Departementet legg fram forslag om endringar i reglane om offentleggjering
av skattelister. Målet med endringane er å styrkje
ivaretakinga av dei omsyna som ligg bak offentleggjeringa av skattelistene.
Departementet føreslår at det opnast for at
pressa igjen kan få tilgang til fullstendige skattelister.
Dette vil styrkje den kritiske debatten om skattesystemet, for eksempel
om samanhengen mellom økonomisk evne og skattleggjing.
Departementet føreslår òg at postnummer
blir teken inn i skattelistene. Vidare føreslår
departementet at skattelista ikkje skal innehalde opplysningar om personar
i tilfelle der opplysningane kan røpe eit klientforhold
og opplysningar om personar utan fast bustad.
Ordninga med masseutlevering av skattelister blei avvikla ved
lovendringa i 2004. Ingen kan no få fullstendige skattelister
utlevert i medhald av likningslova § 8-8. Ein
kan berre gjere enkeltsøk i skattelistene på skatteetatens
heimesider på Internett. Det er heller ikkje tillate å kopiere,
fotografere eller bruke elektroniske hjelpemiddel for å lese
papirskattelistene som er lagt ut på likningskontora.
Etter departementet si oppfatning er det særleg uheldig
at pressa ikkje kan få utlevert fullstendige skattelister.
Skal omsyna bak ordninga med offentleggjering av skattelister kunne
realiserast fullt ut, er det viktig at pressa enkelt kan få tilgang
til skattelisteopplysningane. Det er først og fremst pressa
som kan bidra til kritisk debatt om skilnader mellom verkelege verdiar
og dei verdiar som skal nyttast ved skattlegginga. Departementet
føreslår derfor at pressa igjen skal få tilgang
til fullstendige skattelister.
Datatilsynet har allereie uttalt seg om enkelte problemstillingar
knytt til kva som skal sjåast på som journalistisk
verksemd som nemnt i personopplysningslova § 7
for så vidt gjeld skattelisteopplysningar. Departementet
viser til omtala i avsnitt 2.3.4.4 i proposisjonen. Den vidare oppfølginga
av pressa si bruk av skattelistene vil vere Datatilsynets ansvar.
Etter reglane om utlevering av skattelister slik dei lydde før
lovendringa våren 2004, fekk også frivillige organisasjonar,
marknadsføringsverksemder, bankar og kredittopplysningsverksemder
mm. utlevert fullstendige skattelister.
Frivillige organisasjonar brukte skattelistene først
og fremst til trykking og sal av skatteaviser. Datatilsynet har
uttalt at trykking og sal av skattelister ikkje er tillate. Masseutlevering
av skattelisteopplysningar til frivillige organisasjonar er derfor
ikkje aktuelt.
Bankar, kredittopplysningsverksemder mm. får no opplysningar
i medhald av likningslova § 3-13 nr. 6, og har
derfor ikkje behov for masseutlevering av skattelister.
Marknadsføringsverksemder kan berre bruke opplysningar
om namn, adresse, telefonnummer og liknande og fødselsår
for marknadsføringsføremål. Bruk av andre
opplysningar enn dette krev samtykke frå den registrerte.
Se nærmare om Datatilsynets utsegner om dette under avsnitt
2.3.4.3 i proposisjonen. Marknadsføringsverksemder kan
dermed ikkje bruke opplysningane om skattepliktig inntekt, formue
eller skatt til målretta marknadsføring overfor
for eksempel høginntektsgrupper. Departementet ser derfor
ingen grunn til at det skal opnast for masseutlevering av skattelister
til marknadsføringsbedrifter.
Tidligare var det i prinsippet inkje atterhald med tanke på kven
som kunne få utlevert fullstendige skattelister på papir.
Utover dei gruppene som tidligare fekk masseutlevert skattelister
og som er nemnt ovanfor, er det vanskeleg å peike på enkeltgrupper som
det er av avgjerande verknad at får masseutlevert skattelister.
For eksempel er det vanskeleg å sjå at privatpersonar
skal ha behov for få utlevert fullstendige skattelister
på papir. Etter departementets oppfatning er det ikkje
grunn til å gjeninnføre ei slik ordning.
For best mogleg å realisere dei føremål
som ligg bak offentleggjeringa av skattelistene føreslår
departementet at det i likningslova § 8-8 nr.
3 opnast for at pressa kan få utlevert fullstendige skattelister.
Med pressa meiner ein her massemedia som aviser, magasiner og vekepresse
uavhengig av om dei blir gitt ut på papir eller Internett,
samt fjernsyn og radio.
Departementet viser til forslag til likningslova § 8-8
nr. 3 nytt fjerde ledd.
For at hovudsiktemålet med openheit rundt likningsfastsetjingane
skal kunne realiserast, må i alle fall skattytarens namn,
nettoformue, nettoinntekt samt skattar og avgifter gå fram
av listene.
Ved lovendringa våren 2004 blei det vedteke at opplysningar
om skattytaranes fulle adresse, fødselsdag og -månad,
samt skatteklasse ikkje lenger skal gå fram av skattelistene.
Dette blei blant anna grunngitt med at dette er opplysningar som
ikkje er strengt nødvendige for å realisere dei
kontrollføremåla som grunngir openheitsprinsippet.
Opplysningar om gateadresse, fødselsdag og -månad,
samt skatteklasse, er opplysningar som kan misbrukast når
dei blir samanstilte med økonomisk informasjon om skattytaren.
Denne typen informasjon er og særleg egna til å lette
utarbeidinga av personprofilar og karakteriserande utval av befolkninga. Departementet
gjer derfor ikkje framlegg om å gjeninnføre masseutlevering
av desse opplysningane. Når slike opplysningar ikkje skal
vere med i skattelistene, er det også vanskelegare å bruke
skattelistene til kriminelle føremål.
Forslaget om å utvide tilgangen til masseutlevering
av skattelister gir likevel grunn til ei ny vurdering av om omsynet
til kontroll og identifikasjon blir godt nok realisert ved at ein
berre gir opplysningar om skattytaranes namn, fødselsår
og poststad. Mange stader er det ein stor grad av oppdeling i poststader slik
at forvekslingsfaren er liten og det vil vere mogleg å trekke
slutningar av inntektsforholda på ein bestemt poststad.
Andre stader vil forvekslingsfaren vere større slik at å seie
noko om for eksempel inntektsfordeling vil vere vanskelegare dersom
ein berre kjenner poststaden. Dette gjelder mellom anna Oslo. For å sikre
ein betre identifikasjon av skattytarane, føreslår
departementet at skattelistene skal innehelde opplysningar om postnummer
i tillegg til poststad. Dette vil òg styrkje moglegheitene
for kritisk debatt om for eksempel inntekt og bustad.
Etter Skattedirektoratets retningsliner for offentleggjering
av skattelister på Internett av 4. oktober 2004 § 6
skal skattelista på Internett ikkje innehalde opplysningar
om personar som bur på institusjon og personar utan fast
bustad, i tillegg til personar med sperra adresse som er unntatt
etter likningslova § 8-8 nr. 2 første
ledd siste punktum. Bakgrunnen for denne utvidinga av gruppene som
ikkje skal med i skattelistene, er at opplysningar om desse personane
kan røpe eit klientforhold. I tillegg til personar utan
fast bustad vil dette mellom anna omfatte personar som bur på psykiatriske
institusjonar eller som er i fengsel. Departementet føreslår
at denne praksisen går fram av lova og gjerast generell.
Det vil seie at det ikkje skal vere med nokre opplysningar om desse gruppene
i skattelistene, uavhengig av korleis opplysningane blir presentert.
Eit utgangspunkt for vurderinga av kva for opplysningar som kan
røpe eit klientforhold, vil vere praksisen knytt til folkeregistreringslova § 13,
som bruker det same uttrykket.
Departementet viser til forslag til endring av likningslova § 8-8
nr. 2 første ledd.
Forslaget om masseutlevering av skattelister til pressa reiser òg
spørsmål om ein bør gjere endringar i
utlegginga av skattelistene på likningskontora og publiseringa
på skatteetatens heimesider på Internett.
Etter departementet si oppfatning er det viktig at alle har enkel
tilgang til skattelisteopplysningane når skattelistene
blir lagt ut. Departementet føreslår derfor at
utlegginga av skattelistene på likningskontora og skatteetatens
heimesider på Internett skal halde fram som i dag. Som
ei følgje av forslaget om at pressa skal få skattelister
masseutlevert, er det etter departementet sitt syn ikkje nødvendig
med like strenge reglar når det gjeld elektronisk avlesing
av skattelistene på likningskontora og søk på skatteetatens
heimesider på Internett. Departementet føreslår
derfor å oppheve forbodet mot å kopiere, fotografere
eller å bruke elektroniske hjelpemiddel for å lese
av opplysningane i dei skattelistene som er lagt ut på likningskontora.
Departementet føreslår òg å oppheve
føresegna om at søk i lista på Internett
berre kan gjennomførast når ein gir opplysningar
om skattyters namn og poststad. Ei viss avgrensing av søka
på Internett er likevel nødvendig, mellom anna
av kapasitetsmessige omsyn. Skattedirektoratet må derfor framleis
kunne fastsette retningsliner for søk i lista som er lagt
ut på skatteetatens heimesider på Internett.
Departementet viser til forslag til endringar i likningslova § 8-8
nr. 3.
Dei føreslåtte endringane i reglane om offentliggjering
av skattelistene vil ikkje ha nemneverdige økonomiske eller
administrative konsekvensar for skatteetaten. Skattedirektoratet
kan sjølv stå for masseutleveringa til pressa,
eller dei kan gjere avtale om slik distribusjon med ein privat aktør.
Før lovendringa i 2004 blei kostnadene ved masseutlevering
dekt av den som mottok skattelista. Departementet legg til grunn
at dette framleis vil gjelde når ein frå 2007 igjen
gir pressa tilgang til skattelistene gjennom masseutlevering.
Departementet føreslår at endringane tek til å gjelde
straks. Dette inneber at endringane får verknad for skattelistene
for inntektsåret 2006, som blir lagt ut hausten 2007.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene
fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti,
slutter seg til Regjeringens forslag til lov om endringer i ligningsloven.
Flertallet ønsker imidlertid å presisere
Datatilsynets ansvar rundt pressens bruk av skattelistene.
Flertallet viser til Stortingets behandling av Ot.prp.
nr. 92 (1998-1999) om lov om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven),
jf. Innst. O. nr. 51 (1999-2000) der justiskomiteen uttaler:
"Komiteen ser klart at kombinasjonen av dagens muligheter
til å behandle personopplysninger og flere lovregler på feltet
gjør det nødvendig å se på forholdet
til ytrings- og informasjonsfriheten.
I forhold til
ytringsfriheten er vi bundet opp av Grunnloven § 100
og de folkerettslige forpliktelser vi har påtatt oss. Ellers
følger komiteen departementets linje i at unntak fra reglene
i personopplysningsloven som gjøres ut fra hensynet til
ytringsfriheten, bør presiseres klart i loven. Komiteen
er ellers enig i at Datatilsynet bør vise tilbakeholdenhet
med å bruke sin kontrollkompetanse ved bruk av personopplysninger i
forhold til forhold til journalistisk, kunstnerisk og litterær
virksomhet."
Flertallet viser til § 7 Forholdet til
ytringsfriheten i personopplysningsloven:
"For behandling av personopplysninger utelukkende for
kunstneriske, litterære eller journalistiske, herunder
opinionsdannende, formål gjelder bare bestemmelsene i §§ 13-15, § 26, §§ 36-41,
jf. kapittel VIII."
I spesialmerknadene til denne bestemmelsen skriver Justisdepartementet:
"Begrunnelsen for at departementet har kommet til at bare
noen få av lovens bestemmelser bør gjelde for
slik virksomhet [journalistisk, kunstnerisk og litterær
virksomhet], er redegjort for i kapittel 11. Som det der
fremgår, bør tilsyn med medienes bruk av personopplysninger
så langt det er forsvarlig av hensyn til personvernet begrenses
til et etterfølgende ansvar for det ferdige og publiserte
produkt."
Flertallet slutter seg til disse vurderingene
og mener at Datatilsynets ansvar for oppfølging av pressens
bruk av skattelistene, bare gjelder de konkrete bestemmelsene som
er listet opp i § 7 i personopplysningsloven når
skattelistene behandles for journalistiske formål, altså §§ 13-15,
26, 36-41, jf. kapittel VIII.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, er tilfreds
med at Regjeringen legger opp til at fullstendige skattelister igjen
blir tilgjengelig for pressen. Flertallet mener dette
vil styrke den kritiske debatten om skattesystemet og sammenhengen
mellom økonomisk evne og skattlegging.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
og Høyre er sterkt uenig i forslaget om utvidelse
i reglene om offentliggjøring av skattelister. Disse
medlemmer viser til at prinsippet om alminnelig innsyn i
skattelistene opprinnelig var ment å skulle bidra til å sikre
mulighet til å kontrollere at skattyterne ble behandlet
likt.
Disse medlemmer vil understreke at opplysningene
i ligningsbøkene som legges ut, ikke er endelige og behøver
derfor på ingen måte være riktige. Pressen
lager sine oppslag før klagefristen er gått ut,
og tar ikke hensyn til at ligninger kan bli påklaget og
endret på vesentlige punkter. Disse medlemmer er
videre sterkt i tvil om de skattetallene som offentliggjøres,
på noen måte kan gi den enkelte mulighet til å kontrollere
om man er lignet riktig i forhold til andre. Skattesystemet er i
dag såvidt komplisert at opplysningene om den enkeltes
nettoformue, nettoinntekt og samlet innbetalt skatt, på ingen
måte er tilstrekkelig til å fastslå om
dette er riktig i forhold til andre skattytere med samme tall. De
ulike fradragsordningene vil gi store individuelle forskjeller som ikke
kan forklares av de offentlige tallene. Det er dermed ikke mulig
for den enkelte å fastslå om han eller hun er
lignet riktig i forhold til andre med samme nettoinntekt og nettoformue.
Disse medlemmer går derfor imot Regjeringens
forslag til lovendring.
Disse medlemmer mener at det er meget viktig for
arbeidsliv, verdiskaping og i siste instans vårt velferdsnivå at
vi har en offentlig, fortløpende debatt om vårt
skattesystem, våre skatteregler, fordelingsmekanismene
og ikke minst skattenivået.
Disse medlemmer vil imidlertid understreke at
den enkelte borgers skatteforhold ikke har noe med dette å gjøre
og at det i størst mulig utstrekning skal være
en sak mellom vedkommende selv og skattemyndighetene. Disse
medlemmer mener at en uregulert tilgang fra medias side
til elektroniske skattelister, vil føre til at listene
vil befinne seg på nettet nærmest kontinuerlig,
noe som kan føre til en bruk som ikke vil være
tilsiktet og som kan få uheldige følger for enkeltskattytere. Disse
medlemmer mener også at det er gode muligheter
for å drive seriøs journalistikk om skatte- og
fordelingsspørsmål selv om data fra Skatteetaten
er mer generelle og anonymiserte.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener
at bruken av listene har utviklet seg til å bli noe helt
annet. Både i lokal- og riksmedia lages det presentasjoner
som neppe kan sies å tilfredsstille andre behov enn en
"kikkermentalitet" i deler av befolkningen. I tillegg til lister
over personer med høy inntekt og/eller formue,
er det vanlig at det lages lister over kjendiser, advokater, skuespillere,
meglere osv. Offentliggjøring av skattelistene har etter disse
medlemmers oppfatning fått karakter av å være
ren underholdning. Det må være grunn til å stille
spørsmål ved om dette kan regnes som journalistisk
virksomhet i det hele tatt. Disse medlemmer viser
til at Regjeringen foreslår å utvide offentliggjøringen
ytterligere ved at pressen skal få tilgang til fullstendige
elektroniske skattelister og at postnummer blir tatt inn i skattelistene. Disse medlemmer frykter
at denne utvidelsen vil medføre at vi igjen får
oppslag av typen "Den fattigste gaten i Fredrikstad" og lignende
oppslag som kan være sterkt belastende for den enkelte.
Disse medlemmer mener at offentliggjøringen
av skattelistene istedenfor burde blitt strammet inn, og er derfor
sterkt uenig i forslaget om å utvide reglene om offentliggjøring
av skattelistene ytterligere.
Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti er
enig i behovet for en kritisk debatt om skattesystemet, både
når det gjelder hensyn til fordelingseffekter og hensyn
til effekter på konkurranseevne og innovasjon. Men dette
medlem kan ikke se at disse hensynene tilsier at endringene
i regelverket om offentliggjøring av skattelistene som ble
gjennomført i 2004 trenger å reverseres. Det har vært
en levende offentlig debatt om disse forholdene både før
og etter 2004, og dette medlem kan ikke se at noen
offentlig debatt har tørket inn etter regelendringene.
Gjeldende regelverk er etter dette medlems oppfatning
en rimelig avveining mellom personvernhensyn og hensynet til offentlighetens innsyn
i hvilke utslag utformingen av skattesystemet gir, både
på makro- og mikronivå.
Dette medlem vil derfor gå imot Regjeringens
forslag.