Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Lov om endringer i friskoleloven og fagskoleloven

Innhold

År 2006 den 22. mai holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt

I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova) blir det gjort følgende endringer:

§ 1-1 første ledd nytt annet punktum skal lyde:

Det skal mellombels ikkje givast godkjenning til nye frittståande skolar eller tilskot til godkjende skolar som ikkje er i drift 13. desember 2005, jf. §§ 1-5, 2-1, 2-2 og 6A-1.

§ 1-5 skal lyde:

Det skal mellombels ikkje givast løyve til avvik frå lova i samband med tidsavgrensa pedagogiske eller organisatoriske forsøk. Berre godkjende skolar som er i drift 13. desember 2005, har rett til tilskot etter lova.

§ 2-1 første til tredje ledd skal lyde:

Det skal mellombels ikkje givast godkjenning til nye frittståande grunnskolar. Berre godkjende skolar som er i drift 13. desember 2005, har rett til tilskot og til å drive verksemd etter lova.

Departementet kan i særlege tilfelle gjere unntak frå første ledd dersom skolen oppfyller krava i lova. Departementet kan godkjenne driftsendringar. Den enkelte skolen må gi opplæring på norsk eller samisk, dette gjeld likevel ikkje internasjonale skolar.

Høvet til godkjenning gjeld berre dersom etableringa av skolen ikkje vil medføre vesentlege negative følgjer for vertskommunen. Vertskommunen skal gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka.

§ 2-2 første til tredje ledd skal lyde:

Det skal mellombels ikkje givast godkjenning til nye frittståande vidaregåande skolar. Berre godkjende skolar som er i drift 13. desember 2005, har rett til tilskot og til å drive verksemd etter lova.

Departementet kan i særlege tilfelle gjere unntak frå første ledd dersom skolen oppfyller krava i lova. Departementet kan godkjenne driftsendringar.

Høvet til godkjenning gjeld berre dersom etableringa av skolen ikkje vil medføre vesentlege negative konsekvensar for vertsfylket. Vertsfylket skal gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka.

§ 6A-1 første ledd skal lyde:

Det skal mellombels ikkje givast godkjenning til nye vidaregåande skolar i Noreg som har til føremål å gi yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved offentlege vidaregåande skolar. Berre godkjende skolar som er i drift 13. desember 2005, har rett til tilskot og til å drive verksemd etter lova. Departementet kan i særlege tilfelle gjere unntak frå første og andre punktum dersom skolen oppfyller krava i lova. Departementet kan godkjenne driftsendringar. For skolar som er godkjende etter paragrafen her, gjeld reg­lane i dette kapitlet.

I lov 20. juni 2003 nr. 56 om fagskoleutdanning (fagskoleloven) skal § 8 annet ledd lyde:

Skoler som er godkjent etter denne loven innen 16. desember 2005, og som er godkjent etter lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar kap. 6A, har rett til tilskudd etter reglene i friskolelova.

Loven trer i kraft straks.

Olav Gunnar Ballo Henning Skumsvoll
president sekretær