Spørsmål
Olve Grotle (H): Den 27. september i fjor uttalte fiskeri- og havbruksminister Bjørnar Skjæran til IntraFish at sjømatnæringa må bidra tungt dersom ein skal nå målet til regjeringa om auke i norsk eksport med 50 pst. innan 2030, utanom olje og gass. Dagen etter kom forslaget frå regjeringa til grunnrenteskatt på havbruk. Konsekvensane av forslaget så langt kjenner vi. Det er skapt stor politisk usikkerheit. Investeringar for 40 mrd. kr i innovative, grøne og berekraftige løysingar er lagde på is. Ny produksjonskapasitet har ikkje blitt kjøpt, næringa har begynt å gjere endringar i selskapsstrukturane utan heilt å vite om det er fornuftig eller riktig, børsverdiane har gått opp og ned, og fleire havbruksselskap fortel at dei no heller ser mot utlandet og satsinga der. Samtidig som den nye lakseskatten alt har begynt å gjelde, veit næringa framleis verken kva skattenivå dei må innrette seg etter, eller korleis ordninga blir.
Ser statsråden at det som har skjedd dei siste månadene, har vore til hinder for at havbruksnæringa skal kunne bidra tungt for å nå målet om auka eksport?