Spørsmål
Olve Grotle (H): Måndag denne veka kom Økokrim med trusselvurderinga si for 2022. Her skriv dei m.a. dette om fiskerikrim:
Og vidare:
Tidlegare i veka var fiskeriministeren ute i VG og kommenterte saka. Han sa då at han skal gjennomføre ei omfattande reform av ressurskontrollen. Men ei slik reform er alt arbeidd fram og starta opp av Solberg-regjeringa. I september i 2021 varsla dåverande fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen at det i tillegg skulle opprettast ein eigen seksjon i Nærings- og fiskeridepartementet som skulle jobbe med førebygging av fiskerikriminalitet, og at ei viktig oppgåve for den nye seksjonen nettopp ville vere å gjennomføre den nasjonale reforma av fiskerikontrollen.
Så spørsmålet mitt til fiskeriministeren er: Er reforma statsråd Skjæran snakka om tidlegare i veka til VG, den same som den som førre regjering la fram, eller planlegg han ei ny eller ytterlegare ei reform? Kva skal denne reforma i så fall innehalde, og kva er nytt?