Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

3. Behovet for lovheimel

       WTO-avtala om offentlege innkjøp har reglar som krev at dei enkelte landa etablerer ei individuell klageordning for påstandar om brot på avtalen. Desse reglane er svært like dei tilsvarande reglane i EØS-avtala. Lov om offentlege anskaffelser har reglar som tilfredsstiller krava i WTO-avtala om offentlege innkjøp. Departementet finn det derfor mest formålstenleg å utvide verkeområdet til lov om offentlege anskaffelser slik at ho òg gjeld innkjøp omfatta av WTO-avtala om offentlege innkjøp.

       Lov om offentlige anskaffelser avgrensar i dag den individuelle søksmålskompetansen til berre å gjelde brot på føresegner som følgjer EØS-avtala, jf. § 3, § 4 og § 5 i lova. Av den grunn er det nødvendig å revidere desse føresegnene slik at dei òg gjeld brot på WTO- avtala om offentlege innkjøp.

       Som medlem av EFTA har Noreg inngått ei rekkje multilaterale frihandelsavtalar med austeuropeiske tredjeland. Desse EFTA-frihandelsavtalane har stort sett like reglar om at avtalepartane skal opne for internasjonal konkurranse når det gjeld offentlege innkjøp.

       Noreg har som handelspolitisk målsetjing å sørgje for at norske bedrifter har like god marknadstilgang i tredjeland som bedrifter frå EU-land. EU har i seinare tid inngått utvida frihandelsavtalar, såkalla Europa-avtalar, med ei rekkje austeuropeiske land.

       Departementet ventar ei utvikling framover som går i retning av ein utvida bruk av føresegner som sikrar tilgang til nasjonal domstolbehandling for påstandar om brot på internasjonale avtalar. Ein sikrar ei effektiv handheving av slike føresegn ved at Kongen får myndighet i lov om offenlige anskaffelser til å bestemme kva for andre internasjonale avtalar som Noreg er forplikta etter, som skal omfattast av denne lova. Slike avtalar skal vere baserte på gjensidige rettar og plikter avtalelanda imellom, slik at Noreg ikkje opnar for nasjonal domstolbehandling utan at norske tilbydarar er sikra ein tilsvarande rett i vedkomande avtaleland.

       Ved at lov om offentlige anskaffelser opnar for nasjonal klagebehandling, ventar ein at det skal bli enklare å inngå internasjonale frihandelsavtalar, fordi ein då kan vise til eit etablert nasjonalt system for korleis dei skal handhevast. Ei slik klagerett kan òg vere med på å auke Noregs samhandel med utlandet, ved at ein får betre garanti for at norske leverandørar får tilgang til dei marknader som frihandelsavtalane omfattar.

       Frihandelsavtalar som Noreg inngår, må òg leggjast fram for Stortinget til godkjenning. Har Stortinget godkjent ein avtale som inneber nasjonal klagerett, kan det føre til at lov om offentlige anskaffelser i ettertid må endrast. Avgjerda om å utvide verkeområdet for lova er i realiteten teken samtidig som Stortinget slutter seg til den aktuelle avtala. Av den grunn er det formålstenleg å ta inn ei føresegn i lova som opnar for at den etterfølgjande endringa i innkjøpsregelverket kan gjerast utan lovendring. Det blir venteleg laga frihandelsavtalar på dette området i framtida, og det er lite ynskjeleg å måtte endre lova kvar gong det skjer.

       På denne bakgrunn vil departementet foreslå å ta inn ei føresegn i lova om at Kongen kan bestemme at andre internasjonale avtalar som Noreg er forplikta etter, blir omfatta av lov om offentlige anskaffelser.