Innstilling frå justiskomiteen om lov om endring i utlendingslova som følgje av Schengen-samarbeidet
Dette dokument
- Innst. O. nr. 90 (1999-2000)
- Kildedok: Ot.prp. nr. 57 (1999-2000)
- Dato: 07.06.2000
- Utgiver: Justiskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Stortinget fatta våren 1999 vedtak om å samtykke til at det vert inngått ei avtale mellom EU, Island og Noreg om dei sist nemnde statane si tilknyting til Schengen-regelverket (St.prp. nr. 50 (1998-1999)). Siktemålet er at dei nordiske landa skal kome fullt med i det praktiske Schengen-samarbeidet i løpet av første kvartal 2001. Med dette for auge bør dei nasjonale føresetnadene for vår deltaking i Schengen-samarbeidet vere klare seinast i oktober 2000.
I 1999 vart det gjort endringar i utlendingslova som følgje av Schengen-avtala. Justisdepartementet har kome til at det er ønskeleg å gjere ytterlegare ei endring av visumreglane i utlendingslova § 25.
Hovudregelen i § 25 er at visumsøknader vert avgjorde av Utlendingsdirektoratet. Det er gitt heimel til å delegere denne avgjerdsmakta til utanrikstenesta som også kan få løyve til å skrive ut norsk visum.
Dei fleste visa til Noreg vert i dag skrive ut av norske utanriksstasjonar; både fagstasjonar og honorære konsulat. Det følgjer av Schengen-regelverket at berre fagstasjonar kan skrive ut visum. Ved norsk tilknyting til Schengen-samarbeidet vil derfor tilbodet til turistar, forretningsreisande og andre som søkjer visum for å vitje Noreg mange stader kunne bli vesentleg dårlegare ettersom dei honorære konsulata ikkje lenger vil kunne handsame visumsøknader.
For at dette tilbodet ikkje skal bli dårlegare, kan vi inngå representasjonsavtaler med andre Schengen-land. Det land som i det enkelte tilfelle då representerer Noreg vil handsame visumsøknaden etter sitt eiga nasjonale regelverk. Dei andre Schengen-landa har i det alt vesentlege visumreglar som er svært like dei norske reglane. Det følgjer vidare av Schengen-regelverk og -praksis at den representerande staten berre kan innvilge, ikkje avslå, visumsøknader. I langt dei fleste tilfella vil det for Noreg sin del vere aktuelt å inngå representasjonsavtaler med eit av dei andre nordiske landa.
For at Noreg skal kunne inngå slike representasjonsavtaler er det naudsynt å gjere ei tilføying i utlendingslova § 25.
Framlegget har vore sendt på høyring. Ingen instansar går imot framlegget.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Vidar Bjørnstad, Astrid Marie Nistad, Jan Petter Rasmussen og Ane Sofie Tømmerås, frå Framstegspartiet, Jan Simonsen og Jørn L. Stang, frå Kristeleg Folkeparti, Unni Hennum Lie og Åse Wisløff Nilssen, frå Høgre, leiaren Kristin Krohn Devold og Bjørn Hernæs, og frå Senterpartiet, Tor Nymo, tek til etterretning at det er grunnlag for å endre § 25 i utlendingslova når det gjeld visumreglane i høve til vår deltaking i Schengen-samarbeidet.
Siktemålet med Schengen-samarbeidet er at alle dei nordiske landa skal kome fullt med i det praktiske arbeidet med avtala. Komiteen har difor ingen merknad til at vi endrar vår praksis ved utskriving av visum, og at det for framtida berre vil vere fagstasjonane som kan skrive ut visum.
Komiteen ser at det vil føre til dårlegare tilbod for dei som søkjer visum for å vitje vårt land, når dei honorære konsulata ikkje lenger vil kunne handsame visumsøknader. For at dette tilbodet ikkje skal bli dårlegare, er det viktig at vi inngår representasjonsavtaler med andre Schengen-land. Vilkåra for slike representasjonsavtaler er at det nasjonale regelverket i det landet vi inngår avtale med vert gjort gjeldande ved utskriving av visum. Komiteen vil peike på at dei fleste Schengen-landa har stort sett like nasjonale regelverk i høve til utskriving av visum. Komiteen ser det som naturleg å inngå ei representasjonsavtale med eitt av våre nordiske granneland, men er det aktuelt, bør ein òg inngå representasjonsavtale med andre Schengen-land.
Komiteen har etter dette ingen merknad til at det vert gjort ei tilføying i utlendingslova § 25, slik det vert gjort framlegg om i Ot. prp. nr. 57 (1999-2000).
Komiteen syner til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere følgjande
vedtak til lov
om endring i utlendingsloven som følge av Schengen-samarbeidet
I.
I utlendingsloven av 24. juni 1988 nr. 64 gjøres følgende endring:§ 25 sjette ledd skal lyde:
Søknad om visum avgjøres av Utlendingsdirektoratet. Myndighet til å avgjøre søknad om besøksvisum og lufthavntransittvisum kan også legges til utenrikstjenesten. Myndighet til å innvilge søknad om slike visa kan dessuten legges til en utenrikstjeneste tilhørende et annet land som deltar i Schengen-samarbeidet. Kongen kan gi nærmere regler ved forskrift.
II.
Loven trer i kraft fra den tid Kongen bestemmer.
Oslo, i justiskomiteen, den 7. juni 2000
Kristin Krohn Devold | Astrid Marie Nistad | Jan Simonsen |
leiar | ordførar | sekretær |