Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå sosialkomiteen om lov om endringar i folketrygdlova og alkohollova (samleproposisjon våren 2005)

Dette dokument

Innhold

Til Odelstinget

Arbeids- og sosialdepartementet gjer i proposisjonen framlegg til endringar i folketrygdlova, endringslov til folketrygdlova av 17. desember 2004 nr. 85 og alkohollova. Framlegga om materielle endringar i folketrygdlova er foreslått i Revidert nasjonalbudsjett for 2005, og endringane i alkohollova gjeld i hovudsak materielle endringar knytte til budsjettframlegget for 2005.

Endringane i folketrygdlova gjeld utvida rett til omsorgspengar for foreldre med fleire kronisk sjuke eller funksjonshemma barn. Endringa av endringslova til folketrygdlova gjeld bestemminga om iverksetjing av eit delansvar for arbeidsgivar for sjukepengar i trygdeperioden. Endringane i alkohollova gjeld avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved innkomst til norske flyplassar, presisering av heimel til å gi føresegner om omsetning av alkoholhaldig drikk o.a. på Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen og ei retting av ein feil i § 1-7b.

Etter gjeldande rett kan foreldre med kronisk sjuke eller funksjonshemma barn få omsorgspengar med 20 dagar til kvar av foreldra til og med det året barnet fyller 18 år. Talet er 20 dagar for kvar av foreldra uavhengig av kor mange funksjonshemma eller funksjonsfriske barn dei har omsorg for. Foreldre som er aleine om omsorga, har rett til 40 dagar med omsorgspengar. Arbeidsgivaren betalar dei første 10 dagane med omsorgspengar til kvar av foreldra. Omsorgspengar utover 10 dagar betalar trygda.

Departementet ønskjer endringar for betre å dekkje behovet for omsorgspengar til familiar med fleire kronisk sjuke eller funksjonshemma barn, da omsorga for desse barna ofte fører til behov for fleire stønadsdagar enn det som er mogeleg i dag. Departementet foreslår derfor å endre ordninga slik at kvar av foreldra får 10 stønadsdagar ekstra for kvart kronisk sjukt eller funksjonshemma barn ut over eitt barn. Foreldre som har eitt kronisk sjukt eller funksjonshemma barn, vil etter forslaget få same rett som i dag, til saman 40 dagar. Foreldre med 2 friske og eitt funksjonshemma barn vil få til saman 50 dagar, og foreldre med to funksjonshemma barn vil få 60 dagar.

Lovendringa er foreslått å tre i kraft 1. juli 2005. Meirutgiftene for folketrygda er rekna til om lag 0,5 mill. kroner i 2005 og 1 mill. kroner på årsbasis. Det blir uttala at dei administrative konsekvensane vil vere små.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Bjarne Håkon Hanssen, Britt Hildeng, Asmund Kristoffersen og Gunn Olsen, frå Høgre, Beate Heieren Hundhammer, Bent Høie og Elisabeth Røbekk Nørve, frå Framstegspartiet, leiaren John I. Alvheim og Harald T. Nesvik, frå Sosialistisk Venstreparti, Olav Gunnar Ballo og Sigbjørn Molvik, frå Kristeleg Folkeparti, Åse Gunhild Woie Duesund og Per Steinar Osmundnes, og frå Senterpartiet, Ola D. Gløtvold, understrekar at foreldre som får barn med nedsett funksjonsevne, skal få tilstrekkeleg hjelp frå det offentlege for å kunne meistre ein vanskeleg livssituasjon og for å kunne fungere i arbeidslivet på lik line med andre. Foreldre med fleire kronisk sjuke eller funksjonshemma barn har behov for fleire dagar med omsorgspengar for å ta seg av barna når desse er sjuke. Dette har både brukarorganisasjonar og trygdeetaten peika på. Komiteen er difor glad for at departementet no foreslår endringar for å betre dekkje behovet for omsorgspengar til familiar med fleire kronisk sjuke eller funksjonshemma barn då omsorga for desse barna ofte fører til behov for fleire stønadsdagar enn det som er mogeleg i dag. Komiteen støtter derfor forslaget om at foreldre med fleire kronisk sjuke eller funksjonshemma barn får fleire dagar med omsorgspengar for å ta seg av barna når desse er sjuke.

Komiteen viser til at familiar med sterkt funksjonshemma barn blir stilt overfor store utfordringar både når det gjeld økonomi og når det gjeld å takle ein vanskeleg kvardag. Foreldre til sterkt funksjonshemma barn utfører dagleg store og krevjande arbeidsoppgåver gjennom mange år som sparer det offentlege for store utgifter ved at funksjonshemma barn bor heime i staden for å nytte ein institusjonsplass. I tillegg til det krevjande arbeidet desse foreldra utfører, gir mange av dei også avkall på yrkeskarriere og full deltaking i arbeidslivet.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til at mange av de foreldre som er i en slik situasjon, mottar kommunal omsorgslønn. Denne ordningen er usikker og utilstrekkelig for foreldre som sørger for pleie og omsorg for sterkt funksjonshemma barn i eget hjem. Disse medlemmer mener derfor det er nødvendig med en grundig gjennomgang av økonomiske og andre forhold for familier med sterkt funksjonshemma barn. En slik gjennomgang må omfatte avlønning av utført arbeid i hjemmet, avlastningsordninger, ulike permisjonsordninger knytta til arbeidslivet og andre relevante ordninger.

Komiteen viser til Strategiplan for familier med barn som har nedsatt funksjonsevne, fra Arbeids- og sosialdepartementet, mai 2005 der Regjeringen varsler en samlet gjennomgang av økonomiske og sosiale forhold for familier med sterkt funksjonshemma barn, og at den på egna måte skal fremme for Stortinget forslag som skal bedre disse forholdene."

Det blir vist til at Regjeringa ved framlegging av budsjettet for 2005 m.a. foreslo at arbeidsgivarane skulle få eit delansvar for sjukepengar på 10 prosent i heile sjukepengeperioden, og at dei skulle få delvis kompensasjon for dette ved at arbeidsgivarperioden blei redusert frå 16 til 14 kalenderdagar. Som ein del av budsjettforliket i Stortinget blei lova vedtatt med iverksetjing frå 1. juli 2005.

Det blir vist til at det samla sjukefråværet blei redusert frå 8,5 til 6,4 prosent frå 4. kvartal 2003 til 4. kvartal 2004. Det er nedgang i sjukefråværet i alle næringar og i alle fylke. Som ein konsekvens av det reduserte sjukefråværet blir det nå lagt til grunn ein reduksjon i folketrygdas utgifter til sjukepengar på nærare 3 mrd. kroner i 2005.

På bakgrunn av utviklinga i sjukefråværet i den seinare tida vil Regjeringa ikkje setje i verk dette lovvedtaket, men avvente mellom anna resultata av evalueringa av IA-avtalen. I etterkant av evalueringa vil Regjeringa i samråd med partane i avtalen drøfte grunnlaget for det vidare samarbeid om eit meir inkluderande arbeidsliv.

Departementet foreslår å oppheve iverksetjingstidspunkt 1. juli 2005 og gjer framlegg om at iverksetjingstidspunktet for lovvedtaket om delansvar for arbeidsgivar for sjukepengar i trygdeperioden skal fastsetjast ved særskilt lov.

Fleirtaler i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, viser til at Regjeringa i St.prp. nr. 1 (2004-2005) og Ot.prp. nr. 9 (2004-2005) fremma forslag om endringar i regelverket for sjukepengar, m.a. at arbeidsgivaren skulle få eit delansvar for sjukepengar på 10 prosent i heile sjukepengeperioden. Som følgje av budsjettavtalen mellom regjeringspartia og Framstegspartiet vart lova vedtatt med iverksetjing frå 1. juli 2005, men forslaget skulle vurderast på nytt dersom det viste seg at fråværet gjekk ned meir enn forventa.

Fleirtalet viser til at endringa i regelverket for sjukepengar som vart innført frå 1. juli 2004, truleg har ført til den sjukefråværsreduksjonen vi har sett frå 4. kvartal 2003 til 4. kvartal 2004. Utgiftene til sjukepengar og omfanget av sjukefråværet er no monaleg mindre enn det som var venta i samband med budsjettvedtaka for 2005. Fleirtalet er difor einig i at den seinaste utviklinga i sjukefråværet gjer det opphavelege forslaget lite føremålstenleg.

Fleirtalet har merka seg at sjukefraværet i Noreg nå endeleg ser ut til å bli kraftig redusert. Dette har det vore heilt naudsynt å få til, slik at vi i Noreg blir meir konkurransedyktige overfor utlandet. Denne nedgangen har fått som verknad at det delansvaret for arbeidsgjevarar som blei vedtatt innført frå 1. juli 2005, no ikkje blir naudsynt å gjennomføre. Dette er fleirtalet særs godt nøgd med all den tid at det i samband med budsjettforliket for 2005 mellom regjeringspartia og Framstegspartiet blei tatt inn følgjande formulering i avtalen:

"Ikrafttredelse utsettes til 1. juli 2005. Partene vil be Regjeringen foreta en ny vurdering av forslaget, dersom det viser seg at fraværet går ned mer enn forventet."

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet registrerer den gledelige nedgangen i sykefraværet og legger til grunn at dette viser at IA-avtalen og fokus på oppfølging av sykmeldte fungerer ut fra målet om et mer inkluderende arbeidsliv.

Disse medlemmer kan imidlertid ikke akseptere at staten ensidig endrer IA-avtalen, og at Regjeringen ensidig fastsetter om eller når arbeidsgiver skal dekke en større del av utgiftene i forbindelse med langtidssykefraværet. Disse medlemmer understreker at en slik praksis er urimelig og ikke i tråd med avtaleforutsetningene. Disse medlemmer er redde for at slik ensidighet rokker ved de premissene som ligger til grunn for fordeling av ansvar for avtalen partene imellom, og at det i sin ytterste konsekvens kan sette avtalen i fare. Disse medlemmer registrerer at Regjeringen nå i alle fall vil avvente evaluering og samråd med partene i avtalen. Disse medlemmer understreker at det ikke er aktuelt å endre sykepengereglene verken for arbeidstaker eller arbeidsgiver.

Komiteen vil berømme partene i arbeidslivet for at de har klart å snu trenden med et stadig økende sykefravær, men det er viktig at en ikke nå hviler på sine bra resultater, men har fokus på en fortsatt nedgang.

Komiteen fremmer følgende forslag til endring av II:

"Lov 17. desember 2004 nr. 85 om lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte andre lover blir endra slik:

I IV nr. 2 skal formuleringa "trer i kraft 1. juli 2005" endrast til "vert oppheva".

I samband med budsjettframlegget for 2005 og handsaminga av dette blei det vedteke å opna for avgiftsfritt sal ved innkomst til norske flyplassar frå utlandet. I budsjettdokumenta varsla Regjeringa at det stod att naudsynte avklaringar knytt til lovverket før ordninga kunne bli sett i kraft.

Kapittel 3 i alkohollova inneheld reglar om at sal av alkoholhaldig drikk i Noreg krev løyve. Avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved innkomst til norske flyplassar er omfatta av dette kravet. Vedtaket om å opna for avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved innkomst til norske flyplassar krev derfor, viss ordninga skal gjelda på dei same premissane som det avgiftsfrie salet som i dag fins for personar som skal reisa ut frå Noreg frå norske flyplassar, at det blir gjort endringar i alkohollova.

Det blir foreslått å endra alkohollova slik at avgiftsfritt sal ved innkomst til norske flyplassar frå utlandet blir unntatt plikta til løyve etter alkohollova, og at retten til slikt sal i staden blir knytt til tillating frå toll- og avgiftsetaten. Dette tilsvarer det unntaket og den ordninga som gjeld for avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved utreise frå norske flyplassar til utlandet. Departementet legg til grunn at slike tillatingar berre skal gi rett til å selja den avgiftsfrie kvota.

Departementet foreslår å presisera i lova at ordninga skal avgrensast mot reisande som kjem frå og skal til Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen.

Av pedagogiske grunnar foreslår departementet derfor at dagens unntak for avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved utreise blir lovfesta på tilsvarande måte som det nye unntaket for avgiftsfritt sal ved innkomst til norske flyplassar. Forslaget inneber ikkje realitetsendringar.

Departementet foreslår at lova skal gjelda frå den tid Kongen fastset, og at Kongen kan setja i kraft dei enkelte delane av lova til ulik tid. Departementet vil arbeida for at lova skal kunna setjast i kraft 1. juli 2005. Departementet foreslår vidare at Kongen kan fastsetja nærare overgangsreglar.

Forslaget kan medverka til ein auka import av avgiftsfrie kvoter og dermed ein lågare innanlandsk omsetnad av alkoholhaldig drikk og tobakk, som det er lagt avgifter på i Noreg. Det blir uttala at denne verknaden truleg vil vere liten, slik at dei samla provenyverknadene av forslaget er små.

For toll- og avgiftsetaten vil ordninga kunne føra til auke i ressursbehovet knytt til kontroll. Det blir uttala at det er sannsynleg at dei økonomiske og administrative konsekvensane for toll- og avgiftsetaten vil bli minimale, og at dei kan dekkjast innafor den eksisterande budsjettramma.

Komiteen har merka seg at Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å endre alkohollova slik at avgiftsfritt sal ved innkomst til norske flyplassar frå utlandet blir unntatt plikta til løyve etter alkohollova, og at retten til slikt sal i staden blir knytt til tillating frå toll- og avgiftsetaten. Vidare har komiteen merka seg at den nye ordninga med avgiftsfritt sal ved innkomst er meint å spegla ordninga for avgiftsfritt sal ved utreise, og at det i samband med dette vert gjort visse presiseringar. Komiteen registrerer også at sjølv om det vert gjort eit slikt unntak, så vil dei andre generelle reglane i alkohollova gjelde for dette salet. Komiteen stiller seg bak desse endringane.

Komiteen viser til brev dagsett 2. juni 2005 frå arbeids- og sosialministeren der det går fram at framlegget må plasserast i ny § 3-1a og ikkje i § 3-3 slik det står i proposisjonen. Komiteen fremjar på bakgrunn av dette følgjande forslag:

"Lov 2. juni 1989 om omsetning av alkoholholdig drikk mv. blir endra slik:

§ 3-1 første og andre ledd skal lyde:

Salg av alkoholholdig drikk med høyere alkoholinnhold enn 4,7 volumprosent kan bare foretas av AS Vinmonopolet på grunnlag av kommunal bevilling, eller på grunnlag av tillatelse som nevnt i § 3-1a.

Salg av annen alkoholholdig drikk enn nevnt i første ledd kan bare foretas på grunnlag av kommunal bevilling, eller på grunnlag av tillatelse som nevnt i § 3-1a. Det gjelder også der salget skal drives av et selskap som helt eller delvis eies av kommunen. Bevillingen gjelder for et bestemt lokale og en bestemt type virksomhet. Salgsbevilling kan ikke utøves sammen med skjenkebevilling i samme lokale.

Ny § 3-1a skal lyde:

§ 3-1a Salg av alkoholholdig drikk på flyplasser

Avgiftsfritt salg av alkoholholdig drikk kan skje etter tillatelse fra toll- og avgiftsetaten. Tillatelse kan kun gis for salg til reisende på vei til utland fra norske flyplasser eller til reisende som ankommer norske flyplasser fra utland. Tillatelse kan ikke gis for reisende på vei til eller fra Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen.

For slikt salg gjelder § 3-1 sjette ledd tilsvarende."

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til Innst. S. nr. 62 (2004-2005) og vedtaket der om å utrede taxfreesalg på internasjonale jernbanestrekninger. Flertallet avventer slik utredning og ber om at den fremlegges på egnet måte i 2005.

Departementet tar sikte på å senda på høyring forslag om revisjon av føresegn 11. desember 1998 nr. 1300 om alkoholordninga for Svalbard. Tilsvarande gjeld føresegn 11. desember 2000 nr. 1543 om alkoholordninga for Jan Mayen.

I samband med førebuingane til revisjonen av føresegnene ser departementet at heimelen i alkohollova § 1-2 til å gi føresegner om omsetning av alkoholhaldig drikk o.a. på Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen er uheldig utforma. Etter andre ledd kan det gis føresegner om "lovens anvendelse" på Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen. For å sikra ein klar heimel foreslår departementet at heimelen blir presisert.

Forslaget vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet foreslår at endringa skal gjelda frå den tid Kongen fastset. Departementet reknar med at endringa vil kunna setjast i kraft 1. juli 2005.

Det blir vist til at ved ein inkurie er forslaget til ny ordlyd i alkohollova § 1-7b blitt endra i samband med trykking av Innst. O. nr. 19 (2004–2005). Dette inneber at det foreslåtte tredje ledd bokstav c er fallen ut og erstatta med det foreslåtte fjerde ledd, mens dei foreslåtte femte og sjette ledd er blitt fjerde og femte ledd. Endringa er vedteken, men ikkje treden i kraft.

Departementet foreslår derfor at alkohollova § 1-7b skal endrast i samsvar med det opphavlege forslaget i Ot.prp. nr. 86 (2003–2004).

Forslaget vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet foreslår at endringa skal gjelda frå den tid Kongen fastset. Departementet reknar med at endringa vil kunna setjast i kraft 1. juli 2005.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sine merknader som er inntatt i Innst. O. nr. 19 (2004-2005) om lov om endringer i lov 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk mv. og enkelte andre lover, der disse medlemmer stemte imot å utvide vandelskretsen for bevillingsinnehavere, da disse medlemmer var av den formening at denne kretsen var stor nok til å ivareta den seriøsitet som er nødvendig for å kunne inneha en bevilling.

Tilrådinga blir fremja av ein samla komité.

Komiteen viser til proposisjonen og merknadene og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov

om endringar i folketrygdlova og alkohollova

I

Lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd blir endra slik:

§ 9-6 andre ledd skal lyde:

Dersom en arbeidstaker har kronisk syke eller funksjonshemmete barn og dette fører til en markert høyere risiko for fravær fra arbeidet, ytes det omsorgspenger etter reglene i første ledd med tillegg av 10 stønadsdager for hvert kronisk sykt eller funksjonshemmet barn . Når arbeidstakeren er alene om omsorgen, dobles antall stønadsdager

II

Lov 17. desember 2004 nr. 85 om lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte andre lover blir endra slik:

I IV nr. 2 skal formuleringa "trer i kraft 1. juli 2005" endrast til "vert oppheva".

III

Lov 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk mv. blir endra slik:

§ 1-2 andre ledd skal lyde:

Departementet kan gi forskrifter om lovens anvendelse på Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen og kan fastsette særlige regler under hensyn til de stedlige forhold .

§ 1-7 b tredje og fjerde ledd skal lyde:

I vurderingen av om en person har vesentlig innflytelse på virksomheten, kan det også tas hensyn til personens nærståendes innflytelse på virksomheten. Med nærstående menes

1) ektefelle eller person som vedkommende bor sammen med i ekteskapslignende forhold

2) slektninger i rett oppstigende eller nedstigende linje, samt søsken

3) ektefelle til eller person som bor sammen med person som nevnt i nummer 2 i ekteskapslignende forhold

Ved vurderingen av bevillingshavers og andre personers vandel etter første ledd kan det ikke tas hensyn til forhold som er eldre enn 10 år.

Noverande § 1-7b fjerde og femte ledd blir femte og sjette ledd.§ 3-1 første og andre ledd skal lyde:

Salg av alkoholholdig drikk med høyere alkoholinnhold enn 4,7 volumprosent kan bare foretas av AS Vinmonopolet på grunnlag av kommunal bevilling, eller på grunnlag av tillatelse som nevnt i § 3-1a.

Salg av annen alkoholholdig drikk enn nevnt i første ledd kan bare foretas på grunnlag av kommunal bevilling, eller på grunnlag av tillatelse som nevnt i § 3-1a . Det gjelder også der salget skal drives av et selskap som helt eller delvis eies av kommunen. Bevillingen gjelder for et bestemt lokale og en bestemt type virksomhet. Salgsbevilling kan ikke ut­øves sammen med skjenkebevilling i samme lokale.

Ny § 3-1a skal lyde:§ 3-1a. Salg av alkoholholdig drikk på flyplasser

Avgiftsfritt salg av alkoholholdig drikk kan skje etter tillatelse fra toll- og avgiftsetaten. Tillatelse kan kun gis for salg til reisende på vei til utland fra norske flyplasser eller til reisende som ankommer norske flyplasser fra utland. Tillatelse kan ikke gis for reisende på vei til eller fra Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen.

For slikt salg gjelder § 3-1 sjette ledd tilsvarende.

IV

Ikraftsetjings- og overgangsføresegner

1. Endringane i folketrygdlova § 9-6 andre ledd trer i kraft 1. juli 2005.

2. Endringane i lov i lov 17. desember 2004 nr. 85 om lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte andre lover punkt IV nr. 2 trer i kraft straks.

3. Endringane i alkohollova § 3-1 første og andre ledd og § 3-1a gjeld frå den tid Kongen fastset. Kongen kan fastsetje nærare overgangsreglar.

4. Endringane i alkohollova § 1-2 andre ledd og § 1-7 b skal gjelde frå den tid Kongen fastset.

Oslo, i sosialkomiteen, den 7. juni 2005

John I. Alvheim Per Steinar Osmundnes
leiar ordførar