Innstilling frå næringskomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2004 under Nærings- og handelsdepartementet
Dette dokument
- Innst. S. nr. 71 (2004-2005)
- Kildedok: St.prp. nr. 16 (2004-2005)
- Dato: 02.12.2004
- Utgiver: Næringskomiteen
- Sidetall: 7
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- Samandrag
- Kap. 900 Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 3900)
- Kap 920 Noregs forskingsråd
- Kap. 922 Norsk Romsenter
- Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap (jf. kap. 3950 og 5656)
- Kap. 2421 Innovasjon Noreg (jf. kap. 5325 og 5625)
- Kap. 2426 SIVA SF (jf. kap. 3961 og 5609)
- Kap. 3900 Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 900)
- Kap. 3901 Styret for det industrielle rettsvern (Patentstyret) (jf. kap. 901)
- Kap. 3904 Brønnøysundregistra (jf. kap. 904)
- Kap. 3939 Støtte til skipsbygging (jf. kap. 939)
- Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap (jf. kap. 950 og 5656)
- Kap. 3961 Selskap under NHD si forvalting (jf. 2426 og 5656)
- Kap. 5325 Innovasjon Noreg (jf. kap. 2421 og 5625)
- Kap. 5343 Statens varekrigsforsikring
- Kap. 5609 Renter frå selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 2426 og 3961)
- Kap. 5656 Aksjar i selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 950 og 3950)
- Merknader frå komiteen
- Forslag frå mindretal
- Tilråding frå komiteen
- Vedlegg: Brev fra Nærings- og handelsdepartementetv/statsråden til næringskomiteen, datert 26. november 2004
Til Stortinget
I denne proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2004 i samsvar med pkt. 2 nedanfor.
Løyvinga dekkjer tilskot for norsk deltaking i fleire internasjonale organisasjonar, mellom anna for ispatruljeteneste i det nordlege Atlanterhavet utført av den amerikanske kystvakta. Kostnadane ved ispatruljetenesta vert i utgangspunktet dekt av USA som deretter krev refusjon frå deltakarlanda. Innkrevjingssystemet har delvis svikta dei siste åra slik at det har vorte ytterlegare etterslep i innbetaling av refusjon frå deltakarlanda. Det vert inga utbetaling av tilskot til ispatruljeteneste i 2004. Departementet gjer derfor framlegg om at løyvinga under kap. 900 post 70 for 2004 vert sett ned med 3 mill. kroner, frå 16 til 13 mill. kroner. I staden kan det verte aktuelt å dekkje refusjon for ispatruljeteneste for fleire år i 2005.
På statsbudsjettet i 2004 vart det løyvd 4,5 mill. kroner til Noregs forskingsråd som kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift. Forskingsrådet har no gjort nye overslag for dei institutta som kjem inn under omlegginga av arbeidsgjevaravgifta. Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om at løyvinga til Noregs forskingsråd vert sett ned med 3,7 mill. kroner, frå 860,5 mill. kroner til 856,8 mill. kroner.
Det er lagt til grunn at den delen av løyvinga til Norsk Romsenter som gjeld tilskot til European Space Agency (ESA) skal justerast dersom valutakursen på euro har endra seg i budsjettåret i høve til kursen som vart lagt til grunn for saldert budsjett. Samla gir dette grunnlag for å auke løyvinga med 4,7 mill. kroner, frå 274 mill. kroner til 278,7 mill. kroner.
Etter at dei to siste fabrikkane i Raufoss-konsernet, Fluid og Chassis, vart selt i mai og juni 2004 til høvesvis Kongsberg Automotive og Neuman-konsernet, er det ikkje lenger aktivitetar att i Raufoss ASA. Selskapet kom 1. juli 2004 under avvikling.
Samla underdekking av pensjonane i Raufoss-konsernet er rekna til 41,159 mill. kroner, og ca. 500 personar er ramma. Raufoss-pensjonistane har opparbeidd seg rettar tilsvarande ytingar gjeve av Statens Pensjonskasse. Pensjonane frå Raufoss-konsernet er ikkje sikra slik som i Statens Pensjonskasse. Dei er avhengige av jamnlege innbetalingar til forsikringsselskapet frå Raufoss-konsernet. Alle innbetalingane frå Raufoss-konsernet til Vital Forsikring ASA vart stogga då Raufoss ASA kom under avvikling.
Staten er ikkje juridisk forplikta til å ordne opp i saka. Regjeringa har likevel signalisert vilje til å finne ei løysing for dei om lag 500 pensjonistane under føresetnad av samtykke frå Stortinget. Regjeringa legg opp til at staten v/Nærings- og handelsdepartementet dekker opp underdekkinga på om lag 42 mill. kroner, mot at staten trer inn i pensjonistane sine krav mot Raufoss ASA.
Departementet legg til grunn at staten skal ha krav på dividenden som føresetnad for å tre inn i RA sine plikter mot pensjonistane, og at departementet har nødvendig fullmakt til å slutte avtale med forsikringsselskapet, buet og pensjonistane i dette høvet. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å løyve 42 mill. kroner under kap. 950 ny post 70, og legg til grunn at det ikkje vil vere behov for ytterlegare løyvingar til dette føremålet.
For at tapsfondet for landsdekkande risikolån skal dekke uspesifiserte tapsavsetningar, gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å styrke tapsfondet knytt til landsdekkande risikolån med 38 mill. kroner ved å auke løyvinga under kap. 2421 post 50 i proposisjonen. Til grunn for framlegget ligg planen for ekstraordinær styrking av tapsfondet over ein periode på fire år. Første tilføring på 100 mill. kroner vart løyvd i proposisjonen om endring av statsbudsjettet for 2003, jf. St.prp. nr. 18 og Innst. S. nr. 71 for (2003-2004).
Det er for 2004 løyvd 100 mill. kroner i tapsfond til den distriktsretta såkornordninga. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere denne løyvinga med 25 mill. kroner, frå 100 mill. kroner til 75 mill. kroner. Dette vil frigi 25 mill. kroner frå tapsfondet som skal nyttast til delvis dekking av ei ny ordning med administrasjonsstønad for fonda over ein periode på 15 år f.o.m. 2005.
Regjeringa ønskjer ein robust eigenkapital i Innovasjon Noreg slik at det ikkje vil vere nødvendig at selskapet tek kontakt med eigardepartementet for å styrke tapsavsetninga. Departementet gjer derfor framlegg om ei løyving på 39,6 mill. kroner for å styrke eigenkapitalen knytt til lågrisikolåneordninga. Dette er ein del av ein 4-årig plan. Første tilføring på 27 mill. kroner vart løyvd gjennom proposisjonen om endring av statsbudsjettet for 2003, jf. St.prp. nr. 18 (2003-2004) og Innst. S. nr. 71 (2003-2004).
Innlån og avdrag har i 2004 auka fordi Innovasjon Noreg nyttar meir kortsiktige lån enn ein la til grunn ved salderinga av budsjettet. Dette inneber at avdraga òg aukar om lag tilsvarande, jf. omtale under kap. 5325 post 90. Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga med 4,4 mrd. kroner, frå 30,35 mrd. kroner til 34,75 mrd. kroner.
For å gjere ordninga med distriktsretta såkornfond meir attraktiv for private investorar, gjer Regjeringa framlegg om endringar i rammevilkåra for ordninga. Endringane vil gi private investorar betre moglegheit for vinst, redusere kostnadane deira og redusere kravet til privat kapital i ordninga. Renta på staten sine ansvarlege lån vert sett til 12 mnd. NIBOR + 0,5 prosentpoeng. Staten sin del av den totale kapitalbase i ordninga vert auka til maksimum 70 pst., og den totale låneramma vert foreslått redusert med 100 mill. kroner til 700 mill. kroner. Dette inneber at kravet til privat kapital vert senka frå 800 mill. kroner til 300 mill. kroner og vil gi fire fond med 250 mill. kroner. Ein gjer framlegg om å oppretthalde tapsfondet på 25 pst. av den totale statlege låneramma. Endringane må notifiserast til EFTA sitt overvakingsorgan.
Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere låneramma for staten sine ansvarlege lån i 2004 med 100 mill. kroner, frå 400 mill. kroner til 300 mill. kroner.
Prognoser frå SIVA SF viser eit lågare lånebehov enn forventa. SIVA SF har betalt avdrag utan refinansiering i nye lån i 2004.
Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 55 mill. kroner frå 205 mill. kroner til 150 mill. kroner.
I St.meld. nr. 46 (2003-2004) Om verksemda til SIVA i framtida, som vart sendt Stortinget 18. juni 2004, legg Regjeringa opp til at SIVA si gjeld i statskassa skal reduserast med 250 mill. kroner, og at den øvre låneramma skal reduserast frå 970 mill. kroner til om lag 700 mill. kroner. Dette er viktig for å betre økonomien til SIVA, sidan gjelda i selskapet er for høg jamført med avkastinga av verksemda.
I meldinga gjer ein framlegg om å tilføre SIVA 150 mill. kroner over nokre år, til nedbetaling av gjelda til statskassa. Dette skal skje gjennom å konvertere gjeld til eigenkapital. Ut over dette skal SIVA sjølv innfri 100 mill. kroner av gjelda.
Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å konvertere 90 mill. kroner av SIVA sin gjeld til statskassa til eigenkapital i 2004. Den konverteringa det er lagt opp til i statsbudsjettet for 2005 og dei neste to åra ligg fast. Dette inneber at SIVA for sin del vil nedbetale 10 mill. kroner av statskasselånet i perioden 2004-2007.
Denne posten omfattar inntekter frå sal av tungtvatn til Institutt for Energiteknikk (IFE) på grunnlag av avtale mellom staten ved Nærings- og handelsdepartementet (dåverande Nærings- og energidepartementet) og IFE frå 1995.
På grunnlag av uttaket av tungtvatn i den aktuelle perioden gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,18 mill. kroner, frå 1,5 mill. kroner til 320 000 kroner.
Første halvår 2004 har vore prega av lågare inntekter enn venta for Patentstyret. Dette skuldast i hovudsak to forhold. For det første har talet på søknader, og såleis inntektene frå søknadsavgifter, vore lågare enn venta. Denne utviklinga vil venteleg halda fram òg i andre halvår. For det andre har det i samband med innføringa av eit nytt elektronisk sakshandsamingssystem i 2004 vorte innført nye rutinar for fakturering.
Samla ventar ein at inntektene under kap. 3901 vert om lag 13 mill. kroner lågare enn vedtatt budsjett for 2004. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om følgjande endringar:
– Redusere post 1 Patentavgifter, med 3,3 mill. kroner, frå 113,4 mill. kroner til 110,1 mill. kroner.
– Redusere post 2 Varemerkeavgifter, med 3 mill. kroner, frå 47,4 mill. kroner til 44,4 mill. kroner.
– Auke post 3 Mønsteravgifter, med 0,4 mill. kroner, frå 2,1 mill. kroner til 2,5 mill. kroner. Aukinga under denne posten skuldast inntekter, frå avgifter i samband med utviding av designvernet. Dette hadde ein ikkje budsjettert med i den opphavlege løyvinga.
– Redusere post 4 Ymse avgifter, med 5,5 mill. kroner, frå 8,1 mill. kroner til 2,6 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak forenkling og fjerning av fleire mindre avgifter i 2003, som òg får verknad på inntektene i 2004.
– Redusere post 5 Inntekt av informasjonstenester, med 1,6 mill. kroner, frå 7,4 mill. kroner til 5,8 mill. kroner.
Omfanget av gebyrpliktige registreringar i Brønnøysundregistra har auka meir enn forventa i 2004. Nærings- og handelsdepartementet gjer difor framlegg om å auke løyvinga med 30 mill. kroner, frå 370,7 mill. kroner til 400,7 mill. kroner.
Ordninga har vore lite utnytta, og Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å tilbakeføre 42,4 mill. kroner av fondsmidla.
Nærings- og handelsdepartementet selde aksjane i SND Invest AS til Four Seasons Venture IV AS hausten 2003. I rekneskapen til SND Invest AS var det bokført i overkant av 23 mill. kroner i samband med at hovudaksjonær Norway Seafoods Holding AS gjekk til tvungen innløysing av SND Invest sine om lag 1,4 millionar aksjar i Norway Seafoods AS. Norway Seafoods Holding har no utbetalt den delen av innløysingssummen til Nærings- og handelsdepartementet som svarar til det opphavlege tilbodet i samband med innløysinga på kr 16 pr. aksje.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 23 mill. kroner under kap. 3950 ny post 80 på statsbudsjettet 2004.
På bakgrunn av avviklinga av Statens Bankinvesteringsfond vart resten av grunnkapitalen på 43,733 mill. kroner betalt attende til staten 30. september 2004. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 43,733 mill. kroner, frå 11 114,82 mill. kroner til 11 158,553 mill. kroner.
I samband med Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 63 (2003-2004) og Innst. S. nr. 250 (2003-2004) vart det løyvd nærare 9,6 mrd. kroner frå sal og tilbakekjøp av aksjar frå Norsk Hydro ASA, Telenor ASA og NOAH Holding AS.
I statsbudsjettet for 2004 er det løyvd 10 mill. kroner på førehand under post 96, jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004). På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å sette ned løyvinga med 10 mill. kroner, frå 9 597,1 mill. kroner til 9 587,1 mill. kroner på statsbudsjettet for 2004.
Etter endringa i statsforetakslova som tok til å gjelde 1. januar 2003, vart det rekna ut ein garantipremie for alle Statkraft SF sine lån som vart teke opp før endringa i lova. Basert på informasjon frå Statkraft SF vil garantiprovisjonen i 2004 verte 19,5 mill. kroner lågare enn forventa. Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga med til saman 19,5 mill. kroner, frå 255 mill. kroner til 235,5 mill. kroner.
I budsjettprosessen hausten 2003 vart det teke omsyn til avdrag av lån på 205 mill. kroner med ei løyving under kap. 3961 post 92. Seinare, i desember 2003, gjorde SIVA eit låneopptak med forfall i 2004, og som ein derfor ikkje hadde teke omsyn til i løyvinga for 2004.
Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg for å ta omsyn til lånet og auker løyvinga med 35 mill. kroner, frå 205 mill. kroner til 240 mill. kroner.
Posten omfattar avdrag på gamle og nye lån til Innovasjon Noreg frå statskassa. Ein viser til omtale ovanfor under kap. 2421 post 90. Som følgje av større innlånsbehov enn forventa, gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5,64 mrd. kroner, frå 30,235 mrd. kroner til 35,875 mrd. kroner.
Endeleg avviklingsrekneskap for Statens varekrigsforsikring vart lagt fram i juni 2004. Basert på dette er det grunnlag for å tilbakeføre ytterlegare 5,7 mill. kroner til statskassa. Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga med 5,7 mill. kroner, frå 160 mill. kroner til 165,7 mill. kroner.
I samband med debitorskifte ved omorganiseringa av Statkraft vert renteinntektene på statens lån til selskapet 1,5 mill. kroner høgare enn løyvd. Låna vart inntil overtakinga indirekte garantert av staten. Etter overføring av låna skal Statkraft AS i staden betale ein kompensasjon i form av ein kredittmargin på 0,473 pst. Marginen kjem i tillegg til gjeldande rente og skal kompensere for lågare garantiprovisjon.
På dette grunnlag gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner, frå 77,6 mill. kroner til 79,1 mill. kroner.
Som følgje av avviklinga av Statens Bankinvesteringsfond er det innbetalt ytterlegare 9 mill. kroner i utbyte i 2004.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke utbyteløyvinga med 9 mill. kroner, frå 7 572 mill. kroner til 7 581 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Bendiks H. Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, frå Høgre, Silja Ekeland Bjørkly, Ivar Kristiansen og Michael Momyr, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, May-Helen Molvær Grimstad og Einar Steensnæs, og frå Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, viser til St.prp. nr. 16 (2004-2005) om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2004 under Nærings- og handelsdepartementet.
Komiteen støttar dei initiativ Regjeringa har tatt for å sikra pensjonane for tidlegare Raufoss-tilsette. Komiteen har ingen merknader til dei premissane Regjeringa har lagt til grunn.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Senterpartiet, viser til Dokument nr. 8:114 (2002-2003) 18. juni 2003 der Regjeringen ble anmodet om, senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2004, å tilføre Statkraft 10 mrd. kroner i ny egenkapital for å styrke selskapet. Flertallet viser videre til Innst. S. nr. 248 (2003-2004) der Regjeringen ble anmodet om å legge aksjelovens normalregler til grunn ved fastsettelse av utbytte for Statkraft SF. Flertallet registrerer at Regjeringen ikke har fulgt opp anmodningene fra Stortinget. I statsbudsjettet for 2005 foreslår Regjeringen å omgjøre sistnevnte stortingsvedtak. Flertallet har merket seg at Regjeringen foreslår et utbytte på 78 pst. av samlet konsernresultat medregnet salgsgevinster, anslått til 3,4 mrd. kroner. Videre legges det teknisk til grunn at utbytte skal ligge på 75 pst. i perioden 2006-2008. Flertallet vil videre minne om at utbytteuttakene de to siste årene har vært tilnærmet 95 pst. til tross for Stortingets vedtak i 2000 om maksimalt utbytte på 50 pst.
Flertallet peker på at bakgrunnen for Stortingets vedtak om kapitaltilførsel samt at aksjelovens normalbestemmelser skulle gjelde for Statkraft, var foretakets sterkt reduserte kredittverdighet på grunn av at staten hadde gått ut av sitt garantiansvar som følge av lov om statsforetak. Videre har staten som eier tatt ut nesten hele utbyttet gjennom flere år i tillegg til at foretaket fortsatt er pålagt en rekke sektorpolitiske oppgaver.
Flertallet viser til at bortfallet av statsgarantien stiller Statkraft på linje med andre aktører i kraftbransjen konkurransemessig. Samtidig har selskapets posisjon i forhold til konkurrentene blitt betydelig svekket gjennom utbytteuttak i øvre kvartil, mens konkurrentene oftest har et utbyttenivå i størrelsesorden 30 til 50 pst. Flertallet vil også påpeke at de sektorpolitiske oppgavene Statkraft er pålagt utgjør en vesentlig negativ verdi for foretaket og svekker dets muligheter til å konkurrere på like vilkår med andre aktører.
Flertallet konstaterer at Regjeringen ikke har fastlagt rammebetingelser i tråd med Stortingets vedtak slik at hele potensialet for fremtidig verdiskapning kan utløses. Derfor mener flertallet det haster med å få de nødvendige rammebetingelsene på plass slik at Statkraft kan komme ut av en situasjon preget av usikkerhet og dermed kan bedre inntjeningsmulighetene på vegne av eierne, det norske folk.
Flertalletlegger til grunn at Norge trenger konkurransedyktige aktører i det nordiske og europeiske kraftmarkedet. Dette er vesentlig, ikke minst for å beholde og videreutvikle norsk kompetanse og norske arbeidsplasser i denne delen av energisektoren. Flertallet minner om at denne sektoren er under meget rask omstrukturering og konsolidering i Norden og Europa. Derfor mener flertallet at Statkraft må gis like vilkår som konkurrentene. Så lenge Regjeringen velger å se bort fra dette, vil flertallet kontinuerlig vurdere statlig kapitaltilførsel til foretaket. Flertallet går inn for en styrking av Statkrafts egenkapitalsituasjon på nåværende tidspunkt.
For å setje Statkraft i stand til å ivareta den strategien Stortinget tidlegare har slutta seg til, vil fleirtalet løyva 4 mrd. kroner til Statkraft no i haust.
Fleirtalet fremjar følgjande forslag:
"Kap. 950 ny post 91 Eigenkapital Statkraft SF, vert løyva med kr 4 000 000 000."
Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti viser til at Statkraft har fått redusert sitt utbyttekrav i det fremlagte budsjettet. I fjor ble det vedtatt et utbytte for Statkraft på 95 pst. av overskuddet. Basert på den gode inntjeningen Statkraft vil ha i 2004, har Regjeringen lagt opp til å redusere utbytte tilsvarende 78 pst. av anslått konsernresultat etter minoritetsinteresser for 2004. Dette tilsvarer et anslag på 3 402 mill. kroner i utbytte fra Statkraft.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener Argentum Fondsinvesteringer as er et viktig virkemiddel for å styrke tilgangen på risikokapital til næringslivet i et samarbeid mellom staten og private.
Disse medlemmer viser til at en verdivurdering av selskapet så langt konkluderer med betydelig verdistigning. Størrelsen på antatt verdistigning gjør at selskapet med en viss grad av sannsynlighet kan innestå for at målet om avkastning på risikofri rente + 10 pst. så langt synes å være oppfylt.
Disse medlemmer registrerer at Argentum vil ha kommitert hele sin nåværende kapitalbase i løpet av 2005. Dersom selskapets investeringsstrategi skal realiseres, er det nødvendig med en ytterligere kapitalallokering fra staten. Disse medlemmer foreslår at Argentum styrkes i tråd med selskapets investeringsstrategi.
Disse medlemmer fremmer følgende forslag:
"Kap. 950 post 95 Aksjekapital Argentum fondsinvesteringer AS, bevilges med kr 1 800 000 000."
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet viser til at de geografiske områdene for den distriktsrettede såkornordningen er svært store, og at det innenfor disse regionene er svært store variasjoner i næringsgrunnlaget. Disse medlemmer vil derfor foreslå at det opprettes 2 regionale fond innenfor hvert av de før definerte geografiske områder, slik at det blir 8 og ikke 4 fond.
Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:
"Tallet på distriktsrettede såkornfond blir utvidet fra 4 til 8."
Disse medlemmer viser til at det er gått over ett og et halvt år siden Stortinget vedtok å opprette den distriktsbaserte såkornordningen. Disse medlemmer konstaterer at behovet for ordningen er stort og at den derfor bør bli operativ så snart som mulig. Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:
"Stortinget ber Regjeringen sørge for at de distriktsbaserte såkornfondene gjøres operative så snart som mulig."
Komiteen har ingen merknadar til endringane, men vil visa til merknadane til dette kapitlet i budsjettet for 2005, jf. Budsjett-innst. S. nr. 8 (2004-2005).
Forslag frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet:
Forslag 1
Tallet på distriktsrettede såkornfond blir utvidet fra 4 til 8.
Forslag 2
Stortinget ber Regjeringen sørge for at de distriktsbaserte såkornfondene gjøres operative så snart som mulig.
Forslag frå Framstegspartiet:
Forslag 3
Kap. 950 post 95 Aksjekapital Argentum fondsinvesteringer AS, bevilges med kr 1 800 000 000.
Komiteen si tilråding vert fremja av ein samla komité med unnatak av kap. 950 ny post 91 Eigenkapital Statkraft, som vert fremja av medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Senterpartiet.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere fylgjande
vedtak:
I statsbudsjettet for 2004 gjeres fylgjande endringar:
I
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
Utgifter: |
|||
900 |
Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 3900) |
||
70 |
Tilskot til internasjonale organisasjonar, blir redusert med |
3 000 000 | |
frå kr 16 000 000 til kr 13 000 000 |
|||
920 |
Noregs forskingsråd |
||
50 |
Tilskot, blir redusert med |
3 700 000 | |
frå kr 860 500 000 til kr 856 800 000 |
|||
922 |
Norsk Romsenter |
||
50 |
Tilskot, blir auka med |
4 700 000 | |
frå kr 274 000 000 til kr 278 700 000 |
|||
950 |
Forvalting av statleg eigarskap (jf. 3950 og 5656) |
||
(ny) |
70 |
Tilskot til pensjonar for tidlegare Raufoss-tilsette, kan overførast , blir løyvd med |
42 000 000 |
(ny) |
91 |
Eigenkapital Statkraft SF, blir løyvd med |
4 000 000 000 |
2421 |
Innovasjon Noreg (jf. 5325 og 5625) |
||
50 |
Nyskaping, fond, blir auka med |
38 000 000 | |
frå kr 210 050 000 til kr 248 050 000 |
|||
51 |
Tapsfond, såkornkapitalfond, blir redusert med |
25 000 000 | |
frå kr 100 000 000 til kr 75 000 000 |
|||
(ny) |
77 |
Tilskot til oppbygging av eigenkapital under lågrisikolåneordninga, blir løyvd med |
39 600 000 |
90 |
Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving , blir auka med |
4 400 000 000 | |
frå kr 30 350 000 000 til kr 34 750 000 000 |
|||
91 |
Lån til såkornkapitalfond, blir redusert med |
100 000 000 | |
frå kr 400 000 000 til 300 000 000 |
|||
2426 |
SIVA SF (jf. kap. 3961 og 5609) |
||
90 |
Lån, overslagsløyving , blir redusert med |
55 000 000 | |
frå kr 205 000 000 til kr 150 000 000 |
|||
(ny) |
95 |
Eigenkapital, blir løyvd med |
90 000 000 |
Inntekter: |
|||
3900 |
Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 900) |
||
3 |
Salsinntekter, blir redusert med |
1 180 000 | |
frå kr 1 500 000 til kr 320 000 |
|||
3901 |
Styret for det industrielle rettsvern (jf. kap. 901) |
||
1 |
Patentavgifter, blir redusert med |
3 300 000 | |
frå kr 113 400 000 til kr 110 100 000 |
|||
2 |
Varemerkeavgifter, blir redusert med |
3 000 000 | |
frå kr 47 400 000 til kr 44 400 000 |
|||
3 |
Mønsteravgifter, blir auka med |
400 000 | |
frå kr 2 100 000 til kr 2 500 000 |
|||
4 |
Ymse avgifter, blir redusert med |
5 500 000 | |
frå kr 8 100 000 til kr 2 600 000 |
|||
5 |
Inntekt av informasjonstenester, blir redusert med |
1 600 000 | |
frå kr 7 400 000 til kr 5 800 000 |
|||
3904 |
Brønnøysundregistra (jf. kap. 904) |
||
1 |
Gebyrinntekter, blir auka med |
30 000 000 | |
frå kr 370 700 000 til kr 400 700 000 |
|||
3939 |
Støtte til skipsbygging (jf. kap. 939) |
||
(ny) |
52 |
Tilbakeføring frå fond for ein avgrensa ordning for støtte ved skipskontraktar, blir løyvd med |
42 400 000 |
3950 |
Forvalting av statleg eigarskap (jf. kap. 950 og 5656) |
||
(ny) |
80 |
Sal av aksjar i SND Invest AS, blir løyvd med |
23 000 000 |
95 |
Tilbakeføring av Statens Bankinvesteringsfond, blir auka med |
43 733 000 | |
frå kr 11 114 820 000 til kr 11 158 553 000 |
|||
96 |
Sal av aksjar, blir redusert med |
10 000 000 | |
frå kr 9 597 100 000 til kr 9 587 100 000 |
|||
3961 |
Selskap under NHD si forvalting |
||
70 |
Garantiprovisjon, Statkraft SF, blir redusert med |
19 500 000 | |
frå kr 255 000 000 til kr 235 500 000 |
|||
92 |
Avdrag på uteståande fordringar, SIVA SF, blir auka med |
35 000 000 | |
frå kr 205 000 000 til kr 240 000 000 |
|||
5325 |
Innovasjon Noreg, (jf. kap. 2421 og 5625) |
||
90 |
Avdrag på uteståande fordringar, blir auka med |
5 640 000 000 | |
frå kr 30 235 000 000 til kr 35 875 000 000 |
|||
5343 |
Statens varekrigsforsikring |
||
50 |
Avvikling, blir auka med |
5 700 000 | |
frå kr 160 000 000 til kr 165 700 000 |
|||
5609 |
Renter frå selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 2426 og 3961) |
||
81 |
Renter, Statkraft SF, blir auka med |
1 500 000 | |
frå kr 77 600 000 til kr 79 100 000 |
|||
5656 |
Aksjar i selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 950 og 3950) |
||
80 |
Utbyte, blir auka med |
9 000 000 | |
frå kr 7 572 000 000 til kr 7 581 000 000 |
Jeg viser til spørsmål fra næringskomiteen i forbindelse med behandlingen av St.prp. nr. 16 (2004-2005) om departementets vurdering av størrelsen på de vedtatte geografiske områdene og om hva de administrative kostnadene vil være dersom man utvider antallet fond fra 4 til 8.
Stortinget har gjennom merknader og vedtak i tilknytning til behandlingen av revidert budsjett 2003 og statsbudsjettet 2004 besluttet at det skal være fire distriktsrettede såkornfond for næringssvake områder. De næringssvake områdene er operasjonalisert som A, B, C og D-områdene i henhold til Kommunal- og regionaldepartementets inndeling av virkeområde for de distriktspolitiske virkemidlene, og som hele Hedmark og Oppland fylker. De fire fondene har innenfor denne rammen fått følgende geografiske inndeling:
– Nord-Norge: Finnmark, Nordland og Troms
– Midt-Norge: Trøndelagsfylkene og Møre og Romsdal
– Vest/Sørlandet: Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agderfylkene
– Indre Østland: Hedmark, Oppland, Buskerud, Telemark og Østfold
Nærings- og handelsdepartementet har lagt til grunn at såkornfondene må ha en viss størrelse geografisk og finansielt. Dette vil sikre god tilgang på prosjekter, god risikospredning i porteføljen og oppbygging av en faglig kompetent fondsadministrasjon. Gjennom forslaget i statsbudsjettet for 2005 om etablering av nye såkornfond lokalisert til universitetsbyene har vi sikret at såkornprosjekter over hele landet kan bli vurdert for finansiering.
De administrative kostnadene for hvert fond fastsettes i en avtale mellom investorer og forvaltningsselskap, ofte som en prosentdel av midler under forvaltning. Små fond vil ha mange av de samme faste utgiftene som et større fond. Det er derfor grunn til å anta at administrasjonskostnadene totalt sett øker noe, dersom en utvider antallet fond innenfor totalrammen for ordningen.
Oslo, i næringskomiteen, den 2. desember 2004
Olav Akselsen leiar og ordførar |