Spørsmål
Frank Edvard Sve (FrP): Kvar gong eg er på vegane, opplever eg omfattande problemsituasjonar ikring skilting, mangel på skilting, mangel på fjerning av skilting og heilt uforståeleg skiltbruk ikring ulike vegarbeid både på fylkes-, riks- og motorvegane inn mot dei større byane. På til dømes E6 mot Oslo er det direkte trafikkfarleg når det brått står til dømes 50 skilt, vogntog på 50–60 tonn må bråstoppe, og ingen veit når fartsgrensene er oppheva.
Kan statsråden forklare kvifor dette skjer, og kva som blir gjort med dette?