Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om lov om endringar i lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apoteketaten mv.

Dette dokument

Innhold

Til Odelstinget

Fornyings- og administrasjonsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar i lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apotek­etaten og lov 1. juli 1994 nr. 49 om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apoteketaten.

Pensjonsordning for apoteketaten er ei fondsoppbygd tenestepensjonsordning som vert administrert av Statens Pensjonskasse. Pensjonsordninga vert leidd­ av eit styre der tariffpartane i apoteksektoren er representerte.

Apoteksektoren har i dei seinare åra gått gjennom store endringar. Ved lov 2. juni 2000 nr. 39 om apotek (apotekloven) vart det opna for større konkurranse blant apoteka. Den nye apotekloven, som trådde i kraft 1. mars 2001, opna for at også andre enn apotekarar kan eige og drive apotek. Som følgje av endringane i apoteksektoren, er det behov for å gjere tilpassingar i lov om pensjonsordning for apoteketaten og lov om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apoteketaten.

Forslaga i proposisjonen er i stor grad baserte på tilråding frå styret for ordninga.

Departementet sende 24. februar 2005 ut på høyring eit forslag til endringslov.

Som ei følgje av endringane i apoteksektoren, ønskjer departementet å vurdere om apoteka på fritt grunnlag skal kunne velje pensjonsordning, slik anna privat verksemd gjer. Det må vurderast om det i framtida er naturleg med ei eiga lovfesta pensjonsordning for apoteksektoren, eller om verksemdene skal kunne velje å vere omfatta av andre pensjonsordningar.

Departementet vil arbeide vidare med desse spørsmåla som ein del av oppfølginga av Stortingets behandling av St.meld. nr. 12 (2004-2005) Pensjonsreform - trygghet for pensjonene.

Det går fram av § 3 nr. 1 kva som skal reknast som pensjonsgivande tenestetid. Det vert foreslått å klargjere at betalt pensjonspremie er eit vilkår for at tenestetida kan reknast som pensjonsgivande tenestetid.

Pensjonsordning for apoteketaten er ei fondsoppbygd pensjonsordning, og det går fram av loven § 28 at utgiftene til pensjonar og administrasjon av pensjonsordninga skal dekkjast ved pensjonspremiar. Departementets forslag i § 3 nr. 1 er ei presisering av gjeldande rett.

Lov om pensjonsordning for apoteketaten § 4 andre ledd gir heimel for at tid med permisjon utan lønn og anna mellombels fråvær vert rekna som pensjonsgivande tenestetid når dette er bestemt i tariffavtale mellom Norges Apotekerforening og arbeidstakarorganisasjonane.

Departementet foreslår at føresegna vert endra slik at tid med permisjon utan lønn og anna mellombels fråvær vert medrekna som pensjons­givande tenestetid dersom dette er bestemt i tariffavtale og styret i pensjonsordninga har akseptert avtalen om slik medrekning. Endringa er nødvendig av di Norges Apotekerforening ikkje lenger er tariffpart og då det er fleire tariffområde i apoteksektoren. Departementet foreslår ei nødvendig tilpassing til endringane som skjedde i 2001 då apoteksektoren fikk fleire tariffområde, og foreslår ikkje oppheving av ordninga slik einskilde av høyringsinstansane ønskjer.

Pensjonsgrunnlaget for apotekarar er i dag 120 pst. av høgaste faste tariffbestemte lønn for provisorar. For andre medlemmer er pensjonsgrunnlaget den faste tariffbestemte eller avtalte lønna, avgrensa oppover til pensjonsgrunnlaget for apotekarar. Eit pensjonsgrunnlag på 120 pst. av provisors lønn tilsvarer 8,37 gonger grunn­beløpet i folketrygda (G) pr. 1. mai 2006. Pr. 1. mai 2005 tilsvarte grunnlaget 8,14 G og pr. 1. mai 2002 8,99 G.

Departementet foreslår § 5 endra slik at pensjonsgrunnlaget vert knytt til den faste arbeidsinntekta for arbeidsforholdet som gir rett til medlemskap i pensjonsordninga. Forslaget er ei harmonisering til lov om Statens Pensjonskasse. Føresegnene i dei to lovene er i stor grad like, og departementet finner det derfor ikkje riktig å følgje reglane i lov om foretakspensjon. Vidare vert det foreslått at styret får fullmakt til å bestemme at også anna arbeidsinntekt i tilknyting til arbeidsforholdet skal reknast med i pensjonsgrunnlaget. Variable tillegg kan då også verte pensjonsgivande.

Departementet foreslår at det maksimale pensjonsgrunnlaget vert endra frå 120 pst. av høgaste faste tariffbestemte lønn for provisorar til 10 G. Departementet foreslår ikkje 12 G som maksimalt pensjonsgrunnlag slik det opphavleg blei foreslått i høyringsbrevet. Forslaget frå departementet om å setje maksimalt pensjonsgrunnlag til 10 gonger grunnbeløpet i folketrygda, er basert på innspel frå Pensjonerte Apotekeres Forening, og tek sikte på å balansere dei ulike synspunkta frå organisasjonane. Forslaget inneber at arbeidstakarar som etter lovendringa er i stilling med rett til medlemskap er omfatta. Departementet vil konsultere styret i pensjonsordninga med omsyn til verknadstidspunktet for endringa, slik at omsynet til dei verknader endringa har på økonomien i pensjonsordninga vert vareteke.

For apotekarar som både har apotekkonsesjon og driftskonsesjon, må det etter departementets oppfatning fastsetjast eit normert pensjonsgrunnlag, det vil seie eit grunnlag som ikkje har direkte samanheng med arbeidsinntekta i stillinga som gir rett til medlemskap. Desse apotekarane er ikkje lønnsmottakarar, men sjølvstendig næringsdrivande. Det vert foreslått at pensjonsgrunnlaget vert fastsett av styret i pensjonsordninga. Fastsetjinga av eit normert pensjonsgrunnlag for denne gruppa apotekarar er ei vidareføring av dagens regelverk. Det normerte pensjonsgrunnlaget kan ikkje overstige det maksimale pensjonsgrunnlaget på 10 G.

Dei faglege foreiningane har i dag rett til å uttale seg når pensjonsgrunnlaget vert endra. Departementet kan ikkje sjå at det er behov for å oppretthalde ein slik rett då pensjonsgrunnlaget vert knytt direkte til arbeidsinntekta for alle medlemmene. I den grad nokon skulle ha behov for å uttale seg, er dei faglege foreiningane representerte i styret i pensjonsordninga, og kan uttale seg der.

Etter lov om pensjonsordning for apoteketaten § 6 nr. 1 andre ledd har apotekarane ei særskilt plikt til å halde fram i stillinga inntil bevilling til å drive apotek er meldt til etterfølgjaren. Departementet foreslår at føresegna vert oppheva. Dette er ikkje eit forhold som bør regulerast i pensjonslovgivinga, av di reglar om driftskonsesjon i dag går fram av apotek­loven kapittel 3. Ingen av høyringsinstansane er ueinig i forslaget.

Departementet foreslår at aldersgrensa på 68 år, som gjeld for alle andre medlemmer i pensjonsordninga enn apotekarar og provisorar, vert heva til 70 år. I dag har apotekarar og provisorar 70 års aldersgrense. Aldersgrensene går fram av loven § 6 nr. 1 tredje ledd. Ei aldersgrense medfører rett og plikt til å slutte i tenesta, jf. loven § 6 nr. 1 første ledd. Ved avgang skal pensjonen utbetalast.

Forslaget er ei harmonisering til kva som er den normale aldersgrense for medlemmer i Statens Pensjonskasse. Forslaget inneber at medlemmene ikkje lenger kan nytte den såkalla 85-årsregelen til å ta ut ordinær alderspensjon frå 65 år. Men medlemmene er i dag omfatta av AFP-reglar som gjer det mogleg å kunne ta imot AFP frå 65 år berekna som ein ordinær tenestepensjon. Slik sett får ikkje forslaget om heving av aldersgrensa frå 68 år til 70 år mykje å seie. Men det er grunn til å poengtere at AFP-reglane kan verte endra ved seinare revisjon av tariffavtaler. Ei slik endring kan resultere i at medlemmen ikkje lenger kan ta imot tenestepensjonsberekna AFP frå 65 år. Dette vil det vere opp til tariffpartane å avgjere.

Ingen av høyringsinstansane er ueinig i forslaget om å heve aldersgrensa til 70 år.

Etter lov om pensjonsordning for apoteketaten § 9 første ledd første punktum gjeld alderspensjon for apotekar frå den første dagen i månaden etter at apoteket vert teke over av ny innehavar. Departementet foreslår at føresegna vert oppheva. Det avgjerande for om alderspensjon skal komme til utbetaling bør etter departementets oppfatning vere at apotekarane har avslutta arbeidsforholdet, ikkje at apoteket må vere overteke av ein ny innehavar. Ingen av høyringsinstansane er ueinig i forslaget.

Føresegna i lov om pensjonsordning for apotek­etaten § 20 første ledd andre punktum seier at for enkje eller enkjemann etter apotekar, gjeld enkje- eller enkjemannspensjonen frå og med den månaden der apoteket vert overdratt til ein ny innehavar. Styret er gitt høve til å dispensere frå denne regelen, og kan gi løyve til pensjon frå eit tidlegare tidspunkt. Departementet foreslår å oppheve også denne føresegna. Dette medfører at alle enkje- og enkjemannspensjonar tek til å gjelde frå og med månaden då medlemmen døyr. Etter departementets syn bør enkje- og enkjemannspensjon komme til utbetaling uavhengig av kva stilling avdøde hadde. Ingen av høyringsinstansane er ueinig i forslaget.

I einskilde tilfelle har medlemmer av Pensjonsordning for apoteketaten ei tidlegare opptent privat kollektiv pensjonsforsikring. Omfanget av slike tilleggsordningar er ikkje kjent, men er truleg lite. Etter § 25 kan pensjon frå pensjonsordninga reduserast når medlemmen har slik privat ordning. Etter føresegna kan ikkje medlemmer som har opptent rettar i privat kollektiv pensjonsordning få høgare pensjon frå Pensjonsordning for apoteketaten for seg og sine etterlatne, enn at den saman med den private pensjonsretten utgjer full pensjon etter lovens føresegner. Departementet foreslår at føresegna vert oppheva då ho i dag ikkje har noko å seie i praksis. Ingen av høyringsinstansane er ueinig i forslaget. I den grad det skal skje samordning av pensjonsytingane, vil heimelen for dette gå fram av lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser.

Føresegnene om premiefastsetting og fordeling av premien mellom arbeidsgivar og arbeidstakar finst i lov om pensjonsordning for apoteketaten § 29 nr. 2. Pensjonspremien er i dag lik for alle, og vert fastsett av Kongen. Den vert berekna som ein prosentdel av pensjonsgrunnlaget.

Departementet foreslår at premien kan differensierast for dei ulike verksemdene, som ein naturleg følge av endringane i apoteksektoren som skjedde frå 1. mars 2001. Dei aktuelle tariffområda har no forskjellige lønns- og arbeidsvilkår som kan gi ulike utslag på pensjonspremien i pensjonsordninga. Det bør også kunne få verknad for pensjonspremien at ein del verksemder har eit vellykka arbeid med å redusere uttaket av for eksempel uførepensjon. Forslaget vil stimulere verksemdene til å arbeide for utsett pensjonering slik at dei kan få lågare pensjonspremie. I dag er det ikkje slik stimulering sidan det er ein felles premiesats for alle. Ei differensiering av premien er også ein nødvendig føresetnad for at verksemder skal kunne velje å ha AFP-ordning utanfor Pensjonsordning for apoteketaten. I dag er AFP-premie ein integrert del av pensjonspremien. Premien skal ikkje vere ulik på grunn av alder eller kjønn.

Ingen av høyringsinstansane er ueinig i forslaget om å opne for differensiering av premiesatsane, men Arbeidsgiverforeningen NAVO og Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon meiner styret i pensjonsordninga, som ansvarleg for økonomien i ordninga, må fastsetje satsane.

Etter departementets oppfatning bør fullmakta til å fastsetje premien berre overførast frå Kongen til departementet. Fullmakta til å fastsetje premien bør ikkje overførast til styret så lenge departementet har det konstitusjonelle ansvaret for Statens Pensjonskasse som er det administrative organet for ordninga. Departementet finn heller ikkje at Statens Pensjonskasse skal vere ansvarleg for å fastsetje premien då dette gir uklare ansvarsforhold. Det vert foreslått at styret i pensjonsordninga gir si innstilling til departementet om kva premien bør vere.

Lov om pensjonsordning for apoteketaten § 34 tredje ledd gir styret i Pensjonsordning for apoteketaten høve til å bestemme at pensjonane skal aukast tilsvarande tariffbestemte lønnsaukar. Departementet foreslår at det vert gitt høve til ein alternativ reguleringsmåte i tillegg. Styret i Pensjonsordning for apoteketaten bør òg kunne velje at pensjonane vert regulerte tilsvarande som auken av grunnbeløpet i folketrygda (G). G-regulering vert nytta ved justering av pensjoner frå folketrygda, og er den reguleringsforma som gjeld elles for avtalepartane i Overføringsavtalen (avtalar som Statens Pensjonskasse har inngått med andre pensjonsinnretningar om overføring av pensjonsrettar i offentlege tenestepensjonsordningar).

Arbeidsgiverforeningen NAVO er ueinig i forslaget då dette etter deira oppfatning vil medføre ein årleg kamp i styret om kva storleik som skal nyttast. Vidare meiner foreininga at ei G-regulering inneber at forhold utanfor sektorens økonomi avgjer pensjonsreguleringa. Departementet ønskjer likevel å fremje forslaget. Etter departementets oppfatning inneber forslaget ein fordel for pensjonsordninga ved at det vert lettare å få til fleksible løysingar.

Departementet foreslår også at høvet til å redusere pensjonane etter § 34 tredje ledd vert avgrensa til å gjelde tilfelle der omsynet til økonomien i pensjonsordninga gjer det nødvendig. I dag kan styret også setje ned pensjonane dersom lønningane vert sette ned. Forslaget er ein konsekvens av at det er fleire tariffområde i apoteksektoren.

Avtalefesta pensjon for medlemmer av Pensjonsordning for apoteketaten er både lovfesta og tariffesta. Lov 1. juli 1994 nr. 49 om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apoteketaten viser til tariffavtale, og det er tariffavtalen som i størst grad styrer korleis ein reknar ut ytingane. Etter § 2 i loven er det eit krav at Norges Apotekerforening er part i tariffavtalen. Men frå 1. januar 2001 er arbeidsgivaransvaret som Norges Apotekerforening tidlegare hadde, overført til Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH), og frå 1. mars 2001 vil også andre arbeidsgivarpartar vere aktuelle. Endringane i kven som er tariffavtalepart medfører eit behov for endring av lovteksten.

For at dei forskjellige tariffavtalane om AFP skal kunne omfattast av loven, foreslår departementet at det vert stilt krav om at tilknytinga til loven for tariffavtalen vert avgjord av styret. I styret sit tariffpartane representerte.

Departementet foreslår at endringane i lov om pensjonsordning for apoteketaten trer i kraft frå den tid Kongen fastset. Endringa av aldersgrensa frå 68 år til 70 år, jf. § 6 nr. 1 tredje punktum, vert foreslått å ikkje få verknad for dei som når loven trer i kraft har mindre enn 10 år igjen til aldersgrensa og som ikkje vel å vere omfatta av den nye aldersgrensa.

Endringa i § 5 om maksimalt pensjonsgrunnlag inneber at arbeidstakarar som etter lovendringa er i stilling med rett til medlemskap er omfatta. Pensjonistar er ikkje omfatta. Heller ikkje dei som før lovendringa har gått ut av pensjonsordninga, slik at dei ikkje lenger er vanlege medlemmer, er omfatta. Denne løysinga er ein konsekvens av at pensjonsgrunnlaget ved pensjoneringstidspunktet vert nytta for heile pensjonsoppteninga. Forslaga vil ikkje ha økonomiske konsekvensar for staten. For Pensjonsordning for apoteketaten vil kostnaden ved utvidinga av pensjonsgrunnlag i § 5 vere todelt. For det første vil det vere ein eingongskostnad ved å oppgradere opptente rettar. For det andre vil det vere ein auka kostnad for løpande opptening. Eingongskostnaden ved å heve maksimalt pensjonsgrunnlag til 10 gonger grunnbeløpet i folketrygda vil vere på ca. 60 mill. kroner. Den årlege kostnaden vil vere ca. 5 mill. kroner. Ved ei eventuell lønnsgliding vil den løpande meirkostnaden kunne stige. Pensjonsordninga dekkjer dei administrative kostnadene ved endringa. Pensjonsordningas bufferkapital er 230 mill. kroner pr 31. desember 2005.

Departementet foreslår at endringa i lov om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apoteketaten §§ 2 og 3 trer i kraft frå den tid Kongen fastset.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Tore Hagebakken, Saera Khan, Silvia K. Kosmo, Inger Løite og Arild Stokkan-Grande, frå Framstegspartiet, Per-Willy Amundsen, Åge Starheim og Ib Thomsen, frå Høgre, Kari Lise Holmberg og Bent Høie, frå Sosialistisk Venstreparti, Rolf Reikvam, frå Kristeleg Folkeparti, Bjørg Tørresdal, frå Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, og frå Venstre, Vera Lysklætt, viser til at pensjonsordninga for apoteketaten er ein fondsoppbygd tenestepensjon som blir administrert av Statens Pensjonskasse, og at det som følgje av endringane i apoteksektoren er behov for å gjere tilpassingar i lov om pensjonsordning for apoteketaten og lov om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apoteketaten.

Komiteen viser til at endringa av aldersgrensa frå 68 år til 70 år, jf. § 6 nr. 1 tredje punktum, vert foreslått å ikkje få verknad for dei som når loven trer i kraft, har mindre enn 10 år igjen til aldersgrensa, og som ikkje vel å vere omfatta av den nye aldersgrensa.

Komiteen merker seg endringa i § 5 om maksimalt pensjonsgrunnlag inneber at arbeidstakarar som etter lovendringa er i stilling med rett til medlemskap er omfatta. Pensjonistar er ikkje omfatta. Heller ikkje dei som før lovendringa har gått ut av pensjonsordninga, slik at dei ikkje lenger er vanlege medlemer, er omfatta. Denne løysinga er ein konsekvens av at pensjonsgrunnlaget ved pensjoneringstidspunktet vert nytta for heile pensjonsoppteninga.

Komiteen har vidare merka seg at forslaga ikkje vil ha økonomiske konsekvensar for staten.

For Pensjonsordning for apoteketaten vil det både vere ein eingongskostnad ved å oppgradere opptente rettar og ein auka kostnad for løpande opptening. Komiteen viser til at pensjonsordninga dekkjer dei administrative kostnadene ved endringa og at bufferkapitalen til pensjonsordninga er 230 mill. kroner pr. 31. desember 2005.

Komiteen viser til at på bakgrunn av endringane i apoteksektoren i 2001, bør det gjerast visse endringar i dei to lovene som regulerer pensjonsordningane, i tillegg til dei endringane som det er gjort framlegg om i proposisjonen.

For det første bør namnet på lov 26. juni 1953 nr. 11 endrast til lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. Endringa krev òg endring i §§ 1, 7, 9 og 30, og for øvrig også i fleire forskrifter.

Styreleiar er i lova kalla "formann". Komiteen vil endre tittelen til "leiar". Dette krev endring i § 30. Det er òg ønskeleg å endre "faglige foreninger" til "arbeidsgiver- og arbeidstakerorganisasjoner". Dette krev endring i §§ 5, 29 og 30. Endringa knytt til § 5 er allereie fanga opp i proposisjonen.

Også lov 1. juli 1994 nr. 49 må endrast i tråd med dette.

På bakgrunn av dette vil komiteen gjere framlegg om følgjande:

"I

I lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apoteketaten vert det gjort følgjande endringar:

Lovas tittel skal lyde:

Lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv.

§ 1 første ledd innleiinga skal lyde:

Pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. omfatter med de unntak som følger av denne lov:

§ 7 nr. 1 fjerde punktum skal lyde:

Rett til alderspensjon etter fylte 65 år har også arbeidstaker som har fratrådt med avtalefestet pensjon etter lov om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apo­tek­virksomhet mv.

§ 7 nr. 2 første punktum skal lyde:

Medlem som fratrer sin stilling etter minst tre års tjenestetid uten rett til straks å få pensjon etter denne loven eller etter lov av 1. juli 1994 nr. 49 om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apotekvirksomhet mv., har rett til oppsatt alderspensjon fra aldersgrensen, eller fra det tidspunkt han blir tilstått alderspensjon fra folketrygden.

§ 9 tredje ledd andre punktum skal lyde:

Dette gjelder også når den avdøde mottok pensjon etter lov av 1. juli 1994 nr. 49 om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apotekvirksomhet mv.

§ 29 nr. 2 andre ledd skal lyde:

Fordelingen av premien mellom arbeidsgiver og arbeidstaker fastsettes av departementet etter at deres arbeidsgiver- og arbeidstakerorganisasjoner har hatt anledning til å uttale seg. Før fordelingen av premien fastsettes, skal styret gi sin innstilling.

§ 30 første ledd skal lyde:

Pensjonsordningen administreres gjennom Statens Pensjonskasse.

§ 30 andre ledd første punktum skal lyde:

Pensjonsordningen ledes av et styre bestående av den administrerende direktør i Statens pensjonskasse, som er leder i styret, og fire andre medlemmer som med personlige varamenn oppnevnes av departementet for fire år om gangen etter innstilling fra medlemmenes arbeidsgiver- og arbeidstakerorganisasjoner.

II

I lov 1. juli 1994 nr. 49 om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apoteketaten vert det gjort følgjande endringar:

Lovas tittel skal lyde:

Lov 1. juli 1994 nr. 49 om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apotekvirksomhet mv.

§ 1 skal lyde:

Loven gjelder for arbeidstakere i stilling som gir rett til medlemskap i Pensjonsordning for apotekvirksomhet mv.

§ 2 skal lyde:

Arbeidstaker som fratrer sin stilling etter fylte 62 år, har rett til pensjon etter denne lov når det er bestemt i tariffavtale som styret i pensjonsordningen har akseptert. Loven gjelder for pensjon som ytes fram til arbeidstakeren ved fylte 65 år kan tilstås alderspensjon etter lov om pensjonsordning for apotek­virksomhet mv., § 7 nr. 1 fjerde punktum.

§ 3 første punktum skal lyde:

Pensjonen beregnes etter tariffavtale som styret i pensjonsordningen har akseptert, og i samsvar med bestemmelsene i lov av 23. desember 1988 nr. 110 om statstilskudd til ordninger for avtalefestet pensjon § 2.

III

Iverksetjings- og overgangsreglar

  • 1. Endringane i lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apoteketaten gjeld frå den tid Kongen fastset.

  • 2. Endringane i lov 1. juli 1994 nr. 49 om avtalefestet pensjon for arbeidstakare med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apoteketaten gjeld frå den tid Kongen fastset."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti viser til at NAVO og HSH prinsipielt mener at loven må oppheves. De mener at hver enkelt arbeidsgiver må kunne avgjøre om apoteket skal ha en pensjonsordning og hvilken ordning dette skal være, innenfor rammene av lov om obligatorisk tjenestepensjon. Loven bør lukkes for dem som allerede er inne i ordningen. Disse medlemmer er enig i NAVO og HSHs primære standpunkt i saken. Den delen av apotekansatte i dag som er statlig er de som jobber i apotekforetakene som eies av de regionale helseforetakene. Arbeidsgiversiden for disse er representert gjennom NAVO. Apoteksektoren ellers er ikke lenger et "laug" eller etatsvirksomhet. Disse medlemmer mener derfor primært at loven burde blitt opphevet og at det etableres en god overgangsordning for de som allerede har opptjent pensjon i ordningen.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov

om endringar i lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjons­ordning for apoteketaten mv.

I

I lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apoteketaten vert det gjort følgjande endringar:

Lovas tittel skal lyde:

Lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv.

§ 1 første ledd innleiinga skal lyde:

Pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. omfatter med de unntak som følger av denne lov:

§ 3 nr. 1 første ledd skal lyde:

Som pensjonsgivende tjenestetid reknes tjeneste som nevnt i § 1, jfr. § 2, etter at pensjonsordningen er satt i verk, og som det er betalt pensjonspremie for, og den tid tjenesten er avbrudt på grunn av pliktig militærtjeneste eller liknende annen verneteneste.

§ 4 andre ledd skal lyde:

Som pensjonsgivende tjenestetid regnes likevel den tiden et medlem har permisjon uten lønn eller på annen måte midlertidig har fratrådt sin stilling, og hvor det i tariffavtale som styret har akseptert, er bestemt at tiden skal regnes som pensjonsgivende.

§ 5 første og andre ledd skal lyde:

Medlemmets pensjonsgrunnlag er den faste arbeidsinntekt for det arbeidsforhold som gir rett til medlemskap i pensjonsordningen. Styret kan bestemme at også annen arbeidsinntekt i tilknytning til arbeidsforholdet skal regnes med i pensjonsgrunnlaget. Styret fastsetter pensjonsgrunnlaget for apotekere som både har konsesjon til drift av apotek (driftskonsesjon) og konsesjon til eierskap (apotekkonsesjon).

Den pensjonsgivende inntekt begrenses til 10 ganger folketrygdens grunnbeløp.

§ 6 skal lyde:

Enhver som går inn under § 1 har rett og plikt til å fratre tjenesten ved nådd aldersgrense.

Aldersgrensen er 70 år.

§ 7 nr. 1 fjerde punktum skal lyde:

Rett til alderspensjon etter fylte 65 år har også arbeidstaker som har fratrådt med avtalefestet pensjon etter lov om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apo­tek­virksomhet mv.

§ 7 nr. 2 første punktum skal lyde:

Medlem som fratrer sin stilling etter minst tre års tjenestetid uten rett til straks å få pensjon etter denne loven eller etter lov av 1. juli 1994 nr. 49 om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apotekvirksomhet mv., har rett til oppsatt alderspensjon fra aldersgrensen, eller fra det tidspunkt han blir tilstått alderspensjon fra folketrygden.

§ 9 første ledd skal lyde:

Alderspensjonen løper fra den første dag i måneden etter at arbeidsforholdet opphører.

§ 9 tredje ledd andre punktum skal lyde:

Dette gjelder også når den avdøde mottok pensjon etter lov av 1. juli 1994 nr. 49 om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apotekvirksomhet mv.

§ 20 første ledd andre punktum vert oppheva.§ 25 vert oppheva.§ 29 nr. 2 skal lyde:

Den årlige premie fastsettes av departementet i prosent av pensjonsgrunnlaget, jfr. § 5. Departementet kan dele inn medlemmene eller virksom­hetene i ulike premiegrupper. Før premien fastsettes, skal styret gi sin innstilling.

Fordelingen av premien mellom arbeidsgiver og arbeidstaker fastsettes av departementet etter at deres arbeidsgiver- og arbeidstakerorganisasjoner har hatt anledning til å uttale seg. Før fordelingen av premien fastsettes, skal styret gi sin innstilling.

§ 30 første ledd skal lyde:

Pensjonsordningen administreres gjennom Statens Pensjonskasse.

§ 30 andre ledd første punktum skal lyde:

Pensjonsordningen ledes av et styre bestående av den administrerende direktør i Statens Pensjonskasse, som er leder i styret, og fire andre medlemmer som med personlige varamenn oppnevnes av departementet for fire år om gangen etter innstilling fra medlemmenes arbeidsgiver- og arbeidstakerorganisasjoner.

§ 34 tredje ledd skal lyde:

Hvis arbeidstakernes tariffmessige lønninger eller folketrygdens grunnbeløp endres, kan pensjonsordningens styre - i den utstrekning pensjonsordningens økonomi tillater det - treffe bestemmelse om at pensjonene skal reguleres tilsvarende. Hvis hensynet til pensjonsordningens økonomi gjør det nødvendig, kan pensjonene igjen settes ned til de beløp de utgjorde før de siste gang ble forhøyet etter bestemmelsene i foregående punktum.

II

I lov 1. juli 1994 nr. 49 om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apoteketaten vert det gjort følgjande endringar:

Lovas tittel skal lyde:

Lov 1. juli 1994 nr. 49 om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apotekvirksomhet mv.

§ 1 skal lyde:

Loven gjelder for arbeidstakere i stilling som gir rett til medlemskap i Pensjonsordning for apotekvirksomhet mv.

§ 2 skal lyde:

Arbeidstakere som fratrer sin stilling etter fylte 62 år, har rett til pensjon etter denne lov når det er bestemt i tariffavtale som styret i pensjonsordningen har akseptert. Loven gjelder for pensjon som ytes fram til arbeidstakeren ved fylte 65 år kan tilstås alderspensjon etter lov om pensjonsordning for apotek­virksomhet mv., § 7 nr. 1 fjerde punktum.

§ 3 første punktum skal lyde:

Pensjonen beregnes etter tariffavtale som styret i pensjonsordningen har akseptert, og i samsvar med bestemmelsene i lov av 23. desember 1988 nr. 110 om statstilskudd til ordninger for avtalefestet pensjon § 2.

III

Iverksetjings- og overgangsreglar

  • 1. Endringane i lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apoteketaten gjeld frå den tid Kongen fastset. Endringa i § 5 gjeld arbeids­takarar som etter lovendringa er i stilling med rett til medlemskap. Pensjonistar er ikkje omfatta. Heller ikkje dei som før lovendringa har gått ut av pensjonsordninga, slik at dei ikkje lenger er vanlege medlemmer, er omfatta. F­øresegna om endring i aldersgrensa i § 6 nytt andre ledd gjeld ikkje for dei som har mindre enn 10 år att til aldersgrensa og som ikkje ønskjer å vere omfatta av den nye aldersgrensa.

  • 2. Endringane i lov 1. juli 1994 nr. 49 om avtalefestet pensjon for arbeidstakere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apoteketaten gjeld frå den tid Kongen fastset.

Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 23. november 2006

Tore Hagebakken Inger Løite
leiar ordførar