Spørsmål
Oddlaug Vereide (KrF): "I mange kystområde er krafttilføringa ustabil som følge av vanskelege vertilhøve og stor slitasje på eksisterande el-anlegg. Vindkraft er eit alternativ til vanleg el-forsyning.
I kva omfang vil det i slike område vera aktuelt å byggja ut vindkraft- anlegg til erstatning for vanleg el-forsyning, og vil statsråden vurdera slik utbygging i Sogn og Fjordane?"