Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Ustabilitet i tjenester fra Microsoft

Det er dessverre ustabilitet i Stortingets tjenester fra Microsoft, blant annet kan det ta lang tid før e-post kommer fram. Hvis det haster å komme i kontakt med Stortinget, kan du ringe sentralbordet: 23 31 30 50.

1. Innleiing

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Tor-Arne Strøm, frå Høgre, Anne Berit Andersen, Sverre J. Hoddevik, Hans Gjeisar Kjæstad og leiaren Petter Løvik, frå Framstegspartiet, Thore A. Nistad og Kenneth Svendsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl, og frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, viser til at Samferdselsdepartementet i proposisjonen legg fram ein del saker under programkategoriane 21.10 Administrasjon m.m., 21.30 Vegformål, 21.50 Jernbaneformål og 21.60 Samferdselsberedskap.