Vedtak til lov om endring i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova)

Søk
I Stortingets møte 16. juni 2017 ble det gjort følgjande

vedtak til lov

om endring i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova)

I

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjer ein følgjande endring:

§ 8 C-1 tredje ledd skal lyde:

(3) Er verdet (taksten) for bustader sett ned ved fastsetjinga etter skatteloven § 4–10 første ledd andre eller tredje punktum, utgjer skattegrunnlaget det justerte verdet multiplisert med 2,67 for primærbustad og 0,8 for sekundærbustad.

II

Endringa under I tek til å gjelde straks med verknad frå og med skatteåret 2019.

Olemic Thommessen

president