4. Merknader til dei einskilde paragrafane
Under dette punktet følgjer ein kort gjennomgang av nokre av dei lovreglane som vert foreslått endra, med hovudvekt på reglar der det er kome merknader frå høyringsinstansane, heilt nye reglar og reglar som teknisk sett går lenger enn det som er naudsynt etter EØS-avtalen.
4.1 Endringane i aksjelova
I § 1-1 er det fastsett at aksjekapitalen i allmenne aksjeselskap skal vere minst 1 mill. kroner. Det er ikkje naudsynt etter EU-direktivet å setje kravet så høgt, men det er ikkje kome merknader til regelen. Departementet meiner det ville være uheldig å innføre nye krav til aksjekapital i to omgangar dersom ein først meiner at kravet bør vere 1 mill. kroner, og fremmer derfor dette forslaget.
I ny § 2-4 a er det teke inn særlege reglar om kontroll med tingsinnskot m.v. Regelen gjeld berre allmenne aksjeselskap. Regelen fører til ei skjerping av opplysningsplikta om innskot og verdsetjinga av dette, strengare reglar med omsyn til kven som skal kontrollere verdien av tingsinnskotet, og på kva tidspunkt denne kontrollen skal skje. Direktivet gjeld berre tingsinnskot, medan § 2-4 a også gjeld når selskapet skal overta eigedelar mot vederlag i anna enn aksjar. Departementet føreslår ei slik utviding i regelen for å unngå ein unødvendig komplisering av lovteksten. Økokrim har uttala at desse reglane er så viktige at dei og bør gjelde for private aksjeselskap, men departementet viser til at proposisjonen skal vere ei minimumstilpassing. Etter § 2-4 a skal det utarbeidast ei utgreiing av ein eller fleire uavhengige sakkunnige. Som uavhengig sakkunnig må ein nytte registrert eller statsautorisert revisor. Kongen kan dessutan gjennom føresegner fastsetje at og andre yrkesgrupper kan nyttast. Næringslivets Hovudorganisasjon meiner at kravet om sjølvstende tilseier at ein veljar andre yrkesgrupper enn revisor. Departementet viser til at revisor ut frå sin alminnelege rekneskapskunnskap og kjennskap til verksemda vil ha gode føresetnader for å kunne uttale seg om verdien av innskotet.
I ny § 2-4 b vert det fastsett at i private aksjeselskap kan aksjar berre teiknast av stiftarane eller nokon som stiftarane handlar etter avtale med. Det same gjeld ved kapitalutviding. Regelen er ikkje naudsynt ut frå EØS-avtalen, men er etter departementet sitt syn naudsynt av omsyn til tilhøvet mellom dei to aksjeselskapsformene.
I ny § 2-9 a vert det fastsett at visse avtaler om at selskapet skal erverve eigedelar frå ein aksjeeigar eller stiftar i løpet av to år etter at selskapet er registrert, skal godkjennast av generalforsamlinga. Før handsaminga av avtalen skal det utarbeidast ei utgreiing tilsvarande den som vart utarbeida ved tingsinnskot. Andre ledd utvidar området for første ledd til også å gjelde erverv frå personar (m.a. familiemedlemer) og selskap som har nær tilknyting til aksjeeigarar eller stiftarar. Direktivet gjeld i utgangspunktet berre erverv frå stiftarar, men departementet meiner det er naudsynt å utvide området for regelen noko utover dette.
§ 4-4 tredje ledd regulerer selskapet si opplysningsplikt overfor aksjeeigarar som skal ha føremonsrett til å teikne nye aksjar ved kapitalutviding. Desse skal gjerast kjende med vedtaket etter reglane som gjeld for innkalling til generalforsamling. Tilbodet om teikning etter føremonsrett skal i allmenne aksjeselskap kunne offentleggjerast i dagspressa og Norsk Lysingsblad dersom ikkje alle aksjeeigarar vert underretta skriftleg. Etter gjeldande lov kan aksjeeigarane underrettast ved at det vert rykka inn annonsar i dagspressa.
Etter § 4-5 a kan private aksjeselskap ved kapitalutviding berre rette innbyding til teikning til dei som allereie er aksjeeigarar eller andre særleg fastsette personar. Det same gjeld i samband med stiftinga. Regelen er ikkje strengt naudsynt etter direktiva, men bør gjevast av omsyn til tilhøvet mellom dei to aksjeselskapsformene.
Gjeldande aksjelov har ikkje den ordninga at reservefond kan utdelast til aksjeeigarar dersom ein nyttar same framgangsmåte med kreditorvarsel som ved kapitalnedsetjing, slik det var gjort framlegg om i Ot.prp. nr. 36. Aksjelova fastset derimot at dersom reservefonda er større enn påbode etter § 12-1 første ledd kan inntil 1/5 av det overskytande nyttast til andre føremål enn dei som er nemnde i denne regelen, jf. § 12-2 andre ledd. Dette er ikkje i samsvar med andre selskapsdirektiv art. 36. Nokre høyringsinstansar meiner ein bør følgje forslaget i Ot.prp. nr. 36. Etter departementet sitt syn er det mykje som talar for dette, men ei slik endring vil gå ut over føresetnaden om ei minimumstilpassing. Departementet går derfor inn for at det bør opprettast eit eige innløysingsfond for avsetningar etter § 6-4 tredje ledd.
Art. 18 i andre selskapsdirektiv set forbod mot at eit aksjeselskap teiknar eigne aksjar. Eit slikt forbod gjeld òg etter aksjelova i § 7-1, men direktivet har andre reglar om konsekvensane av at det er teikna aksjar i strid med regelen. Andre selskapsdirektiv gjeld berre allmenne aksjeselskap. Det vert likevel gjort framlegg om at den nye § 7-1 skal gjerast gjeldande for begge former for aksjeselskap. Ein viser m.a. til at dei små aksjeselskapa allereie etter gjeldande lov er underlagde eit forbod mot å teikne eigne aksjar.
Etter gjeldande § 8-4 har selskap med ein aksjekapital på 1 mill. kroner eller meir plikt til å ha administrerande direktør. Nærings- og energidepartementet meiner ein bør vurdere om ein skal tillate selskapa å ha fleire administrerande direktørar. Justisdepartementet meiner ei slik vurdering bør gjerast av Aksjelovutvalet.
I ny § 8-4 a vert det gjort framlegg om at dersom formalitetane for offentleg innsyn er følgde når det gjeld personar som i eigenskap av organ kan binde selskapet, kan feil ved oppnemninga av desse personane ikkje gjerast gjeldande overfor ein tredjeperson med mindre selskapet godtgjer at denne kjende til feilen. Aksjelova har ingen slik bevisbyrderegel, og det er derfor naudsynt å ta inn ein ny regel om dette.
I ny § 8-11 a, som er bygd på 12. selskapsdirektiv art. 5, er det fastsett at i selskap med berre ein aksjeeigar, skal avtaler som vert inngåtte mellom aksjeeigaren og selskapet innførast i ein protokoll eller nedteiknast skriftleg. I direktivet er det opna for at det kan gjerast unnatak for løpande transaksjonar som er avtalt på vanlege vilkår. Sparebankforeningen meiner at regelen vil vere lett å omgå, og at den bør gjerast meir generell. Departementet meiner dette vil gå ut over prinsippet om minimumstilpassing.
§ 8-15 regulerer i kva grad selskapet er bunde i tilfelle der eit selskapsorgan har gått ut over sine fullmakter. I 1. selskapsdirektiv art. 9 er det gitt reglar om dette. I Ot.prp. nr. 36 vart desse reglane tolka slik at selskapet ikkje skulle vere bunde når selskapsorgana hadde gått ut over dei fullmakter som loven legg til dei. Alternativt kan reglane tolkast slik at det er opp til den nasjonale lovgjevar å fastsetje om selskapet skal vere bunde i eit slikt tilfelle. Den siste tolkinga har ein lagt til grunn i svensk rett. Fleire høyringsinstansar meiner at denne tolkinga også må leggjast til grunn i Noreg. Departementet meiner det er forsvarleg å tolke direktivet slik ein har gjort i Sverige og noverande regel i § 8-15 er derfor vidareført i all hovudsak slik at selskapet i visse tilfelle blir bunde sjølv om selskapsorgana har gått ut over sine fullmakter. På eitt punkt er direktivet annleis enn regelen i gjeldande aksjelov idet direktivet krev at selskapet må godtgjere at medkontrahenten ikkje var i god tru. Dette er teke inn i gjeldande § 8-15.
I ny § 9-6 a er det gitt pålegg til allmenne aksjeselskap om ein aktivitetsplikt dersom det viser seg at halve aksjekapitalen er tapt. Styret må i så fall kalle inn til generalforsamling innan 6 månader og på generalforsamlinga skal det gjerast greie for selskapet sin økonomiske stilling, årsakene til underskotet og framtidsutsikter. Det må setjast fram konkrete forslag om kva som skal gjerast for å bringe eigenkapitalen i samsvar med aksjekapitalen eller gjerast framlegg om at selskapet vert oppløyst. Nokre høyringsinstansar gjev si tilslutning til regelen. Sparebankforeningen meiner den òg bør gjelde private aksjeselskap, men departementet meiner dette går ut over føresetnaden om minimumstilpassing. Norges Statsautoriserte Revisorers Forening meiner reglane er firkanta og strenge. Departementet viser til at i tilfelle der den økonomiske stoda endrar seg i løpet av 6-månaders fristen vil det ikkje vere naudsynt å innkalle generalforsamlinga ettersom særskilde tiltak då vil vere overflødig. Nokre instansar tek opp spørsmålet om kva som ligg i omgrepet « tiltak ». Departementet understrekar at generalforsamlinga står fritt med omsyn til kva vedtak den skal fatte. Hovudpoenget er å sikre at styret vert halde kontinuerleg orientert om selskapet sin kapitalsituasjon.
Aksjelova § 11-12 fjerde ledd gjev styret ei opplysningsplikt dersom balansen viser at 2/3 av aksjekapitalen er tapt. På grunn av den nye regelen i § 9-6 a vert det gjort framlegg om at denne opplysningsplikta i allmenne aksjeselskap skal gjelde allereie når 1/3 av aksjekapitalen er tapt. NHO og Norges Rederiforbund meiner regelen heilt bør sløyfast. Ut frå omsynet til føremålet med revisjonen, meiner departementet regelen i denne omgangen bør endrast som nemnt.
§ 12-10 sjette ledd gjev forbod mot at selskapet gjev lån eller garanti med sikte på at skuldnaren skal erverve aksjar i selskapet. Etter artikkel 23 i andre selskapsdirektiv kan selskapet heller ikkje « stille midlar til rådvelde » for erverv av aksjar i selskapet. Den nye regelen er berre naudsynt for allmenne aksjeselskap, men nokre høyringsinstansar meiner den bør gjerast generell. Departementet er samd i dette og føreslår derfor i proposisjonen den utforminga av regelen som vart lagt fram i Ot.prp. nr. 36 § 10-8.
Kap. 14 gjeld fusjonar. Reglane er ulikt utforma for private og allmenne aksjeselskap og kapitlet er delt i tre delar - ein om private aksjeselskap, ein om allmenne og ein om omdanning. Etter § 14-1 skal fusjon mellom eit allment aksjeselskap og eit privat aksjeselskap regulerast etter reglane for allmenne aksjeselskap. Den Norske Advokatforening er ikkje samd i regelen. Departementet meiner regelen er sikrast i høve til EØS-avtalen.
§ 14-10 gjev reglar om kven som kan treffe vedtak om fusjon og fleirtalskrav ved vedtaket. Vidare vert det gjeve reglar om vilkår for fusjon. I Ot.prp. nr. 36 var det gjeve ein regel om at det overdragande selskapet ved fusjon skulle overføre sine eigedelar, rettar og plikter til rekneskapsmessige verdiar. Regelen gav uttrykk for eit kontinuitetsprinsipp. Frå einskilde hald har det vore hevda at det bør opnast for bruk av den såkalla oppkjøpsmetoden. Departementet meiner Rekneskapslovutvalet er nærast til å vurdere dette spørsmålet, og den nye regelen i § 14-10 er gjeve ei meir nøytral utforming enn i Ot.prp. nr. 36, utan at dette er noko realitetsendring.
§ 14-11 gjev pålegg til styra i dei selskapa som skal delta i fusjonen om å fremme ein felles fusjonsplan. Advokatforeninga meiner at reglane er for detaljerte, men departementet syner til at reglane om dokumentasjon stort sett følgjer reglane i tredje selskapsdirektiv.
I § 14-12 vert det gjeve reglar om at styra i kvart selskap skal utarbeide ein detaljert skriftleg rapport om fusjonen. Advokatforeninga meiner det er uklart kva som ligg i dette kravet, men departementet meiner endringane er naudsynte etter art. 9 i tredje selskapsdirektiv.
Etter § 14-13 skal kvart av dei fusjonerande selskapa utarbeide ei skriftleg utgreiing av såkalla uavhengige sakkunnige. Norges Fondsemeglerforbund meiner ein bør vere varsam med å krevje større detaljeringsgrad enn naudsynt, medan departementet meiner at den nye regelen ikkje går lenger enn det som er naudsynt etter direktivet.
Etter § 14-14 skal fusjonsplanen, rapporten frå styret og den sakkunnige utgreiinga leggjast fram for dei tilsette dersom dei tilsette ikkje er representerte i styret. Ein tilsvarande regel finst i gjeldande § 14-2 som vert vidareført for dei private aksjeselskapa. Kommunal- og arbeidsdepartementet har m.a. uttalt at ein ynskjer lovfesta ei plikt i alle selskap til å informere dei tilsette tillitsvalde om ymse endringar på eigarsida med rett til å uttale seg om planane. Dette bør òg gjelde i selskap der dei tilsette er representerte i styret eller der selskapet har bedriftsforsamling. Departementet meiner denne endringa ligg utanfor det som bør gjerast ut ifrå ei minimumstilpassing av lova.
Etter § 14-15 skal dokument som er utarbeidde i samband med fusjonen etter § 14-11 til § 14-14 gjerast tilgjengelege for aksjeeigarane. I høyringsbrevet vart det føreslege at dokumenta skulle sendast kvar einskild aksjeeigar. Dette går lenger enn det som er naudsynt etter direktivet, og fleire høyringsinstansar går imot framlegget. Departementet føreslår derfor i staden at dokumenta kan gjerast tilgjengelege ved at dei vert lagde ut til ettersyn på selskapet sitt kontor i selskap som har vedtekter om kunngjering. I så fall må aksjeeigarane underrettast om dette, og dei har krav på å få tilsendt dokumenta dersom dei ber om det.
I § 14-17 vert det gjeve reglar om kunngjering av fusjonsvedtaket og kreditorane sin rett til å ta til motmæle. Departementet meiner det er mykje som talar for å korte ned fristen for kreditorane sin rett til å ta til motmæle mot fusjonen. Ein frist på tre månader, som er regelen etter gjeldande lov, vil forseinke fusjonsprosessen og for allmenne aksjeselskap vert det gjort framlegg om ein frist på seks veker. Departementet meiner ei endring av fristen for dei private aksjeselskapa bør utsetjast til oppfølginga av Aksjelovutvalet sitt arbeid.
Regelen i § 14-22 gjev enklare reglar for visse fusjonar i konsernforhold. Første ledd gjeld fusjon mellom morselskap og sjøleigd dotterselskap. Eit framlegg frå NHO om at ein òg bør ha enklare reglar der morselskapet eig over 90 % av aksjane, meiner departementet bør vurderast av Aksjelovutvalet.
I § 14-23 vert det gjeve reglar om omdanning frå privat aksjeselskap til allment aksjeselskap. Andre ledd fastset at selskap ved omdanning må ha ein eigenkapital som minst svarar til den aksjekapitalen selskapet skal ha som allment aksjeselskap. Det skal vidare utarbeidast ei utgreiing etter reglane i § 2-4 a (jf. ovanfor) og ein opningsbalanse etter reglane i kap. 11. Nokre høyringsinstansar meiner dette er uturvande arbeidskrevjande. Departementet meiner det ikkje er tilstrekkeleg berre å stille krav om revisorstadfesting, og at reglane om innhaldet i utgreiinga etter § 2-4 a òg skal gjelde ved omdanning.
Komiteen sine merknader
Til § 1-1
Komiteen meiner det er rett å halde dei små aksjeselskapa utanfor omlegginga til selskapsdirektiva frå EU så langt det er mogeleg. Komiteen har ikkje innvendingar til minstegrensene for aksjekapital, kr 50.000 for private aksjeselskap og kr 1.000.000 for allmenne aksjeselskap.
Til § 1-2 fjerde leden
Komiteen merkar seg at endringsframlegget her gjer seg gjeldande i høve til mange paragrafar. Det fylgjer av merknadene under pkt. 2.3 at komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti går imot 2. punktum i fjerde leden i framlegget frå departementet.
Komiteen har elles retta ein trykkfeil i § 1-2 fjerde leden siste punktum der tilvisinga til § 10-4 gjeld femte ledd, og ikkje fjerde slik det står.
Til § 2-4 a
Komiteen vil streke under at framlegget om å skjerpe reglane om innskot av andre verdiar enn pengar legg til rette for å unngå at kreditorar og medaksjonærar vert førte bak lyset. § 2-4 a gjeld berre for allmenne aksjeselskap.
Til § 2-4 b
Komiteen legg til grunn at framlegget til ny § 2-4 b ikkje er noko reelt hinder for reising av stiftingskapital og kapitalutviding i små aksjeselskap. I praksis kan stiftarane gå ut med innbyding til å delta i selskapet, og deretter inngå avtale om aksjeteikning med dei som ynskjer å teikne seg før stifting. Paragrafen set såleis eit klårt skilje mellom dei to aksjeselskapsformene, samstundes som endringa for små selskap i praksis ikkje vert ei særleg ulempe, sjølv om det vert noko vanskelegare å invitere mange småaksjonærar til å delta i stifting av aksjeselskap.
Til ny § 2-9 a
Komiteen merkar seg at paragrafen utfyller dei nye reglane i § 2-4 a om utgreiing for tingsinnskot i allment aksjeselskap. Dette er ei nyttig innskjerping i høve til dagens reglar for selskap som skaffar eigedelar etter stiftingstidspunktet, og som ikkje er fastsett i stiftingsdokumentet.
Til § 4-5 a
Komiteen merkar seg at paragrafen set same grenser for kapitalutviding (emisjon) i private selskap som stiftingsregelen i § 2-4 b. Komiteen legg til grunn at selskapet ved kapitalutviding kan gå ut med innbyding til aksjeteikning dersom det deretter vert inngått avtale med interessentane før verkeleg aksjeteikning skjer. Komiteen ser òg at det likevel vil vere vanskelegare å invitere mange småaksjonærar til å delta i kapitalutviding.
Til § 7-1
Komiteen merkar seg at utkastet § 7-1 ikkje inneber noko endring i høve til gjeldande rett når det gjeld selskapet sin rett til å skaffa eigne aksjar, men verknaden av at det er teikna eigne aksjar vert endra i samsvar med direktivet. Komiteen ser regelen som naudsynt for å unngå mislege tilhøve ved undergraving av kapitalbasen i selskapet, og finn regelen like viktig i private som i allmenne aksjeselskap, slik utkastet gjer framlegg om.
Til § 8-4
Komiteen merkar seg at utkastet § 8-4 opnar høve til å ha fleire administrerande direktørar i allmenne aksjeselskap. Dette er ei endring av teksten i gjeldande lov, men gjeldande § 8-4 er forstått slik at han ikkje er til hinder for tilsetjing av meir enn ein administrerande direktør. Endringa er såleis i tråd med gjeldande rett, og kodifiserer og tydeleggjer grensene for ein uskriven regel.
Til § 8-11a
Komiteen meiner det er ei god ordensføresegn at avtalar mellom akjseeigaren og selskapet, når aksjeselskapet berre har ein aksjeeigar, skal førast inn i eller leggjast ved styreprotokollen, dersom det ikkje dreier seg om forretningsavtalar på vanlege vilkår, jf. § 2-9 a. Det vil gjere det mogleg med naudsynt kontroll med at ikkje eineaksjonær utnyttar ansvarsavgrensinga og det at selskapet er ein eigen juridisk person og m.a. eige skattesubjekt, på ein måte som er i stid med andre reglar.
Til § 8-15
Komiteen konstaterer at det er tvil om kor langt første selskapsdirektiv artikkel 9 går vedkomande selskapsorgan som overskrid kompetansen sin. Komiteen stør ordlyden i utkastet, men er usamd med departementet i tolkinga av uttrykket « godtgjør ». Det er vanskeleg å påleggje selskapet ei skjerpa provtyngsle for medkontrahenten sin manglande aktsamt gode tru, slik departementet gjer i proposisjonen. Det må vera nok at selskapet etter vanlege reglar sannsynleggjer at motparten ikkje var i aktsam god tru. I direktivet (engelsk tekst) heiter det at selskapet « proves » dette, omsett med « godtgjør », og det må innebere ei provføringsplikt, og ikkje ei provtyngsle. Komiteen meiner det må vere opp til domstolane å ta stilling til kor strenge krav som skal stillast til provet.
Til ny § 9-6 a
Komiteen merkar seg at regelen rettar seg mot reell eigenkapital, ikkje rekneskapsførd. Ved at ein kan ta omsyn til verdiar i selskapet som det ikkje er høve til å balanseføre, kan ein redusere verknaden av regelen. Mange selskap har skjulte verdiar. Ein særleg vanske er nyutviklingsverksemder som gjerne har investert store summar i utvikling av ny teknologi som ikkje gjer seg utslag i eigedelar for selskapet. Komiteen meiner det her bør kome nye rekneskapsreglar eller retningsliner for kva som er forsvarleg verdisetjing. Komiteen ser ein fare for at regelen kan skape uvisse og føre til at styret i selskapet går til avvikling av selskapet, av frykt for å kunne kome i ansvar i tilfelle der det reelt sett ville kunne vere grunnlag for å drive vidare. Komiteen meiner det er viktig at styremedlemer har rimeleg klåre retningsliner å halde seg til når ein skal innføre slike strenge reglar. Ein slik regel bør vere at styremedlemene er ansvarsfri for hendingar etter det tidspunktet dei har bede om gjeldsforhandlingar, private eller offentlege.
Til § 11-12 fjerde leden nytt tredje punktum
Komiteen stør framlegget i utkastet. Regelen samsvarer godt med det nye kravet i § 9-6 a om handleplikt ved tap av halve aksjekapitalen, og stimulerer styret til aktiv overvaking av og rapportering om økonomien i selskapet.
Til § 12-10 sjette leden
Komiteen stør utvidinga av eksisterande § 12-10 sjette leden. Sjølv om denne endringa kan seiast å vere meir enn ei minimumstilpasning, synest det fornuftig for å unngå uhaldbare antitesar for private aksjeselskap frå reglar om ålmenne aksjeselskap.
Til kap. 14
Komiteen har ingen merknader i § 14-1 til § 14-7. Desse endringane er ei oppfylgjing av kravet om reelt skilje mellom private og allmenne aksjeselskap. Kravet inneber trong for eit nytt regelsett for allmenne aksjeselskap, samtidig som dei eksisterande reglane ikkje vert endra for private aksjeselskap. Det nye regelsettet fylgjer i proposisjonen § 14-9 til § 14-24. Komiteen sluttar seg i stor grad til endringsframlegga, som på fleire punkt set strengare krav til ein detaljert fusjonsplan, noko som kan vere ei betring.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og Fremskrittspartiet, støtter departementets forslag om å innføre en 6-ukers frist for kreditorene til å reise innsigelser mot fusjon, jf. § 14-17. En frist på 6 uker bør etter flertallets mening være tilstrekkelig for å kunne komme med innsigelser, og fusjonsprosesser det er bred enighet om vil ikke forsinkes unødig. Flertallet kan heller ikke se at det er noe stort poeng at det her blir forskjellige frister for de to selskapsformene, da det ellers på sentrale punkter vil være forskjellige fusjonsregler for allmenne og private selskaper.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti er usamde i å endre tre månadersfristen i dagens § 14-6 første leden (ny § 14-17) for kreditorane til å reise motsegner mot fusjon til det halve. Desse medlemene meiner denne fristen er godt innarbeidd, og meiner det ikkje er naudsynt å opprette ulike reglar for dei to aksjeselskapsformene på dette punktet. Fristen bør framleis vere tre månader.
Desse medlemene fremmer forslag i samsvar med dette.
4.2 Ikraftsetjing og overgangsreglar
Reglane må ta til å gjelde seinast 1. januar 1996. Endringane vil generelt gjelde også for aksjeselskap som er skipa før ikraftsetjinga. Det er gjeve overgangsreglar som gjev einskilde unnatak frå dette utgangspunktet i andre ledd i lovvedtaket VIII. I andre ledd nr. 1 er det fastsett reglar om at aksjeselskap som er børsnoterte ved ikraftsetjinga automatisk vert allmenne aksjeselskap. Andre selskap vert sett som private inntil noko anna er vedteke i selskapet og meldt til Foretaksregisteret. Fristen for å melde til Foretaksregisteret at selskapet skal vere allment er sett til eitt år etter ikraftsetjinga av lova. Dersom selskapet ynskjer å bli allment etter dette tidspunktet, må det gjennom vanleg omdanningsprosedyre. Vedtak om at selskapet skal vere allment innan eittårs fristen kan fattast med simpelt fleirtal. Nærings- og energidepartementet meiner ein bør krevje 2/3 fleirtal, men Justisdepartementet meiner det ikkje er grunn til å stille strengare fleirtalskrav.
EØS-avtalen opnar for at det kan fastsetjast overgangsreglar for eksisterande selskap når det gjeld naudsynte vedtektsendringar etter andre selskapsdirektiv. Hovudregelen er at desse selskapa får ein frist på opptil atten månader etter ikraftsetjinga. Nokre høyringsinstansar uttalar at ein bør gje selskapa høve til å vedta vedtektsendringar seinast på selskapet si ordinære generalforsamling som skal haldast innan seks månader etter utgangen av kvart rekneskapsår. Dette er fylgt opp i lovframlegget.
Meldingar om endringar i allmenne aksjeselskap sitt firma som følgje av dei nye reglane blir gebyrfrie.