Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå samferdselskomiteen om endring av løyvingar m.m. for 2004 på Samferdselsdepartementets område

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Tor-Arne Strøm, frå Høgre, Anne Berit Andersen, Sverre J. Hoddevik, Hans Gjeisar Kjæstad og leiaren Petter Løvik, frå Framstegspartiet, Thore A. Nistad og Kenneth Svendsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl, og frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, viser til at Samferdselsdepartementet i proposisjonen legg fram ein del saker under programkategoriane 21.10 Administrasjon m.m., 21.30 Vegformål, 21.50 Jernbaneformål og 21.60 Samferdselsberedskap.

Departementet foreslår i proposisjonen å auke løyvinga på kap. 1301 post 21 Utgreiingar om miljø, trafikktryggleik m.m., med 1 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon av kap. 1360 post 30 Transport- og sambandsanlegg, utstyr m.m.

Forslaget skuldast ulike oppdrag i samband med prosjektet "Konkurranse om sporet" over post 1. Dette har ført til at det har blitt noko for lite midlar til andre viktige prosjekt.

Komiteen har ingen merknader.

Det blir foreslått å auke løyvinga på kap. 1320 post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar, med 75,6 mill. kroner.

I ein dom 6. august 2004 i Salten tingrett blei Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab ASA (OVDS) dømt for grovt bedrageri mot staten etter straffelova. OVDS skal betale til saman 103,6 mill. kroner til staten i 2004. Departementet foreslår at 75,6 mill. kroner av erstatninga frå OVDS blir ført tilbake til kap. 1320 post 23.

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320 post 35 Vegutbygging i Bjørvika, med 3,2 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon av kap. 1320 post 30 Riksveginvesteringar, for å sikre nødvendig framdrift i planlegginga for bygging av ny senketunnel i Bjørvika.

Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1322 post 92 Opptrekksrenter, med 17 mill. kroner. Rentenivået er no lågare enn då budsjettet for 2004 blei vedteke.

Då det maksimalt kan takast ut 132 mill. kroner i utbyte frå Mesta for rekneskapsåret 2003, blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 4321 post 80 Utbyte, med 28 mill. kroner, frå 160 mill. kroner til 132 mill. kroner, jf. §§ 8-1 og 8-2 i aksjelova.

Komiteen viser til at Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskab ASA (OVDS) i en dom 6. august 2004 i Salten tingrett ble dømt for grovt bedrageri mot staten etter straffelova. OVDS skal betale til sammen 103,6 mill. kroner til staten i løpet av 2004.

Komiteen er fornøyd med at det ble avsagt dom i denne saken om grovt bedrageri fra staten. Komiteen vil likevel peke på at denne saken viser at det er nødvendig med en grundig gjennomgang av kontrollsystemet slik at bedrageri ikke vil være mulig i fremtiden.

Komiteen viser til St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 5 (2004-2005) der kap. 1330 post 70 Kjøp av sjøtransporttjenester på strekningen Bergen-Kirkenes blir foreslått økt med 16,7 mill. kroner og kap. 1320 post 30 Riksveginvesteringer redusert med samme beløp. Beløpet foreslås inndekket ved reduksjon i bevilgning til Rv 658 i Møre og Romsdal.

Komiteen viser til Budsjett-innst. S. nr. 13 (2004-2005) der det er enighet om for å tilbakeføre beløpet 16,7 mill. kroner til Møre og Romsdal og at midlene skal benyttes til rassikring slik (oppjusterte kostnader etter fylkets prioriteringsliste):

Rv 60 Stranda-Hellesylt: Til fullfinansiering av rassikring av Nakkefonna

2 mill. kroner

Rv 660 Eresfjord-Bugge: Til rassikring av Djupfonna og Langfonna

6,7 mill. kroner

Fv 40 Lauvstad-Folkestad: Til rassikring av Vindgjølet

8,0 mill. kroner

Komiteen forutsetter at av den foreslåtte økningen under kap. 1320 post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m. nyttes 16,7 mill. kroner til nevnte tiltak i Møre og Romsdal, og overføres kap. 1320 post 30 Riksveginvesteringer.

Komiteen foreslår følgelig at kap. 1320 post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m. økes med (netto) 58,9 mill. kroner, fra 5 754 700 000 kroner til 5 813 600 000 kroner.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Senterpartiet, foreslår videre at kap. 1320 post 30 Riksveginvesteringer økes med (netto) 13,5 mill. kroner, fra 4 453 900 000 kroner til 4 557 400 000 kroner.

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet viser til merknader og forslag under post 35 Vegutbygging i Bjørvika.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Senterpartiet, har ingen merknader til forslaget om å øke bevilgningen på kap. 1320 post 35 Vegutbygging i Bjørvika, med 3,2 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon av kap. 1320 post 30 Riksveginvesteringar, utover at det forutsettes at dette ikke skjer på bekostning av vegprosjekter i andre fylker.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til merknader gitt i Budsjett-innst. S. nr. 13 (2003-2004) og Budsjett-innst. S. nr. 13 (2004-2005) angående veiutbygging i Bjørvika.

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet viser til at Senterpartiet prinsipielt har gått mot å bruke midlar av samferdselsbudsjettet til vegutbygging i Bjørvika då dette i stor grad er eit byutviklingsprosjekt.

Denne medlemen vil difor røyste mot at kap. 1320 post 35 vert auka 3,2 mill. kroner og tilsvarande at kap. 1320 post 30 vert redusert med 3,2 mill. kroner, og fremmer difor følgjande forslag:

1320

Statens vegvesen (jf. kap. 4320)

30

Riksveginvesteringar, kan overførast, kan nyttast under post 23, post 31, post 33 og post 72, vert auka med

16 700 000

frå kr 4 543 900 000 til kr 4 560 600 000

Komiteen har ingen merknader.

Komiteen understreker viktigheten av at statlig utbyttepolitikk er forutsigbar.

Komiteen vil presisere at utbytte fra Mesta AS må være av en slik karakter at det ikke svekker selskapets muligheter til både å ivareta omstillinger på en best mulig måte og at selskapet blir gitt gode rammebetingelser.

Det blir i proposisjonen orientert om kva som er gjort med tilbakebetaling av løyving som blei gitt til Jernbaneverket ved terminering av fiberkabelavtala mellom Jernbaneverket og Telenor, i samband med at eigarskapen av BaneTele AS blei overført frå staten v/Jernbaneverket til staten v/Nærings- og handelsdepartementet frå 20. desember 2002.

Komiteen har ingen merknader.

Kjøp av kryptert elektronisk samband er utsett. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 1360 post 30 Transport- og sambandsanlegg, utstyr mv., med 1 mill. kroner, frå 1 080 000 kroner til 80 000 kroner, jf. kap. 1301 post 21.

Komiteen har ingen merknader.

Forslag frå Senterpartiet:

I statsbudsjettet for 2004 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

1320

Statens vegvesen (jf. kap. 4320)

30

Riksveginvesteringar, kan overførast, kan nyttast under post 23, post 31, post 33 og post 72, vert auka med

16 700 000

frå kr 4 543 900 000 til kr 4 560 600 000

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2004 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

Utgifter:

1301

Forsking og utvikling

21

Utgreiingar om miljø, trafikktryggleik mv., vert auka med

1 000 000

frå kr 15 500 000 til kr 16 500 000

1320

Statens vegvesen (jf. kap. 4320)

23

Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., kan overførast, kan nyttast under post 30 og post 72, vert auka med

58 900 000

frå kr 5 754 700 000 til kr 5 813 600 000

30

Riksveginvesteringar, kan overførast, kan nyttast under post 23, post 31, post 33 og post 72, vert auka med

13 500 000

frå kr 4 543 900 000 til kr 4 557 400 000

35

Vegutbygging i Bjørvika, kan overførast, vert auka med

3 200 000

frå kr 30 200 000 til kr 33 400 000

1322

Svinesundsforbindelsen AS

92

Opptrekksrenter, overslagsløyving, vert redusert med

17 000 000

frå kr 30 000 000 til kr 13 000 000

1360

Samferdselsberedskap

30

Transport- og sambandsanlegg, utstyr mv., kan overførast, vert redusert med

1 000 000

frå kr 1 080 000 til kr 80 000

Inntekter:

4321

Mesta AS

80

Utbyte, vert redusert med

28 000 000

frå kr 160 000 000 til kr 132 000 000

Oslo, i samferdselskomiteen, den 2. desember 2004

Petter Løvik

leiar

Oddbjørg Ausdal Starrfelt

ordførar