Innstilling frå næringskomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2001 under Nærings- og handelsdepartementet
Dette dokument
- Innst. S. nr. 36 (2001-2002)
- Kildedok: St.prp. nr. 15 (2001-2002)
- Dato: 29.11.2001
- Utgiver: Næringskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- Samandrag
- Kap. 900 og 3990 Nærings- og handelsdepartementet
- Kap. 911 Bedriftsretta kompetanseoverføring
- Kap. 922 Norsk Romsenter
- Kap. 956 (nytt) Norsk Jern Eiendom A/S
- Kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) (jf. kap. 5320 og 5620)
- Kap. 5320 og 5620 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) (jf. kap. 2420)
- Tilråding frå komiteen
Til Stortinget
I proposisjonen legg departementet fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2001.
I statsbudsjettet for 2001 er det innført ei ordning der pårekna utgifter til meklarhonorar og annan nødvendig fagleg bistand ved aksjesal er lagt inn med øyremerkt beløp under kap. 900 post 21, jf. St.prp. nr. 1 (2000-2001). Det er gjennomført nedsal i A/S Olivin (til 51 pst.), Arcus AS (til 34 pst.) og heile den statlege aksjeposten i Norsk Medisinaldepot ASA. Salet av aksjane i Norsk Medisinaldepot ASA er gjennomført i september etter fullmakt gitt av Stortinget ved handsaminga av St.prp. nr. 84 (2001-2002), jf. Innst. S. nr. 325 (2000-2001). Brutto salsbeløp på om lag 468,3 mill. kroner er føreslått løyvd som inntekt under kap. 3900 post 90. Transaksjonskostnadene for dei tre aksjesala utgjer om lag 18,6 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om auka løyving til transaksjonsutgifter ved sal av aksjar i 2001 under kap. 900 post 21 med 8,6 mill. kroner.
Departementet sine kostnader knytt til SMB- og Joint Venture-programma og Program for næringsliv og entreprenørskap i 2001 aukar til 13,6 mill. kroner. Det er 3,9 mill. kroner meir enn det ein rekna med ved starten av året. Departementet gjer framlegg om at meirforbruket dels skal dekkjast ved intern omdisponering av 1,2 mill. kroner frå handlingsplanen for små verksemder og dels ved overskriding/auking av programløyvinga for 2001 med 2,7 mill. kroner, med tilsvarande innsparing/nedsett programløyving på statsbudsjettet for 2002, jf. St.prp. nr. 1. Tillegg nr. 4 (2001-2002).
I budsjettet for 2000 er det lagt til grunn at dei årlege løyvingane til Norsk Romsenter skal justerast i høve til eurokursen. For 2001 gjer ein på dette grunnlaget framlegg om å redusere løyvinga til Norsk Romsenter med 7,2 mill. kroner frå 246,7 mill. kroner til 239,5 mill. kroner.
På statsbudsjettet for 1991 fekk departementet fullmakt til å garantere for at Norsk Jern Eiendom A/S (NJE) skulle haldast skadeslaus for eventuelle framtidige kostnader som følgje av pålegg frå Statens forureiningstilsyn knytt til avfallsprodukt som Norsk Koksverk A/S hadde grave ned på tomta til NJE. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2,1 mill. kroner som refusjon for utførte miljøtiltak på statsbudsjettet 2001.
Samanlikna med saldert budsjett for 2001 gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga til innlån til SND si risikolåneordning med 185 mill. kroner, frå 5,5 mrd. kroner til 5,315 mrd. kroner. Løyvinga til innlån til SND si grunnfinansierings- og lågrisikolåneordning reduserast med 1,64 mrd. kroner, frå 38,5 mrd. kroner til 36,86 mrd. kroner.
Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga til avdrag frå SND si risikolåneordning med 210 mill. kroner, frå 5,45 mrd. kroner til 5,24 mrd. kroner. Løyvinga til avdrag frå SND si grunnfinansierings- og lågrisikolåneordning reduserast med 6,23 mrd. kroner, frå 38,5 mrd. kroner til 32,27 mrd. kroner. Årsaka er mellom anna at SND har tatt opp lån med lengre løpetid og dermed færre forfall og opptak av nye lån. Departementet gjer vidare framlegg om at renteinntekta frå innlån til risikolåneordninga aukast med 18 mill. kroner og renteinntektene frå innlån til grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga reduserast med 56 mill. kroner, frå 715 mill. kroner til 659 mill. kroner.
Komiteen, har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2001 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. |
Post |
Formål: |
Kroner |
Utgifter: |
|||
900 |
Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 3900) |
||
21 |
Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir auka med |
8 600 000 | |
frå kr 118 800 000 til kr 127 400 000 |
|||
911 |
Bedriftsretta kompetanseoverføring |
||
75 |
EUs SMB-program, kan overførast, blir auka med |
2 700 000 | |
frå kr 6 000 000 til kr 8 700 000 |
|||
922 |
Norsk Romsenter |
||
70 |
Tilskot, kan overførast, blir redusert med |
7 200 000 | |
frå kr 246 700 000 til kr 239 500 000 |
|||
956 (nytt) |
Norsk Jern Eiendom A/S |
||
70 |
Refusjon for miljøtiltak, blir løyvd med |
2 100 000 | |
2420 |
Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 5320 og 5620) |
||
91 |
Lån til risikolåneordninga, overslagsløyving, blir redusert med |
185 000 000 | |
frå kr 5 500 000 000 til kr 5 315 000 000 |
|||
92 |
Lån til grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga, overslagsløyving� blir redusert med |
1 640 000 000 | |
frå kr 38 500 000 000 til kr 36 860 000 000 |
|||
Inntekter: |
|||
3900 |
Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 900) |
||
90 |
Sal av aksjar, blir auka med |
468 300 000 | |
frå kr 741 000 000 til kr 1 209 300 000 |
|||
3958 (nytt) |
Kapital, ymse ventureselskap |
||
90 |
Sal av aksjar, blir løyvd med |
8 900 000 | |
5320 |
Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 2420) |
||
91 |
Avdrag på uteståande fordringar, risikolåneordninga, blir redusert med |
210 000 000 | |
frå kr 5 450 000 000 til kr 5 240 000 000 |
|||
93 |
Avdrag på uteståande fordringar, grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga, blir reduser med |
6 230 000 000 | |
frå kr 38 500 000 000 til kr 32 270 000 000 |
|||
5620 |
Renter, utbytte frå Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (jf. kap. 2420) |
||
81 |
Renter, risikolåneordninga, blir auka med |
18 000 000 | |
frå kr 175 000 000 til kr 193 000 000 |
|||
86 |
Renter, grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga, blir redusert med |
56 000 000 | |
frå kr 715 000 000 til kr 659 000 000 |
Oslo, i næringskomiteen, den 29. november 2001
Olav Akselsen leiar |
Olaf Gjedrem ordførar |
Ivar Kristiansen sekretær |