Innstilling fra næringskomiteen om lov om havbeite
Dette dokument
- Innst. O. nr. 15 (2000-2001)
- Kildedok: Ot.prp. nr. 63 (1999-2000)
- Dato: 14.11.2000
- Utgiver: Næringskomiteen
- Sidetall: 7
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Samandrag
- 2. Bakgrunn for lovforslaget
- 3. Lovstruktur
- 4. Tilhøvet til andre lover
- 5. Om elementa i lovforslaget
- 6. Økonomiske og administrative konsekvensar
- 7. Komiteens merknader
- 8. Komiteens tilråding
Utkast til lov om havbeite regulerer utsetting og gjenfangst av krepsdyr, blautdyr og pigghuder til næringsformål. Lova krev løyve for utsetting og gir ein eksklusiv gjenfangstrett til den utsette art innanfor eit avgrensa område. Havbeite kan få innvirkning på miljø, utøving av allemannsrett og konkurrerande næringsinteresser som til dømes tradisjonelt fiske. Reguleringa av havbeite tek sikte på å ivareta desse interessene både når det gjeld tildeling av løyve og reguleringa av drifta.
Det vil ikkje vere høve til å gi løyve til havbeite dersom det er fare for skade på miljøet. Ved tildeling skal det leggast stor vekt på samfunnsmessige nytte- og skadeverknader, herunder om verksemda kan integrerast i regionen slik at dette vil medføre ei positiv næringsutvikling. Lokal tilknyting kan prioriterast ved tildeling dersom dette totalt sett gir eit betre samfunnsøkonomisk resultat.
Utanfor lokaliteten kan det fastsetjast eit område med avgrensa restriksjonar for å verne gjenfangstretten (buffersone).
Det kan bli nødvendig med særskilde fangsttider og avgrensingar i bruk av reiskap m.v., både for rettshavaren og for andre fangstinteresser i lokaliteten og buffersona.
Lova gir heimel til kontroll med at verksemda driv på ein veterinær- og miljømessig forsvarleg måte. Det er sett krav om opplysningsplikt, og ein kan sette krav om internkontroll og rettshavaren sin faglege kompetanse.
Dersom verksemda blir driven i strid med lova kan løyvet trekkast tilbake og det kan nyttast pålegg, tvangsmulkt, iverksetjing og inndraging av eventuell vinning frå den ulovlege verksemda.
Ettersom havbeite er ei næring i startfasen, er det ikkje klart kva forventningar ein kan ha til lønsemd og andre samfunnsmessige verknader i byrjinga. Departementet vil legge opp til ei varsam utvikling av næringa for å skaffe seg nødvendig erfaring i forhold til den vidare næringsutviklinga. Kunnskapen om miljømessige konsekvensar må byggast opp. Næringsutøvarane må også kunne drive økonomisk forsvarleg. Økonomi og miljø vil derfor vere dei to mest sentrale parametrane ved forvaltninga av næringa. Tildeling bør følgjeleg bygge på eit prinsipp om varsemd, slik at ein har ei forsvarleg oversikt over miljø- og samfunnsmessige konsekvensar før havbeiteverksemd får løyve til etablering og drift. Den praktiske framgangsmåten ved tildeling av løyve vil bli nærare bestemt i forskrift.
I 1990 vart programmet «Plan for Utvikling og Stimulering av Havbeite» (PUSH-programmet) igangsett for m.a. å søke etter moglege avbøtande tiltak i samanheng med forbodet mot drivgarnsfiske etter laks, og å klarleggje føresetnadene for næringsmessig utvikling av havbeite som kystnæring. I samband med PUSH-programmet vart det nedsett eit utval som skulle vurdere dei juridiske spørsmål i samband med programmet. Sluttproduktet av utvalet sitt arbeid vart presentert i NOU 1994:10 Lov om havbeite.
Ein grunnleggjande føresetnad for å kunne drive havbeite er at utsettaren får eksklusiv rett til å fange inn igjen dei utsette organismane. I dag er det ingen rettslege reguleringar som sikrar eksklusiv gjenfangst for utsettar. Det eksisterer heller ikkje offentlegrettslege reguleringar av slik verksemd med omsyn til løyve, vilkår for drift og miljø m.v.
I proposisjonen vert det òg gjort greie for rettsstillinga i Danmark, Sverige, Island, Japan og USA.
Utvalet avga si innstilling i NOU 1994:10 med utkast til eiga lov om havbeite. Hovudinnhaldet i dette forslaget var å vedta ei eiga lov som opna for konsesjonar til havbeite på kommersiell basis. Utvalet meinte at ei eiga lov om havbeite ville vere det mest brukarvennlege alternativ. Fiskeridepartementet la fram eit forslag i samsvar med dette i høyringsutkastet.
Etter departementet si oppfatning er regulering av havbeite i oppdrettslova det mest aktuelle alternativet til ei eiga lov om havbeite. Når denne løysinga ikkje er valt skuldast dette fleire høve.
Havbeite reiser spørsmål med omsyn til økologi i lokaliteten som krev andre miljømessige vurderingar enn etter oppdrettslova. Det er også eit skilje i spørsmålet om sjukdomsregulering som krev andre vurderingar for havbeite enn for oppdrett.
Det største skiljet er likevel etableringa av gjenfangstretten, som krev andre reguleringar enn det som i dag gjeld for oppdrett.
Ein anna grunn til at havbeite blir foreslått regulert i ei eiga lov, er at oppdrettslova er under revisjon. Ei eventuell innarbeiding i takt med dette arbeidet vil gjere at havbeite ikkje kan starte opp før om fleire år. Det er viktig å få eit regelverk slik at interesserte næringsutøvarar kan starte opp verksemd. Spørsmålet om å samle oppdrett og havbeite i ei felles lov vil bli vurdert på nytt under revisjonsarbeidet med oppdrettslova.
Forholdet mellom lovene er slik at den som driv verksemd etter lov om havbeite ikkje treng løyve etter oppdrettslova.
Begge lovene regulerer fôring og andre tiltak i samanheng med verksemda. Dette medfører at oppdrettsverksemd med krepsdyr, blautdyr og pigghuder utifrå noverande virkeområde i oppdrettslova omfattast av både oppdrettslova og havbeitelova. For å unngå dobbelregulering for desse artane blir derfor virkeområdet i oppdrettslova endra.
Havbeitelova regulerer alle driftsformer som oppdrettslova regulerer, mens oppdrettslova ikkje gir den same gjenfangstrett som havbeitelova. Dersom verksemda er innretta på ein slik måte at det er behov for ein eksklusiv gjenfangstrett, vil verksemda best kunne henførast under oppdrettslova. Valet mellom lovene kviler derfor ikkje på ei rettsleg vurdering, men på kva som er mest føremålstenleg. Ei slik grensetrekking sikrar fleksibilitet og dynamikk i ei næring som stadig er under utvikling. Når val av løyve er ei behovsvurdering risikerer ein ikkje at ei type verksemd som har behov for ein eksklusiv gjenfangstrett, ikkje får denne fordi lovene inneheld rettslege skrankar.
Lov om havbeite er ei spesiallov i høve til lov om saltvannsfiske. I § 5 tredje ledd er det dessutan bestemt at regulering av gjenfangst kan skje uavhengig av anna lovgiving. Det same gjeld med omsyn til tryggingsområde.
Fôring eller behandling av organismane vil truleg krevje løyve etter forureiningslova. Ekstensivt havbeite vil normalt ikkje krevje løyve etter forureiningslova.
Havbeite omfattast av fiskesjukdomslova både når det gjeld intensiv og ekstensiv drift. Regulering med omsyn til sjukdom bør gjerast ved førebyggjande tiltak og ved å minske konsekvensane ved eventuelle sjukdomsutbrott. På denne bakgrunn blir omgrepet havbeite foreslått innarbeidd i fiskesjukdomslova for respektive førebyggjande og reparerande tiltak. I tillegg kjem krav om helseattest for organismar som skal setjast ut.
Det blir foreslått at vedtak etter plan- og bygningslova ikkje utan vidare er bindande for vedtak etter lov om havbeite, men må tilleggjast stor vekt ved tildeling av løyve. Etter departementets meining er havbeite elles ei verksemd som truleg ikkje vil skape nemneverdige konflikter med dei ulike arealkategoriane i plan- og bygningslova.
I forhold til arealdisponering, omfattast arealbruk i sjø ut til grunnlinjene av plan- og bygningslova, jf. § 1. Havbeiteverksemd må såleis på vanleg måte underleggast ein planprosess. Havbeiteverksemd kan ikkje drivast i strid med bindande planvedtak etter plan- og bygningslova.
Departementet vil, som Miljøverndepartementet også viser til i sitt høyringssvar, peike på at spørsmålet om forholdet mellom plan- og bygningslova og ulike særlover generelt, er ei av problemstillingane planlovutvalet skal arbeide med. Spørsmålet om i kva grad det eventuelt er behov for samordning mellom dei to lovene, bør takast opp i den samanheng. Departementet meiner såleis at spørsmålet bør kvile i denne omgang sidan problemstillinga i nær framtid skal behandlast generelt.
Havbeite kan gjere det nødvendig å oreigne (ekspropriere) grunn og rettar til anlegg for klekking, fôring og gjenfangst. I samsvar med reglane for ekspropriasjon vil dette berre skje i den utstrekning det er nødvendig for å sikre innehavar av løyve dei nødvendige rettar for drift av verksemda.
I den utstrekning verksemda skal ha fysiske tiltak som er av ein slik karakter at dei grip inn i sjøtransport eller Kystverket sine installasjonar, vil dette krevje løyve etter hamne- og farvasslova. Som ved andre løyve i tilknyting til havbeite, må handsaminga av søknaden koordinerast mellom dei forskjellige etatane.
Lova skal vektleggje miljø, lønsemd og distriktsomsyn.
Det saklege virkeområdet omfattar utsetting og gjenfangst av krepsdyr, blautdyr og pigghuder til næringsformål, og gjeld i Noreg si økonomiske sone.
Når det vert gitt heimel for å ta omsyn til lokal tilknyting, er dette for å kunne ta omsyn til at ein større del av verdiskapinga skal kome lokalsamfunnet til gode. Det gjeld ikkje berre arbeidsplassar, men også den verdi lokalt eigarskap medfører. Denne prioriteringa er mellom anna grunna i at dei som blir berørt av eit eventuelt inngrep i allemannsretten, også skal få nytte av den verksemda som blir etablert.
Kompetansen til å vurdere løyve til utsetting av framande arter ligg etter lova hjå departementet, men vil kunne delegerast til Fiskeridirektoratet. I forhold til sjukdomsmessige aspekt ved utsetting av framande arter må ein ha løyve til utsetting etter fiskesjukdomslova.
Søknad om løyve blir sendt kommunen og deretter Fiskeridirektoratet sitt regionkontor. Før regionkontoret avgjer søknaden får miljøstyresmaktene uttale seg om miljø- og friluftsinteresser, under dette fylkeskommunen som kulturminnestyresmakt, og veterinærstyresmaktene får uttale seg om sjukdomshøve, og dersom det er påkravd, vil Kystverket vurdere evt. anlegg etter hamnelova.
Etter forslaget kan løyve i prinsippet tildelast til einkvan fysisk eller juridisk person og til offentlege organ. Ved prioritering mellom søkarar skal det i første rekke leggast vekt på evne til lønsam og miljømessig forsvarleg drift. Dersom dette er tilnærma likt kan lokal tilknyting bli avgjerande for tildelinga. Fiskerinteressene blir i prinsippet likestilt med andre samfunnsinteresser ved vurderinga av om løyve skal bli gitt. Departementet vil likevel understreke at det er viktig å få klarlagt eksisterande bruk av området før søknad blir innvilga for å unngå interessekonfliktar.
Det vil vere vid høve til å prioritere dei verksemder som har dei beste føresetnadene for å drive miljømessig forsvarleg. Det er vidare særleg høve til å stille vilkår av omsyn til miljøet i sjølve løyvet, og heimel for å stille miljøkrav ved forskrift. Departementet meiner at konsekvensane for økosystemet ikkje er fullt ut klarlagde. Ein klargjering av ulike miljøkonsekvensar er likevel viktig for forvaltninga av lova. Dersom miljøtilhøva er usikre kan ikkje departementet tildele løyve.
Løyvet gir rett til utsetting og gjenfangst. Retten til gjenfangst etter den utsette arten, enten den er sett ut eller opphavleg levde vilt, er eksklusiv så langt den ikkje strider mot særlege rettar. Til denne retten motsvarar det også ei plikt til gjenfangst. Løyvet gjeld innanfor eit bestemt område og kan avgrensast også i tid. Gjenfangstplikta er formulert som ei i utgangspunktet absolutt og total plikt. Innehavaren av løyvet vil ikkje overtre lova dersom verksemda er innretta på best mogleg måte og ein likevel ikkje oppnår full gjenfangst. Den eksklusive retten til gjenfangst blir gitt av styresmaktene og er berre eksklusiv i høve til allemannsrettar. Andre særlege rettar kan etter forslaget avgrense gjenfangstretten.
Løyve til havbeite er ein personleg rett som ikkje kan overdragast. I forslaget er det bestemt at pantsetjing er tillate, men at det ved realisasjon av panteretten må skje ei godkjenning av ny innehavar av løyvet. Tilsvarande må det innhentast nytt løyve ved konkurs. Grunngjevinga for dette er at havbeite krev særskilt kompetanse og det er derfor behov for at styresmaktene kan kontrollere at den som driv verksemda er kvalifisert og kan drive forsvarleg.
Det er vidare fastsett at departementet kan bestemme at endringar i eigarstrukturen må godkjennast.
Lovforslaget tilsvarer heimelen for godkjenning av endring av eigartilhøva i oppdrettslova.
Departementet har utforma ei føresegn som sikrar den som har rett på verdiane av organismane, gjenfangstrett av desse ved tilbakekall av løyvet.
Rettshavaren sin eksklusive rett gjeld den utsette art og medfører at det er utelukkande rettshavaren som kan drive fangst etter arten i lokaliteten. Dette omfattar både opphavleg viltlevande organismar av arten og organismar som er sett ut. Det kan fastsetjast restriksjonar på anna bruk og utnytting av lokaliteten og i eit område utanfor lokaliteten. Grunngjevinga for tilgjenge til regulering av allemannsretten er at også annan aktivitet enn konkurrerande fangst etter den utsatte art kan øydelegge gjenfangsten for rettshavaren. Dersom ein skulle gi full tilgjenge til fiske etter den utsette art i gjenfangstområdet ville det fjerne grunnlaget for økonomisk drivverdig verksemd. Det er derfor ikkje mogleg å gi tilgjenge til andre når det gjeld den aktuelle art som er på havbeite.
Det blir lagt til grunn at fiskeriaktivitet kan halde fram i vassøyla over havbeiteområdet, men det er nødvendig med ein heimel for å regulere dette. Slik sikrar ein at det ikkje blir nytta fangstmetodar som skader gjenfangstretten.
Det må takast vesentleg omsyn til ein eventuell konflikt ved fastsetjing av restriksjonar. Korleis utøvinga av allemannsretten vil bli berørt vil variere, og det må her skiljast mellom sjølve retten og den faktiske utøvinga av denne. Det avgjerande må vere om inngrepet i realiteten hindrar eller avgrensar ein aktuell alternativ bruk og utnytting. Det er gitt heimel for å tidsavgrense og å tilbakekalle løyvet. På den måten kan bruken av området revurderast etter ei tid.
Oppdrettslova og forslag til lov om havbeite regulerer i stor grad likearta verksemder, slik at lovene bør ha korresponderande føresegner om straff. Det er såleis i stor grad dei same omsyna som vil gjere seg gjeldande ved brot på havbeitelova som ved brot på oppdrettslova. Departementet meiner også at strafferamma i havbeitelova bør tilsvare andre sammenliknbare lover som fiskesjukdomslova, viltlova, naturvernlova, forureiningslova og arbeidsmiljølova. Departementet har på denne bakgrunn gjort framlegg om strafferamme for fengselsstraff til inntil 1 år og under særleg skjerpande høve inntil 2 år.
Praksis frå gjeldande oppdrettslov har vist eit behov for forvaltninga til å kunne gripe inn ovafor dei som bryt lova med reaksjonar i tillegg til straffeforfølging. Departementet trur at det vil vere eit tilsvarande behov i forhold til gjennomføring av havbeitelova. Føresegnene inneheld verkemidlar som forvaltninga sjølv administrerer og har råderetten over. Det sentrale midlet vil vere å ileggje tvangsmulkt. Inndraging er eit alternativ og eit supplement til dei andre administrative virkemiddel i lova. Ved alvorlege eller gjentatte brot kan ein tilbakekalle løyvet.
Det er vanskeleg å gi ei utfyllande utgreiing av dei økonomiske og administrative konsekvensane av havbeitelova, fordi det finst så mange usikre faktorar. Søknadshandsaming, kontroll og tilsyn vil krevje auka ressurser i forvaltninga når det viser seg at næringa blir lønsam. Dersom forvaltninga skal halde følgje med ei slik utvikling, må det følgjast opp med nye stillingar på lengre sikt. På kort sikt blir det forventa at innføring av havbeitelova ikkje gir økonomiske og administrative konsekvensar av tyding for forvaltninga.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Erling Brandsnes, Gunnar Breimo, Mimmi Bæivi, Karin Kjølmoen, Kjell Opseth og Rita Tveiten, fra Fremskrittspartiet, Øystein Hedstrøm og Terje Knudsen, fra Kristelig Folkeparti, Randi Karlstrøm og Jon Lilletun, fra Høyre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, fra Senterpartiet, lederen Morten Lund, og fra Venstre, Leif Helge Kongshaug, viser til at det er mange områder langs kysten som kan egne seg godt til havbeite. Stor etterspørsel etter bl.a. hummer på det internasjonale markedet tilsier at havbeite kan gi betydelige næringsmuligheter.
Komiteen viser til at det er en grunnleggende forutsetning for å kunne drive havbeite at utsetteren får en eksklusiv rett til å fange inn igjen de utsatte organismene innenfor et avgrenset område. Komiteen er derfor tilfreds med at det nå er framlagt et lovforslag som sikrer nødvendig rammeverk for forsøk og kommersialisering av havbeitenæringen. Komiteen er kjent med at havbeiteloven kan få konsekvenser for miljø, utøvelse av allemannsretten og andre næringsinteresser. Det er derfor viktig at lovens intensjon om å ta hensyn til disse interessene blir vurdert ved tildeling av løyve og ved å trekke opp rammer for driften.
Komiteen understreker at føre-var-prinsippet må legges til grunn for utvikling av havbeite som næring. Forskningsinnsatsen på området må på denne bakgrunn styrkes innen marin sektor generelt og knyttet til havbeite spesielt.
Komiteen understreker at det som en hovedregel må ligge en vedtatt kystsoneplan til grunn før det åpnes for etablering av havbeite. Fiskerimyndighetene har deretter et hovedansvar for å sikre at selve driften skjer på en faglig, veterinær- og miljømessig forsvarlig måte, og ikke unødig hindrer annen næringsvirksomhet.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, mener at de som blir berørte av miljøinngrepene og eventuelle begrensninger i allemannsretten også må få nytte av den virksomheten som blir etablert. Dette kan gjøres ved at lokal tilknytning kan prioriteres ved tildeling dersom dette totalt sett gir et bedre samfunnsøkonomisk resultat.
Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre mener det må legges stor vekt på kommunenes uttalelser vedrørende utdeling av rettigheter slik at den lokale myndighet kan være med og styre denne ressursen fra første dag selv om lovutvalget for plan- og bygningsloven ikke ennå har fått avklart kjøreregler for hvordan dette skal løses forvaltningsmessig. Disse medlemmer vil understreke viktigheten av at det legges vekt på lokal tilknytning ved tildeling av havbeiterettigheter. Blant de søkere som kan dokumentere at de kan drive miljømessig og økonomisk forsvarlig må lokal tilknytning være det viktigste kriteriet der det er flere søkere på samme lokalitet. Det må også være relevant å vektlegge lokal tilknytning til marin sektor og tradisjonelt fiske.
Disse medlemmer mener en ikke skal åpne for utsetting av ikke-stedegne arter før en har mer økologisk kunnskap om havbeite på norskekysten og en bedre avklaring på fordelingen av fangstrettighetene mellom havbeite og tradisjonell fangst.
Komiteen mener videre at det er naturlig at det blir foretatt en evaluering av ordningen med havbeite etter noen år og at viktige momenter som må vektlegges i en slik evaluering er utviklingen av det biologiske mangfoldet, konsekvenser for allemannsretten og allmenningsrettigheter og konsekvenser for annen næringsdrift.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt
vedtak til lov
om havbeite
Kapittel I. Innleiiande føresegner
§ 1 Formål
Formålet med denne lova er å bidra til at havbeite kan få ei balansert og bærekraftig utvikling og bli ei lønsam kystnæring.
§ 2 Virkeområde
Lova gjeld utsetting og gjenfangst av krepsdyr, blautdyr og pigghuder til næringsformål (havbeite). Verksemd som har løyve etter lov 14. juni 1985 nr. 68 om oppdrett av fisk, skalldyr m.v. blir ikkje omfatta av lova. Departementet avgjer i tvilstilfeller kva som skal reknast som havbeite etter lova.
Lova gjeld i Noregs økonomiske sone.
Kapittel II. Løyve til havbeite. Gjenfangst
§ 3 Løyve til havbeite
Ingen kan drive havbeite utan løyve frå departementet.
Løyve kan ikkje bli gitt dersom det er fare for skadelege verknader på miljø, medrekna fare for skade på det biologiske mangfold, økologisk ubalanse eller spreiing av sjukdommar.
Ved tildeling skal ein leggje stor vekt på samfunnsmessige nytte- og skadeverknader av tiltaket, herunder korleis verksemda passer inn i det regionale næringslivet elles og verdien av lokal tilknyting.
§ 4 Særskilt løyve til fôring og andre tiltak
Departementet kan gi løyve til fôring og andre tiltak i forbindelse med havbeite.
§ 3 gjeld så langt den passar.
§ 5 Innhaldet i løyvet
Løyvet gjeld eitt eller fleire geografisk avgrensa områder (lokalitet).
Det kan setjast nærare vilkår i løyvet, mellom anna om avgrensing i tid, avgrensing med omsyn til artar og talet på individ som kan settast ut og anna som er nødvendig av omsyn til miljøet, allemannsretten og andre interesser i området.
Departementet kan ved vedtak gi føresegner om anlegg og innretningar.
§ 6 Gjenfangst
Innehavaren av løyve etter §§ 3 og 4 (rettshavaren) har einerett til fangst etter den utsette art i lokaliteten i den utstrekning dette ikkje strider mot særlege rettar. Rettshavaren plikter i samme utstrekning å gjenfange den utsette arten. Departementet kan ved vedtak gjere unntak frå plikta til slik gjenfangst.
Gjenfangsten skal skje på ein slik måte at den er til minst mulig skade for ville bestandar.
Departementet kan ved vedtak regulere gjenfangsten for den enkelte art uavhengig av anna lovgivning.
§ 7 Oppryddingsplikt
Den som driv havbeiteverksemd plikter ved opphør av verksemda så langt det er mogleg å gjenopprette miljøtilhøva i området, herunder fjerning av anlegg og innretninger samt å gjenfange dei utsette organismane.
Departementet kan gi føresegner om at rettshavaren skal stille nødvendig sikkerhet for å gjennomføre gjenoppretting som nevnt i første ledd.
§ 8 Overføring av løyve, endringar i eigartilhøva
Løyve til havbeite kan ikkje overførast.
Løyvet kan likevel pantsettast. Pantsettinga får rettsvern ved tinglysing i lausøyreregisteret.
For å sikre at gjeldande vilkår for tildeling og drift framleis blir oppfylt, kan departementet fastsetje at endringar i eigartilhøva hos innehaver av løyve må godkjennast.
§ 9 Endring og tilbakekall av løyve
Dersom føresetnadene som ligg til grunn for eit løyve blir vesentleg endra eller dersom det er nødvendig for å sikre omsynet til miljøet, herunder omsynet til biologisk mangfold, økologi og sjukdomsbekjemping, kan departementet:
a) heilt eller delvis trekke tilbake løyvet,
b) endre vilkår i løyvet,
c) sette nye vilkår i løyvet.
Eit løyve kan heilt eller delvis trekkast tilbake ved grove eller gjentatte brot på føresegner gitt i eller i medhald av lova, når løyvet ikkje er nytta innan ein bestemt frist, eller når det elles følger av alminnelege forvaltningsrettslege reglar.
Den som på privatrettsleg grunnlag har rett på verdien av organismane i lokaliteten, mister ikkje denne retten sjølv om løyvet blir trekt tilbake. Dette gjeld likevel berre i det omfang gjenfangst kan skje i samsvar med lova og for ein avgrensa periode. Departementet fastsett ved vedtak dei nærare vilkår for gjenfangst i slike høve og periodens lengde.
§ 10 Regulering av anna bruk og utnytting av lokalitet og buffersone
I den utstrekning det er nødvendig for å beskytte rettshavaren sin gjenfangstrett etter § 6 første ledd, kan departementet ved vedtak avgrense eller forby anna bruk og utnytting av lokaliteten, herunder fiske etter andre artar. Det kan tilsvarande fastsettast avgrensinger eller forbod mot anna bruk og utnytting i eit område utanfor lokaliteten (buffersone).
Fiske i lokaliteten og buffersona kan regulerast utan omsyn til føresegner gitt i eller i medhold av lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske m.v.
§ 11 Skjønn
Dersom gjenfangstretten etter § 6 første ledd avgrensar allemannsrettar som har erstatningsrettsleg vern etter alminnelige rettsgrunnsetninger, skal innehaver av løyve til havbeite betale erstatning etter skjønn.
Kapittel III. Gjennomføring av lova og vedtak i medhald av lova
§ 12 Opplysingsplikt
Den som har eller søker om løyve til å drive havbeite plikter utan hinder av teieplikt å gi dei opplysingar og foreta dei undersøkingar som departementet krever for at styresmaktene skal kunne utføre sine gjeremål etter lova her. Når særlege grunner tilseier det, kan opplysingar krevast av den som leverer varer og tenester til den som har eller søker om løyve til havbeite.
§ 13 Tilsyn
Vedkomande styresmakt har adgang til eitkvart anlegg og område i tilknyting til havbeiteverksemd, og til å foreta dei undersøkingar som er nødvendige for å utføre sine oppgåver etter lova.
§ 14 Tvangsmulkt
For å sikre at føresegnene i lova eller i vedtak i medhald av lova blir gjennomført, kan departementet gi forskrift om tvangsmulkt.
Tvangsmulkta kan innkrevjast frå den frist departementet har sett for retting av tilhøvet. Tvangsmulkta kan også fastsetjast på førehånd og byrjar då å løpe den dagen eit ulovleg forhold ligg føre. Det kan fastsettast at tvangsmulkta påløper så lenge det ulovlege forholdet held fram, eller at mulkta forfell for kvart brot.
Tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg. Departementet kan ettergi krav på påløpt tvangsmulkt.
§ 15 Iverksetting
Dersom vilkår i løyvet eller pålegg gitt i medhold av lova blir brotne, kan vedkomande styresmakt sørge for iverksetting på den ansvarlege si rekning. Dei utgiftene som fylgjer av dette er tvangsgrunnlag for utlegg.
Dersom det er nødvendig å gjennomføre tiltak straks, kan vedkommande styresmakt sørge for umiddelbar gjennomføring av tiltak uten at pålegg er gitt.
§ 16 Inndraging
Vinning frå verksemd i strid med føresegner i lova eller i vedtak i medhald av lova kan inndragast. Kostnader som knytter seg til den rettsstridige verksemd skal trekkast frå inntekta ved berekninga av vinning. Dersom storleiken på vinninga ikkje kan godtgjerast, kan det fastsettast eit beløp som ein antar svarer til vinninga.
Inndraging kan skje utan omsyn til om forholdet medfører straffeansvar. Vedtak om inndraging er tvangsgrunnlag for utlegg. Domstolane kan prøve alle sider ved vedtaket.
§ 17 Gebyr
Departementet kan gi forskrift om gebyr for behandling av søknader og for andre oppgåver som blir utført av offentlege styresmakter innafor lova sitt virkeområde.
Skuldig gebyr er tvangsgrunnlag for utlegg.
§ 18 Forskrifter
Departementet kan gi nærare føresegner til utfylling og gjennomføring av reglane i lova, herunder om internkontroll, tilsyn og krav til fagleg kompetanse.
Kapittel IV. Straff
§ 19 Straffansvar
Den som forsettleg eller aktlaust overtrer føresegner eller vilkår gitt i eller i medhald av lova blir straffa med bøter eller fengsel inntil 1 år. På same måte straffast medvirkning og forsøk.
Ved særleg skjerpande tilhøve kan fengsel inntil 2 år anvendast, om ikkje strengare straffebod kan anvendast.
Departementet kan ved forskrift fastsette at brot på føresegner i medhold av lova ikkje medfører straff.
Kapittel V. Avsluttande føresegner
§ 20 Ikrafttreding og endringar i andre lover
Lova trer i kraft frå den tid Kongen bestemmer.
Frå samme tid skal følgjande føresegner i andre lover endrast slik:
1 Lov 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom:§ 2 nr. 28 skal lyde:
Fiske, fangst av sjødyr, akvakultur, havbeite og verksemd i samband med slikt, medrekna undervisning, forskning og utvikling
2 Lov 14. juni 1985 nr. 68 om oppdrett av fisk, skalldyr m.v.:§ 2 andre ledd skal lyde:
Med oppdrett menes all virksomhet der en fôrer eller behandler levende fisk og skalldyr med sikte på konsum, fôr, reproduksjon, utsetting , herunder havbeite, forskning eller undervisning. Under lovens virkeområde faller også oppbevaring av levende fisk og skalldyr som ledd i oppdrettsvirksomhet. Virksomhet som har tillatelse etter lov om havbeite av ..... omfattes ikke av loven.
3 Lov 13. juni 1997 nr. 54 om tiltak mot sykdom hos fisk og andre akvatiske dyr (fiskesykdomsloven):§ 3 ny bokstav e, skal lyde:
e) havbeite; utsetting og gjenfangst av krepsdyr, bløtdyr og pigghuder til næringsformål.
§ 16 skal lyde:
§ 16 Drift av akvakulturanlegg m.v.
Departementet kan gi forskrift om sykdomsforebyggende tiltak ved havbeitevirksomhet, drift av akvakulturanlegg og annen innhegning.
§ 17 nytt andre ledd skal lyde:
Det kan ikke settes ut akvatiske dyr til havbeite uten at dette er godkjent av departementet.
§ 23 første ledd skal lyde:
Når det er påvist eller foreligger mistanke om smittsom sykdom i havbeiteområde, akvakulturanlegg, annen innhegning eller transportmiddel, kan departementet for å hindre spredning av sykdommen gi pålegg om nødvendige tiltak, herunder avliving og destruksjon.
Oslo, i næringskomiteen, den 14. november 2000
Morten Lund | Ansgar Gabrielsen | Kjell Opseth |
leder | ordfører | sekretær |