Spørsmål
Alfred Jens Bjørlo (V): Regjeringa endra i 2022 dei statlege retningslinene for lokalisering av statlege arbeidsplassar slik at større byar i andre landsdelar enn det sentrale Austlandet kom på same «fy-liste» som Oslo. Våren 2023 ba Stortinget regjeringa endre dette og fjerne byar som Bergen og Trondheim frå «fy-lista». Ifølgje Bergens Tidende 4. april 2024 er dette enno ikkje følgd opp av regjeringa, slik at til dømes Fiskeridirekoratet framleis vil unngå Bergen som lokaliseringsstad for nye stillingar.
Stemmer dette, og korleis og kor raskt vil statsråden rydde opp?