Spørretimespørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Datert: 11.10.2023
Spørsmålet er trukket tilbake

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Regjeringa har vore ute med representantar frå regjeringspartia rundt omkring i landet og skrytt voldsomt over at ein har innført gratisferjer til ulike øysamfunn. Samtidig har ein opplevd at enkelte fylke har kutta i ferjeavgangar i slike samband som har vorte gratis, til store protestar frå innbyggjarane der. I tillegg har ein prestert å ikkje gjere dette gratisprinsippet gjeldande for Nordøyane i Møre og Romsdal, eit øysamfunn som det med gratis ferjedrift hadde vorte kostnadsfritt å reise til og frå.
Vil statsråden bidra til at også øysamfunnet på Nordøyane i Møre og Romsdal får gratis ferjesamband?