Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

       Regjeringa legg i proposisjonen fram forslag om endringar i lov av 13. juni 1975 om næringsmessig husdyrhald. Det er framlegg om bruk av tvangsmidlar mot verksemd som driv i strid med lov, og heimel for pålegg om tiltak og ilegging av tvangsmulkt. Føremålet er meir effektiv handheving av lova.

       Intensjonen med lova er å hindra industrialisert produksjon av gris og fjørfe. Konsesjonsreguleringa skal òg hjelpe til å verna mot forureining. Føremålet er ikkje å regulere den samla produksjonen innan kraftfôrkrevjande husdyrproduksjon.

       Ingen kan driva svine- eller fjørfeproduksjon med fleire dyr enn det som er grensa for konsesjonsfri drift, utan løyve. Opprinneleg vart lova praktisert med såkalla oppnådd rett, som var det talet på dyr produsenten hadde da konsesjonsplikt vart innført. Etter lovendring i 1992 var det nødvendig med konsesjonshandsaming også av dei med oppnådd rett. I hovudsak er konsesjonane for desse i samsvar med oppnådd rett.

       Nye grenser for konsesjonsfri drift frå 1. januar 1995 er ei vesentleg heving i høve til grensene frå 1992. Talet på bruk med konsesjonspliktig produksjon er nå vel 330, mot vel 1.280 tidlegare. Etter dei nye reglane er det på nærare vilkår mogleg å utvide produksjonen innafor den bygningsmassen som er.

       Der har vore etableringar ut over grensene for konsesjonsfri drift kor trekk i produksjonstillegget har vist seg ikkje å vere nok for å hindra ulovleg etablering av husdyrhald.

       Alvorlege tilfelle vert meld til politiet. Det tek lang tid å få rettskraftig dom, og ulovleg produksjon med urettmessig forteneste kan halde fram. For å skaffe gode nok verkemiddel for å hindre ulovleg verksemd, gjer Landbruksdepartementet framlegg om reglar som gjer at ein kan ta i bruk tvangsmidlar. Framlegget er lik ei tilsvarande ordning i fiskeoppdrettslova.

       Dei fleste høyringsinstansane har vore positive til framlegget. Berre to går mot med grunngjevinga at det inneber ei uheldig samanblanding av lovgjevande, utøvande og dømmande makt.

       Det er framlegg om endring av § 6 slik at om ulovleg drift ikkje held opp innan ein fastsett frist, må den ansvarlege betale ei tvangsmulkt. Tvangsmulkt er ikkje straff. Den må fastsetjast på førehand og tek først til å gjelda når fristen for å retta på tilhøva er ute. For at ordninga skal ha effekt, meiner departementet at tvangsmulkta må vere så stor at den er større enn gevinsten den ansvarlege kan rekne med dersom han ikkje rettar seg etter pålegget.

       Departementet gjer framlegg om heimel for å ettergje tvangsmulkt. Slik adgang skal nyttast bare unntaksvis.

       Det er òg framlegg om at styresmaktene kan gjere tiltak for den ansvarlege si rekning når den ansvarlege ikkje gjer det som er nødvendig, eller det hastar med tiltak.

       Tvangsmulkt skal vere tvangsgrunnlag for utlegg.

       Departementet gjer framlegg om at ein konsesjon kan trekkjast tilbake ved særleg grovt brot på reglane. På same grunnlag skal ein òg kunne avslå søknad om å få drive ut over grensa for konsesjonsfri drift.

       Det er ikkje rekna med at mengda av saker som må følgjast opp vil endra seg som følgje av lovendringane. Men ved å bruke tvangsmulkt vil fleire brot på reglane opphøre, og påtalestyresmaktene sitt ansvar for å følgje opp vert redusert. Fylkesmennene vil få litt større arbeidsmengde med sakene. Inntektene av tvangsmulkt vil vege opp meirkostnader ved oppfølging og kontroll, sjølv om tvangsmiddelsystemet si målsetting er at pålegg vert oppfylt, slik at krav om innbetaling fell bort.