Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

7. Endringar i meirverdiavgiftslovgjevinga

Dom av 4. desember 2006 frå Borgarting lagmannsrett i saka Den Blue Engel mot staten gjaldt spørsmålet om det skal leggjast meirverdiavgift på inngangsbillettar til stripteaseframsyningar. Lagmannsretten kom til at striptease er omfatta av det såkalla "kulturunntaket" i meirverdiavgiftslova § 5b første ledd nr. 5, og at inngangsbillettar derfor kan seljast utan meirverdiavgift.

Finansdepartementet er ikkje einig i den rettstilstand som vert verknaden av dommen frå lagmannsretten, men fann likevel at ei anke til Høgsterett ikkje var den mest eigna vegen å gå for å få slått fast at ein skal betale meirverdiavgift på inngangsbillettar til slike framsyningar.

Det er tidlegare varsla at det i staden vil verte sett i gang eit arbeid med å klargjere meirverdiavgiftslova på dette området. Departementet legg på denne bakgrunn fram eit forslag til lovendring i meirverdiavgiftslova § 5b første ledd nr. 5 der det klart går fram at det skal betalast meirverdiavgift for tenester i form av rett til å oververe striptease. Departementet føreslår òg at det skal betalast meirverdiavgift ved formidling av slike tenester.

Departementet legg til grunn at det i utgangspunktet ikkje vil vere problematisk å klargjere innhaldet i omgrepet striptease. Omgrepet vil etter ei språklig forståing klart omfatte det ein kan kalle tradisjonelle strippeshow. Dette vil vere dei showa der avkledinga og fokuseringa på denne er det sentrale element, og som gjennomgåande vil gå føre seg i ein strippeklubb. Avkledinga si form og den kunstnariske kvaliteten på framføringa vil vere utan relevans ved vurderinga av om eit show er omfatta av omgrepet. Departementet peiker vidare på at omgrepet knyttar seg til showet sin art og ikkje til lokalet eller scenen der showet finn stad. Omgrepet vil såleis også omfatte dei større og gjerne omreisande showa som til dømes Chippendales som arrangerer sine show i ulike lokale og på ulike scener.

På den andre sida finn departementet det like klart at eit teaterstykke eller liknande som også inneber nokre nakenscener eller tilfelle av avkleding som ledd i ein større samanheng eller historieforteljing, etter ei språklig forståing ikkje er omfatta av omgrepet striptease. Eksempel på dette kan vere framsyninga "I blanke messingen" eller ei eventuell oppsetjing av filmen "Striptease". Slike framsyningar vil framleis vere omfatta av unntaket i første punkt i føresegna og det skal derfor ikkje betalast meirverdiavgift på tenester i form av retten til å oververe slike framsyningar.

Mellom desse klare typetilfella som på den eine sida klart vil vere omfatta av omgrepet striptease og på den andre sida like klart ikkje vil vere omfatta av omgrepet, vil det finnast grensetilfelle som kan gi opphav til tolkingstvil. Departementet legg til grunn at ei nærare avgrensing av omgrepet striptease vil verte fastlagt gjennom praksis.

Departementet føreslår at også formidling av slike tenester som her er omtalt, vert gjort avgiftspliktig. Det vert vist til forslag til lovendring.

Lovendringa som departementet føreslår, vil gi ei forenkling for mange næringsdrivande. Klubbane som arrangerar striptease vil gjennomgåande også drive sal av til dømes alkoholhaldig drikke og vil derfor allereie vere registrert i avgiftsmanntalet for si vareomsetning. Som følgje av dommen frå Borgarting lagmannsrett har desse klubbane delt verksemd, og må fordele inngåande avgift på dei varer og tenester som er til felles bruk i avgiftspliktig og ikkje avgiftspliktig verksemd. Denne fordelingsproblematikken vil forsvinne som følgje av at striptease vert gjort avgiftspliktig.

På ei anna side vil lovendringa kunne medføre at det oppstår ein fordelingsproblematikk for enkelte aktørar, eksempelvis teater/revyscene/konserthus som gjennomgåande set opp avgiftsunnatekne framsyningar, dersom desse frå tid til anna også viser avgiftspliktig striptease. Tilsvarande vil gjelde for formidlarar av desse showa.

Departementet føreslår at lovendringa tek til å gjelde frå 1. juli 2007.

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til merverdiavgiftsloven § 5 b første ledd nr. 5 nytt tredje punktum.

Etter meirverdiavgiftslova § 28 første ledd skal næringsdrivande registrerast i meirverdiavgiftsmanntalet når dei har omsetning og avgiftspliktig uttak av varer og tenester som til saman overstig 50 000 kroner i løpet av ein periode på 12 månader. Grensa for registrering blei sist heva frå 30 000 kroner til 50 000 kroner med verknad frå 1. januar 2004.

Det følgjer vidare av meirverdiavgiftslova § 28 fjerde ledd at ein registrert verksemd skal stå i manntalet i minst to heile kalenderår etter at omsetning og uttak har kome under grensa for registrering. Når det skal avgjerast om dette vilkåret er oppfylt, skal "den beløpsgrense som er nemnt i første ledd" leggjast til grunn. I det ligg at det er den til ein kvar tid gjeldande beløpsgrensa i første ledd som skal leggjast til grunn ved slettinga.

Departementet ser at ordlyden i fjerde ledd er mogleg å forstå slik at det er beløpsgrensa då omsetninga fant stad som avgjer kva for eit tidspunkt lova si frist for sletting i avgiftsmanntalet går ut i frå. Det kan føre til ein feil forventing om kor lenge ei verksemd kan bli ståande registrert i avgiftsmanntalet. Dette kan særskild ha noko å seie for små verksemder, då dei ofte får meirverdiavgift tilbakebetalt frå staten fordi den inngåande meirverdiavgifta dei har frådragsrett for overstig utgåande meirverdiavgift. Det er i samband med heving av grensa for registrering at denne problemstillinga oftast vert tatt opp.

Det er derfor ønskeleg å presisere i lova at det er den til ein kvar tid gjeldande beløpsgrensa i første ledd som skal leggjast til grunn ved slettinga. Dette er i samsvar med eit skriv frå Sivilombudsmannen om saka.

Departementet føreslår å endre ordlyden i meirverdiavgiftslova § 28 fjerde ledd. Endringa trer i kraft straks. Som det er gjort merksam på er forslaget ei presisering av gjeldande rett, og vil såleis ikkje ha provenyverknader.

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til endring i merverdiavgiftsloven § 28 fjerde ledd første punktum.

Ved lovendring 15. desember 2006 nr. 73 blei oppgåve- og betalingsfristen for tredje termin meirverdiavgift utsett med 10 dagar, det vil seie frå 10. august til 20. august. Endringa blei gjort for at det skulle bli lettare for rekneskapsførarane å ta sommarferie og oppnå kontakt med kundane sine før fristen er ute. Ved behandlinga av lovforslaget bad finanskomiteen i Budsjett-innst. S. nr. 1 (2006-2007) pkt. 2.2.9 og Innst. O. nr. 10 (2006-2007) punkt 20.2 Regjeringa om å vurdere om fristen bør utsetjast med ytterlegare 10 dagar, jf. merknad om dette i høyringa frå blant anna Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening.

For å imøtekome rekneskapsføraranes behov føreslår departementet at tredje termin meirverdiavgift blir utsett frå 20. august til 31. august. Departementet viser til forslag til endring i meirverdiavgiftslova § 33 første ledd andre punktum. Departementet føreslår at endringa tek til å gjelde straks, slik at fristen blir utsett med verknad alt frå 2007. Dette vil medføre eit tap av renteinntekter for staten på 25 mill. kroner.

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til endring i merverdiavgiftsloven § 33 første ledd.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til merknader disse medlemmer hadde da denne saken ble behandlet sist i Innst. O. nr. 10 (2006-2007), innstilling fra finanskomiteen om skatte- og avgiftsopplegget 2007 punkt 20.2, der disse medlemmer understreket behovet for å utsette oppgave- og betalingsfristen til 31. august. Disse medlemmer er glad for at departementet nå imøtekommer dette, og vil derfor støtte lovendringen.

Departementet arbeider med å føreslå endringar i meirverdiavgiftslova § 21 om frådrag for inngåande avgift. Etter meirverdiavgiftslova § 21 kan ein registrert næringsdrivande trekkje frå inngåande avgift på varer og tenester som blir brukt i den avgiftspliktige verksemda. Frådragsretten står sentralt i meirverdiavgiftssystemet og inneber at meirverdiavgifta ikkje skal vere ein kostnad for dei einskilde salsledda, men vil bli belasta ved endeleg forbruk.

Spørsmålet om rekkjevidda av meirverdiavgifts­lova § 21 har sidan 1970 vore behandla av Høgsterett fire gonger. Høgsterett har slått fast at dei avgiftspliktige etter meirverdiavgiftslova § 21 har krav på frådrag for inngåande avgift på varer og tenester som er relevante for og har ei nær og naturleg tilknyting til den avgiftspliktige verksemda.

I tida etter at Høgsterett behandla den siste saka om frådragsretten i 2005 (Rt 2005 side 951 - Porthuset) har forvaltninga og tingrettane behandla ei rad saker som gjeld spørsmål om frådragsretten etter meirverdiavgiftslova § 21. I praksis har det vist seg at det framleis er spørsmål om kor grensene for frå­dragsretten går, og verken praksis frå domstolane eller frå forvaltninga har vore einsarta.

Spørsmålet om grensene for frådragsretten er særleg aktuelt for verksemder som både driv med avgiftspliktige og avgiftsfrie aktivitetar (såkalla delte verksemder). Døme på dette er golfbaner som både driv med avgiftspliktig kiosk- og reklamesal og avgiftsfritt sal av retten til å spele på golfbanen. I fleire tilfelle har det vore fremma krav om frådrag for kostnader til drift og vedlikehald av sjølve golfbanen med den grunngjevinga at banen har ei nær og naturleg tilknyting til det avgiftspliktige kiosk- og reklamesalet. Dei avgiftspliktige har mellom anna halde fram at det ikkje hadde vore kiosk- og reklamesal dersom kiosken og reklamen ikkje hadde vore ein del av golfanlegget.

Mange av verksemdene som både har avgiftspliktige og avgiftsfrie aktivitetar driv innanfor kultur- og idrettsområdet. Bakgrunnen for dette er at det innanfor kultur og idrett er omfattande unntak frå meirverdiavgiftsplikta, og unntaka skapar mange grensespørsmål som gjer det vanskeleg å praktisere frådragsreglane. Unntaka er også meir omfattande enn det som er vanleg i andre land i EØS-området. Stortinget er derfor fleire gonger varsla om at departementet vil gå igjennom reglane for meirverdiavgift på kultur- og idrettsområdet. Spørsmålet blei mellom anna omtala i Ot.prp. nr. 1 (2004-2005) i samband med innføringa av meirverdiavgift for kino- og filmbransjen og i St. meld. nr. 22 (2004-2005) Kultur og næring. Regjeringa Bondevik II varsla ein gjennomgang av meirverdiavgift på kulturområdet i samband med budsjettet for 2006. Ved kgl. res. 1. desember 2006 blei det sett ned et utval som skal vurdere ei utviding av meirverdiavgiftsgrunnlaget på kultur- og idrettsområdet, og utvalet vil levere sin rapport innan utløpet av 2007.

Sjølv om avgiftsgrunnlaget for verksemder innan kultur og idrett blir utvida og mange av problema for slike verksemder blir løyst, vil det framleis vere mange tenester som ikkje er avgiftspliktige. Ein må derfor leggje til grunn at det også i framtida vil oppstå mange grensespørsmål som gjeld retten til frådrag for delte verksemder. Det store talet på klagesaker og rettssaker viser etter departementet sitt syn at det er nødvendig å lage klarare reglar om frådragsretten for inngåande avgift. Departementet har derfor sett i verk arbeid med å vurdere endring av reglane om frådrag for inngåande avgift i meirverdiavgiftslova § 21. Målet med arbeidet er å få reglar som er enklare å praktisere og som minkar talet på tvistar som gjeld frådragsretten. Når det gjeld verksemder som både har avgiftspliktige og avgiftsfrie aktivitetar, vil departementet også vurdere behovet for å stramme inn regelverket i høve til det som er gjeldande rett i dag.

Departementet tek sikte på å komme tilbake til saka i samband med statsbudsjettet for 2008.

Komiteen tar Regjeringens omtale av arbeidet med endringer av reglene om fradrag for inngående merverdiavgift til orientering.