er netto meirbehov på kapittelet på 200 mill. kroner.

Fleire av tiltaka som departementet og Bufdir har sett i verk, har så langt ikkje gitt dei planlagde kostnadssparande effektane. Vidare har det vist seg at det har vore ein kostnadsauke i tiltaka i barnevernet.

Proposisjonen viser m.a. til at mange barn i barnevernet har samansette problem knytt til funksjonshemmingar, rus eller psykisk helse. Dette er barn som er særskilt ressurskrevjande og det er fleire sektorar og/eller etatar som har ansvar for barna. Av ulike grunnar vert ansvaret for mange av desse barna overført til barnevernet. Som ein føresetnad for å halde budsjettet for 2006 sette regionane som mål at ein skulle få ei betre ansvarsdeling mellom det statlege barnevernet og kommunane, og mellom det statlege barnevernet og helseføretaka for desse barna. Denne målsettinga har ein berre delvis klart å få til. Departementet vil følgje opp denne saka overfor dei sektorane det gjeld.

Departement ser alvorleg på at ein igjen må foreslå tilleggsløyvingar for det statlege barnevernet. Departement har hatt ei tett oppfølging av etaten i heile 2006. Som omtalt i St.prp. nr. 1 (2006-2007) for Barne- og likestillingsdepartementet har departement vedteke å iverksetje ein ekstern gjennomgang av Bufetat for å få ei vurdering av den faglege, økonomiske og organisatoriske utviklinga i Bufetat sidan opprettinga av etaten 1. januar 2004. Gjennomgangen vil òg ta opp styringsdialogen mellom departementet og etaten.

Departementet foreslår til saman å auke løyvinga under kap. 855 post 1 med 301,8 mill. kroner.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 855 post 22 med 65,7 mill. kroner, jf. omtalen under post 1.

Posten dekkjer kjøp av større utstyr, mellom anna bilar til barneverninstitusjonar. Bufetat har frå starten av året lagt opp til å prioritere drift framfor investeringar.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 855 post 45 med 32,1 mill. kroner. Dette må sjåast i samband med meirutgiftene på postane 1 og 22 under same kapittel.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 0,250 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 post 1. Sjå omtale under kap. 800 post 1.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 1 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 post 1. Sjå omtale under kap. 800 post 1.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 0,8 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 postane 1 og 21. Sjå omtale under kap. 800 postane 1 og 21.

Løyvinga skal dekkje utgifter til løn og andre driftsutgifter i Bufdir, knytt til mellom anna opplæring, leige og drift av lokale, og kjøp av varer og tenester.

Det har vore ein noko lågare aktivitet enn ein gjekk ut frå for inneverande år i Bufdir, og det ligg an til eit mindreforbruk på 1,7 mill. kroner.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 858 post 1 med 1,7 mill. kroner for å finansiere meirutgiftene under kap. 842 post 1.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med 2,312 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 postane 1 og 21. Sjå omtale under kap. 800 postane 1 og 21.

Utgiftene til fødselspengar i 2006 er rekna til 9 675 mill. kroner, som er 185 mill. kroner meir enn løyvinga i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2006.

Ein reknar med at fleire kvinner vil motta fødselspengar og at utbetalinga pr. kvinne/barn vil verte noko lågare enn lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2006.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 2530 post 70 med 185 mill. kroner.

Utgiftene til adopsjonspengar i 2006 er rekna til 125 mill. kroner, som er 15 mill. kroner mindre enn løyvinga i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2006.

Ein reknar med færre kvinner med adopsjonspengar pr. månad enn lagt til grunn i saldert budsjett 2006. Utbetalinga av adopsjonspengar pr. kvinne/barn synest derimot å verte noko høgare enn tidlegare lagt til grunn.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 2530 post 70 med 15 mill. kroner.

Departementet foreslår å redusere kap. 3854 post 1 med 1,2 mill. kroner som følgje av at deltakarane på adopsjonsførebuande kurs ikkje skal betale eigendel. Sjå omtale under kap. 854 post 21.

Visse innanlandske utgifter knytt til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan etter statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Committee) godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Færre einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar kjem til landet enn tidlegare. Det fører òg til at færre vert busette det første året.

Departementet foreslår å redusere kap. 3854 post 4 med 2,5 mill. kroner.

Departement foreslår å budsjettere på inntektspos­tane 1-3 for 2006.

Posten inneheld i hovudsak refusjon frå kommunane for utgifter staten har lagt ut for, men som er eit kommunalt ansvar utover den kommunale eigendelen som vert ført på post 60. Posten inneheld òg mindre inntekter frå kurs og andre prosjekt.

Departementet foreslår å budsjettere med 47 mill. kroner på kap. 3855 post 1.

På posten er det budsjettert med barnetrygd for barn under omsorg i barnevernet. Departementet foreslår å budsjettere med 3,7 mill. kroner på kap. 3855 post 2.

På posten vert det ført refusjonar for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar for utgifter utover den kommunale eigendelen knytt til bruk av plassar i eigne barneverntiltak eller ved kjøp av plassar.

Departementet foreslår å budsjettere med 51 mill. kroner på kap. 3855 post 3.

Prognosar for resten av året syner at ein får ein auke i inntektene på posten på 33,7 mill. kroner.

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 3855 post 60 med 33,7 mill. kroner.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Knut Gravråk, Britt Hildeng, Espen Johnsen og Tove Karoline Knutsen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra Høyre, Olemic Thommessen, fra Sosialistisk Venstreparti, May Hansen, fra Kristelig Folkeparti, lederen May-Helen Molvær Grimstad, fra Senterpartiet, Erling Sande, og fra Venstre, Trine Skei Grande, viser til de respektive partiers merknader i forbindelse med behandlingen av St.prp. nr. 1 (2006-2007).

Komiteen merker seg at husleiekostnadene til BLD ble redusert med 453 000 kroner for 2006 som en konsekvens av at barnehageområdet ble flyttet til Kunnskapsdepartementet. Komiteen tar til etterretning at post 1 blir redusert med 453 000 kroner og at driftsbudsjettet til Kunnskapsdepartementet øker tilsvarende. Komiteen merker seg at det er et merbehov på 7,207 mill. kroner som kommer av at midlertidige tiltak utføres av departementet, men finansieres over ulike fagkapittel.

Komiteen merker seg at økte kommunale tilskudd til krisesentre utløser et behov for en økning i statstilskuddet. Komiteen tar til etterretning en økning i post 60 med 2,306 mill. kroner.

Komiteen merker seg at fra og med 2006 var tilskuddsordningen til incestsentre endret. Den statlige delen av tilskuddet gikk opp fra 50 pst. til 80 pst. av godkjente driftsutgifter, i likhet med krisesentrene. Komiteen merker seg at det er et merbehov for statlig tilskudd, og tar til etterretning en økning i post 60 på 2,306 mill. kroner. Merbehovet kommer av høyere kommunale tilskudd til incestsentre, eventuelt også høyere tilskudd fra helseforetak og fylkeskommuner, enn regnet med i saldert budsjett.

Komiteen merker seg at Bufdir ikke greier den pålagte innsparing for år 2006 på 750 000 kroner. Merutgiftene er i hovedsak knyttet til lønns- og driftsutgifter i region Øst og er delvis engangsutgifter knyttet til flytting og sammenslåing av kontor i Fredrikstad og Hamar. Komiteen tar til etterretning en tilleggsbevilgning på 1,7 mill. kroner. Komiteen merker seg at en inndekning av merforbruket foreslås ved innsparing av 1,7 mill. kroner under kap. 858 post 1.

Komiteen merker seg at det foreslås en reduksjon i bevilgningen på 0,378 mill. kroner for å finansiere merutgifter under kap. 800 post 1. Komiteen tar til etterretning en reduksjon i bevilgningen på 0,378 mill. kroner på post 21. Komiteen merker seg at siste overslaget på tall på barn med kontantstøtte fra september viser et mindrebehov. Komiteen tar til etterretning en reduksjon i bevilgningen på 57,5 mill. kroner på post 70 som følge av lavere utbetaling pr. barn og færre antall barn med kontantstøtte enn tidligere lagt til grunn.

Komiteen merker seg at det har skjedd en økning i utbetalingene av ordinær barnetrygd og tar til etterretning en økning i bevilgningen på post 70 med 40 mill. kroner.

Komiteen tar til etterretning at det foreslås at bevilgningen under post 21 reduseres med 2,222 mill. kroner for å finansiere merutgifter under kap. 800 post 1.

Komiteen merker seg at det er en uventet stor nedgang i antall adopsjoner, og tar til etterretning at post 70 reduseres med 6,2 mill. kroner.

Komiteen merker seg at det er en vekst i antall saker på 5,5 pst., og at det er behov for økte midler til tiltak i barnevernet. Videre ser komiteen at det er et økt behov for statsrefusjon knyttet til barnevernets arbeid med enslige mindreårige asylsøkere og flyktninger, og tar til etterretning en økning i post 1 på 6,1 mill. kroner mot tilsvarende innsparing under post 21, en reduksjon i post 21 med 7,3 mill. kroner, en reduksjon i post 64 med 31,745 mill. kroner, en økning i post 65 med 43,622 mill. kroner, og en reduksjon i post 71 med 1,294 mill. kroner

Komiteen merker seg at de tiltak som er iverksatt, ikke så langt har gitt de kostnadsbesparende effekter som var planlagt. Videre viser det seg at det har vært en kostnadsøkning i tiltakene i barnevernet.

Komiteen tar til etterretning en tilleggsbevilgning på 301,8 mill, kroner i post 1 knyttet til driftsutgifter, en økning i post 22 med 65,7 mill. kroner knyttet til kjøp av private barnevernsplasser, og en reduksjon i post 45 med 32,1 mill. kroner knyttet til en omprioritering fra investeringer til drift.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre ser i likhet med departementet alvorlig på at det også for 2006 må foreslå tileggsbevilgning på mer enn 300 mill. kroner i kap. 855 Statlig forvaltning av barnevernet. Disse medlemmer er fornøyd med at Regjeringen har iverksatt en ekstern gjennomgang av Bufetat.

Disse medlemmer viser for øvrig til sine merknader til St.prp. nr. 1 (2006-2007).

Komiteen merker seg at det er behov for innsparing knyttet til tilleggsbevilgninger under kap. 800, og tar til etterretning en innsparing i post 71 på 0,250 mill. kroner, post 73 med 1 mill. kroner og post 79 med 0,8 mill. kroner.

Komiteen merker seg at det er behov for innsparing knyttet til tilleggsbevilgninger og det har vært et mindreforbruk knyttet til lønn i Bufdir. Komiteen tar til etterretning at det foreslås en reduksjon i post 1 med 1,7 mill. kroner.

Komiteen tar til etterretning at det foreslås en reduksjon i bevilgningen under post 21 med 2,312 mill. kroner for å finansiere merutgiftene under kap. 800.

Komiteen merker seg at det er behov for en økning i fødselspenger til yrkesaktive kvinner, og tar til etterretning forslag om økning i post 70 med 185 mill. kroner.

Komiteen merker seg at det ikke skal betales egenandel ved adopsjonsforberedende kurs, og tar til etterretning en reduksjon i post 1 med 1,2 mill. kroner.

Komiteen merker seg at det er færre enslige asylsøkere som kommer til landet, og tar til etterretning en reduksjon i post 4 med 2,5 mill. kroner.

Komiteen tar til etterretning departementets forslag om å budsjettere på inntektspostene 1-3 for 2006.

Komiteen tar til etterretning forslaget om å budsjettere en økning i post 60 med 33,7 mill. kroner.

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2006 vert det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

800

Barne- og likestillingsdepartementet (jf. kap. 3800)

1

Driftsutgifter, vert auka med

6 754 000

frå kr 80 295 000 til kr 87 049 000

21

Spesielle driftsutgifter, vert auka med

1 049 000

frå kr 5 142 000 til kr 6 191 000

840

Krisetiltak

60

Tilskot til krisesenter, overslagsløyving, vert auka med

2 306 000

frå kr 117 431 000 til kr 119 737 000

61

Tilskot til incestsenter, overslagsløyving, vert auka med

11 088 000

frå kr 29 226 000 til kr 40 314 000

842

Familievern (jf. kap. 3842)

1

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70, vert auka med

1 700 000

frå kr 155 350 000 til kr 157 050 000

844

Kontantstønad

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under kap. 846 post 50, vert redusert med

378 000

frå kr 1 243 000 til kr 865 000

70

Tilskot, overslagsløyving, vert redusert med

57 500 000

frå kr 2 347 500 000 til kr 2 290 000 000

845

Barnetrygd

70

Tilskot, vert auka med

40 000 000

frå kr 14 310 000 000 til kr 14 350 000 000

846

Familie- og likestillingspolitisk forsking, opplysningsarbeid o.a.

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50, vert redusert med

2 222 000

frå kr 8 707 000 til kr 6 485 000

852

Adopsjonsstønad

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving, vert redusert med

6 200 000

frå kr 26 456 000 til kr 20 256 000

854

Tiltak i barne - og ungdomsvernet (jf. kap. 3854)

1

Driftsutgifter - Fylkesnemndene for sosiale saker, vert auka med

6 100 000

frå kr 95 008 000 til kr 101 108 000

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under kap. 830 post 21, vert redusert med

7 300 000

frå kr 34 145 000 til kr 26 845 000

64

Tilskot ved busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving , vert redusert med

31 745 000

frå kr 134 745 000 til kr 103 000 000

65

Refusjon av kommunale utgifter til tiltak i barnevernet knytt til einslege mindreårige asylsøkarar og flyktningar, overslagsløyving, vert auka med

43 622 000

frå kr 120 022 000 til kr 163 644 000

71

Utvikling og opplysningsarbeid o.a., kan nyttast under post 50, vert redusert med

1 294 000

frå kr 45 060 000 til kr 43 766 000

855

Statleg forvaltning av barnevernet (jf. kap. 3855)

1

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22, vert auka med

301 800 000

frå kr 2 123 094 000 til kr 2 424 894 000

22

Kjøp av private barneverntenester, kan nyttast under post 1, vert auka med

65 700 000

frå kr 1 349 237 000 til kr 1 414 937 000

45

Større kjøp av utstyr og vedlikehald, kan overførast, vert redusert med

32 100 000

frå kr 58 035 000 til kr 25 935 000

857

Barne- og ungdomstiltak

71

Utviklingsarbeid, kan nyttast under post 50, vert redusert med

250 000

frå kr 6 120 000 til kr 5 870 000

73

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast, vert redusert med

1 000 000

frå kr 41 364 000 til kr 40 364 000

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid o.a., kan overførast, vert redusert med

800 000

frå kr 30 612 000 til kr 29 812 000

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (jf. kap. 3858)

1

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 1, vert redusert med

1 700 000

frå kr 123 407 000 til kr 121 707 000

865

Forbrukerpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

21

Spesielle driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysningsarbeid, vert redusert med

2 312 000

frå kr 7 702 000 til kr 5 390 000

2530

Fødselspengar og adopsjonspengar

70

Fødselspengar til yrkesaktive, overslagsløyving, vert auka med

185 000 000

frå kr 9 490 000 000 til kr 9 675 000 000

73

Adopsjonspenger, overslagsløyving, vert redusert med

15 000 000

frå kr 140 000 000 til kr 125 000 000

Inntekter

3854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet (jf. kap. 854)

1

Diverse inntekter, vert redusert med

1 200 000

frå kr 1 200 000 til kr 0

4

Refusjon av ODA-godkjente utgifter, vert redusert med

2 500 000

frå kr 12 800 000 til kr 10 300 000

3855

Statleg forvaltning av barnevernet (jf. kap. 855)

1

Diverse inntekter, vert løyva med

47 000 000

2

Barnetrygd, vert løyva med

3 700 000

3

Refusjon for enslige mindreårige asylsøkere og flyktninger, vert løyva med

51 000 000

60

Kommunale egenandeler, vert auka med

33 678 000

frå kr 609 577 000 til kr 643 255 000

Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 12. desember 2006

May-Helen Molvær Grimstad

leder

Olemic Thommessen

ordfører