7. Departementet si vurdering av gjeldande særreglar for omsetning av brukte varer m.v.

7.1 Omsetning av brukte kjøretøy - meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr. 10

Samandrag

       Registreringspliktige næringsdrivande er etter meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr. 10 fritatt frå plikta til å svare utgåande avgift ved omsetning av kjøretøy som har vore registrerte i motorvognregisteret, og som er omfatta av plikta til å betale omregistreringsavgift ved eigarskifte.

       Finansdepartementet finn ikkje å ville gjere framlegg om endringar i denne ordninga. Departementet legg vekt på at ordninga ut frå omsynet til konkurransenøytraliteten fungerer tilfredsstillande. Ein legg og vekt på at ordninga er vel kjent og innarbeidd i bransjen og hos kjøparane. Framlegget inneber at registreringspliktige næringsdrivande ved omsetning av brukte kjøretøy framleis vil vere fritatt frå plikta til å svare utgåande meirverdiavgift. Det skal såleis ikkje betalast meirverdiavgift av avansen ved slik omsetning.

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til departementets vurdering og er enig i at gjeldende ordning for omsetning av brukte kjøretøyer bør videreføres.

7.2 Omsetning og innførsel frå opphavsmannen av eigne originale kunstverk - meirverdiavgiftslova § 5 første ledd nr. 1 bokstav a og § 63 andre ledd

Samandrag

       Omsetning frå opphavsmannen av eigne originale kunstverk er etter meirverdiavgiftslova § 5 første ledd nr. 1 bokstav a utanfor det avgiftspliktige området. Det same gjeld for omsetning ved mellommann i opphavsmannen sitt namn. Kunstnaren har såleis ikkje frådragsrett for inngåande meirverdiavgift på sine kjøp og skal heller ikkje svare utgåande meirverdiavgift av sine sal. Det skal ikkje betalast meirverdiavgift ved innførsel av kunstnaren sine eigne kunstverk, jf. meirverdiavgiftslova § 63 andre ledd.

       Det blei i høyringsnotatet ikkje gjort framlegg om å oppheva unntaket i meirverdiavgiftslova for kunstnarane sin omsetning av eigne kunstverk.

       Det har i høyringsrunden ikkje komme fram innvendingar mot departementet sitt standpunkt om å behalde unntaket i lova. Departementet vil derfor i dette framlegget ikkje oppheva avgiftsunntaket for kunstnaren sin omsetning av eigne kunstverk.

       Definisjonen av omgrepet « kunstverk » er i dag teke inn i meirverdiavgiftslova ved at det er vist til tolltariffen. Etter departementet si oppfatning bør den nærmare definisjonen av kunstverk i staden bli teke inn i forskrift.

Komiteens merknader

       Komiteener enig med departementet i at avgiftsunntaket for kunstneres omsetning av eget kunstverk opprettholdes. Komiteen slutter seg også til at definisjonen av begrepet « kunstverk » tas ut av loven og føres inn i forskrift.

       Komiteenviser til at begrepet « kunstverk » kan være vanskelig å definere. Komiteen har merket seg at det tidvis er blitt reist spørsmål om likebehandling av f.eks. rosemaling, brukskunst o.l. med andre kunstverk som malerier og billedvev.

       Komiteenber departementet i forbindelse med forskriftsarbeidet vurdere grensedragningen mellom forskjellige kunstneriske uttrykksformer i relasjon til begrepet « kunstverk ».

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til endring av § 5 første ledd nr. 1 bokstav a og § 63 andre ledd.

7.3 Bør vidareforhandlarar som skaffar kunstverk frå kunstnaren kunne nytte avansesystemet?

Samandrag

       Gjennom reglane om utrekning av avgift på grunnlag av avansen ved omsetning av brukte varer, kunstverk m.v., oppnår ein at ei vare som er belasta med full meirverdiavgift ein gong, og som i næringsverksemd blir omsett på ny, ikkje skal bli belasta med meirverdiavgift av meir enn avansen ved vidaresalet. Om avgiftspliktige vidareforhandlarar kunne skaffe seg kunstverk som er omfatta av unntaket frå meirverdiavgiftsområdet direkte frå kunstnaren, kan det hevdast at det ikkje er noko behov for å la vidareforhandlarane rekne avgift av berre avansen. Dette fordi det ikkje har oppstått noko full endeleg meirverdiavgiftsbelastning. Det har likevel oppstått ei endeleg belastning av meirverdiavgift for kunstnaren sine innsatsfaktorar, sjølv om desse kan vere små. Det vil dessutan vere meir lønsamt for forbrukaren å kjøpe kunstverket av kunstnaren sjølv, enn å kjøpe det av ein forhandlar dersom forhandlaren måtte krevje opp full avgift. På denne måten kan meirverdiavgiftsreglane påverke omsetningsforma.

       Blant anna på denne bakgrunn finn departementet at vidareforhandlarar bør kunne nytte avansesystemet og når dei skaffar kunstverk frå kunstnaren eller mellommann som nemnt i § 5 første ledd nr. 1 bokstav a.

Komiteens merknader

       Komiteenviser til sin behandling av Dok.nr.8:11 (1995-1996), jf. Innst.S.nr.131 (1995-1996). Komiteen er enig i at videreforhandlere bør kunne benytte avansesystemet også når de omsetter kunstverk anskaffet fra kunstneren selv eller en mellommann som nevnt i § 5 første ledd nr. 1 bokstav a.

7.4 Omsetning og innførsel av samleobjekt - meirverdiavgiftslova § 5 første ledd nr. 6 og § 63 første ledd

Samandrag

       Etter gjeldande reglar skal det ikkje reknast meirverdiavgift ved omsetning og innførsel av frimerke, setlar og myntar som tener som samleobjekt. Dette gjeld likevel ikkje dersom desse varene blir selte som pakker, sett o.l. som er spesielt mynta på butikksal, jf. meirverdiavgiftslova § 5 første ledd nr. 6. Sal av slike pakker, sett o.l. er såleis avgiftspliktig. Etter meirverdiavgiftslova § 63 første ledd gjeld reglane tilsvarande ved innførsel.

       Finansdepartementet gjorde i høyringsnotatet framlegg om å oppheva avgiftsunntaket for frimerke, setlar og myntar som tener som samleobjekt, slik at desse varene blir avgiftspliktige på lik linje med andre samleobjekt. Også postverket si omsetning av frimerke som skal tene som samleobjekt vil då bli avgiftspliktig. Registrerte vidareforhandlarar vil då få frådragsrett for inngåande avgift på varer og tenester som dei skaffar til bruk i denne verksemda. Dette er ein rett dei ikkje har etter gjeldande reglar. Frimerke til bruk som frankeringsmiddel og setlar og myntar til bruk som gyldige betalingsmiddel, vil etter framlegget framleis vere utanfor det avgiftspliktige området. Det blei gjort framlegg om at regel om dette blei teke inn i meirverdiavgiftslova § 5 nr. 6.

       Det blei i høyringsnotatet vist til at regelen i meirverdiavgifslova § 5 første ledd nr. 6 ikkje har vore enkel å praktisere. Det har særleg oppstått problem når det gjeld avgrensinga mellom avgiftsfritt sal av frimerke, setlar og myntar, og avgiftspliktig sal av dei same varene i pakker, sett o.l. Dette skiljet blei innført etter mønster frå Sverige. Skiljet er nå oppheva i Sverige som følgje av Sverige sitt medlemskap i EU. Innan EU er all omsetning av frimerke, setlar og myntar til samleformål avgiftspliktig. Vidareforhandlarar kan nytte avansesystemet ved omsetning av desse samleobjekta.

       Frimerke- og myntbransjen går i høyringsrunden imot ei oppheving av gjeldande avgiftsunntak for frimerke, setlar og myntar som tener som samleobjekt. Det blir vist til at endringa av lova i 1983 har verka etter siktemålet. Den registrerte handelen med frimerke, setlar og myntar har auka etter at unntaket blei innført. Avgiftsunntaket har etter frimerke- og myntbransjen si meining og gjort det mogleg å kjøpe tilbake « kulturskattar » som har vore i utanlandsk eige.

       På bakgrunn av høyringsfråsegnene har departementet vurdert spørsmålet om oppheving av avgiftsunntaket for frimerke, setlar og myntar som tener som samleobjekt på nytt. Departementet har komme til at ein ikkje vil endre framlegget på dette punktet.

       Departementet viser til at unntak frå den generelle avgiftsplikta i utgangspunktet er uheldig blant anna fordi det skapar vridingar i økonomien. Meirverdiavgifta er meint å vere ein generell forbruksskatt. Unntak bør ikkje gjerast utan at særskilde omsyn tilseier det.

       I si fornya vurdering legg departementet vekt på at innføring av eit nytt regime for omsetning av brukte varer m.v. vil gjere at den økonomiske forskjellen mellom avgiftsplikt og unntak vil bli mindre enn det var tale om i 1983. Avansesystemet vil såleis redusere forskjellen mellom privat ikkje- avgiftspliktig omsetning og avgiftspliktig omsetning frå registrerte forhandlarar samanlikna med gjeldande system. Som følgje av at frimerke, setlar og myntar blir avgiftspliktige, vil registrerte forhandlarar få frådragsrett for inngåande avgift på varer og tenester dei skaffar til bruk i denne verksemda. Departementet sitt framlegg om å innføre særlege reglar ved innførsel av kunstverk, samleobjekt og antikvitetar gjer at avansesystemet og kan nyttast av forhandlarar som gjer innkjøp frå utlandet.

       Departementet viser og til at kjøparar av samleobjekt av høg verdi vil ha ein ekstra tryggleik i investeringa ved å kjøpe frå velrenommerte forhandlarar framfor å kjøpe på den private marknaden.

       Departementet legg vidare vekt på at framlegget vil føre til at frimerke, setlar og myntar blir behandla avgiftsmessig likt med andre samleobjekt, og at frimerke, setlar og myntar blir behandla avgiftsmessig likt i Noreg som i våre naboland Sverige og Danmark, og i dei andre EU-landa.

       Det har i høyringsrunden blitt hevda at framlegget om å oppheva unntaket for frimerke, setlar og myntar vil medføre kontrollproblem ved innførsel av desse varene. Departementet ser at det vil kunne by på vanskar å føre kontroll med at frimerke, setlar og myntar verkeleg blir fortolla. Departementet viser til at dette er eit generelt problem ved innførsel av små gjenstandar som eksempelvis edelsteinar, smykke og klokker. Sjølvdeklareringsprinsippet som meirverdiavgiftssystemet byggjer på, set likevel klare krav til varemottakar om at vara skal fortollast utan omsyn til om den er til bruk i næringsverksemd eller ikkje.

       Det har og blitt peika på at vanskane med å fastsetje den reelle omsetningsverdien, gjer moglegheitene for å operere med fiktive fakturaer spesielt store for frimerke, setlar og myntar. Departementet viser til at bruk av fiktive fakturaer vil kunne vere eit problem og ved innførsel av andre små gjenstandar som edelsteinar, smykke m.v. Departementet kan ikkje sjå at faren for bruk av fiktive fakturaer er større ved innførsel av frimerke, setlar og myntar enn andre små gjenstandar som nemnt.

       Etter departementet sitt syn er dei kontrollproblema som det er vist til ved innførsel av frimerke, setlar og myntar ikkje av ein slik art at desse varene av den grunn ikkje bør vere avgiftspliktige.

       Etter meirverdiavgiftslova § 2 siste ledd er setlar, myntar og frimerke varer i meirverdiavgiftslova sin forstand berre når dei skal tene som samleobjekt. Dette inneber at omsetning av frimerke til bruk som frankeringsmiddel, og setlar og myntar til bruk som gyldige betalingsmiddel ikkje er omfatta av meirverdiavgiftslova.

       Fleire høyringsinstansar har peika på at regelen i meirverdiavgiftslova § 2, gjer det unødvendig å innta ein særskild regel om at frimerke til bruk som frankeringsmiddel og setlar og myntar til bruk som gyldige betalingsmiddel, ikkje er omfatta av meirverdiavgiftslova, slik det blei gjort framlegg om i høyringsnotatet. Departementet sluttar seg til denne vurderinga.

       Departementet er vidare av den oppfatning at forskrift fastsett av Finansdepartementet den 8.oktober 1984 om avgrensing av merverdiavgiftunntaket for frimerker, setlar og myntar bør opphevast.

       Departementet kan i dag ikkje sjå nokon grunn til å særbehandla gullmyntar prega etter 1.januar 1967, jf. § 2 i forskrifta.

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til § 63 tredje ledd.

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Rød Valgallianse, kan ikke slutte seg til departementets forslag om at frimerker, sedler og mynter som samleobjekter skal omfattes av de nye særreglene, jf. merknader under pkt. 2, 4.6 og 5.

       Flertallet viser til at Stortinget i 1983 innførte unntak for merverdiavgift ved omsetning av frimerker, sedler og mynter som samleobjekt. I Ot.prp. nr. 43 (1982-1983) og i Innst.O.nr.68 (1982- 83) er det gitt omfattende begrunnelser for et slikt unntak. Flertallet viser til at unntaket har svart til hensikten. Det har bl.a. ført til at langt mer av omsetningen av frimerker, sedler og mynter er kommet over i ordnede former og at mye av den tidligere « svarte handelen » med slike samleobjekter synes å ha opphørt. Flertallet er klar over at innføringen av avansesystemet ville kunne gjøre de økonomiske forskjellene mellom avgiftspliktig - og avgiftsfri omsetning mindre nå enn det var tale om i 1983. Flertallet mener likevel at forskjellen (23% av avansen) ville være nok til at omsetningen av de aktuelle samleobjektene igjen ville kunne bli organisert med sikte på å unngå avgift slik situasjonen var før 1983 og med de kontrollproblemer det ville medføre. I så fall vil også skatteinntektene falle bort. Flertallet mener dessuten at det store antall frimerker, sedler og mynter, ofte med liten verdi på det enkelte objekt, ville gjøre det urimelig arbeidskrevende å tilpasse omsetningen til avansesystemet. Praktiske hensyn tilsier derfor at unntaket fra 1983 videreføres for frimerker, sedler og mynter som samleobjekt.

       Flertallet går imot Regjeringens forslag til endring av § 63 første ledd.

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Arbeiderpartiet og Rød Valgallianse, har videre merket seg opplysningene om den nye felles ordningen innen EU, iverksatt i henhold til Rdir 94/5/EF . Departementet argumenterer med at Norge bør innføre de samme avgiftsregler for omsetning av frimerker, sedler og mynter som våre naboland Sverige og Danmark. Flertallet viser til at Sverige hadde innført avgiftsfrihet på omsetning av frimerker før Norge gjorde det samme i 1983. Faktisk tjente den svenske ordningen som en slags modell for den omleggingen Stortinget vedtok i 1983, og som i tillegg til frimerker også kom til å omfatte sedler og mynter. At Sverige på grunn av sitt EU-medlemskap er blitt tvunget til å oppheve sin ordning med avgiftsfri omsetning, er etter flertallets oppfatning ingen begrunnelse for at Norge bør gjøre det samme. Norge er ikke forpliktet av EØS-avtalen til å følge EU på dette området. Den handlefriheten Norge har som ikke-EU-medlem bør vi benytte til å beholde en ordning som har vist seg å virke fullt ut etter sin hensikt og som ikke har påviselig uheldige sider.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti, Venstre og representanten Stephen Bråthen mener at fordelene ved dagens avgiftsfritak for omsetning av frimerker, sedler og mynter som samleobjekter er langt større enn de mulige ulemper som ville følge av ikke å innlemme også disse aktuelle samleobjektene i særreglene som nå innføres for brukte varer m.v. Disse medlemmer mener at departementets forslag ville ha få fordeler, men store ulemper ved at omsetningen av de aktuelle samleobjektene i stor utstrekning igjen ville bli ført over i ukontrollerbare kanaler. Disse medlemmer vil derfor beholde dagens ordning.

       Disse medlemmer har merket seg at en av departementets begrunnelser for forslaget om å oppheve avgiftsfritaket for frimerker, sedler og mynter er de problemer som angivelig er oppstått som følge av forskjellige avgiftsregler for salg av slike samleobjekt enkeltvis (avgiftsfritt) og salg av de samme objektene i pakker eller sett (avgiftspliktig). Fra bransjehold bestrides det at dette er noe problem, idet det hevdes at « skillet er meget enkelt å håndheve ».

       Disse medlemmer finner det sannsynlig at det i enkelte tilfeller kan by på problemer å definere om et salg er å anse som enkeltsalg eller pakkesalg. Disse medlemmer finner det dessuten uhensiktsmessig å operere med forskjellige avgiftsregler avhengig av om omsetningen av frimerker, mynter og sedler skjer enkeltvis eller som pakker eller sett. Disse medlemmer går derfor inn for at unntaket fra avgiftsfritaket i § 5 første ledd nr. 6 a og b oppheves. Disse medlemmer går forøvrig imot Regjeringens forslag om å oppheve § 5 første ledd nr. 6 første punktum.

       Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

       « I lov av 19.juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift blir det gjort følgende endring:

§ 5 første ledd nr. 6 annet punktum oppheves. »

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti ønsker å videreføre unntaket for frimerker, sedler og mynter i gjeldende lov. Disse medlemmer peker på at en i forbindelse med innføringen av unntaket for frimerker, sedler og myntet, jf. Ot.prp. nr. 43 (1982-1983), ikke fant at det forelå særskilte hensyn som tilsa avgiftsunntak for frimerker omsatt i pakker, sett o.l. Disse medlemmer understreker betydningen av å ha færrest mulig unntak fra plikten til å betale merverdiavgift. Disse medlemmer kan dessuten ikke se at det har skjedd endringer i omsetningsforholdene m.v. for omhandlede frimerker og mynter som gjør at det i dag foreligger særskilte hensyn som kan begrunne et avgiftsunntak for frimerker og mynter omsatt i pakker, sett o.l.

       Disse medlemmer går derfor imot Regjeringens forslag om å oppheve § 5 første ledd nr. 6.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse har ikke stort engasjement i forhold til hvordan omsetning av frimerkepakkepakker skal avgiftsbelegges, en kan ikke med sin beste vilje se at det er sterke sosiale eller samfunnsmessige grunner til at et slikt vareslag skal være fritatt for avgift. Å oppheve en skatt eller avgift fordi bransjens utøvere har vist både vilje og evne til avgiftsunndragelse, er for dette medlem en noe svak begrunnelse. Dette medlem fremmer følgende forslag:

       « I lov av 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift blir gjort desse endringane:

§ 5 første ledd nr. 6 første punktum blir oppheva.

§ 63 første ledd skal lyde:

       Det skal ikke betales avgift ved innførsel av varer som nevnt i § 16 første ledd nr. 6 og 7 og § 17 første ledd nr. 1. Det skal heller ikke betales avgift ved gjeninnførsel av skip, luftfartøyer, oljeboringsplattformer og andre flyttbare plattformer til bruk i petroleumsvirksomhet, herunder fast driftsutstyr i tilfelle som nevnt i § 17 første ledd nr. 2. »

7.5 Fritak for avgiftsplikt ved omsetning av vare frå den som eig vara til bruk privat eller til andre formål som ikkje har gitt frådragsrett for inngåande avgift - meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr. 4

Samandrag

       Avgiftsfritaket i meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr. 4 første punktum gjeld omsetning av vare frå den som eig vara til bruk privat eller til andre formål som ikkje har gitt rett til frådrag for inngåande avgift.

       Regelen gjeld for det første sal av privat lausøyre av ein kvar slag. Vidare vil regelen omfatte næringsdrivande sine sal av driftsmiddel og andre brukte varer dersom det ikkje har vore mogleg å frådragsføre inngåande avgift då varene blei skaffa.

       Avgiftsfritaket gjeld likevel ikkje dersom seljaren omset varer av same slag i si næringsverksemd, jf. § 16 første ledd nr. 4 siste punktum. Denne regelen inneber til eksempel at ein møbelhandlar skal betale avgift dersom han sel sine private gamle møblar.

       Dei høyringsinstansane som har uttalt seg om dette spørsmålet meiner at regelen bør opphevast.

       Regelen i meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr. 4 siste punktum skal motverke at den avgiftspliktige unnlet å rekne avgift av avgiftspliktige leveransar, ved å vise til at dei har vore til privat bruk.

       Oppheving av regelen i § 16 første ledd nr. 4 siste punktum vil kunne føre til at enkelte vil prøve å kanalisere ein større del av innkjøpa som private innkjøp, for deretter å selje dei utan å rekne avgift av salet, ved å vise til at dei har vore til privat bruk. Det er likevel grunn til å tru at slike tilfelle, der den næringsdrivande samtidig registrerer omsetninga i næringsverksemda, sjeldan finn stad. Når det gjeld sal som finn stad utan registrering i rekneskapen, er dette ei problemstilling som eksisterer og etter gjeldande regelverk. Oppheving av den aktuelle regelen vil derfor neppe føre til ytterlegare fare for at avgift ikkje blir betalt.

       Finansdepartementet gjer på denne bakgrunn framlegg om at regelen i meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr. 4 siste punktum blir oppheva.

       Departementet gjer ikkje framlegg om endring av regelen i meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr. 4 første punktum, som fritar næringsdrivande frå å rekne avgift ved sal av driftsmiddel der frådragsretten har vore avskoren då dei blei skaffa. Sal av slike varer frå ordinære avgiftspliktige er ikkje omfatta av avansesystemet, og det er såleis behov for regelen fordi det har oppstått ei endeleg avgiftsbelastning då vara blei skaffa.

Komiteens merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Rød Valgallianse, slutter seg til forslaget om å oppheve regelen i merverdiavgiftslovens § 16 første ledd nr. 4 siste punktum, og viser til omtale og begrunnelse i proposisjonen.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse viser til sine merknader under punkt 2 foran.

7.6 Frådragsrett for fiktiv inngåande meirverdiavgift for samvirkeforetak og forhandlarar av handverks- og husflidsarbeid - meirverdiavgiftslova § 44a

Samandrag

       Med heimel i meirverdiavgiftslova § 44a har departementet fastsett forskrifter som i ei viss utstrekning inneber frådragsrett for fiktiv inngåande meirverdiavgift ved kjøp frå ikkje-registrerte seljarar. Etter forskrift fastsett av Finansdepartementet den 12.mars 1970 om avrekning av inngåande avgift for samvirkeforetak m.v., kan samvirkeforetak i visse tilfelle føre opp avgiftsbeløp i avrekningsdokument utan omsyn til om seljaren er registrert i avgiftsmanntallet. Denne fiktive avgifta kan trekkjast frå som inngåande avgift. Same prinsipp gjeld etter forskrift fastsett av Finansdepartementet den 17.oktober 1978 om avrekning av inngåande avgift overfor heimeprodusentar av handverks- og husflidsarbeider.

       Samvirkeforetaka og forhandlarane av husflids- og handverksprodukt vil ikkje bli omfatta av avansesystemet av to grunnar;

- for det første fordi dei kan trekkje frå inngåande avgift når dei skaffar varer også frå ikkje-registrerte,
- for det andre fordi desse varene normalt ikkje vil vere brukte varer, kunstverk, samleobjekt eller antikvitetar.

       Departementet fann i høyringsnotatet at det no ikkje er grunn til å oppheva ordninga med frådragsrett for fiktiv avgift etter § 44a sidan avansesystemet ikkje kan nyttast på dette området.

       Dei høyringsinstansane som har uttalt seg om dette spørsmålet sluttar seg til departementet sitt framlegg.

Komiteens merknader

       Komiteenhar ingen merknader til at gjeldende ordning etter § 44 a videreføres.