Spørretimespørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kultur- og likestillingsministeren

Om kva statsråden vil gjere for å ta vare på og styrke NRK sitt nynorske fagmiljø i Førde, og om statsråden er samd med ordføraren i Sunnfjord om at vi no ser starten på ei nedbygging av dette fagmiljøet

Datert: 11.01.2024
Besvart: 31.01.2024 av kultur- og likestillingsminister Lubna Boby Jaffery

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Nynorskhuset i Førde i Vestland er Noregs leiande nynorske medie- og kulturhus. NRK er per i dag ein sentral aktør i Nynorskhuset, med både eit stort og variert redaksjonelt miljø i NRK Vestland og Nynorsk mediesenter, som er NRK sitt viktigaste fagmiljø for å lære opp nynorskbrukande journalistar for radio, TV, nett og sosiale media.
Kva vil statsråden gjere for å ta vare på og styrke NRK sitt nynorske fagmiljø i Førde, og er statsråden samd med ordføraren i Sunnfjord om at vi no ser starten på ei nedbygging av dette fagmiljøet?


Les hele debatten