Muntlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Om kva som er regjeringa sin strategi for å leggja press på Israel for å stoppa tvangsfordrivinga av palestinarane frå Gaza

Datert: 03.01.2024
Besvart: 03.01.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Al-nakba – katastrofen – i 1948 var då meir enn 800 000 palestinarar blei fordrivne med tvang frå heimane sine og blei flyktningar. Al-nakba dannar òg bakteppet for det som no skjer i Gaza. Etter tre månadar med intens krigføring tek no Israels sikkerheitsminister Ben-Gvir og finansminister Bezalel Smotrich til orde for utvandring av innbyggjarane i Gaza og etablering av israelske busetjingar der. Heller ikkje statsminister Benjamin Netanyahu avviser å oppfordra palestinarane til såkalla frivillig migrasjon, så sant ein finn land som er villige til å ta imot dei.

Om ei ny tvangsfordriving av palestinarane ikkje enno er ein uttalt strategi frå Israels side, taler likevel krigshandlingane sitt tydelege språk. Store delar av Gaza er gjort ubuelege. Særleg Nord-Gaza er bomba heilt i sund. Folk blir drivne stadig lenger sørover i Gaza, og matproduksjon er gjort umogleg. Human Rights Watch seier Israel brukar utsvelting som strategi mot sivile. I går sa FN at alle i Gaza er svoltne. Resultatet er at folk blir pressa til å flykta derifrå.

Å tvinga ei befolkning til å forlata eit område er etnisk reinsing og ei forbryting mot menneskeheita. Spørsmålet mitt er: Kva er regjeringa sin strategi for å leggja press på Israel for å stoppa tvangsfordrivinga av palestinarane frå Gaza?


Les hele debatten