Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om endringer av bevilgninger på statsbudsjettet 2005 under Barne- og familiedepartementet

Innhold

Til Stortinget

På kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 1 Driftsutgifter er det eit meirbehov på 2,33 mill. kroner som kjem av at mellombelse tiltak vert utførte av departementet, men finansierte over ulike fagkapittel.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 1 med 2,33 mill. kroner mot ei innsparing på 0,83 mill. kroner på kap. 841 Familievern og konfliktløysing post 22 Kompetanseutvikling og opplæring, meklingskorpset o.a., 0,6 mill. kroner på kap. 856 Barnehagar post 21 Spesielle driftsutgifter, 0,335 mill. kroner på kap. 857 Barne- og ungdomstiltak post 73 Ungdomstiltak i større bysamfunn og 0,565 mill. kroner på kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid post 21 Spesielle driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysingsarbeid.

På kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 21 Spesielle driftsutgifter er det eit meirbehov på 2,19 mill. kroner som kjem av at tiltak av mellombels karakter i realiteten vert utført av departementet, men vert finansiert over ulike fagkapittel. Tiltaka vert såleis dekte innafor den samla ramma til departementet. Det gjeld mellom anna midlar til nasjonale ekspertar. Ei slik teknisk overføring inneber ikkje ei svekking av faglege føremål i kapitla.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 21 med 2,19 mill. kroner mot ei innsparing på 0,097 mill. kroner på kap. 844 Kontantstønad post 21 Spesielle driftsutgifter, 0,428 mill. kroner på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 21 Spesielle driftsutgifter, 0,74 mill. kroner på kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 71 Utvikling og opplysingsarbeid o.a., 0,065 mill. kroner på kap. 857 Barne- og ungdomstiltak post 73 Ungdomstiltak i større bysamfunn og 0,86 mill. kroner på kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid post 21 Spesielle driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysingsarbeid.

Utgiftene til tilskot til krisesentra i 2005 er rekna til å bli 15,488 mill. kroner høgare enn løyvinga på 99,512 mill. kroner.

Meirbehovet kjem av høgare kommunale tilskot til krisesentra enn rekna med i saldert budsjett. Auka kommunale tilskot utløyser auka statlege tilskot.

Departementet foreslår å auke kap. 840 post 60 med 15,488 mill. kroner.

Utgiftene til meklingsgodtgjersle er i 2005 rekna til å bli 1,356 mill. kroner høgare enn løyvinga på 10,786 mill. kroner.

Meirbehovet kjem av at fleire meklingar blir utførte utanfor familievernet enn lagt til grunn for løyvinga i saldert budsjett. Dette kjem mellom anna av at ventetida hjå eksterne meklarar er kortare enn i familievernet.

Departementet foreslår å auke kap. 841 post 21 med 1,356 mill. kroner.

Departementet foreslår at posten vert redusert med 0,830 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 post 1. Sjå omtale under kap. 800 post 1.

I 2004 vart familievernet feilaktig belasta ein kostnad som barnevernet skulle ha dekka. For å kompensere for dette, foreslår BFD å redusere løyvinga på kap. 855 Statleg forvaltning av barnevernet post 1 Driftsutgifter med 2,8 mill. kroner. Løyvinga på kap. 842 post 1 vert auka tilsvarande. Sjå omtale under kap. 855 post 1.

Departementet foreslår at posten vert redusert med 0,097 mill. kroner for å finansiera meirutgifter under kap. 800 post 21. Sjå omtale under kap. 800 post 21.

Utgiftene til kontantstønad i 2005 er rekna til 2 940 mill. kroner, som er 13,5 mill. kroner under løyvinga på 2 953,5 mill. kroner i Revidert nasjonalbudsjett 2005.

Det siste overslaget byggjer på tal ved utgangen av september, som inneber at verknaden av hovudinntaket i barnehagane er rekna med i talet på barn med kontantstøtte.

Mindreutgiftene kjem av at det er færre barn som mottar kontantstønad og at utbetalt stønad per barn er lågare enn tidlegare lagt til grunn i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2005.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 844 post 70 med 13,5 mill. kroner.

Utgiftene til barnetrygd i 2005 er rekna til 14 290 mill. kroner, som er 20 mill. kroner under løyvinga på 14 310 mill. kroner.

Mindreforbruket kjem av lågare utbetalingar av ordinær barnetrygd, finnmarkstillegg og ekstra småbarnstillegg til einslege forsørgjarar enn lagt til grunn for løyvinga i saldert budsjett.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 845 post 70 med 20 mill. kroner.

Fylkesnemndene for sosiale saker er eit statleg, kollegialt og uavhengig forvaltningsorgan som behandlar og avgjer saker om tvangstiltak etter barnevernlova, sosialtenestelova og smittevernlova. Den klart største delen av saker er etter barnevernlova. Vedtak gjort i fylkesnemnda kan berre påklagast av domstolane. Arbeidet til fylkesnemnda og tidsfristar for arbeidet er fastsett i lov.

Det er vanskeleg på førehand å gi gode anslag for utviklinga i talet på saker som vert meldt til fylkesnemndene for sosiale saker. I første halvår 2005 var sakstala om lag det same som for same tidsperiode i 2004, mens det per 1. oktober 2005 har vore ei auke på om lag åtte prosent samanlikna med same periode i 2004.

I prognosar per 1. oktober 2005 har fylkesnemndene for sosiale saker meldt eit behov på om lag 95 mill. kroner. Dette ligg om lag 4 mill. kroner over løyvinga på posten. Departementet foreslår å auke kap. 854 post 1 med 4 mill. kroner mot tilsvarande innsparing på kap. 854 post 21.

Departementet foreslår at posten vert redusert med 4,428 mill. kroner. Av dette er 0,428 mill. kroner knytt til finansiering av meirutgifter under kap. 800 post 21. Vidare gjeld 4 mill. kroner ei intern innsparing for å dekkje meirutgifter under kap. 854 post 1. Innsparinga fører til reduserte midlar til utviklingsarbeid knytt til barnevernet.

Posten dekkjer det særskilte tilskotet som vert utbetalt til kommunane når einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar vert busette. Løyvinga dekkjer og statsrefusjon for kommunale utgifter til barneverntiltak knytt til denne gruppa. Det særskilte tilskotet vert utbetalt frå UDI og statsrefusjonen via Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Ordninga er regelstyrt og posten er ei overslagsløyving. Talet på einslege, mindreårige flyktningar og asylsøkjarar som kjem til landet i 2005 er venta å bli om lag 230.

I prognosar per 1. oktober 2005 har Bufetat meldt eit behov på om lag 135,2 mill. kroner, medan UDI har stipulert utgiftene sine til å bli om lag 129,5 mill. kroner. I tillegg har departementet motteke refusjonskrav frå fylkesmannen i Troms og Finnmark på om lag 200 000 kroner. Det inneber at det er behov for ei tilleggsløyving i 2005 på 59,5 mill. kroner. Departementet foreslår å auke kap. 854 post 64 med 59,5 mill. kroner.

Departementet foreslår at posten vert redusert med 0,74 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 post 21. Sjå omtale under kap. 800 post 21.

Departementet foreslår at posten vert redusert med 2,8 mill. kroner for å kompensere familievernet for ein feilaktig belasta kostnad i 2004. Sjå omtale under kap. 842 post 1.

Departementet foreslår at posten vert redusert med 16,82 mill. kroner. Dette må sjåast i samband med meirutgiftene under kap. 855 post 70. Sjå omtale under kap. 855 post 70.

Departementet foreslår at posten vert redusert med 15,85 mill. kroner. Dette må sjåast i samband med meirutgiftene under kap. 855 post 70. Sjå omtale under kap. 855 post 70.

Då staten overtok ansvaret for det fylkeskommunale barnevernet frå 1. januar 2004 var målsettinga å heve kvaliteten og redusere kostnadsveksten, jf. strategi om den statlege overtakinga av det fylkeskommunale barnevernet og familievernet (Rundskriv Q-19 2003). I tråd med dette er det frå staten overtok ansvaret for det fylkeskommunale barnevernet gjennomført fleire tiltak som medverkar til eit betre barnevern.

I tillegg til at arbeidet med å etablere eit betre barnevern vart prioritert, vart det sett i gang eit omfattande omstillingsarbeid for å redusere kostnadsveksten i sektoren. Tiltaka er vidareført i 2005. Det har likevel vist seg, etter at ein no har fått meir informasjon om den faktiske kostnadsutviklinga i 2005, at det var meir ressurskrevjande å sikre ei god fagleg verksemd enn tidlegare lagt til grunn, samtidig som omstillingsarbeidet ikkje har hatt så stor innsparingseffekt i 2005 som ein gjekk ut frå. Innsparinga har ikkje vore tilstrekkeleg til å dekkje inn kostnadane ved etableringa og omstillinga. Etaten har samtidig hatt ein klar vekst i talet på barn under tiltak både i 2004 og 2005. Rekneskapsutviklinga for tredje kvartal indikerer eit vesentleg meirforbruk i 2005. Barne- og familiedepartementet ser alvorleg på meirforbruket og arbeider med tiltak for å sikre at fastlagte budsjettrammer kan haldast.

Riksrevisjonen peikar og i sin rapport (Dokument nr. 1 (2005-2006) på sider ved styringa til Barne- og familiedepartementet og Bufetat som ikkje fungerer tilfredstillande. Barne- og familiedepartementet ser alvorleg på dette og vil setje i verk tiltak med sikte på å betre den økonomiske styringa i og av etaten. I samband med dette vil Barne- og familiedepartementet internt auke ressursbruken knytt til etatsstyring, og ha ei tett oppfølging av direktoratet med særskilt vekt på kritiske faktorar i den økonomiske utviklinga. Bufdir vil og, i dialog med Barne- og familiedepartementet, vurdere eventuelle tiltak for å betre styringa av regionane.

På bakgrunn av dette foreslår departementet å auke kap. 855 post 70 med 215 mill. kroner.

Departementet foreslår at posten vert redusert med 0,6 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 post 1. Sjå omtale under kap. 800 post 1.

Løyvinga på posten dekkjer eingangstilskot til dekking av anleggskostnader ved etablering av nye barnehageplassar. Investeringstilskotet vert gitt til etablering av ny kapasitet i ordinære barnehagar som aukar talet på barn i barnehagen.

Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 20 mill. kroner. Det er knytt vesentleg uvisse til kor mange prosjekt som vil opne i 2005 eller 2006 og om det vil bli søkt investeringstilskot i 2005 eller 2006. I tillegg vil kompensasjon av meirverdiavgift få ulik verknad frå prosjekt til prosjekt.

Departementet foreslår at posten vert redusert med 0,4 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 post 1 og 21. Sjå omtale under kap. 800 post 1 og 21.

Departementet foreslår at posten vert redusert med 1,425 mill. kroner for å finansiere meirutgifter under kap. 800 post 1 og 21. Sjå omtale under kap. 800 post 1 og 21.

Utgiftene til fødselspengar i 2005 er rekna til 9 170 mill. kroner, som er 284 mill. kroner under løyvinga på 9 454 mill. kroner vedtatt i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2005.

Ein reknar med at færre kvinner vil motta fødselspengar og at utbetalinga per familie vil vere lågare enn lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2005.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 2530 post 70 med 284 mill. kroner.

Utgiftene til eingongsstønad i 2005 er rekna til 435 mill. kroner, som er 25 mill. kroner meir enn løyvinga på 410 mill. kroner slik ho blei justert til i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2005.

Ein reknar med at fleire kvinner vil motta eingongsstønad enn lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2005.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 2530 post 71 med 25 mill. kroner.

Utgiftene til adopsjonspengar i 2005 er rekna til 135 mill. kroner, som er 15 mill. kroner under løyvinga på 150 mill. kroner vedtatt i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2005.

Ein reknar med færre kvinner med adopsjonspengar per månad enn lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2005.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 2530 post 73 med 15 mill. kroner.

Visse innanlandske utgifter knytt til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan etter statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Committee) godkjennast som offisiell utviklingshjelp.

Færre einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar kjem til landet enn tidlegare. Det fører og til at færre vert busette i løpet av det første året. Departementet foreslår å redusere kap. 3854 post 4 med 7 mill. kroner.

Prognosane for kommunale eigendelar frå regionane har auka med 3,9 mill. kroner. Aukinga kjem av fleire barn i statlege barneverntiltak.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 3855 post 60 med 3,9 mill. kroner for 2005.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunn Karin Gjul, Britt Hildeng, Espen Johnsen og Tove Karoline Knutsen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra Høyre, Olemic Thommessen, fra Sosialistisk Venstreparti, May Hansen, fra Kristelig Folkeparti, lederen May-Helen Molvær Grimstad, fra Senterpartiet, Erling Sande, og fra Venstre, Trine Skei Grande, slutter seg til Regjeringens forslag.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2005 blir det gjort følgende endringer:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

800

Barne- og familiedepartementet (jf. kap. 3800)

1

Driftsutgifter, vert auka med

2 330 000

frå kr 84 814 000 til kr 87 144 000

21

Spesielle driftsutgifter, vert auka med

2 190 000

frå kr 3 296 000 til kr 5 486 000

840

Krisetiltak

60

Tilskot til krisesenter, overslagsløyving, vert auka med

15 488 000

frå kr 99 512 000 til kr 115 000 000

841

Familievern og konfliktløysing

21

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving, vert auka med

1 356 000

frå kr 10 786 000 til kr 12 142 000

22

Kompetanseutvikling og opplæring, meklingskorpset o.a., vert redusert med

830 000

frå kr 5 988 000 til kr 5 158 000

842

Statleg forvaltning av familievernet (jf. kap. 3842)

1

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70, vert auka med

2 800 000

frå kr 144 879 000 til kr 147 679 000

844

Kontantstønad

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under kap. 846 post 50, vert redusert med

97 000

frå kr 1 080 000 til kr 983 000

70

Tilskot, overslagsløyving, vert redusert med

13 500 000

frå kr 2 953 500 000 til kr 2 940 000 000

845

Barnetrygd

70

Tilskot, vert redusert med

20 000 000

frå kr 14 310 000 000 til kr 14 290 000 000

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet (jf. kap. 3854)

1

Driftsutgifter – Fylkesnemndene for sosiale saker, vert auka med

4 000 000

frå kr 92 167 000 til kr 96 167 000

21

Spesielle driftsutgifter, vert redusert med

4 428 000

frå kr 27 144 000 til kr 22 716 000

64

Tilskot for einslige mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, overslagsløyving, vert auka med

59 500 000

frå kr 205 400 000 til kr 264 900 000

71

Utvikling og opplysingsarbeid o.a., kan nyttast under post 50, vert redusert med

740 000

frå kr 23 110 000 til kr 22 370 000

855

Statleg forvaltning av barnevernet (jf. kap. 3855)

1

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70, vert redusert med

2 800 000

frå kr 2 037 307 000 til kr 2 034 507 000

21

Spesielle driftsutgifter, vert redusert med

16 820 000

frå kr 51 649 000 til kr 34 829 000

45

Større utstyrsnyskaffingar og vedlikehald, kan overførast, vert redusert med

15 850 000

frå kr 56 952 000 til kr 41 102 000

70

Tilskot til kjøp av plassar, tiltak o.a., kan nyttast under post 1, vert auka med

215 000 000

frå kr 1 123 292 000 til kr 1 338 292 000

856

Barnehagar (jf. kap. 3856)

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under kap. 846 post 50, vert redusert med

600 000

frå kr 27 880 000 til kr 27 280 000

61

Investeringstilskot, overslagsløyving, vert auka med

20 000 000

frå kr 230 000 000 til kr 250 000 000

857

Barne- og ungdomstiltak

73

Ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast, vert redusert med

400 000

frå kr 39 267 000 til kr 38 867 000

865

Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

21

Spesielle driftsutgifter, forskning, utviklings- og opplysingsarbeid, vertredusert med

1 425 000

frå kr 6 679 000 til kr 5 254 000

2530

Fødselspengar og adopsjonspengar

70

Fødselspengar til yrkesaktive, overslagsløyving, vert redusert med

284 000 000

frå kr 9 454 000 000 til kr 9 170 000 000

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving, vert auka med

25 000 000

frå kr 410 000 000 til kr 435 000 000

73

Adopsjonspengar, overslagsløyving, vert redusert med

15 000 000

frå kr 150 000 000 til kr 135 000 000

Inntekter

3854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet (jf. kap. 854)

4

Refusjon av ODA-godkjente utgifter, vert redusert med

7 000 000

frå kr 12 400 000 til kr 5 400 000

3855

Statleg forvaltning av barnevernet (jf. kap. 855)

60

Kommunale eigendelar, vert auka med

3 900 000

frå kr 602 000 000 til kr 605 900 000

Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 14. desember 2005

May-Helen Molvær Grimstad

leder

Gunn Karin Gjul

ordfører