vedtak til lov
om endringar i offentleglova
(gjennomføring av endringsdirektivet til vidarebruksdirektivet)
I
I lov 19. mai 2006
nr. 16 om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd blir det
gjort følgjande endringar:
§ 2 sjette ledd skal lyde:
Føresegnene i § 6,
§ 7 andre ledd, § 8 tredje ledd andre punktum og fjerde og femte
ledd og § 30 første ledd tredje punktum og andre ledd gjeld uavhengig av
føresegnene i paragrafen her for alle verksemder som er omfatta
av EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF som endra ved direktiv 2013/37/EU)
om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor.
§ 6 tredje ledd skal lyde:
Dersom ikkje anna
blir fastsett av Kongen i forskrift, gjeld føresegnene i paragrafen
her berre for verksemder som er omfatta av EØS-avtalen vedlegg XI
nr. 5k (direktiv 2003/98/EF som
endra ved direktiv 2013/37/EU) om vidarebruk av informasjon
frå offentleg sektor.
§ 7 andre ledd skal lyde:
I verksemder som
er omfatta av EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF som endra ved direktiv 2013/37/EU)
om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor, skal eventuelle
standardlisensar om bruk av offentleg informasjon vere tilgjengelege
i digitalt format, og dei må kunne behandlast elektronisk. Kongen
kan i forskrift fastsetje at det same skal gjelde for verksemder
som ikkje er omfatta av EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5k (direktiv
2003/98/EF som endra ved direktiv
2013/37/EU) om vidarebruk av informasjon frå offentleg
sektor.
§ 8 fjerde til sjette ledd skal
lyde:
For verksemder som
fell utanfor lova her, men som er omfatta av anna lovgiving som
gir ålmenta innsyn i offentleg verksemd, eller av EØS-avtalen vedlegg
XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF som endra ved direktiv 2013/37/EU)
om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor, må dei samla
inntektene ved informasjonsutlevering ikkje overstige dei faktiske kostnadene ved reproduksjon og formidling
av informasjonen, med tillegg av ei rimeleg avkastning av investeringane.
Verksemder som til vanleg krev betaling
for informasjon, skal på førehand offentleggjere gjeldande vilkår
og faktisk betalingssum, medrekna utrekningsgrunnlaget for betalinga.
Slik informasjon skal gjerast tilgjengeleg elektronisk dersom det
er mogleg.
Dersom ikkje anna
blir fastsett av Kongen i forskrift, gjeld føresegnene i tredje
ledd andre punktum og i fjerde og femte ledd berre for verksemder
som er omfatta av EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF som endra ved direktiv 2013/37/EU)
om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor.
§ 30 skal lyde:
§ 30 Korleis organet skal gi innsyn og
gjere dokument tilgjengelege
Organet fastset
ut frå omsynet til forsvarleg saksbehandling korleis eit dokument
skal gjerast kjent. Det kan krevjast papirkopi eller elektronisk
kopi av dokumentet. Hos verksemder som er omfatta av EØS-avtalen
vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF som endra ved direktiv 2013/37/EU)
om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor, og hos andre verksemder
der det er fastsett av Kongen i forskrift, gjeld retten til kopi
alle eksisterande format og språkversjonar. Retten til kopi gjeld
ikkje format eller versjonar av eit dokument som er allment tilgjengeleg. Kongen
kan gi forskrift om at retten til elektronisk kopi ikkje skal gjelde
for dokument som ein tredjeperson har immaterielle rettar til, og
for dokument der det er påkravd av arkivtekniske omsyn.
Når verksemder som
er omfatta av EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF som endra ved direktiv 2013/37/EU)
om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor, gir innsyn i
informasjon som det knyter seg immaterielle rettar til, skal organet,
dersom det har kjennskap til det, opplyse om kven som er innehavar
av rettane, eller kva for lisenshavar organet har fått informasjonen
frå. Dette gjeld likevel ikkje når det er klart unødvendig å gi
slike opplysningar. Kongen kan fastsetje i forskrift at føresegnene
i leddet her også skal gjelde for verksemder som ikkje er omfatta
av EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF, som endra gjennom direktiv 2013/37/EU).
Dersom verksemder som nemnde i andre
ledd gjer dokument med tilhøyrande metadata allment tilgjengelege,
skal tilgjengeleggjeringa skje i alle eksisterande format og språkversjonar,
så langt slik tilgjengeleggjering er i samsvar med lova her og tilhøyrande
forskrift. Plikta omfattar maskinleselege format. Plikta etter første
punktum omfattar ikkje format som berre blir brukte til lagring
eller annan intern bruk, eller som elles er ueigna for tilgjengeleggjering.
II
Lova tek til å gjelde
1. juli 2016 eller frå den tida Kongen fastset.