Svalbardbudsjettet 2015

Prop. 1 S (2014-2015), Innst. 17 S (2014-2015)

Vedtak 186

På statsbudsjettet for 2015 bevilges under:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

1

Svalbard kyrkje

1

Driftsutgifter

4 544 000

2

Tilskot til kulturelle formål m.m.

70

Tilskot til velferdsarbeid på Svalbard

0

3

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

70

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

142 210 000

4

Tilskot til Svalbard museum

70

Tilskot til Svalbard museum

11 600 000

5

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

1

Driftsutgifter

49 385 000

6

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

1

Driftsutgifter

170 565 000

7

Tilfeldige utgifter

1

Driftsutgifter

1 600 000

9

Kulturminnetiltak

1

Driftsutgifter

1 865 000

11

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

1

Driftsutgifter

1 600 000

17

Refusjon til Norsk Polarinstitutt

50

Refusjon

3 340 000

18

Navigasjonsinnretningar

1

Driftsutgifter

6 500 000

19

Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

1

Driftsutgifter

7 050 000

20

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

1

Driftsutgifter

14 113 000

22

Likningsforvaltninga for Svalbard (jf. kap. 3022)

3 520 000

Sum Svalbardbudsjettet

Sum departementets utgifter

417 892 000

Inntekter

3005

Sysselmannen (jf. kap. 5)

1

Diverse inntekter

2 900 000

3006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

1

Leigeinntekter

0

3009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 9)

1

Diverse inntekter

0

3020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

1

Inntekter

5 020 000

3022

Likningsforvaltninga for Svalbard (jf. kap. 22)

1

Diverse inntekter

280 000

3030

Skattar og avgifter

Diverse skattar m.m.

126 027 000

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

70

Tilskot

283 665 000

Sum Svalbardbudsjettet

Sum departementets inntekter

417 892 000

Vedtak 187

§ 1 Bruksområde for vedtaket

Dette vedtaket gjeld utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2015 etter føresegnene i lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard. Vedtaket gjeld òg som grunnlag for utskriving av forskot på skatt for inntektsåret 2015, jf. lov om skatt til Svalbard § 5-1.

§ 2 Skatt på formue

Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:

  • a) Personleg skattepliktig og dødsbu:

    Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats)

  • b) Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2:

    Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.

§ 3 Skatt på inntekt

Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:

  • a) Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-2:

    Låg sats: 8 pst.

    Høg sats: 22 pst.

  • b) 27 pst. av den delen av selskapsoverskot som er høgre enn 15 mill. kroner, og som overstig summen av

    • 10 gonger kostnadene til løn som blir skattlagt ved lønstrekk

    • 0,20 gonger skattemessig verdi av anlegg, fast eigedom og annan realkapital som er på Svalbard ved utgangen av inntektsåret.

  • c) Anna inntekt: 16 pst.

    Personlege skattytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som er omfatta av c. på 20 000 kroner.

§ 4 Avrundingsreglar

Ved utrekning av skatt skal formue og inntekt avrundast nedover til næraste heile krone.

§ 5 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold

Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova §§ 3-1 og 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.

§ 6 Aksjonær i utlandet

Skatt på utbytte mv. etter skattelova § 10-13, jf. svalbardskattelova § 3-1, er fastsett til 20 pst.

§ 7 Inntekt etter svalbardskattelova § 6-3

For inntekt som blir skattlagt etter svalbardskattelova § 6-3, skal satsen vere 8 pst.

Vedtak 188

Bestillingsfullmakt

Stortinget samtykkjer i at Justis- og beredskapsdepartementet i 2015 kan bestille varer for inntil 3 mill. kroner ut over den totale løyvinga som er gitt under kap. 5, post 1 på svalbardbudsjettet.

Vedtak 189

Meirinntektsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Justis- og beredskapsdepartementet i 2015 kan overskride løyvinga under

  • 1. kap. 5 post 1 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3005 post 2.

  • 2. kap. 6 post 1 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3006 post 2.

  • 3. kap. 9 post 1 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3009 post 1.

Vedtak 190

Meirinntektsfullmakt

Stortinget samtykkjer i at Kommunal- og moderniseringsdepartementet i 2015 kan overskride løyvinga under kap. 20 post 1 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3020 post 1.

Vedtak 191

Meirinntektsfullmakt

Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2015 kan overskride løyvinga under kap. 22 post 1 tilsvarande inntekter utover vedteke budsjett på kap. 3022 post 1.

Vedtak 192

For budsjetterminen 2015 skal det svarast avgift til statskassen av kol som blir utført frå Svalbard, etter følgjande satsar:

1,0 pst. av verdien for dei første 100 000 tonna,

0,9 pst. av verdien for dei neste 200 000 tonna,

0,8 pst. av verdien for dei neste 300 000 tonna,

0,7 pst. av verdien for dei neste 400 000 tonna,

0,6 pst. av verdien for dei neste 500 000 tonna,

0,5 pst. av verdien for dei neste 600 000 tonna,

0,4 pst. av verdien for dei neste 700 000 tonna,

0,3 pst. av verdien for dei neste 800 000 tonna,

0,2 pst. av verdien for dei neste 900 000 tonna,

0,1 pst. av verdien for dei neste 1 000 000 tonna.