5. Om elementa i lovforslaget
- 5.1 Formål og virkeområde
- 5.2 Tildeling av løyve til havbeite
- 5.3 Miljøkrav
- 5.4 Innhaldet i løyvet
- 5.5 Tilbakekall av løyve, godkjenning av endringar i eigartilhøva
- 5.6 Tilhøvet mellom gjenfangstretten og allemannsretten
- 5.7 Straffansvar/administrative reaksjonar ved krenking av lova
Lova skal vektleggje miljø, lønsemd og distriktsomsyn.
Det saklege virkeområdet omfattar utsetting og gjenfangst av krepsdyr, blautdyr og pigghuder til næringsformål, og gjeld i Noreg si økonomiske sone.
Når det vert gitt heimel for å ta omsyn til lokal tilknyting, er dette for å kunne ta omsyn til at ein større del av verdiskapinga skal kome lokalsamfunnet til gode. Det gjeld ikkje berre arbeidsplassar, men også den verdi lokalt eigarskap medfører. Denne prioriteringa er mellom anna grunna i at dei som blir berørt av eit eventuelt inngrep i allemannsretten, også skal få nytte av den verksemda som blir etablert.
Kompetansen til å vurdere løyve til utsetting av framande arter ligg etter lova hjå departementet, men vil kunne delegerast til Fiskeridirektoratet. I forhold til sjukdomsmessige aspekt ved utsetting av framande arter må ein ha løyve til utsetting etter fiskesjukdomslova.
Søknad om løyve blir sendt kommunen og deretter Fiskeridirektoratet sitt regionkontor. Før regionkontoret avgjer søknaden får miljøstyresmaktene uttale seg om miljø- og friluftsinteresser, under dette fylkeskommunen som kulturminnestyresmakt, og veterinærstyresmaktene får uttale seg om sjukdomshøve, og dersom det er påkravd, vil Kystverket vurdere evt. anlegg etter hamnelova.
Etter forslaget kan løyve i prinsippet tildelast til einkvan fysisk eller juridisk person og til offentlege organ. Ved prioritering mellom søkarar skal det i første rekke leggast vekt på evne til lønsam og miljømessig forsvarleg drift. Dersom dette er tilnærma likt kan lokal tilknyting bli avgjerande for tildelinga. Fiskerinteressene blir i prinsippet likestilt med andre samfunnsinteresser ved vurderinga av om løyve skal bli gitt. Departementet vil likevel understreke at det er viktig å få klarlagt eksisterande bruk av området før søknad blir innvilga for å unngå interessekonfliktar.
Det vil vere vid høve til å prioritere dei verksemder som har dei beste føresetnadene for å drive miljømessig forsvarleg. Det er vidare særleg høve til å stille vilkår av omsyn til miljøet i sjølve løyvet, og heimel for å stille miljøkrav ved forskrift. Departementet meiner at konsekvensane for økosystemet ikkje er fullt ut klarlagde. Ein klargjering av ulike miljøkonsekvensar er likevel viktig for forvaltninga av lova. Dersom miljøtilhøva er usikre kan ikkje departementet tildele løyve.
Løyvet gir rett til utsetting og gjenfangst. Retten til gjenfangst etter den utsette arten, enten den er sett ut eller opphavleg levde vilt, er eksklusiv så langt den ikkje strider mot særlege rettar. Til denne retten motsvarar det også ei plikt til gjenfangst. Løyvet gjeld innanfor eit bestemt område og kan avgrensast også i tid. Gjenfangstplikta er formulert som ei i utgangspunktet absolutt og total plikt. Innehavaren av løyvet vil ikkje overtre lova dersom verksemda er innretta på best mogleg måte og ein likevel ikkje oppnår full gjenfangst. Den eksklusive retten til gjenfangst blir gitt av styresmaktene og er berre eksklusiv i høve til allemannsrettar. Andre særlege rettar kan etter forslaget avgrense gjenfangstretten.
Løyve til havbeite er ein personleg rett som ikkje kan overdragast. I forslaget er det bestemt at pantsetjing er tillate, men at det ved realisasjon av panteretten må skje ei godkjenning av ny innehavar av løyvet. Tilsvarande må det innhentast nytt løyve ved konkurs. Grunngjevinga for dette er at havbeite krev særskilt kompetanse og det er derfor behov for at styresmaktene kan kontrollere at den som driv verksemda er kvalifisert og kan drive forsvarleg.
Det er vidare fastsett at departementet kan bestemme at endringar i eigarstrukturen må godkjennast.
Lovforslaget tilsvarer heimelen for godkjenning av endring av eigartilhøva i oppdrettslova.
Departementet har utforma ei føresegn som sikrar den som har rett på verdiane av organismane, gjenfangstrett av desse ved tilbakekall av løyvet.
Rettshavaren sin eksklusive rett gjeld den utsette art og medfører at det er utelukkande rettshavaren som kan drive fangst etter arten i lokaliteten. Dette omfattar både opphavleg viltlevande organismar av arten og organismar som er sett ut. Det kan fastsetjast restriksjonar på anna bruk og utnytting av lokaliteten og i eit område utanfor lokaliteten. Grunngjevinga for tilgjenge til regulering av allemannsretten er at også annan aktivitet enn konkurrerande fangst etter den utsatte art kan øydelegge gjenfangsten for rettshavaren. Dersom ein skulle gi full tilgjenge til fiske etter den utsette art i gjenfangstområdet ville det fjerne grunnlaget for økonomisk drivverdig verksemd. Det er derfor ikkje mogleg å gi tilgjenge til andre når det gjeld den aktuelle art som er på havbeite.
Det blir lagt til grunn at fiskeriaktivitet kan halde fram i vassøyla over havbeiteområdet, men det er nødvendig med ein heimel for å regulere dette. Slik sikrar ein at det ikkje blir nytta fangstmetodar som skader gjenfangstretten.
Det må takast vesentleg omsyn til ein eventuell konflikt ved fastsetjing av restriksjonar. Korleis utøvinga av allemannsretten vil bli berørt vil variere, og det må her skiljast mellom sjølve retten og den faktiske utøvinga av denne. Det avgjerande må vere om inngrepet i realiteten hindrar eller avgrensar ein aktuell alternativ bruk og utnytting. Det er gitt heimel for å tidsavgrense og å tilbakekalle løyvet. På den måten kan bruken av området revurderast etter ei tid.
Oppdrettslova og forslag til lov om havbeite regulerer i stor grad likearta verksemder, slik at lovene bør ha korresponderande føresegner om straff. Det er såleis i stor grad dei same omsyna som vil gjere seg gjeldande ved brot på havbeitelova som ved brot på oppdrettslova. Departementet meiner også at strafferamma i havbeitelova bør tilsvare andre sammenliknbare lover som fiskesjukdomslova, viltlova, naturvernlova, forureiningslova og arbeidsmiljølova. Departementet har på denne bakgrunn gjort framlegg om strafferamme for fengselsstraff til inntil 1 år og under særleg skjerpande høve inntil 2 år.
Praksis frå gjeldande oppdrettslov har vist eit behov for forvaltninga til å kunne gripe inn ovafor dei som bryt lova med reaksjonar i tillegg til straffeforfølging. Departementet trur at det vil vere eit tilsvarande behov i forhold til gjennomføring av havbeitelova. Føresegnene inneheld verkemidlar som forvaltninga sjølv administrerer og har råderetten over. Det sentrale midlet vil vere å ileggje tvangsmulkt. Inndraging er eit alternativ og eit supplement til dei andre administrative virkemiddel i lova. Ved alvorlege eller gjentatte brot kan ein tilbakekalle løyvet.