Muntlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til næringsministeren

Om kvifor det er slik at regjeringa føreslår å kutte klimasatsingane netto med 222 mill. kr i revidert nasjonalbudsjett

Datert: 25.05.2022
Besvart: 25.05.2022 av næringsminister Jan Christian Vestre

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Næringsministeren er glad i å bruke store ord – veldig store ord. Berre i denne spørjetimen har han snakka om regjeringa sine storstilte satsingar og gigantiske prosjekt. Men det grøne skiftet går ikkje raskare avhengig av adjektiva ein næringsminister bruker. Det går raskare når fossile løysingar vert gjorde dyrare, når private investerer meir i grøne løysingar, og når det offentlege stimulerer til miljøteknologi.

Når det gjeld det første punktet, har regjeringa svekt CO2-avgifta som verkemiddel. Når det gjeld det andre, har regjeringa inndratt kapital med 9 mrd. kr i auka skattetrykk. Då skulle ein tru at staten iallfall hadde mykje pengar å bruke på å støtte miljøteknologi, gjennom aktiv næringspolitikk, gjennom støtte til klimainvesteringar.

Så eg har stilt regjeringa eit spørsmål, nemleg om klima- og miljøinvesteringane i revidert nasjonalbudsjett går opp eller ned. Det spørsmålet stilte eg til finansministeren, og svaret kom i går. Svaret er eit netto kutt på 222 mill. kr – ikkje til det eg definerer som klima- og miljøsatsingar, men til det regjeringa sjølv definerer som klima- og miljøsatsingar. Det inkluderer fleire postar under Næringsdepartementet, der ein føreslår både å kutte 22 mill. kr i støtte til næringsretta maritim forsking og å kutte 53 mill. kr til kondemneringsordninga for skip og avvikle heile ordninga, som er ein viktig del av grøn skipsfart-innsatsen.

Når næringsministeren både her i dag og elles ute i samfunnet snakkar om regjeringa sine gigantiske satsingar, storstilte løft, det store, grøne industriskiftet som skal skje, og den aktive næringspolitikken, då vert det naturlege spørsmålet: Kvifor er det då slik at regjeringa han er ein del av, føreslår å kutte klimasatsingane netto med 222 mill. kr i revidert nasjonalbudsjett?


Les hele debatten