Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

3. Offentleg innsyn om særfordelar til leiarar

       Finansdepartementet sendte i mars 1993 ut eit høyringsnotat der det vart gjort framlegg om opplysningsplikt for særskilt godtgjersle til leiarane i selskap ved oppgjer eller ved endring i deira tilsettingsvilkår, dei såkalla « fallskjermane ». Høyringsnotatet er attgjeve heilt ut i proposisjonen, og synet til høyringsinstansane vert gjennomgått.

       I høyringsnotatet strekar departementet m.a. under at opplysningar om alle økonomiske tilhøve mellom eit føretak og dei tilsette, eigarar eller tillitsvalte vil kunne vere avgjerande for å vurdere korleis føretaket vert drive. Avtale om særskilt sluttvederlag til leiarar og tillitsvalte er såleis berre eitt av fleire tilhøve som bør vurderast skal koma inn under opplysningsplikta. Spørsmålet om kva for tilhøve som naturleg kan koma inn under opplysningsplikta, og korleis plikta skal utformast, er ei omfattande problemstilling som etter departementet sitt syn krev nærare utgreiing. Ein ser det som mest føremålstenleg at Rekneskapslovutvalet vurderer desse tilhøva, og dette utvalet er bede om å sjå på desse spørsmåla.

       Dei føreslåtte endringane i lov om aksjeselskap og i lov om rekneskapsplikt tek sikte på å innføra opplysningsplikt for særskilt avtalte ytingar ved opphør eller endring ved tilsetjingsvilkåra til leiarar og tillitsvalte, dvs. til dagleg leiar og styreleiaren. Opplysningsplikta vil også femna om pensjonsavtale der verksemda sjølv har plikt til å utbetala pensjon til dagleg leiar eller styreleiaren.

       Avtalefesta kollektiv pensjonsyting gjennom pensjonskasse eller forsikringsselskap som vert ytt til ein leiar som sluttar i stillinga si, vil etter departementet sitt framlegg falla utanfor opplysningsplikta. Det blir gjort framlegg om at det skal gjerast klårt greie for dette i lovteksta.

       Departementet grunngjev framlegget slik:

- For det fyrste er det av ålmenn interesse å få fullt innsyn i leiarens økonomiske tilhøve.
- For det andre vil slike avtalar utgjere ei vilkårsbunden plikt for selskapet og vil på den måten ha noko å seia for verdsetjinga og kredittvurderinga av selskapet.
- For det tredje vil incentivane som vil vere knytte til ein slik avtale vere viktig informasjon for å gjera seg opp ei meining om korleis føretaket vil bli dreve i framtida.

       Opplysningsplikta skal etter departementet sitt framlegg gjelda «særskilt vederlag». Dette skal forståast slik at vederlaget må vere av eit visst omfang før opplysningsplikta vert gjort gjeldande. Det vert gjort framlegg om at departementet i føresegner kan gjeva nærare reglar om kva for yting som ikkje skal omfattast av opplysningsplikta.

       Departementet gjer framlegg om at føresegnene om opplysningsplikt for særskilt vederlag ved opphør eller endring ved tilsetjingsvilkåra vert tekne inn i føresegnene om tilleggsopplysningar (notar) til årsoppgjeret. Departementet legg likevel til grunn at Rekneskapslovutvalet i sitt arbeid syter for ei meir heilskapleg vurdering av kor dei ulike opplysningane skal framgå.