vedtak til lov
om endringer i bustadoppføringslova
mv. (tidspunktet for garantistillelse)
I
I lov 13. juni
1997 nr. 43 om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m.
gjøres følgende endringer:
§ 12 nytt annet ledd skal lyde:
Entreprenøren skal stille garantien
straks etter avtaleinngåinga. Er det i avtalen teke atterhald om opning
av byggjelån, sal av eit bestemt tal bustader eller løyve om igangsetjing,
er det likevel tilstrekkeleg at entreprenøren stiller garantien
straks etter at atterhalda fell bort, men entreprenøren skal i alle høve
stille garanti før byggjearbeidet tek til.
Nåværende annet
til åttende ledd blir nye tredje til niende ledd.
Nytt niende ledd skal lyde:
I tilfelle der det skal stillast
garanti etter fristen i andre ledd første punktum, har forbrukaren
rett til å halde att alt vederlag fram til det er dokumentert
at det ligg føre garanti i samsvar med paragrafen her. I tilfelle der det skal stillast
garanti etter fristen i andre ledd andre punktum, og dette ikkje
er gjort, kan forbrukaren gje entreprenøren eit skriftleg varsel
med ein frist på minst ti virkedagar til å rette forholdet. Har
entreprenøren heller ikkje innan denne fristen dokumentert at det
er stilt garanti i samsvar med paragrafen her, har forbrukaren rett
til å heve avtalen.
§ 47 tredje ledd annet punktum
skal lyde:
§ 12 sjette og sjuande ledd gjeld tilsvarande.
II
I lov 3. mars 1972
nr. 5 om arv m.m. skal § 76 nytt annet ledd lyde:
Ein ektemakes eller sambuars rettar
etter lova her kan berre avgrensast ved eit lovval etter konvensjon
19. november 1934 mellem Norge, Danmark, Finland, Island og Sverige
om arv og dødsboskifte artikkel 3 dersom ektemaken eller sambuaren
har fått kunnskap om dette før arvelataren døydde.
III
Loven gjelder fra den tid
Kongen bestemmer.