Spørsmål
Olve Grotle (H): I vår vedtok Stortinget grunnrenteskatt på havbruk. Som kjent er det òg fastsett at det skal opprettast eit prisråd, og i juni sende Finansdepartementet eit forslag om prisråd for havbruk og inntektsfastsetting i grunnrenteskatten på høyring. Det er nå nokre få veker til prisrådet skal fungere, men endå er ikkje forskrifta vedtatt, medlemmene oppnemnt, rammene lagt og viktige spørsmål avklart.
Kva tid kan havbruksnæringa vente å få ei avklaring på prisrådet og alle spørsmål knytt til det?