Spørretimespørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Om at Israels brutale krig mot Gaza har eskalert til regionalt nivå og kva Noreg gjer for å roa situasjonen, og om utanriksministeren vil be USA om å besinna seg og tilby bistand til mekling

Datert: 18.01.2024
Besvart på vegne av: Utenriksministeren
Besvart: 31.01.2024 av arbeids- og inkluderingsminister Espen Barth Eide

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Israels brutale krig mot Gaza har eskalert til regionalt nivå. Mest alvorleg ser no situasjonen ut for befolkninga i Jemen. Houthi-militsens gjentekne angrep på båttrafikken gjennom Suez-kanalen har ikkje stoppa etter USA og Storbritannia sine luftangrep. Tvert imot har den militære konflikten sett ein effektiv stoppar for humanitær hjelp til eit av verdas mest kriseramma folk.
Kva gjer Noreg for å roa situasjonen, og vil utanriksministeren be USA om å besinna seg og tilby bistand til mekling?


Les hele debatten