I Stortingets møte 12. juni 2012 ble det gjort slikt
I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane
gjer ein følgjande endringar:
§ 8 vert oppheva.
Ny § 8 A-1 skal lyde:
§ 8 A-1 Verkeområdet
(1) Eigedomsskatten skal reknast ut etter verdet som eigedomen
vert sett til etter reglane i §§ 8 A-2 til 8 A-4.
(2) For anlegg for produksjon av elektrisk kraft skal eigedomsskatten
reknast ut etter verdet som eigedomen vert sett til etter reglane
i § 8 B flg.
Noverande § 8 A-1 blir ny § B-2.
Ny § 8 A-2 skal lyde:
§ 8 A-2 Verdet
(1) Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein
må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og
lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt
sal.
(2) Ved taksering av fabrikkar og andre industrielle anlegg,
skal ein ta med maskiner og anna som høyrer til anlegget og er nødvendig
for å oppfylle formålet med anlegget. Arbeidsmaskiner med tilhøyrsle
og liknande, som ikkje er ein integrert del av anlegget, skal ein
ikkje ta med.
Noverande § 8 A-2 blir ny § B-3.
Ny § 8 A-3 skal lyde:
§ 8 A-3 Verdsetjing
(1) Eigedomen skal verdsetjast ved takst.
(2) Det skal vere ei allmenn taksering i kommunen kvart
tiande år. Dersom det ligg føre særlege tilhøve, kan kommunestyret
avgjere at ny taksering skal skje tidlegare eller seinare enn dette,
men ikkje seinare enn tre år etter at siste allmenne taksering skulle
ha skjedd. Kommunen dekkjer kostnadene ved taksering, og kommunestyret
utnemner dei personane som skal stå for takseringa.
(3) Formannskapet eller skattytar kan krevje overtakst.
(4) Kommunestyret kan i staden for løysinga i andre ledd,
utnemne ei sakkunnig nemnd som skal setje taksten på grunnlag av
forslag frå tilsette synfaringsmenn.
(5) Omtaksering av ein eigedom skal skje dersom det i tida
mellom dei allmenne takseringane, ligg føre ein av dei følgjande
grunnane:
a) eigedomen er delt,
b) bygningar på eigedomen er rive eller øydelagt av brann
eller liknande, eller
d) det er ført opp nye bygningar eller gjort monalege forandringar
på eigedomen.
(6) Dersom verdet til ein eigedom er vesentleg forandra
i høve til andre eigedomar, kan formannskapet så vel som skattytar
krevje særskild taksering i tida mellom dei allmenne takseringane.
Skattytar som krev omtaksering etter dette og førre ledd, må sjølv
dekkje kostnadene med takseringa. Krav om omtaksering må være stilt
innan 1. november i året før skatteåret.
Noverande § 8 A-3 blir ny § B-4.
Ny § 8 A-4 skal lyde:
§ 8 A-4 Kontorjustering
(1) I staden for ny allmenn taksering kan kommunestyret
gjere vedtak om auke av det verdet (taksten) som eigedomen blei
sett til ved den siste allmenne takseringa for utskriving av eigedomsskatt.
Kommunestyret kan dessutan gjere vedtak om at det skal gjerast eit
tilsvarande tillegg for dei eigedomane som er verdsett særskild
før eit tidspunkt som kommunestyret fastset.
(2) Auken kan skje stegvis over fleire år, men må ikkje
vere meir enn 10 prosent av det opphavlege skattegrunnlaget for
kvart år etter 10-årsfristen for den siste allmenne takseringa,
likevel slik at skatteåret 1983 vert rekna som første året for
slikt tillegg. Fristreglane i § 8 A-3 andre ledd gjeld ikkje for
kontorjustering.
Noverande § 8 A-4 blir ny § B-5.
Ny § 8 B skal lyde:
§ 8 B Kraftanlegg
Ny § 8 B-1 skal lyde:
§ 8 B-1 Skattegrunnlag for kraftanlegg
(1) Eigedomsskatt for anlegg for produksjon av elektrisk
kraft skal reknast ut etter verdet (taksten) som anlegget vert sett
til ved likninga året før skatteåret.
(2) Vert det med heimel i § 12, bokstav b nytta ulike skattøyrar
for bygningar og grunn, skal det fastsetjast særskilde skattegrunnlag
for bygningar og for grunn i samband med den likninga som er nemnt
i første leden.
(3) Er det klaga på verdsetjinga, eller er verdsetjinga
under prøving for domstolane, skal eigedomsskatten likevel reknast
ut etter det verdet som vart sett ved likninga. Når spørsmålet er
endeleg avgjort, skal skatten rettast i samsvar med den siste avgjerda.
(4) Verdet (taksten) av anlegg som nemnt i skatteloven
§ 18-5 første leden skal ikkje setjast lågare enn kr 0,95/kWh
eller høgare enn kr 2,74/kWh av 1/7 av grunnlaget for anlegget
si samla produksjon av elektrisk kraft for inntektsåret og dei seks
foregåande åra. Har kraftanlegget vore i drift i færre enn sju år, vert
gjennomsnittet for desse åra lagt til grunn for utrekninga.
§ 14 andre ledd tredje og fjerde punktum skal lyde:
Første året det vert skrive ut eigedomsskatt i
ein kommune, må allmenn taksering og utskriving vere avslutta innan
utgongen av juni i dette året. Dette gjeld likevel ikkje for moglege
overtakstar.
§ 16 vert oppheva.
§ 17 skal lyde:
§ 17. Er det i strid med føresegnene i denne lova ikkje
skrive ut eigedomsskatt, eller er det skrive ut feil skatt,
kan utskrivinga rettast i samsvar med dei skattesatsane
og reglane som galdt for vedkomande år.
Når eigedomsskatt ikkje er skriven ut, eller er skriven
ut med for låg sum av di taksten er feil, kan utskrivinga
rettast berre så langt det følgjer av dei allmenne fristane i denne
føresegna. Taksten kan likevel rettast for seinare skatteår utan
omsyn til desse fristane.
Retten til å retta utskrivinga slik at det går ut over eigaren
(skattytaren), er spilt om retten ikkje vert nytta innan 1.
mars året etter utskrivinga. Har feilen samanheng med at eigaren
har brote plikta til å gje opplysningar eller medverke til synfaring
etter § 29, kan utskrivinga likevel rettast innan 3 år frå utgangen av
skatteåret. Det same gjeld dersom det er skrive ut eigedomsskatt
i strid med føresegnene i denne lova, eller det er skrive ut for
høg skatt.
Når taksten byggjer på likningsverdet, skal utskrivinga
rettast berre så langt likninga vert brigda etter kapittel 9 i likningslova.
Fristane for retting etter likningslova § 9-6 gjeld då tilsvarande
for eigedomsskatten.
§ 19 første og andre ledd skal lyde:
Skattytaren kan klage på den utskrivne eigedomsskatten.
Klaga må gjevast inn skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker
frå det seinaste tidspunktet av den dagen det vart kunngjort at
eigedomsskattelista var utlagd eller dagen skattesetelen vart sendt
i samsvar med § 14. Klage over verdet kan bli fremja kvart
år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom
det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.
For anlegg for produksjon av elektrisk kraft kan klaga
ikkje gjelda det verdet som er sett på eigedomen ved likninga, jf.
likningslova § 9-4.
§ 20 skal lyde:
§ 20. Klage vert avgjort av ei nemnd
som kommunestyret vel, dersom ikkje kommunen tar klagen
til følgje. Kommunestyret kan anten opprette ei eiga nemnd til
å ta seg av oppgåvene eller leggje oppgåvene til ei anna kommunal
nemnd.
§ 21 skal lyde:
§ 21. Medlem i formannskapet kan ikkje vere med i
eigedomsskattenemnder.
§ 22 vert oppheva.
§ 23 andre ledd skal lyde:
Fristane i førre leden gjeld tilsvarande for kommunen.
Kommunen må rette søksmål mot leiaren av klagenemnda. Skattytaren
skal varslast om søksmålet.
§ 29 skal lyde:
§ 29. Forvaltningslova gjeld for førehaving av
eigedomsskattesaker med dei særskilde reglane som er gitt i denne
lova.
Reglane i likningslova § 3-13 om teieplikt gjeld
på tilsvarande måte for tenestemenn og nemndmedlemmer som er med
på å skriva ut eigedomsskatt i staden for reglane om teieplikt i
forvaltningslova.
Forvaltningslova § 11 d andre ledd andre punktum
gjeld ikkje for tenestemenn som tar del i synfaring i samband med
taksering.
Forvaltningslova § 24 gjeld ikkje for den årlege utskrivinga
av eigedomsskatt.
Forvaltningslova § 25 gjeld ikkje for vedtak om takst
eller overtakst. I staden for gjeld eit krav om stutt grunngjeving
for avgjerda.
Forvaltningslova § 36 gjeld ikkje i eigedomsskattesaker.
Reglane om dekning av sakskostnader i likningslova § 9-11 gjeld
på tilsvarande måte i eigedomsskattesaker.
§ 31 skal lyde:
§ 31 Plikt til å gje opplysningar og medverke til synfaring
(1) Eigedomsskattekontoret kan påleggje eigaren (skattytaren)
å gje særskilde opplysningar som trengst til utskriving av eigedomsskatten.
(2) Eigar (skattytar) og brukar av ein eigedom
har plikt til å medverke til synfaring av eigedomen ved taksering
etter § 8 A-3.
(3) Eigedomsskattekontoret kan setje frist for
å gje opplysningar eller yte medverknad etter nr. 1 og nr. 2. Fristen
skal ikkje vere kortare enn fire veker.
(4) Ved brot på pliktene etter nr. 1 eller nr.
2 kan eigedomsskattekontoret påleggje eigaren (skattytar) forseinkingsavgift.
Avgifta vert sett på grunnlag av eigedomens skattegrunnlag. Avgifta
skal vere:
a. 0,5 promille av skattegrunnlaget
når forseinkinga ikkje er over ein månad,
b. 1 promille av skattegrunnlaget når forseinkinga er
over ein månad.
Avgifta skal ikkje vere lågare enn 200 kroner,
og skal når forseinkinga ikkje er over to månader, ikkje vere over
10 000 kroner. Avgifta skal gå til kommunen. Avgift skal ikkje påleggjast
når fristoversitjinga er unnskyldeleg på grunn av sjukdom, alderdom, manglande
røynsle eller annan grunn.
(5) Eigedomsskattekontoret eller dei som utfører takseringa
for kommunen, har rett til å ta fotografi av eigedomen til bruk
for takseringa.
§ 33 andre ledd andre til fjerde punktum og tredje ledd
vert oppheva.
Lov 17. desember 1982 nr. 82 om mellombels tillegg
til lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt blir oppheva.
Endringane under I og II trer i kraft frå og med skatteåret 2013.
Dag Terje Andersen |
president |