Muntlig spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til næringsministeren

Om statsråden er einig i visjonen til SV for det grøne skiftet at det må skje raskt, og at vi må vri alle dei ressursane vi har i Noreg i dag, i grøn retning

Datert: 22.11.2023
Besvart: 22.11.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Noreg står overfor ei ganske monumental utfordring dei neste åra. Vi har ei slags dobbel utfordring. Vi skal både omstille oss til eit lågutsleppssamfunn på veldig kort tid og slutte å vere så avhengige av olje og gass som vi er i dag – rett og slett ikkje vere avhengige av olje og gass i det heile. Vi må rett og slett bruke den arbeidskrafta, den krafta og den kapitalen vi har i dette landet, og vri det over i ei grøn retning. Når det gjeld olje og gass, må vi ta i bruk den arbeidskrafta, den kompetansen og den infrastrukturen som er der i dag, og som er verdsleiande, og vri desse i retning av grøne prosjekt, viss vi skal få dette til.

Ein aktiv næringspolitikk er da nøkkelen. I noregshistoria ser vi at ein aktiv næringspolitikk har vore avgjerande for å kome seg gjennom omstillingar. Vi ser det også internasjonalt, der den aktive næringspolitikken no har fått ein ny vår, og det blir satsa knallhardt frå både USA, EU, Kina osv. for å kome i mål.

Dette er eit tempospørsmål. Vi har ekstremt dårleg tid. I løpet av det siste året blei klimautsleppa i Noreg kutta med 0,8 pst., og allereie innan 2030 skal dei kuttast med 55 pst. Vi har gått 0,8 meter, men skal gå 55 meter, for å lage eit slikt bilde av det, så vi har enormt dårleg tid. Skal vi klare dette, må verkemidla kome raskt i gang.

Er statsråden einig i visjonen til SV for det grøne skiftet – at det må skje raskt, og at vi må vri alle dei ressursane vi har i Noreg i dag, i grøn retning?


Les hele debatten