Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte tirsdag den 9. desember 2008 kl. 10

Dato:
President: Eirin Faldet

Dokumenter: 

Sak nr. 4 [14:54:18]

Innstilling fra utenrikskomiteen om svalbardbudsjettet 2009

Talere

Votering i sak nr. 4

Votering i sak nr. 4

Komiteen hadde innstilt:

I

På svalbardbudsjettet for 2009 bevilges under:

Utgifter
1Svalbard kyrkje
1Driftsutgifter3 650 000
2Tilskot til kulturelle formål m.m.
70Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard960 000
3Tilskot til Longyearbyen lokalstyre
70Tilskot til Longyearbyen lokalstyre92 822 000
5Sysselmannen (jf. kap. 3005)
1Driftsutgifter27 050 000
6Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)
1Driftsutgifter73 000 000
7Tilfeldige utgifter
1Driftsutgifter3 950 000
9Kulturminnetiltak
1Driftsutgifter2 100 000
11Bergmeisteren (jf. kap. 3011)
1Driftsutgifter1 380 000
17Refusjon til Norsk Polarinstitutt
50Refusjon2 800 000
18Fyr og radiofyr
1Driftsutgifter3 500 000
19Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen
1Driftsutgifter5 950 000
20Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)
1Driftsutgifter11 200 000
45Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast600 000
22Likningsforvaltninga for Svalbard
1Driftsutgifter2 700 000
Totale utgifter231 662 000
Inntekter
3005Sysselmannen (jf. kap. 5)
1Diverse inntekter250 000
3006Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)
1Leigeinntekter1 200 000
3020Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)
1Inntekter3 250 000
3030Skattar og avgifter
70Skattar m.m.91 000 000
71Utførselsavgift5 000 000
72Utmålsgebyr, årsavgift1 110 000
3035Tilskot frå statsbudsjettet
70Tilskot129 852 000
Totale inntekter231 662 000

II

Formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2009

§ 1 Bruksområde for vedtaket

Dette vedtaket gjeld forskotsutskriving og endeleg utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2009 etter føresegnene i lov av 29. november i 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.

Skattepliktige som nemnde i skattebetalingslova § 1, jf. § 2, og svalbardskattelova § 5-1 første ledd, skal betale forskot på formues- og inntektsskatt til Svalbard for inntektsåret 2009. Ved utrekninga og innbetalinga gjeld føresegnene i dette vedtaket og i skattebetalingslova.

§ 2 Skatt på formue

Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:

  • a) Personleg skattepliktig og dødsbu:

Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats).

  • b) Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2:

Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.

§ 3 Skatt på inntekt

Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:

  • a) Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-2:

Låg sats: 8 pst.

Høg sats: 22 pst.

  • b) Anna inntekt: 16 pst.

Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som omfattast av b) på 20 000 kroner.

§ 4 Avrundingsreglar

Ved utrekning av skatt ved likning skal stipulert formue avrundast nedover til næraste heile 1 000 kroner, og inntekt avrundast nedover til næraste heile 100 kroner.

Ved utrekning av skatt ved lønnstrekk skal inntekta avrundast nedover til næraste heile krone.

§ 5 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold

Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova §§ 3-1 og 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.

III

Bestillingsfullmakt

Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2009 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner ut over den totale løyvinga som er gitt under kap. 5 post 1 på svalbardbudsjettet.

IV

Merinntektsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Justisdepartementet i 2009 kan overskride løyvinga under

  • 1. kap. 5 post 1, tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3005 post 2

  • 2. kap. 6 post 1, tilsvarande det inntektsførte beløpet under kap. 3006 post 2.

V

Avgift av kol som blir utført frå Svalbard for budsjettterminen 2009

For budsjetterminen 2009 skal det svarast avgift til statskassen av kol som blir utført frå Svalbard, etter følgjande satsar:

  • 1,0 pst. av verdien for dei første 100 000 tonna,

  • 0,9 pst. av verdien for dei neste 200 000 tonna,

  • 0,8 pst. av verdien for dei neste 300 000 tonna,

  • 0,7 pst. av verdien for dei neste 400 000 tonna,

  • 0,6 pst. av verdien for dei neste 500 000 tonna,

  • 0,5 pst. av verdien for dei neste 600 000 tonna,

  • 0,4 pst. av verdien for dei neste 700 000 tonna,

  • 0,3 pst. av verdien for dei neste 800 000 tonna,

  • 0,2 pst. av verdien for dei neste 900 000 tonna.

  • 0,1 pst. av verdien for dei neste 1 000 000 tonna.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.