4. Endringar i skattelova § 51 a om skattlegging av skipsaksjeselskap
4.1 Endring av skattelova § 51 A-8 nr. 3
Samandrag
Departementet gjorde i Ot.prp.nr.11 (1996-1997) framlegg om at alle norske deltakarar eller aksjonærar i underliggjande selskap innafor ordninga måtte vere aksjeselskap innafor ordninga. Framlegget innebar i utgangspunktet at dersom ein av dei norske eigarane i eit underliggjande selskap ikkje lenger oppfylte vilkåra for særskild skattlegging, ville det underliggjande selskapet med alle sine norske eigarar bli rekna for å ha tredd ut av ordninga. I denne samanheng uttala departementet følgjande i Ot.prp.nr.11 (1996-1997) s. 50:
« Etter departementets oppfatning kan det være behov for en viss frist for selskapets deltakere eller aksjonærer til å rette opp igjen forholdet, f.eks. slik at deltakeren med den eiendelen som selskapet ikke har anledning til å eie utløses. Det må imidlertid være en forutsetning at forholdet rettes innen kort tid. Departementet kan ikke se noe behov for å skjerme selskapets deltakere ved langvarig brudd på vilkårene. |
På denne bakgrunn foreslår departementet at det fastsettes en frist for å rette opp vilkårsbruddet, slik at deltakeren på nytt oppfyller vilkårene. Departementet foreslår at fristen settes til 2 måneder. » |
Stortinget tok ikkje til følgje departementet si tilråding i Ot.prp.nr.11 (1996-1997) om at alle norske deltakarar eller aksjonærar i underliggjande selskap må vere aksjeselskap innafor ordninga, jf. forslag i Innst.O.nr.37 (1996-1997) frå finanskomiteen sine medlemmer frå Senterpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Venstre og representanten Bråthen. Etter gjeldande rett kan derfor underliggjande selskap innafor ordninga ha norske deltakarar og aksjonærar som ikkje blir likna etter skattelova § 51 A. Dette inneber at brot på vilkår hos ein av aksjonærane eller deltakarane i eit underliggjande selskap berre vil innebere at vedkommande eigar må tre ut av ordninga og bli skattlagt etter ordinære reglar. Omsynet til det underliggjande selskap og selskapet sine øvrige eigarar kan derfor ikkje brukast som argument for at ein skal tillate å rette vilkårsbrot. Etter departementet si vurdering synest det ikkje å vere særleg strengt at den som bryt vilkåra for særskild skattlegging sjølv må tre ut av ordninga.
Formålet med den særskilde skatteordninga for rederiselskap er å styrkje norsk skipsfart si internasjonale konkurranseevne, ved å ta unna inntekt frå skipsfartsverksemd frå løpande skattlegging. Høvet etter skattelova § 51 A-8 nr. 3 første punktum til å rette brot på krava til verksemd i skattelova § 51 A-4 inneber at selskap innafor ordninga kan ha skattefrie inntekter frå anna verksemd i inntil 2 månader i samanheng. Selskapet kan til dømes ha inntekt frå verksemd som nemnt i petroleumsskattelova § 1 utan å måtte tre ut av ordninga. Skattelova § 51 A-8 nr. 3 første punktum oppstiller ikkje noko forbod mot at selskap innafor ordninga fleire gonger i løpet av eit inntektsår rettar opp ulike vilkårsbrot. Selskapet kan såleis drive anna verksemd enn skipsfartsverksemd i t d fem gonger i same inntektsår, og dermed bli friteke frå å oppfylle vilkåra i 10 månader av inntektsåret. Dette inneber at eit selskap innafor ordninga i stor utstrekning kan oppnå skattefritak for inntekter det ikkje har vore meininga å skjerme gjennom den særskilde skatteordninga. Slik føresegna i skattelova § 51 A-8 nr. 3 er i dag, opnar ho derfor etter departementet sitt syn for uheldige omgåelsesmoglegheiter. Oppdrag på kontinentalsokkelen kan vere relativt kortvarige, men samstundes ha eit stort økonomisk omfang. Etter departementet si vurdering er det derfor ein særleg fare for at selskap innafor ordninga bryt og rettar opp att vilkåret om at det ikkje er adgang til å ha inntekt frå verksemd som nemnt i petroleumsskattelova § 1, jf. skattelova § 51 A-4 nr. 3. Dette kan føre til at det norske skattefundamentet på kontinentalsokkelen blir uthola.
På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om å endre skattelova § 51 A-8 nr. 3 første og andre punktum, slik at det ikkje blir mogleg å unngå å tre ut av ordninga ved å rette brot på vilkåret i skattelova § 51 A-4 nr. 3 om at selskap innafor ordninga ikkje kan ha inntekt frå verksemd som nemnt i petroleumsskattelova § 1. Vidare gjer ein framlegg om at brot på krava til verksemd i skattelova § 51 A-4 nr. 1 og 2 berre kan rettast ein gong i løpet av ein periode på tre år. Endringane inneber at selskapet må tre ut av den særskilde skatteordninga dersom selskapet har inntekt frå verksemd som nemnt i petroleumsskattelova § 1. Det same gjeld dersom selskapet mindre enn tre år etter at selskapet sist retta eit brot på krava til verksemd, på ny bryt eit av krava til verksemd som gjeld for selskap innafor ordninga.
Endringa har ikkje tyding for adgangen til å rette brot på krava til eignelottar i skattelova § 51 A-2. Her er det ikkje same fare for misbruk ved fleire brot og opprettingar som ved dei andre vilkåra.
Etter at selskapet har tredd ut av den særskilde skatteordninga for skipsaksjeselskap og det har funne stad eit skatteoppgjer, kan selskapet tre inn att i ordninga neste år, dersom alle vilkår er oppfylte att ved starten av dette året.
Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde frå og med inntektsåret 1997. Ein viser til utkastet til endring i § 51 A-8 nr. 3 første og andre punktum.
Komiteens merknader
Komiteen viser til sine respektive merknader i Innst.O.nr.81 (1995-1996) og Innst.O.nr.11 (1996-1997).
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til endring i skatteloven § 51 A-8 nr. 3 første og andre punktum.
4.2 Endring av skattelova § 51 A-2 nr. 2
Samandrag
Den enkelte deltakar eller aksjonær i underliggjande selskap må ha ein eigarandel på minst 3 % gjennom heile inntektsåret, jf. skattelova § 51 A-2 nr. 2 første punktum. Etter skattelova § 51 A-2 nr. 2 andre punktum gjeld ikkje kravet til minste eigarandel for utanlandske aksjonærar eller deltakarar. Sjølv om det ikkje følgjer direkte av ordlyden i lova, er det etter departementet sitt syn klart at vilkåret heller ikkje gjeld for norske deltakarar eller aksjonærar som vert likna etter ordinære reglar, jf. Innst.O.nr.11 (1996-1997) s. 20-21 og Innst.O.nr.37 (1996-1997) s. 11-12. Etter departementet si oppfatning skuldast det ein inkurie at skattelova § 51 A-2 nr. 2 andre punktum ikkje gir ei uttømmande regulering av kven som er unnatekne frå kravet til minste eigarandel. Ein viser til at departementet i Ot.prp.nr.11 (1996-1997) gjorde framlegg om at alle norske deltakarar eller aksjonærar i underliggjande selskap måtte vere selskap innafor ordninga.
Etter departementet si vurdering bør det gå uttrykkeleg fram av ordlyden i skattelova § 51 A-2 nr. 2 andre punktum at kravet til minste eigarandel i underliggjande selskap berre gjeld for deltakarar eller aksjonærar som er selskap innafor ordninga. Departementet gjer derfor framlegg om at ordlyden i skattelova § 51 A-2 nr. 2 andre punktum blir endra i samsvar med dette.
Departementet gjer framlegg om at endringa skal gjelde frå og med inntektsåret 1997. Ein viser til utkastet til endring i § 51 A-2 nr. 2 annet punktum.
Komiteens merknader
Komiteen viser til sine respektive merknader i Innst.O.nr.81 (1995-1996) og Innst.O.nr.11 (1996-1997).
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til endring i skatteloven § 51 A-2 nr. 2 annet punktum.
4.3 Omdannelsesforskriften
Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti, Venstre og representanten Stephen Bråthen viser til at reglene for beskatning av rederiselskaper forutsetter utstrakt bruk av aksjeselskaper og at en omdannelse fra kommandittselskap til aksjeselskap derfor ofte vil være nødvendig. En slik omdannelse skal, ifølge Odelstingets premisser, kunne gjennomføres skattefritt, jf. Innst.O.nr.37 (1996-1997). Disse medlemmer vil peke på at dette vil kunne føre til en ønsket opprydning i tunge, uhensiktsmessige strukturer av kommandittselskap.
Disse medlemmer vil imidlertid peke på at omdannelsesforskriften inneholder en forutsetning om positiv ligningsmessig verdi i selskapet. Dette hindrer en ønsket omdanning for et stort antall kommandittselskap som har negativ ligningsmessig verdi. Disse medlemmer antar at regelen om positiv ligningsmessig verdi ikke lenger har noen betydning etter at RISK-reglene er innført. Disse medlemmer mener at det selvsagt må stilles krav om at selskapet skal ha positiv egenkapital, men verdsettelsen blir foretatt etter samme kriterier som for etablering av aksjeselskap. Disse medlemmer mener det er viktig at omdannelsesforskriften endres i tråd med disse forutsetningene og ber departementet foreta disse endringene snarest mulig.
4.4 Gjennopprettingsfristen
Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Stephen Bråthen viser til brev til finanskomiteen fra Rederiforbundet av 28. mai der det heter:
« Departementet foreslår at gjenopprettingsfristen på to måneder ikke skal gjelde i forhold til inntekter fra virksomhet som kommer inn under petroleumsskatteloven og bare i begrenset grad skal gjelde for annen type virksomhet. Dette vil innebære at konsekvensene av å trå feil på dette punktet er at selskapet trer ut av ordningen umiddelbart. |
Forbundet mener det vil være en bedre og mer treffsikker løsning om to måneders fristen opprettholdes, men at inntekter fra annen virksomhet enn drift og utleie av skip beskattes ordinært. » |
Disse medlemmer er enig i de motforestillinger som her fremkommer. Disse medlemmer fremmer følgende forslag:
« I lov av 18. august 1911 nr. 8 om skatt av formue og inntekt (skatteloven) gjøres følgende endringer:
§ 51 A-6 nr. 1 skal lyde:
Selskap innenfor ordningen er fritatt for skatteplikt på alminnelig inntekt med de unntak som følger av 2-7.
§ 51 A-6 nytt nr. 7 skal lyde:
Inntekt av virksomhet som ikke tilfredsstiller vilkårene etter § 51 A-4 og som ikke medfører uttreden av ordningen etter § 51 A-8 nr. 3, beskattes etter de alminnelige regler for vedkommende virksomhet. Departementet kan gi forskrift til utfylling og gjennomføring av denne bestemmelsen.
§ 51 A-9 nr. 1 nytt andre punktum:
Dette gjelder likevel ikke for inntekt av virksomhet som beskattes etter § 51 A-6 nr. 7. »
4.5 Endring i skatteloven § 51 A-6
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, viser til brev til finanskomiteen fra finansministeren av 12. juni 1997 der en endring i § 51 A-6 nr. 3 annet punktum anbefales.
Flertallet fremmer følgende forslag:
« I lov av 18. august 1911 nr. 8 om skatt av formue og inntekt gjøres følgende endring:
§ 51 A-6 nr. 3 andre punktum skal lyde:
Dersom aksjeselskapet ikke er nystiftet, skal inngående saldo på kontoen ved inntreden i ordningen settes lik aksjeselskapets totale egenkapital med fradrag for innbetalt aksjekapital, herunder overkurs, og egenkapitalandelen av netto positive midlertidige forskjeller eller den beskattede andel av netto negative midlertidige forskjeller mellom regnskapsmessige og skattemessige verdier.
Endringa under I trer i kraft straks med virkning frå og med inntektsåret 1996. Endringane under II trer i kraft straks med virkning frå og med inntektsåret 1997. Endringane under III trer i kraft frå og med inntektsåret 1998. »
Flertallet legger til grunn at endringen gjøres gjeldende fra og med inntektsåret 1996.