Innstilling frå utanrikskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 2004 under kapittel administrerte av Utanriksdepartementet
Dette dokument
- Innst. S. nr. 84 (2004-2005)
- Kildedok: St.prp. nr. 15 (2004-2005)
- Dato: 08.12.2004
- Utgiver: Utanrikskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
I denne proposisjonen vert det foreslått enkelte endringar i løyvingane under Utanriksdepartementet sitt budsjett for 2004.
Innanfor programområde 02 Utanriksforvaltning vert det foreslått endringar på kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar, jf. meirforbruk under post 70 og reduksjon under post 71.
På budsjettet for ODA-godkjend utviklingshjelp under programområde 03 vert det gjort framlegg om omfordeling av 148,622 mill. kroner.
Det vert òg gjort framlegg om å redusere bistandsramma med 45 mill. kroner grunna lågare utgifter til flyktningar i Noreg, godkjend som utviklingshjelp.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Haakon Blankenborg, leiaren Thorbjørn Jagland, Jens Stoltenberg og Gunhild Øyangen, frå Høgre, Julie Christiansen, Inge Lønning, Oddvard Nilsen og Finn Martin Vallersnes, frå Framstegspartiet, Morten Høglund og Christopher Stensaker, frå Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Bjørn Jacobsen, frå Kristeleg Folkeparti, Jon Lilletun og Lars Rise, og frå Senterpartiet, Åslaug Haga, viser til endringane som vert føreslåtte på statsbudsjettet for 2004 på Utanriksdepartementet sitt område. Komiteen sluttar seg til dei føreslåtte endringane med dei årsaktilhøva som går fram av proposisjonen.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2004 vert det gjort følgjande endringar:
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
Utgifter: |
|||
116 |
Deltaking i internasjonale organisasjonar |
||
70 |
Tilskot til internasjonale organisasjonar, blir auka med |
82 000 000 | |
frå kr 731 093 000 til kr 813 093 000 |
|||
71 |
Finansieringsordninga under EØS-avtalen, kan overførast,blir redusert med |
68 000 000 | |
frå kr 68 000 000 til kr 0 |
|||
143 |
Utanriksstasjonane |
||
1 |
Driftsutgifter, blir redusert med |
20 000 000 | |
frå kr 362 796 000 til kr 342 796 000 |
|||
150 |
Utviklingshjelp til Afrika |
||
78 |
Regionbevilgning for Afrika, kan overførast,blir auka med |
31 380 000 | |
frå kr 978 000 000 til kr 1 009 380 000 |
|||
160 |
Sivilt samfunn og demokratiutvikling |
||
72 |
Demokratistøtte/parti og media, kan overførast, blir redusert med |
2 500 000 | |
frå kr 10 000 000 til kr 7 500 000 |
|||
75 |
Internasjonale ikkje-statlege organisasjonar og nettverk, kan overførast, blir auka med |
6 500 000 | |
frå kr 110 000 000 til kr 116 500 000 |
|||
162 |
Overgangsbistand (gap) |
||
70 |
Overgangsbistand (gap), kan overførast, blir auka med |
30 000 000 | |
frå kr 404 400 000 til kr 434 400 000 |
|||
163 |
Nødhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar |
||
71 |
Humanitær hjelp og menneskerettar, kan overførast,blir auka med |
50 000 000 | |
frå kr 1 191 500 000 til kr 1 241 500 000 |
|||
166 |
Tilskot til ymse hjelpetiltak |
||
70 |
Ymse tilskot, kan overførast,blir redusert med |
19 384 000 | |
frå kr 22 600 000 til kr 3 216 000 |
|||
167 |
Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA) |
||
21 |
Spesielle driftsutgifter, blir redusert med |
150 996 000 | |
frå kr 918 400 000 til kr 767 404 000 |
|||
171 |
Multilaterale finansinstitusjonar |
||
70 |
Verdsbanken, kan overførast,blir redusert med |
742 000 | |
frå kr 584 000 000 til kr 583 258 000 |
|||
71 |
Regionale bankar og fond, kan overførast, blir auka med |
742 000 | |
frå kr 564 000 000 til kr 564 742 000 |
|||
72 |
Samfinansiering via finansinstitusjonane, kan overførast,blir auka med |
30 000 000 | |
frå kr 315 500 000 til kr 345 500 000 |
II
Stortinget sitt vedtak IV, Andre vedtak, Utanriksdepartementet, pkt. 12 Bruk av opptente rentemidlar, i den samla oppstillinga av Stortinget sitt spesifiserte bevilgningsvedtak for 2004, jf. Blå bok, blir oppheva.
III
Bruk av opptente rentemidlar
Stortinget samtykker i at opptente renter på tilskot som er betalt frå Noreg til multi-bi-prosjekt, samarbeidsprosjekt, stat-til-stat-bistand, støtte til internasjonale og lokale ikkje-statlege aktørar kan nyttast til tiltak som blir avtalt mellom Utanriksdepartementet og den enkelte mottakar.
Oslo, i utanrikskomiteen, den 8. desember 2004
Thorbjørn Jagland leiar |
Lars Rise ordførar |