Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå sosialkomiteen om lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte andre lover

Dette dokument

Innhold

Til Odelstinget

Arbeids- og sosialdepartementet gjer i Del I i proposisjonen framlegg til endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova) og i ei rekkje andre lover.

Forslaga gjeld:

  • Auka grunnpensjon for gifte og sambuande pensjonistar

  • Innføring av eit delansvar for arbeidsgivaren i perioden med sjukepengar frå folketrygda, samtidig som arbeidsgivarperioden vert redusert

  • Skjerpa krav til tenleg attføring og til dokumentasjon av funksjonsevna

  • Omgrepet "foreløpig uførestønad" vert endra til "foreløpig uførepensjon".

  • Einslege forsørgjarar som tek utdanning eller arbeider i heimen, skal kunne få stønad til barnetilsyn.

Pensjon frå folketrygda vert gitt som grunnpensjon og tilleggspensjon/særtillegg. Grunnpensjonen vert gitt etter ulike satsar for einslege og gifte. Dette er ei vidareføring av ei tilsvarande ordning i den behovsprøvde alderstrygda frå 1936, som vart avløyst av ei samordningspliktig alderstrygd for alle i 1959. Alderstrygda for ektepar utgjorde 150 prosent av alderstrygda for einslege. Systemet med differensierte satsar for ektepar og einslege vart ført vidare då folketrygda kom i 1967.

Full grunnpensjon for einslege pensjonistar utgjer nå 100 prosent av grunnbeløpet i folketrygda (58 778 kroner per 1. mai 2004), men 82,5 prosent av grunnbeløpet (48 492 kroner) når pensjonisten lever saman med ein ektemake som får pensjon frå folketrygda eller avtalefesta pensjon. Ein pensjonist som har ektemake med ei årleg inntekt på meir enn to gonger grunnbeløpet, får òg grunnpensjon etter låg sats. Sambuarar som har eller har hatt felles barn, som har vore gift med kvarandre før, eller som har levd saman i 12 av de siste 18 månadene, får grunnpensjon etter dei same reglane som gifte.

Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2003 vart regjeringspartia og Framstegspartiet samde om å auke grunnpensjonen til ektepar og sambuande slik at den vert sett til 1,6 G i 2003, til 1,65 G i 2004 og til 1,7 G i 2005. Som ei oppfølging av avtalen foreslår departementet at folketrygdlova § 3-2 fjerde og femte leddet blir endra slik at grunnpensjonen for gifte og sambuande pensjonistar vert sett opp frå 82,5 prosent av grunnbeløpet til 85 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2005. Samstundes vert folketrygdlova § 3-4 tredje leddet foreslått justert slik at det går fram at minstepensjonen for ektepar etter endringa vil utgjere til saman 170 prosent av grunnbeløpet pluss to gonger særtillegget etter ordinær sats.

Auken av grunnpensjonen for ektemakar skal vere avgrensa til grunnpensjonen, og tek ikkje sikte på å endre inntektsprøvinga av forsørgingstillegg. For å unngå ei slik endring foreslår departementet at folketrygdlova § 3-26 femte leddet bokstav a vert end­ra slik at inntektsprøvinga av forsørgingstillegga skal skje med det same fribeløpet i kroner som i dag. For å oppnå dette må talet 10 i § 3-26 femte leddet bokstav a byttast ut med talet 5. Endringa får ikkje økonomiske konsekvensar for pensjonistar med forsørgingstillegg.

Lovendringa vert foreslått å gjelde frå 1. mai 2005. Meirutgiftene for folketrygda er rekna til 522 mill. kroner på årsbasis, og meirutgiftene til avtalefesta pensjon med statstilskot er rekna til 3 mill. kroner.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bjarne Håkon Hanssen, Britt Hildeng, Asmund Kristoffersen og Gunn Olsen, fra Høyre, Beate Heie­ren Hundhammer, Bent Høie og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Fremskrittspartiet, lederen John I. Alvheim og Harald T. Nesvik, fra Sosialistisk Vens­treparti, Olav Gunnar Ballo og Sigbjørn Molvik, fra Kristelig Folkeparti, Åse Gunhild Woie Duesund og Per Steinar Osmundnes, og fra Senterpartiet, Ola D. Gløtvold, er fornøyd med at Regjeringen foreslår å øke grunnpensjonen for gifte og samboende pensjonister fra 82,5 til 85 prosent av grunnbeløpet. Endringen gjelder også for avtalefestet pensjon med tilskudd fra staten (AFP). Komiteen viser til at forslaget følger opp avtalen mellom Fremskrittspartiet og regjeringspartiene høsten 2002 ved behandlingen av statsbudsjettet for 2003.

Frå 1. april 1998 vert det som hovudregel gitt sjukepengar frå trygda frå den 17. sjukedagen og deretter i ein periode på inntil 248 dagar, jf. folketrygdlova § 8-12. Arbeidstakarar har rett til sjukepengar frå arbeidsgivaren i dei første 16 dagane. Dette tidsrommet vert kalla arbeidsgivarperioden. For arbeidstakarar som har ein langvarig eller kronisk sjukdom som medfører risiko for eit særleg stort samla sjukefråvær, kan det etter vedtak av trygdekontoret bli gjort unntak frå reglane om arbeidsgivaransvar, jf. § 8-20. Det samme gjeld for arbeidstakarar med ein sjukdom som medfører risiko for gjentekne sjukefråvær i ein avgrensa periode.

Arbeidsgivarar som har få tilsette, kan mot ei særskilt avgift delvis forsikre seg mot ansvaret for sjukepengar i arbeidsgivarperioden.

Etter ferielova skal den som utbetaler sjukepengar, også utbetale feriepengar av ytinga.

Det vert i proposisjonen peika på at sjukefråværet har auka monaleg dei siste ti åra. Auken i det trygdefinansierte sjukefråværet i denne perioden aleine tilsvarar ein reduksjon på om lag 50 000 årsverk.

For å motverke langtidssjukefråværet er det frå 1. juli 2004 innført nye sjukmeldingsreglar, jf. Ot. prp. nr. 48 (2003-2004) og Innst. O. nr. 81 (2003-2004). Desse reglane stiller større krav til aktivitet både frå lege, arbeidstakar og arbeidsgivar.

Regjeringa meiner at arbeidet med å redusere langtidssjukefråværet må intensiverast, og det vert foreslått at arbeidsgivarane får eit delansvar for sjukepengar etter utløpet av arbeidsgivarperioden på 10 prosent.

Regjeringa legg vekt på å videreføre det gode samarbeidet med partane i arbeidslivet om gjennomføringa av IA-avtalen og vil halde fram med samarbeidet med partane, men innanfor dei nye rammene som forslaget om endringar i sjukelønnsordninga inneber.

Regjeringa meiner eit delansvar i heile sjukepengeperioden vil gi arbeidsgivarar som arbeider systematisk for å motverke og redusere dei lange sjukefråværa, ein økonomisk gevinst. Vidare meiner Regjeringa at forslaget vil støtte opp under dei nye sjukmeldingsreglane og styrke dialogen mellom arbeidsgivar og arbeidstakar om nødvendige tilretteleggingstiltak.

Som ein delvis kompensasjon for meirutgiftene for arbeidsgivarane vert det foreslått at arbeidsgivarperioden reduserast med to kalenderdagar frå 16 til 14 dagar.

Det blir peika på at ei innføring av eit delansvar for arbeidsgivarane i heile sjukepengeperioden kan føre til at dei vert meir skeptiske til å tilsetje personar med kroniske sjukdomar. Departementet foreslår difor at den gjeldande skjermingsordninga for langvarig og kronisk sjuke arbeidstakarar som har risiko for særleg stort sjukefråvær, vert utvida til å gjelde også for delansvaret for sjukepengar. Departementet meiner at ei slik utviding av skjermingsordninga vil medverke til å unngå eventuelle negative følgjer av medfinansieringsansvaret for arbeidsgivaren.

Frå 1. april 2002 vart folketrygdlova § 8-20 utvida til å omfatte sjukefråvær på grunn av sjukdom relatert til svangerskap. Departementet meiner at eit delansvar for arbeidsgivarane i perioden med sjukepengar frå folketrygda ikkje bør omfatte tilfella der arbeidsgivaren får refusjon for sjukepengane i arbeidsgivarperioden.

Det vert foreslått at forsikringsordninga for mind­re bedrifter òg skal dekkje delansvaret til arbeidsgivarane for sjukepengar utover arbeidsgivarperioden. Vidare vert det foreslått at ordninga vert utvida til å omfatte bedrifter med lønnsutgifter opp til 80 gonger grunnbeløpet. Premiesatsen, som i dag er 1,9 prosent av lønnsutgiftene, vert foreslått heva til 2,3 prosent.

Det vert foreslått at arbeidsgivaren òg skal yte feriepengar av den delen av sjukepengane som arbeidsgivaren utbetaler (10 prosent) opp til 50 dagar etter utløpet av eventuelle arbeidsgivarperiodar kvart oppteningsår.

Forslaget om reduksjon av arbeidsgivarperioden til 14 dagar fører til at perioden som ein ikkje kan få reisetilskot i, reduserast tilsvarande.

Departementet foreslår at ventetida for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar vert redusert til 14 kalenderdagar, tilsvarande arbeidsgivarperioden.

Til arbeidstakarar, sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar vert det i dag gitt sjukepengar frå folketrygda i til saman 248 dagar i dei siste tre åra. Når arbeidsgivarperioden og ventetida for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar vert foreslått redusert frå 16 til 14 kalenderdagar, må maksimaltida for sjukepengar frå trygda bli auka tilsvarande til 250 dagar, eller 50 veker.

Ved yrkesskade vert det gitt sjukepengar frå trygda utan omsyn til reglane om opptening av ein ny stønadsperiode. Det vert foreslått at maksimal periode med sjukepengar frå trygda vert utvida i samsvar med reduksjonen i arbeidsgivarperioden.

Folketrygdlova § 10-8 regulerer vilkåra for rett til rehabiliteringspengar. Rett til rehabiliteringspengar får ein etter utløpet av sjukepengeperioden. Som følgje av forslaget om å redusere arbeidsgivarperioden og ventetida for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar og auken av talet dagar med sjukepengar frå trygda, vert talet sjukepengedagar for dei to nemnde gruppene endra frå 248 til 250.

Endringane som skal gjelde for nye tilfelle, vert foreslått gjennomført frå 1. april 2005.

Ein reduksjon av arbeidsgivarperioden vil føre med seg ei viss administrativ meirbelastning for trygdeetaten. Innføringa av eit delansvar for arbeidsgivarane vil ikkje innebere administrative konsekvensar for trygdeetaten, medan arbeidsgivarar som ikkje utbetaler lønn under sjukdom, vil få eit visst meirarbeid.

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti, har merket seg at Regjeringen fremmer forslag om å innføre et delansvar for arbeidsgiver i perioden med sykepenger fra folketrygden på 10 prosent, samtidig som arbeidsgiverperioden blir redusert fra 16 til 14 dager. Flertallet merker seg at man samtidig foreslår at gjeldende skjermingsordning for langvarig eller kronisk syke arbeidstagere som har risiko for særlig stort sykefravær, samt gravide med sykefravær relatert til svangerskapet, blir utvidet til å gjelde også for arbeidsgivernes delansvar. Flertallet viser videre til at forsikringsordningen mot ansvar for sykepenger i arbeidsgiverpe­rioden blir utvidet til å gjelde arbeidsgivers delansvar og til å omfatte bedrifter med lønnsutgifter opp til 80 G.

Flertallet merker seg med tilfredshet at prognosene for det trygdefinansierte sykefraværet viser en nedgang på 4,5 prosent i år og ytterligere 1 prosent neste år. De gode prognosene gir grunn til optimisme. Flertallet vil imidlertid påpeke at vi fortsatt vil være langt fra å nå målet i IA-avtalen ved utgangen av 2005. Ett av målene i IA-avtalen er å redusere sykefraværet med 20 prosent innen utgangen av 2005. Sykefraværet har imidlertid fortsatt å øke siden avtalen ble inngått høsten 2001. Flertallet mener derfor at forslaget om et delansvar for arbeidsgiverne i hele sykepengeperioden er et viktig insentiv for å gjøre det lønnsomt for virksomhetene å forebygge og redusere langtidsfravær.

Flertallet viser til budsjettavtalen mellom regjeringspartiene og Fremskrittspartiet og foreslår at ikrafttredelse av endringene i folketrygdloven § 8-12 første og andre ledd, § 8-14 andre ledd, § 8-17, § 8-18 nytt tredje, fjerde, femte og sjette ledd, § 8-19 førs­te, tredje og fjerde ledd, § 8-20 første og andre ledd, § 8-21 første og tredje ledd, § 8-22 første ledd, § 8-24 fjerde ledd, § 8-28 overskriften og første ledd, § 8-33 første ledd, § 8-34 andre ledd, § 8-36 første og andre ledd, § 8-38 andre ledd, § 8-39 første og andre ledd, § 8-55 første ledd og § 10-8 tredje ledd, § 23-6 og endringene i ferieloven utsettes til 1. juli 2005.

Flertallet vil be Regjeringen foreta en ny vurdering av forslaget dersom det viser seg at fraværet går ned mer enn forventet.

Flertallet støtter også forslaget om å redusere ventetiden for rett til sykepenger for selvstendig næringsdrivende og frilansere til 14 dager, tilsvarende arbeidsgiverperioden.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet legger til grunn at IA-avtalen forutsetter at det ikke gjøres endringer i dagens sykelønnsordning. IA-satsingen fordrer kompetanse og kapasitet til personaloppfølging. Arbeidet i den enkelte virksomhet synes nå å gi resultater. Dette arbeidet må fortsette med økt styrke. Nye tiltak må ikke motvirke IA-avtalens hovedmål. En generell overvelting av utgifter på bedriftene svekker konkurranseevnen og øker utgiftene til fellesskapets tjenester ved at for eksempel kommuner og sykehus får merutgifter. En endring nå kan føre til at alle typer virksomheter vil vegre seg for å tilsette medarbeidere med sykefraværsrisiko. Selv om det er mulighet til å slippe arbeidsgiveransvar for arbeidstakere med langvarig eller kronisk sykdom og gravide ved søknad til trygdekontoret, kan de nye reglene samlet likevel resultere i et mindre inkluderende arbeidsliv og tøffere oppsigelsespraksis. Å øke arbeidsgivers økonomiske ansvar for sykefravær er et klart avtalebrudd. Det er uakseptabelt. Et slikt brudd skaper utrygghet på alle arenaer ved at Regjeringen opptrer helt uforutsigbart som avtalepart.

Disse medlemmer går imot Regjeringas forslag om å innføre et delansvar for arbeidsgivere i perioden med sykepenger fra folketrygden på 10 prosent. Disse medlemmer mener dette er et brudd på intensjonsavtalen om et mer inkluderende arbeidsliv (IA-avtalen). Denne avtalen baserer seg på et trepartssamarbeid mellom arbeidstakere, arbeidsgivere og staten. Denne avtalen ble fornyet 2. desember 2003 der det i pkt. 2 heter:

"Eksisterende avtaletekst legges til grunn, med følgende presiseringer; Avtalens formulering i pkt. 3.6 underpunkt i, endres til: Regjeringen vil ikke foreslå overfor Stortinget at det i avtaleperioden gjøres endringer i dagens sykelønnsordning verken for arbeidstakere elle arbeidsgivere med mindre alle parter i avtalen er enige om det."

Disse medlemmer viser til at det fra så vel arbeidsgiverorganisasjonene som arbeidstakerorganisasjonene er kommet sterke innsigelser på Regjeringas forslag.

Disse medlemmer viser videre til at det er klare tegn som tyder på at IA-avtalen nå begynner å gi positive resultater i form av en nedgang i antallet langtids sykemeldte. I en slik fase er det avgjørende viktig at avtalepartene lojalt følger opp forutsetningene i avtalen og ikke skaper usikkerhet om viljen til å overholde denne.

Disse medlemmer mener også at forslaget om utvidet arbeidsgiveransvar i sykelønnsperioden vil kunne føre til at arbeidsgivere vil vegre seg for å ansette arbeidstakere som har eller har hatt noen form for sykdom eller yrkeshemming. En slik utvikling vil være i direkte strid med intensjonene i avtalen.

Disse medlemmer avviser avtalebrudd og vil stemme mot forslagene til endring av folketrygdloven § 8-12 første og andre ledd, § 8-14 andre ledd, § 8-17, § 8-18 nytt tredje, fjerde, femte og sjette ledd, § 8-19 første, tredje og fjerde ledd, § 8-20 første og andre ledd, § 8-21 første og tredje ledd, § 8-22 første ledd, § 8-24 fjerde ledd, § 8-28 overskriften og første ledd, § 8-33 første ledd, § 8-34 andre ledd, § 8-36 første og andre ledd, § 8-38 andre ledd, § 8-39 første og andre ledd, § 8-55 første ledd og § 10-8 tredje ledd, § 23-6 og endringene i ferieloven.

Disse medlemmer støtter forslag som kan bidra ytterligere til inkludering i arbeidslivet, og mener at lønnssubsidium for uføretrygd vil være et godt supplerende tiltak for å hindre utstøting av arbeidslivet og for utprøving av arbeidsevne. Disse medlemmer mener derfor tiltaket bør omfatte alle med varig og midlertidig uføretrygd og viser til forslag fremmet i Budsjett-innst. S. nr. 11 (2004-2005).

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti, viser til at ordningen med bruk av uførepensjon som lønnstilskudd bare skal gjelde for personer som har fått innvilget uførepensjon før 2004. Personer som har fått innvilget uførepensjon etter dette tidspunktet, anses å ha en varig nedsatt arbeidsevne uten mulighet til å komme tilbake i arbeid på sikt. Uførepensjonister som omfattes av lønnstilskuddsordningen, skal ha en hvilende pensjonsrett som innebærer at de vil kunne få tilbake uførepensjonen derom arbeidsforsøket ikke lykkes. Lønnstilskuddet skal kunne gis i tre år.

Flertallet viser til at tidsbegrenset uførestønad er en korttidsytelse som kan gis i inntil fire år. Målet er at så mange som mulig av stønadsmottakerne skal tilbake i arbeid på heltid eller deltid. Trygdeetaten har egne oppfølgingsrutiner for mottakere av tidsbegrenset uførestønad. Blant annet skal det lages en oppfølgingsplan innen tre måneder. Stønadsperioden med tidsbegrenset uførestønad bør i de fleste tilfeller være kortere enn tre år.

Flertallet viser også til at ordningen med uførepensjon som lønnstilskudd er et forsøk som vil bli evaluert. Flertallet mener at ordningen i første omgang bør forbeholdes uførepensjonister.

For å få tidsavgrensa uførestønad eller uførepensjon må den det gjeld ha gjennomgått tenleg behandling og attføring for å betre inntektsevna eller arbeidsevna. Når ein skal avgjere om behandlings- eller attføringstiltak er tenlege, vert det lagt vekt på alder, evner, utdanning, yrkesbakgrunn og utsiktene til å få arbeid.

Departementet meiner at det bør skje ei generell skjerping av kravet om at ein skal freiste attføring før ei uføreyting vert gitt, ikkje berre i høve til spesielle diagnose- eller aldersgrupper. Det vert uttala at attføring skal prøvast i alle saker, med mindre det er openbert at det ikkje er tenleg.

For å gjere det klårt at det skal skje ei grundig og systematisk funksjonsvurdering før uføreytingar vert gitt, foreslår departementet at det vert presisert i lova at det skal vere dokumentert i saka at funksjonsevna har vore vurdert.

Lovendringa vert foreslått å tre i kraft 1. januar 2005. Forslaget vil ikkje få særlege administrative konsekvensar for trygdeetaten. Endringa kan få administrative og økonomiske konsekvensar for Aetat pga. fleire saker som skal vurderast, og eventuelt fleire personar som skal få tilbod om tiltak.

Dei administrative og økonomiske verknadene av dette vil bli vurdert i dei årlege budsjettrundane.

Komiteenstøtter Regjeringens forslag om skjerpede krav til tjenlig attføring og dokumentasjon av funksjonsevnen i alle uføresaker. Komiteen understreker at arbeidslivet skal ha plass til alle som kan og vil arbeide. Derfor er det et mål at personer med nedsatt funksjonsevne i størst mulig grad skal kunne fortsette med eller komme i arbeid og bruke sine evner til beste for seg selv og samfunnet.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til at det er liten sammenheng i regelverket. Mange med langvarige rehabiliteringsopplegg mister rehabiliteringspenger og blir ikke fanget opp av regelverket om tidsbegrenset uførestønad. Kravene om attføring og dokumentasjon av funksjonsevne må ikke føre til at enda flere faller utenfor trygdesikring i en vanskelig livssituasjon. Disse medlemmer understreker viktigheten av at trygdekontorene i sin praktisering av regelverket nå virkelig retter seg etter nye direktiver om fortolkning av vilkårene for rett til uføreytelser i brev av 20. oktober 2004 fra Arbeids- og sosialdepartementet til Rikstrygdeverket der det bl.a. heter:

"Det er et overordnet mål at folketrygden skal gi økonomisk trygghet ved å sikre inntekt ved sykdom og uførhet. Selv om det stilles krav til varighet for begge uføreytelsene kan ikke vilkårene i praktiseres like strengt i en tidsbegrenset stønadsordning som kan gis for ett til fire år, i motsetning til en varig pensjonsordning. En likeartet praktisering av vilkårene for de to ytelsene vil medføre at en del personer som er for syke til å vende tilbake til arbeidslivet eller gå over på yrkesrettet attføring, må forsørges av familie eller søke om økonomisk sosialhjelp. Slike konsekvenser vil ikke være i tråd med de senere endringene i regelverket, jf. Uttalelsen i Ot.prp.nr. 10 (2003-2004) om at de aktuelle alternativene etter tre års stønadsperiode vil være tilbakevending til arbeidslivet, yrkesrettet attføring, uførepensjon eller tidsbegrenset uførestønad."

Disse medlemmer legger til grunn at det overordnede målet for folketrygden innebærer at skjerpede krav til attføring og dokumentasjon av funksjonsevne ikke fører til nye utstøtingsmekanismer fra trygdesystemet.

Disse medlemmer vil påpeke at lovendringen ikke skal påføre yrkeshemmede unødige belastninger som ikke tjener noen fornuftig hensikt. Disse medlemmer vil også påpeke at endringen forutsetter at det er tilstrekkelig volum, kvalitet og varighet i attføringen dersom den skal ha en positiv effekt for de det gjelder.

Disse medlemmer anser forslaget om at dokumentasjonskravet når det gjelder vurdering av funksjonsevnen, skal inn i loven, kun å være en presisering av lovteksten. Slik disse medlemmer ser det, dreier det seg m.a.o. ikke om en endring av selve grunnlaget for eller kriteriene for funksjonsvurderingen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet støtter forslaget om en skjerping av kravet om attføring, men vil understreke at slik skjerping ikke må praktiseres slik at krav om attføringstiltak også blir stilt til personer som åpenbart er ute av stand til å oppnå resultater gjennom attføring, og som har en diagnose som gjør at uførepensjon er en uunngåelig løsning. Disse medlemmer anser det naturlig at det stilles krav til alle som vurderes for tidsbegrenset uførestønad, og som altså blir vurdert å ha en mulighet til å vende tilbake til yrkesaktivitet etter gjennomgått attføringsforsøk.

Etter folketrygdlova § 12-16 kan ein person som har sett fram krav om uførepensjon, få førebels uførestønad før det er gjort vedtak om uførepensjonen dersom det er sannsynlig at pensjon blir gitt.

Etter at tidsavgrensa uførestønad vart innført, er det lett for brukarane å blande saman desse omgrepa. Det blir peika på at ettersom førebels uførestønad vert gitt til personar som det er sannsynleg vil få uførepensjon, er ytinga i realiteten ein førebels uførepensjon. Departementet foreslår derfor å endre terminologien slik at i dei føresegnene i lovverket der omgrepet "foreløpig uførestønad" er nytta, vert dette end­ra til "foreløpig uførepensjon".

Lovendringane vert foreslått å tre i kraft 1. januar 2005 og har ingen økonomiske eller administrative konsekvensar.

Komiteen har ikke innsigelser mot at begrepet foreløpig uførestønad blir endret til foreløpig uførepensjon.

Hovudvilkåra for stønad til barnetilsyn er å finne i § 15-11 første leddet bokstav a og b. For det første er det eit krav at den einslege forsørgjaren på grunn av arbeid eller utdanning må overlate nødvendig tilsyn med barnet til andre, og at dette tilsynet er betalt. Vidare er det eit vilkår etter § 15-11 fjerde leddet at utgiftene er dokumenterte.

Ordlyden i lova fører til at stønad til barnetilsyn ikkje vert gitt dersom arbeidet eller utdanninga blir gjennomført i heimen. Dette gjeld òg når barnet har ei tilsynsordning utanfor heimen.

Det vert peika på at inntektsgivande arbeid og utdanning i dag i stor mon kan skje i heimen, og at det er ein aukande bruk av heimekontor.

Departementet meiner difor at tida er inne til å tilpasse reglane til dei einslige forsørgjarane som ynskjer å arbeide eller studere heime, og foreslår at ein tar bort vilkåret i folketrygdlova § 15-11 første leddet bokstav a om at arbeid eller utdanning skal skje utanfor heimen.

Lovendringa vert foreslått å tre i kraft 1. januar 2005. Meirutgiftene for folketrygda er på usikkert grunnlag rekna til 2 mill. kroner i 2005. Det er likevel venta ei viss innsparing i overgangsstønad i åra framover ved at noko fleire einslege forsørgjarar kjem i arbeid eller kan auke arbeidsinntekta si.

Forslaget har ikkje nemnande administrative konsekvensar.

Komiteen er enig i forslaget om at stønad til barnetilsyn også skal kunne ytes til enslige forsørgere som er under utdannelse i hjemmet eller har lønnet arbeid der. Tiltaket er et ledd i Regjeringens tiltaksplan mot fattigdom og vil gjøre det mulig for flere enslige forsørgere å bli bedre kvalifisert til arbeidslivet.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet er enig i forslag om stønad til barnetilsyn til enslig forsørger som er under utdannelse i hjemmet eller har lønnet arbeid der. Disse medlemmer mener at uføretrygdede som er eneforsørgere, også kan ha behov for støtte til barnetilsyn i visse tilfeller. Noen uføre skal prøve seg i arbeid med lønnssubsidium, og andre kan ha lite krefter til å gi barna stimulerende og aktive tilbud i hverdagen. På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen utrede behovet for stønad til barnetilsyn for uføre enslige forsørgere og uføre forsørgere som skal prøve seg i arbeid."

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti har merket seg at departementet har planlagt en evaluering av uførereformen i to faser, der første fase gjennomføres når reformen har fått virke om lag ett år. I fase 1 vil man belyse situasjonen for kvinner og barnefamilier særskilt og se innføringen av ordningen i et likestillingsperspektiv. Evalueringen vil også danne grunnlag for en vurdering av eventuelle endringer i barnetillegget for mottagere av tidsbegrenset uførestønad. Disse medlemmer ønsker å avvente konklusjonene fra denne evalueringen før man vurderer eventuelle endringer i regelverket.

Framlegg frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet:

Stortinget ber Regjeringen utrede behovet for stønad til barnetilsyn for uføre enslige forsørgere og uføre forsørgere som skal prøve seg i arbeid.

Tilrådinga til endringane i ferielova og i folketrygdlova § 8-12 første og andre leddet, § 8-14 andre leddet, § 8-17, § 8-18 nytt tredje, fjerde, femte og sjette leddet, § 8-19 første, tredje og fjerde leddet, § 8-20 første og andre leddet, § 8-21 første og tredje leddet, § 8-22 første leddet, § 8-24 fjerde leddet, § 8-28 overskrifta og første leddet, § 8-33 første leddet, § 8-34 andre leddet, § 8-36 første og andre leddet, § 8-38 andre leddet, § 8-39 første og andre leddet, § 8-55 første leddet og § 10-8 tredje leddet og § 23-6 vert fremja av Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti.

Resten av tilrådinga vert fremja av ein samla komité.

Komiteen viser til proposisjonen og merknadene og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov

om endringar i folketrygdlova og i enkelte andre lover

I

I lov 28. februar 1997 nr. om folketrygd (folketrygdloven) skal det gjerast følgjande endringar:

§ 3-2 fjerde og femte leddet skal lyde:

Full grunnpensjon utgjør likevel 85 prosent av grunnbeløpet dersom pensjonisten lever sammen med en ektefelle

a) som får foreløpig uførepensjon, uførepensjon eller alderspensjon,

b) som får avtalefestet pensjon som det godskrives pensjonspoeng for, se § 3-19 sjette ledd, eller

c) som har en årlig inntekt, inkludert kapitalinntekt, som er større enn to ganger grunnbeløpet.

I tillegg til de personene som er likestilt med ektefeller etter § 1-5 skal bestemmelsene i fjerde ledd også gjelde for samboerpar som har levd sammen i 12 av de siste 18 månedene. Full grunnpensjon skal utgjøre 85 prosent av grunnbeløpet også når pensjonistens samboer får pensjon eller overgangsstønad etter kapitlene 16 eller 17.

§ 3-4 tredje leddet skal lyde:

For et ektepar utgjør minstepensjonen 170 prosent av grunnbeløpet tillagt to ganger særtillegget etter ordinær sats.

§ 3-26 femte leddet bokstav a skal lyde:

Fribeløpet som er nevnt i første ledd fastsettes etter følgende alternativer:

a) Dersom pensjonisten har rett til ektefelletillegg, men ikke barnetillegg, skal fribeløpet svare til minstepensjonen (§ 3-4) for ektepar tillagt 5 prosent av grunnbeløpet.

§ 8-12 første og andre leddet skal lyde:

Når et medlem har mottatt sykepenger fra trygden i til sammen 250 dager i de siste tre årene, opphører retten til sykepenger fra trygden. Dersom trygden yter sykepenger i de første 14 kalenderdagene, ytes sykepenger i opptil 260 dager.

Et medlem som har vært helt arbeidsfør i 26 uker etter at vedkommende sist fikk sykepenger fra trygden, får igjen rett til sykepenger fra trygden i 250 eller 260 sykepengedager. Ved vurderingen av om medlemmet har vært helt arbeidsfør, ses det bort fra perioder da vedkommende har mottatt sykepenger i arbeidsgiverperioden eller fra forsikringen for selvstendig næringsdrivende og frilansere for de første 14 kalenderdagene.

I § 8-14 andre leddet og § 8-36 første leddet bokstaven b vert talet 17 erstatta med talet 15.

§ 8-17 skal lyde:§ 8-17 Sykepenger fra trygden

Trygden yter sykepenger med 90 prosent av sykepengegrunnlaget etter utløpet av arbeidsgiverperioden, se §§ 8-10 og 8-19.

Trygden yter sykepenger med 100 prosent av sykepengegrunnlage, se § 8-10

a)når arbeidstakeren har rett til sykepenger i de første 14 kalenderdagene av sykefraværet, men arbeidsgiveren ikke er forpliktet til å yte sykepenger etter § 8-18,

b)under streik eller lockout, etter bestemmelsene i § 8-31,

c)under nødvendig kontrollundersøkelse som krever minst 24 timers fravær, se § 8-4 andre ledd bokstav e,

d)når arbeidstakeren er donor, se § 8-4 andre ledd bokstav i,

e)når trygden dekker sykepenger i arbeidsgiverperioden etter § 8-20 første og andre ledd.

Det ytes ikke sykepenger fra trygden under lovbestemt ferie etter lov av 29. april 1988 nr. 21 om ferie § 5 og permisjon, se også § 8-3 tredje ledd.

§ 8-18 skal lyde:§ 8-18 Sykepenger fra arbeidsgiveren

For å få rett til sykepenger fra arbeidsgiveren må arbeidstakeren ha vært ansatt hos arbeidsgiveren i minst fire uker (opptjeningstid). Fravær uten gyldig grunn regnes ikke med i opptjeningstiden.

Dersom arbeidstakeren slutter i arbeidet, men igjen begynner å arbeide hos den samme arbeidsgiveren innen to uker, regnes det tidligere arbeidsforholdet med når opptjeningstiden skal beregnes.

Sykepenger fra arbeidsgiveren i arbeidsgiverperioden, se § 8-19, ytes med 100 prosent av sykepengegrunnlaget. Etter utløpet av arbeidsgiverperioden ytes sykepenger fra arbeidsgiveren med 10 prosent (arbeidsgivers delansvar) av sykepengegrunnlaget, se § 8-10, i inntil 250 dager, se § 8-12.

Sykepenger fra arbeidsgiveren ytes tidligst fra og med den dag arbeidstakeren har gitt melding om arbeidsuførheten til arbeidsgiveren, såfremt det har vært mulig for arbeidstakeren å gi slik melding. Plikten til å gi melding gjelder også når det foreligger legeerklæring. Retten til sykepenger faller bort dersom arbeidsgiveren skal betale sykepenger på grunnlag av legeerklæring (§ 8-7), og legeerklæringen ikke er sendt til arbeidsgiveren innen 14 dager etter at arbeidsgiveren kan kreve slik erklæring.

Sykepenger fra arbeidsgiveren i arbeidsgiverperioden ytes bare for dager som det skulle ha vært utbetalt lønn for.

Arbeidstakerens rett til sykepenger fra arbeidsgiveren faller bort når arbeidsforholdet opphører, dersom tidspunktet for opphøret var fastsatt før arbeidsuførheten oppstod.

I § 8-19 første, tredje og fjerde leddet, § 8-24 fjerde leddet andre punktumet, § 8-34 andre leddet, § 8-36 andre leddet, § 8-38 andre leddet og § 8-39 første, andre og fjerde leddet vert talet 16 erstatta med talet 14.

§ 8-20 første leddet første punktumet skal lyde:

Dersom en arbeidstaker har langvarig eller kronisk sykdom som medfører risiko for særlig stort sykefravær, kan arbeidstakeren selv eller arbeidsgiveren søke om at trygden dekker utgiftene til sykepenger som arbeidsgiveren skal yte etter § 8-18.

§ 8-20 andre leddet skal lyde:

Dersom en arbeidstaker er sykmeldt på grunn av svangerskapsrelatert sykdom, og tilretttelegging eller omplassering til annet arbeid i virksomheten ikke er mulig, kan arbeidstakeren selv eller arbeidsgiveren søke om at trygden dekker utgiftene til sykepenger som arbeidsgiveren skal yte etter § 8-18.

§ 8-21 første leddet skal lyde:

En arbeidsgiver kan forsikre seg mot ansvar for sykepenger etter § 8-18 når de samlede lønnsutbetalingene i det foregående året ikke overstiger 80 ganger grunnbeløpet.

§ 8-21 tredje leddet andre punktumet skal lyde:

Etter utløpet av arbeidsgiverperioden utbetaler trygden sykepenger med 10 prosent av sykepengegrunnlaget direkte til arbeidstakeren, se § 8-18 tre­dje ledd.

§ 8-22 første leddet skal lyde:

Dersom en arbeidsgiver ikke betaler sykepenger som han er forpliktet til å yte etter § 8-18, skal trygden utbetale sykepengene. Beløpet som er utbetalt, skal trygden kreve tilbake fra arbeidsgiveren.

Overskrifta til § 8-28 skal lyde:

§ 8-28 Sykepengegrunnlaget når arbeidsgiveren yter sykepenger

§ 8-28 første leddet skal lyde:

Når arbeidsgiveren yter sykepenger i arbeidsgiverperioden og med 10 prosent (arbeidsgivers delansvar) etter utløpet av arbeidsgiverperioden, fastsettes sykepengegrunnlaget som nevnt i § 8-10 etter en beregnet aktuell ukeinntekt, se § 8-29.

§ 8-33 første leddet skal lyde:

Trygden yter feriepenger av sykepenger som trygden har utbetalt til en arbeidstaker etter § 8-17. Feriepenger ytes bare for de første 50 sykepengedagene i opptjeningsåret, se ferieloven § 10 nr. 4.

§ 8-55 første leddet bokstav f skal lyde:

f) Sykepenger fra trygden ytes i opptil 250 eller 260 dager uten hensyn til bestemmelsene i § 8-12.

§ 10-8 tredje leddet bokstavane a og b skal lyde:

a) har mottatt sykepenger fra trygden i til sammen 250 eller 260 sykepengedager i løpet av de siste tre årene (§8-12), og fortsatt er arbeidsufør,

b) har mottatt sykepenger fra trygden i til sammen 250 eller 260 sykepengedager i løpet av de siste tre årene (§8-12), og igjen blir arbeidsufør mens vedkommende er i arbeid uten å ha opparbeidet seg rett til sykepenger på nytt,

§ 12-5 skal lyde:§ 12-5. Hensiktsmessig behandling og attføring

Det er et vilkår for rett til ytelser etter dette kapitlet at vedkommende har gjennomgått hensiktsmessig behandling for å bedre arbeidsevnen. Med mindre åpenbare grunner tilsier at attføring ikke er hensiktsmessig, kan ytelser etter dette kapitlet bare gis dersom vedkommende har gjennomført eller har forsøkt å gjennomføre et individuelt og hensiktsmessig attføringsopplegg uten at inntektsevnen er bedret.

Når det skal avgjøres om et behandlings- eller attføringstiltak er hensiktsmessig, legges det vekt på alder, evner, utdanning, yrkesbakgrunn og arbeidsmuligheter. Det skal også legges vekt på om vedkommende kan få arbeid dersom han eller hun pendler eller flytter.

Når det fremmes krav om ytelser etter dette kapitlet skal det dokumenteres at funksjonsevnen har vært vurdert av lege eller annet fagpersonell.

§ 15-11 første leddet bokstav a skal lyde:

a) må overlate nødvendig tilsyn med barn til andre på grunn av utdanning eller arbeid, eller

§ 23-6 bokstaven a skal lyde:

a) arbeidsgiverens forsikring mot ansvar for sykepenger etter § 8-21,

II

I dei følgjande føresegnene skal omgrepet «foreløpig uførestønad» endrast til «foreløpig uførepensjon»:

1. I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven) § 3-2 fjerde leddet bokstav a, § 3-24 tredje leddet bokstav c, § 3-26 tredje leddet bokstav a, § 8-50 første og andre leddet, § 10-13 første leddet bokstav a, § 11-15 første leddet bokstav a, ellevte strekpunktet i innhaldslista til kapittel 12, § 12-14 første leddet bokstav a, § 12-16 overskrifta og første til tredje leddet, § 15-14, § 16-10 første leddet bokstav b, § 17-11 første leddet bokstav b, § 18-7 andre leddet, § 19-8 første leddet bokstav a, § 22-10 tredje leddet bokstav b og § 22-12 andre leddet.

2. I lov 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersoner § 18 nr. 1 tredje og sjette leddet.

3. I lov 13. desember 1946 nr. 22 om krigspensjonering for hjemmestyrkepersonell og sivilpersoner § 23 nr. 1 tredje og sjette leddet.

4. I lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn § 4 nr. 3, § 5 nr. 2, § 16 nr. 1 bokstav e, § 28 nr. 2 og § 29 nr. 2.

4. I lov 3. desember 1951 nr. 2 om pensjonstrygd for skogsarbeidere § 13 fjerde leddet.

6. I lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere § 8 andre leddet.

7. I lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser § 19 andre leddet, § 20 tredje leddet og § 21 tredje leddet.

8. I lov 12. desember 1958 nr. 10 om yrkesskadetrygd § 11 nr. 4, § 12 nr. 3 og § 19 nr. 1.

9. I lov 23. desember 1988 nr. 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon § 2 bokstav f.

10. I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven) § 6-81 nr. 2 og nr. 3.

III

I lov 29. april 1988 nr. 21 om ferie skal § 10 nr. 4 første leddet og andre leddet bokstav a første punktum lyde:

Som arbeidsvederlag etter nr. 1 regnes også sykepenger utbetalt av arbeidsgiver i arbeidsgiverperioden og av 10 prosent av sykepenger (arbeidsgivers delansvar), jf. folketrygdloven § 8-18 for inntil 50 dager hvert opptjeningsår. Tilsvarende gjelder for omsorgspenger for inntil 10 dager som er betalt av arbeidsgiver ved barns eller barnepassers sykdom, jf. folketrygdloven kapittel 9.

Trygden betaler feriepenger av:

a) sykepenger utbetalt av folketrygden for inntil 50 dager hvert opptjeningsår, jf. folketrygdloven § 8-33.

IV

Iverksetjing. Overgangsreglar

1. Endringane i folketrygdlova § 3-2 fjerde og femte leddet, § 3-4 tredje leddet og § 3-26 femte leddet bokstav a trer i kraft 1. mai 2005.

2. Endringane i folketrygdlova § 8-12 første og andre leddet, § 8-14 andre leddet, § 8-17, § 8-18 nytt tredje, fjerde, femte og sjette leddet, § 8-19 første, tredje og fjerde leddet, § 8-20 første og andre leddet, § 8-21 første og tredje leddet, § 8-22 første leddet, § 8-24 fjerde leddet, § 8-28 overskrifta og første leddet, § 8-33 første leddet, § 8-34 andre leddet, § 8-36 første og andre leddet, § 8-38 andre leddet, § 8-39 første og andre leddet, § 8-55 første leddet og § 10-8 tredje leddet, § 23-6 og endringane i ferielova trer i kraft 1. juli 2005. Endringane gjeld for tilfelle der han eller ho vert arbeidsufør tidlegast på denne datoen.

3. Endringane i avsnitt II og endringane i folketrygdlova § 12-5 og § 15-11 første ledd bokstav a trer i kraft 1. januar 2005.

Oslo, i sosialkomiteen, den 7. desember 2004

John I. Alvheim Bent Høie
leiar ordførar