Innstilling frå næringskomiteen om lov om endringer i lov av 27. november 1992 nr. 116 om offentlige anskaffelser m.v.
Dette dokument
- Innst. O. nr. 35 (1995-1996)
- Kildedok: Ot.prp. nr. 11 (1995-96)
- Dato: 17.01.1996
- Utgiver: næringskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Innhold
- 1. Innledning
- 2. Hovudinnhaldet i WTO-avtala om offentlege innkjøp
- 3. Behovet for lovheimel
- 4. Føresegnene i lova
- 5. Økonomiske og administrative konsekvensar
- 6. Merknader frå komiteen
- 7. Komiteen si tilråding
Til Odelstinget.
Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om endringar i lov om offentlige anskaffelser. På bakgrunn av reglane i WTO-avtala om offentlege innkjøp har Nærings- og energidepartementet utarbeidd forslag til endringar i lov av 27. november 1992 nr. 116 om offentlige anskaffelser m.v. (lov om offentlige anskaffelser). Endringsforslaget går ut på å gi nødvendig lovheimel for å sikre nasjonal domstolbehandling ved brot på WTO-avtala om offentlege innkjøp og andre internasjonale avtalar som Noreg forpliktar seg etter.
WTO-avtala om offentlege innkjøp er ikkje ein del av sjølve WTO-avtala, men er ein sjølvstendig avtale som vart inngått mellom Canada, EU, Israel, Japan, Noreg, Sveits, Korea og USA.
Det overordna målet med WTO-avtala om offentlege innkjøp er å få til ei effektiv multilateral ramme for offentlege innkjøp og sikre at lovgivinga og praksis blir baserte på prinsippa om nasjonal behandling og ikkje-diskriminering.
Avtala tek til å gjelde 1. januar 1996.
WTO-avtala om offentlege innkjøp omfattar både statlege, fylkeskommunale og kommunale verksemder og organ som er kontrollerte av det offentlege, som har som formål å møte behov hos allmenta, og som ikkje har kommersiell eller industriell karakter. Vidare omfattar avtala somme verksemder som driv innanfor forsyningssektorane. Det er offentlege føretak og verksemder som driv innanfor vass- og elektrisitetsforsyning, offentleg lokal transport og lufthavnoperatører, d.e. Luftfartsverket, havneoperatører, d.e. havnemyndighetene etter havnelova. Avtala omfattar ikkje fleire organ eller verksemder enn det som alt følgjer av EØS-avtala.
WTO-avtala om offentlege innkjøp omfattar innkjøp av varer, visse tenester og byggje- og anleggsverksemd. Heller ikkje på dette punktet går WTO-avtala lenger enn EØS-avtala.
WTO-avtala om offentlege innkjøp inneheld detaljerte reglar om framgangsmåten for aktørane i prosessen.
Det er òg gitt reglar om at leverandørane har høve til å klage individuelt over tilbodshandsaminga ved ein nasjonal domstol eller liknande styresmakt i heimlandet til oppdragsgivaren. Denne kontrollstyresmakta skal ha kompetanse til å stoppe tildelingsprosessen eller eventuelt gi den forbigåtte tilbydaren erstatning i tilfelle der det har skjedd brot på avtala. Denne direkte klageretten i det landet der kontrakten blir utlyst, kjem i tillegg til WTO-avtala sitt generelle tvisteløysingssystem, som gjeld mellom deltakarlanda. Ifølgje det systemet er det høve til å få saka prøvd av særskilt oppnemnde panel.
WTO-avtala om offentlege innkjøp har reglar som krev at dei enkelte landa etablerer ei individuell klageordning for påstandar om brot på avtalen. Desse reglane er svært like dei tilsvarande reglane i EØS-avtala. Lov om offentlege anskaffelser har reglar som tilfredsstiller krava i WTO-avtala om offentlege innkjøp. Departementet finn det derfor mest formålstenleg å utvide verkeområdet til lov om offentlege anskaffelser slik at ho òg gjeld innkjøp omfatta av WTO-avtala om offentlege innkjøp.
Lov om offentlige anskaffelser avgrensar i dag den individuelle søksmålskompetansen til berre å gjelde brot på føresegner som følgjer EØS-avtala, jf. § 3, § 4 og § 5 i lova. Av den grunn er det nødvendig å revidere desse føresegnene slik at dei òg gjeld brot på WTO- avtala om offentlege innkjøp.
Som medlem av EFTA har Noreg inngått ei rekkje multilaterale frihandelsavtalar med austeuropeiske tredjeland. Desse EFTA-frihandelsavtalane har stort sett like reglar om at avtalepartane skal opne for internasjonal konkurranse når det gjeld offentlege innkjøp.
Noreg har som handelspolitisk målsetjing å sørgje for at norske bedrifter har like god marknadstilgang i tredjeland som bedrifter frå EU-land. EU har i seinare tid inngått utvida frihandelsavtalar, såkalla Europa-avtalar, med ei rekkje austeuropeiske land.
Departementet ventar ei utvikling framover som går i retning av ein utvida bruk av føresegner som sikrar tilgang til nasjonal domstolbehandling for påstandar om brot på internasjonale avtalar. Ein sikrar ei effektiv handheving av slike føresegn ved at Kongen får myndighet i lov om offenlige anskaffelser til å bestemme kva for andre internasjonale avtalar som Noreg er forplikta etter, som skal omfattast av denne lova. Slike avtalar skal vere baserte på gjensidige rettar og plikter avtalelanda imellom, slik at Noreg ikkje opnar for nasjonal domstolbehandling utan at norske tilbydarar er sikra ein tilsvarande rett i vedkomande avtaleland.
Ved at lov om offentlige anskaffelser opnar for nasjonal klagebehandling, ventar ein at det skal bli enklare å inngå internasjonale frihandelsavtalar, fordi ein då kan vise til eit etablert nasjonalt system for korleis dei skal handhevast. Ei slik klagerett kan òg vere med på å auke Noregs samhandel med utlandet, ved at ein får betre garanti for at norske leverandørar får tilgang til dei marknader som frihandelsavtalane omfattar.
Frihandelsavtalar som Noreg inngår, må òg leggjast fram for Stortinget til godkjenning. Har Stortinget godkjent ein avtale som inneber nasjonal klagerett, kan det føre til at lov om offentlige anskaffelser i ettertid må endrast. Avgjerda om å utvide verkeområdet for lova er i realiteten teken samtidig som Stortinget slutter seg til den aktuelle avtala. Av den grunn er det formålstenleg å ta inn ei føresegn i lova som opnar for at den etterfølgjande endringa i innkjøpsregelverket kan gjerast utan lovendring. Det blir venteleg laga frihandelsavtalar på dette området i framtida, og det er lite ynskjeleg å måtte endre lova kvar gong det skjer.
På denne bakgrunn vil departementet foreslå å ta inn ei føresegn i lova om at Kongen kan bestemme at andre internasjonale avtalar som Noreg er forplikta etter, blir omfatta av lov om offentlige anskaffelser.
Endringsforslaget inneber ingen endringar i det materielle innhaldet i lova, utover det å utvide verkeområdet til også å omfatte andre internasjonale avtalar som Noreg er forplikta etter.
Departementet meiner at dei foreslåtte endringane er marginale og at det ikkje er noko i praksis hittil som tyder på at endringane skulle innebere administrativt meirarbeid. Det er derfor Nærings- og energidepartementet sitt syn at forslaget ikkje vil innebere administrative eller økonomiske konsekvensar av betydning.
Det blir føreset at eventuelle auka kostnader blir dekte innanfor eksisterande rammer.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C. Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, har merka seg at Regjeringa i sitt forslag til ny lov om offentlege anskaffelser har lagt vekt på at målet er ei effektiv multilateral ramme for offentlege innkjøp. Den nye lova skal sikre at lovgjevinga og praksis blir bygde på prinsippa om nasjonal handsaming og ikkje-diskriminering. Komiteen har merka seg at Regjeringa viser til St.prp. nr. 65 (1993-1994) kor det heiter:
« Det norske offentlige innkjøpsmarked er allerede relativt åpent og vil ved avtalens ikrafttredelse allerede være utsatt for konkurranse gjennom EØS-regelverket for offentlige anskaffelser, slik at avtalen ikke antas å innebære vesentlige endringer for innenlandske leverandører på det norske markedet. » |
Komiteen har merka seg at EØS-reglane om offentlege innkjøp berre gjeld viss innkjøpet kjem over visse terskelverdiar. Desse terskelverdiane blir noko endra som følgje av WTO-avtala om offentlege innkjøp. Også andre føresegner vil måtte bli endra som følgje av avtala. Endringane i føresegnene vil bli utførleg omtala i samband med ei særskild høyring av dei. Komiteen føreset at høyringsinstansane får naudsynt tid til å gjennomføre dei naudsynte høyringane.
Komiteen har merka seg at WTO-avtala om offentlege innkjøp har reglar som gjer at dei einskilde landa etablerer ei individuell klageordning kva angår påstandar om brot på avtalen. Regjeringa fremjar difor forslag om å utvide loven sitt virkeområde slik at ho òg gjeld innkjøp omfatta av WTO-avtala om offentlege innkjøp. I dag avgrensar loven søksmålskompetansen til berre å gjelde brot på føresegner som følgjer av EØS-avtala. Komiteen er samd i dette.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, viser til at Regjeringa fremjer forslag om at ein skal kunne klage nasjonalt på brot på føresegnene i dei ulike frihandelsavtalane frå tredjeland si side og motsett. Fleirtalet er samd i at ein gjer slike framlegg. Fleirtalet har òg merka seg at Regjeringa gjer framlegg om at Kongen kan avgjere at andre internasjonale avtalar som Noreg er forplikta etter, blir omfatta av denne loven. Fleirtalet er einig òg i dette.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet viser til at WTO-avtala om offentlege innkjøp har reglar som krev at dei enkelte landa etablerer ei individuell klageordning for påstandar om brot på avtala. Desse medlemene har merka seg at desse reglane er svært like dei tilsvarande reglane i EØS-avtalen og at lov om offentlege anskaffelser har reglar som tilfredsstiller krava i WTO-avtala om offentlege innkjøp. Regjeringa foreslår å utvide verkeområdet til lov om offentlege anskaffelser slik at ho òg gjeld innkjøp omfatta av WTO-avtala om offentlege innkjøp. Desse medlemene er samd i dette.
Desse medlemene viser til at Regjeringa foreslår at verkeområdet for lova skal kunne utvidast i framtida ved at Kongen får myndighet til å avgjere kva for andre internasjonale avtalar som Noreg er forplikta etter, som skal omfattast av lova. Desse medlemene viser til at dette vil gjelde eventuelle framtidige avtalar som krev tilgang til nasjonal domstolsbehandling. Desse medlemene viser til at slike avtalar skal vere baserte på gjensidige rettar og plikter avtalelanda imellom, slik at Noreg ikkje opnar for nasjonal domstolsbehandling utan at norske tilbydarar er sikra ein tilsvarande rett i vedkomande avtaleland. Desse medlemene viser til at Stortinget må godkjenne alle frihandelsavtalar som Noreg inngår. Dersom Stortinget godkjenner ei avtale som inneber nasjonal klagerett, vil i realiteten avgjerda om å utvide verkeområdet for lova verte teken samtidig. Desse medlemene slutter seg på denne bakgrunn til Regjeringa sitt forslag.
Desse medlemene viser elles til dei enkelte partia sine standpunkt, merknader og forslag ved handsaminga av EØS-avtala og WTO-avtala.
Komiteen sitt medlem frå Sosialistisk Venstreparti viser til dette partiet sine standpunkt, merknader og forslag ved handsaminga av EØS-avtala og WTO-avtala. Denne medlemen viser til sine merknader og forslag i tilknyting til desse avtalane kva angår offentlege innkjøp og ei åpning med full liberalisering av dette markedet. Moglegheita til å styre offentlege innkjøp til lokalt næringsliv; på kommunal, fylkeskommunal eller nasjonal basis har gjennom EØS-avtala i stor grad blitt fjerna. Dette blir ytterlegare gjort no med bakgrunn i WTO-avtala. Offentlege innkjøp har vore og vil vere eit viktig økonomisk bidrag til lokalt næringsliv og eit viktig bidrag til korleis det lokale næringslivet skal kunne utvikle seg.
Denne medlemen er av den oppfatning at importandelen i norsk økonomi er høgare enn naudsynt. Denne medlemen legg vekt på at høgare eigenproduksjon og lågare importandel i Noreg gjev grunnlag for større grad av bearbeiding og høgare sysselsetting. Denne medlemen meiner dei foreslåtte lovendringane undergraver ein slik strategi.
Denne medlemen er kritisk til at ein tek inn ei føresegn i lova som opnar for at endring i innkjøpsregelverket, som følge av nye frihandelsavtaler, kan gjerast utan lovendring. Etter denne medlemen si vurdering er dette ei demokratisk uforsvarleg framgangsmåte når ein ikkje på nokon måte kjenner innhaldet i desse eventuelle avtalene på førehand.
På eit slikt grunnlag vil denne medlemen gå imot dei endringane i lova som Regjeringa har gjort framlegg om.
Komiteen viser til det som står framanfor og rår Odelstinget til å gjere slikt
I.
I lov av 27. november 1992 nr. 116 om offentlige anskaffelser m.v. gjøres følgende endringer:
Ny § 1 skal lyde:
§ 1. Hvilke internasjonale avtaler loven gjelder for
Denne lov kommer til anvendelse ved gjennomføring av Norges forpliktelser etter EØS-avtalens bestemmelser om offentlige anskaffelser og WTO-avtalen om offentlige innkjøp.
Kongen kan beslutte at loven skal gis anvendelse ved gjennomføring av andre internasjonale avtaler som Norge er forpliktet etter.
Nåværende § 1 blir ny § 2. Overskriften skal lyde:
Hvilke anskaffelser og organer loven gjelder for
Nåværende § 2 blir ny § 3. Andre ledd skal lyde:
Kongen kan ved forskrift gi regler om frivillig kontroll (attestering) av oppdragsgivernes etterlevelse av avtalene nevnt i § 1 slik de er gjennomført i norsk rett. I den forbindelse kan det stilles krav til de som skal utføre slik kontroll.
Nåværende § 3 blir ny § 4. Første og andre ledd skal lyde:
Søksmål om overtredelse av avtalene nevnt i § 1 slik de er gjennomført i norsk rett, reises for herreds- eller byretten uten forliksmegling. Senest samtidig med at søksmål reises, skal saksøker skriftlig underrette oppdragsgiver om den påståtte overtredelse, og om at søksmål vil bli reist.
Inntil kontrakt er inngått, kan retten sette til side beslutninger som er truffet under en anskaffelsesprosedyre som er omfattet av forskrift etter § 3 første ledd, når beslutningen er i strid med avtalene nevnt i § 1 slik de er gjennomført i norsk rett. Dette gjelder ikke for beslutninger som er truffet under anskaffelsesprosedyrer innenfor sektorene vannforsyning, energi, transport og telekommunikasjon.
Nåværende § 4 blir ny § 5. Første og andre ledd skal lyde:
Mot overtredelser av avtalene nevnt i § 1 slik de er gjennomført i norsk rett, kan det ikke besluttes midlertidige forføyninger etter at kontrakt er inngått.
Ved begjæring om midlertidig forføyning mot overtredelser under anskaffelsesprosedyrer innenfor sektorene vannforsyning, energi, transport og telekommunikasjon, kan det heller ikke før kontrakt er inngått besluttes midlertidige forføyninger som nevnt i tvangsfullbyrdelsesloven § 15-8 første ledd. Dersom det er sannsynlig at avtalene nevnt i § 1 slik de er gjennomført i norsk rett vil bli eller allerede er overtrådt, skal retten i stedet fastsette en mulkt som saksøkte skal betale til statskassen dersom overtredelsen ikke bringes til opphør eller forhindres og kontrakt blir inngått. Mulkten skal være så stor at den er egnet til å hindre at saksøkte begår eller opprettholder overtredelsen. Saksøkte plikter bare å betale mulkten dersom det ved dom blir fastslått at vilkårene for betaling av mulkten er oppfylt. Retten underretter skattefogden som inndriver mulkten.
Nåværende § 5 blir ny § 6 og skal lyde:
§ 6. Erstatning
Innenfor sektorene vannforsyning, energi, transport og telekommunikasjon kan en saksøker kreve erstatning for kostnader ved å forberede et tilbud eller ved å delta i en anskaffelsesprosedyre når avtalene nevnt i § 1 slik de er gjennomført i norsk rett er overtrådt under anskaffelsesprosedyren. Saksøkeren har likevel bare krav på erstatning dersom han ville hatt en reell mulighet, som er blitt redusert som følge av overtredelsen, til å bli tildelt kontrakten.
Nåværende § 6 blir § 7.
Andre ledd blir oppheva.
II.
Loven trer i kraft fra den tid Kongen bestemmer.
Oslo, i næringskomiteen, den 17. januar 1996. |
Svein Ludvigsen, | Reidar Johansen, | William Engseth, |
leiar. | ordførar. | sekretær. |