Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra næringskomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 1998 under Nærings- og handelsdepartementet.

Innhold

Til Stortinget.

I proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram ein del ulike endringsforslag på statsbudsjettet for 1998.

Stortinget har gjennom fleire år ved handsaming av statsbudsjettet gitt Nærings- og handelsdepartementet særskild fullmakt til å gi tilsegn til Institutt for energiteknikk (IFE) om dekking av forsikringsansvar for inntil 60mill. Special Drawing Rights (SDR) ovanfor tredjeperson ved uhell ved instituttet sine atomreaktorar.

Regjeringa gjer framlegg om å utvide fullmakta for 1998 til også å gjelde Kombinert lager/deponi for lågt og middels radioaktivt avfall i Himdalen (KLDRA Himdalen) og førebels lagring av atomavfall ved IFE sitt anlegg på Kjeller som skal transporterast til KLDRA Himdalen.

Den utvida fullmakta for 1998 er innanfor same beløpsgrense som tidlegare (60mill. SDR) og i samsvar med atomenergilova, jf. Forslag til vedtak II i denne proposisjonen.

Departementet gjer framlegg om ein reduksjon på 5,7mill. kroner som inndekking av tilsvarande auka løyving under kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, post 51.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 30mill. kroner som refusjon for utførte miljøtiltak på statsbudsjettet 1998 under nytt kap. 955 Norsk Koksverk, post 71 Refusjon for miljøtiltak.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke garantiramma for miljøtiltak på Koksverktomta med ytterlegare inntil 40mill. kroner til 220mill. kroner.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 966 Støtte til skipsbygging, post 50 Overføring til fond for støtte ved skipskontraktar, med 1400mill. kroner, frå 515 til 1915mill. kroner på statsbudsjettet for 1998.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om at løyvinga under kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, post 51 Tapsfond for lån innvilga i budsjetterminen, blir auka med 5,7mill. kroner frå 53 til 58,7mill. kroner.

Samanlikna med vedtatt budsjett for 1998 gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga til innlån til SND si grunnfinansieringsordning under kap. 2420, post 90, med 100mill. kroner, frå 26,3 til 26,2mrd. kroner. Det vert gjort framlegg om at innlån til SND si risikolåneordning under kap. 2420, post 91, vert redusert med 150mill. kroner, frå 5,7 til 5,55mrd. kroner. Vidare vert det gjort framlegg om at innlån til SND si lågrisikolåneordning under kap. 2420, post 94, vert redusert med 420mill. kroner, frå 700 til 280mill. kroner. Årsaka til dette er at det tok lang tid frå tilsegn vart inngått til utlånsvolumet for lågrisikolåneordninga tok seg opp.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om ei inntektsløyving på 140,8mill. kroner på statsbudsjettet 1998 knytt til salet av staten sin aksjepost i Norsk Jetmotor a.s. Det vert gjort framlegg om at løyvinga vert fordelt med 103,3mill. kroner under nytt kap. 3967 Norsk Jetmotor a.s., post 90 Sal av aksjar og 37,5mill. kroner under post 91 Tilbakebetaling av ansvarleg lån.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å stryke dei tidlegare oppførte inntektene frå aksjesal i selskapet på statsbudsjettet 1998 ved å redusere løyvingane under kap. 5309 Tilfeldige inntekter, post 80 Gevinst ved sal av aksjar i Norsk Vekst ASA, med 318,4mill. kroner til 0kroner og post 90 Sal av aksjar, med 1,6 mill. kroner til kr 0.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til avdrag frå SND si grunnfinansieringsordning under kap. 5320, post 90 med 200mill. kroner, frå 26,7 til 36,9mrd. kroner. Avdrag frå SND si risikolåneordning under kap. 5320, post 91 foreslås redusert med 147mill. kroner, frå 5750 til 5603mill. kroner. Vidare vert det gjort framlegg om at avdrag frå SND si lågrisikolåneordning under kap. 5320, post 92 vert redusert med 235mill. kroner, frå 400 til 165mill. kroner.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om at renteinntekta frå innlån til grunnfinansieringsordninga løyvd under kap. 5620, post 80 blir auka med 70mill. kroner, frå 330 til 400mill. kroner. Det vert gjort framlegg om at renteinntekta frå innlån til risikolåneordninga under kap. 5620, post 81 vert auka med 3mill. kroner, frå 50 til 53mill. kroner. Vidare vert det gjort framlegg om at renteinntekta frå lågrisikolåneordninga under kap. 5620, post 82 vert redusert med 5,1mill. kroner, frå 8,6 til 3,5mill. kroner.

Nærings- og handelsdepartementet går inn for at tomteareala og Savio-bileta som Sydvaranger ASA eig, kan overdragast til Sør-Varanger kommune innan utgangen av 1998. Oppgjeret for overdraginga vil finne stad i løpet av 1999.

Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I.

På statsbudsjettet for 1998 gjøres følgende endringer:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter:

923

Forskings- og utviklingskontraktar

70

Tilskot, kan overførast, blir redusert med

5700000

frå kr162800000 til kr157100000

955(Nytt)

Norsk Koksverk

71

Refusjon for miljøtiltak, blir løyvd med

30000000

966

Støtte til skipsbygging

50

Overføring til fond for støtte ved

skipskontraktar, blir auka med

1400000

frå kr515000000 til kr1915000000

2420

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

51

Tapsfond for lån innvilga i budsjetterminen,

blir auka med

5700000

frå kr53000000 til kr58700000

90

Lån til grunnfinansieringsordninga,

overslagsløyving, blir redusert med

100000000

frå kr26300 000000 til kr26200000000

91

Lån til risikolåneordninga, overslagsløyving,

blir redusert med

150000000

frå kr5700000000 til kr5550000000

94

Lån til lågrisikolåneordninga, overslagsløyving,

blir redusert med

420000000

frå kr700000000 til kr280000000

Inntekter:

3967(Nytt)

Norsk Jetmotor a.s.

90

Sal av aksjar, blir løyvd med

103300 000

91

Tilbakebetaling av ansvarleg lån, blir løyvd med

37500000

5309

Tilfeldige inntekter

80

Gevinst ved sal av aksjar i Norsk Vekst ASA,

blir redusert med

318400000

frå kr318400 000 til kr0

90

Sal av aksjar, blir redusert med

1600000

frå kr1600000 til kr0

5320

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

90

Avdrag på uteståande fordringar, grunnfinansieringsordninga,

blir auka med

200000000

frå kr26700000 til kr26900000

91

Avdrag på uteståande fordringar, risikolåne-

ordninga, blir redusert med

147000000

frå kr5750000000 til kr5603000000

92

Avdrag på uteståande fordringar, lågrisiko-

låneordninga, blir redusert med

235000000

frå kr400000000 til kr165000000

5620

Renter og utbytte frå Statens nærings- og

distriktsutviklingsfond

80

Renter, grunnfinansieringsordninga, blir auka med

70000000

frå kr330000000 til kr400000000

81

Renter, risikolåneordninga, blir auka med

3000000

frå kr50000000 til kr53000000

82

Renter, lågrisikolåneordninga, blir redusert med

5100000

frå kr8600000 til kr3500000

II.

Stortingets vedtak av 8.desember 1997 om dekking av forsikringstilfelle endres til:

Dekking av forsikringstilfelle

Stortinget samtykkjer i at Nærings- og handelsdepartementet i 1998 kan gi tilsegn til Institutt for energiteknikk og Statsbygg om dekking av forsikringsansvar for inntil 60000000 spesielle trekkrettighetar (SDR) ovanfor tredjeperson for instituttet og Statsbygg sitt ansvar etter lov av 12.mai 1972 nr. 28 om atomenergiverksemd kapittel III.

III.

Utviding av miljøfullmakt

Stortinget samtykkjer i at Nærings- og handelsdepartementet kan gi tilsegn om refusjon for pålagte miljøtiltak på tomta til tidlegare Norsk Koksverk A/S for inntil 40mill. kroner utover tidlegare gitt garantiramme på 180mill. kroner.

Oslo, i næringskomiteen, den 3. desember 1998.

Odd Roger Enoksen,

Mimmi Bæivi,

Kjell Opseth,

leder.

ordfører.

sekretær.