Endringar i statsbudsjettet 2017 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2017 mv.)
Prop. 143 S (2016-2017), Innst. 482 S (2016-2017)
Vedtak 1012
I statsbudsjettet for 2017 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
2315 |
1 |
Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet Driftsutgifter, vert løyvd med … |
759 000 000 |
502 |
71 |
Tilskot til midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde (OU-midlar), vert uka med … |
4 400 000 |
frå kr 181 000 000 til kr 185 400 000 |
Vedtak 1013
Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2017 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av LO Stat, Unio og YS Stat i samsvar med forhandlingsforslaget i vedlegg 1, undervedlegg 1.
Vedtak 1014
Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2017 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av Akademikerne i samsvar med forhandlingsforslaget i vedlegg 1, undervedlegg 2.
Vedtak 1015
For embets- og tenestemenn som ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i romartal II og III, og difor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsett i hovudtariffavtale, skal same løns- og arbeidsvilkår som etter romartal II gjelde. Embets- og tenestemenn som er tekne ut av hovudtariffavtalen, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.
Vedtak 1016
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.