vedtak til lov
om endringer i eigedomsskattelova
I
I lov 6. juni 1975
nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjøres følgende endringer:
§ 24 skal lyde:
§ 24 Eigedomsskatten skal svarast til den kommunen der skatten
er utskriven.
§ 25 annet ledd skal lyde:
Kommunen kan i særlege
høve gjeva utsetjing.
§ 27 tredje punktum skal
lyde:
Eigedomsskatten
kan krevjast inn av kommunen etter reglane
for innkrevjing av skatt.
II
I lov 6. juni 1975
nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjøres følgende endringer:
§ 3 skal lyde:
Kommunestyret kan
skrive ut eigedomsskatt på anten
-
a) faste eigedomar
i heile kommunen, eller
-
b) faste eigedomar
i klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis
eller der slik utbygging er i gang, eller
-
c) berre på kraftanlegg, vindkraftverk,
kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum, eller
-
d) berre på næringseigedom, kraftanlegg, vindkraftverk,
kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum,
eller
-
e) eigedom både
under bokstav b og c, eller
-
f) eigedom både
under bokstav b og d, eller
-
g) faste eigedomar
i heile kommunen, unnateke næringseigedom, kraftanlegg, vindkraftverk,
kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum.
Til kommunen vert
rekna sjøområde ut til grunnlinjene.
§ 4 annet ledd skal lyde:
Til faste eigedomar
vert rekna bygningar og tomt som høyrer til, huslause grunnstykke
som hagar, lykkjer, vassfall, laste-, opplags- eller arbeidstomter,
bryggjer og liknande og likeeins næringseigedom. Til næringseigedom
vert m.a. rekna fabrikkar, sagbruk, industrielle verk, steinbrot,
losse- og lasteplassar og liknande arbeids- og driftsstader samt
kontorlokale, butikk, hotell og serveringsstad mv. Produksjonsutstyr
og -installasjonar skal ikkje reknast med i eigedomsskattegrunnlaget
for næringseigedom. Til næringseigedom vert ikkje rekna kraftanlegg, vindkraftverk,
kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum.
For vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane
for petroleum skal arbeidsmaskinar og tilhøyrsle og ting som kan
setjast i klasse med slikt ikkje reknast med utan tingen er ein
part av sjølve føretaket.
III
I lov 6. juni 1975
nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjøres følgende endringer:
§ 13 nåværende tredje ledd blir
nytt fjerde ledd.
§ 13 tredje ledd skal lyde:
Ved samanslåing av kommunar gjeld
særskilde reglar for auke av skattesatsane mv. i ein overgangsperiode på
inntil 3 år. Overgangsperioden skal nyttast til å samordne eigedomsskatten.
For eigedom som nemnd i § 3 d og § 4 andre og tredje ledd, kan skatten
ikkje vera større enn kr 2 av kvart kr 1 000 av takstverdet det
første året det vert utskrive eigedomsskatt, og ikkje aukast med
meir enn kr 2 for kvart kr 1 000 av takstverdet per år. For bustad
og fritidsbustad gjeld reglane i første leden. Auken i skattesatsane
må byrje frå første året av, og fordelast likt over heile overgangsperioden.
Skattesatsane i den nye kommunen må vere samordna før kommunen kan
auke satsen etter dei vanlege reglane i lova. Utskrivingsalternativ
og eventuelt botnfrådrag må vere likt i heile kommunen frå det første
året i overgangsperioden. Kommunen kan gjennomføre fullstendig taksering
av alle eigedomar i den nye kommunen. Alternativt kan kommunen velje
å avgrense takseringa til ikkje tidlegare verdsette eigedomar. Kommunen
kan også nytte overgangsperioden til å samordne takstane i kommunen.
Overgangsperioden kan byrje det første året etter samanslåinga,
og seinast det andre året. Kommunar som vel å utsette samordninga
til det andre året, må vidareføre eigedomsskatten slik han var føre
samanslåinga med unntak for lovbestemte endringar og reduksjonar
i skattesatsane. Fristen for utskriving av eigedomsskatt ved kommunesamanslåing
er utløpet av juni det året kommunen byrjar overgangsperioden. Første
året etter utløpet av overgangsperioden skal eigedomsskatten vere
lik i heile kommunen.
IV
Endringene under
I trer i kraft fra den tid Kongen bestemmer.
Endringene under
II trer i kraft straks.
Endringene under
III trer i kraft straks med virkning fra og med eiendomsskatteåret
2020.