Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4. Endring av tollova § 39

Finansdepartementet føreslår endringar i lov 10. juni 1966 nr. 5 om toll (tolloven) § 39. Departementet føreslår at tollmyndigheitene skal kunne varsle innehavaren av immaterielle rettar (varemerke, opphavsrettar, patent, designrettar, rett til kretsmønster for integrerte kretsar og planteforedlarrettar) dersom det ligg føre grunngjeven mistanke om at varer under innførsel eller utførsel krenkjer rettane deira. Samstundes skal tollmyndigheitene i slike høve kunne halde varene attende i inntil fem dagar. Ei slik endring vil gjere det lettare for rettshavaren å ta hand om rettane sine ved å krevje mellombels åtgjerd etter tvangsfullføringslova § 15-13. Det er ikkje føreslått endringar i sjølve ordninga med mellombels åtgjerd i tvangsfullføringslova § 15-13 og tollova § 39.

Det er føreslått at endringane skal setjast i kraft frå 1. september 2007.

Forslaget vil gje tollmyndigheitene noko meirarbeid, sjølv om forslaget ikkje er meint å medføre at tollmyndigheitene skal gjere meir omfattande undersøkingar av varer enn det dei gjer i dag. Opplysningar frå dei som har immaterielle rettar, er viktige for at tollmyndigheitene skal kunne oppdage varer som krenkjer immaterielle rettar, og dermed også for at forslaget skal gje rettshavarane meir effektivt vern mot krenkjing av immaterielle rettar.

Forslaget vil òg gje noko meirarbeid for domstolane ved at det vil kome inn fleire krav om mellombels åtgjerd til sikring av immaterielle rettar. Finansdepartementet ser det likevel slik at meirarbeidet for tollmyndigheitene og domstolane ikkje vil vere større enn at det kan takast hand om utan utvida budsjettrammer.

Forslaget vil gjere det lettare for dei som har immaterielle rettar, å ta hand om dei immaterielle rettane sine, noko som vil vere til fordel for det innovative næringslivet her i landet. Forslaget vil også meir generelt ha ein samfunnsøkonomisk gunstig verknad ved at det vil styrkje arbeidet mot økonomisk og organisert kriminalitet.

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til lov om endringer i tolloven, lov om endringer i tvangsfullbyrdelsesloven og lov om endringer i tvisteloven.